Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar med dette for følgjet. Ha ein fin kveld vidare!
Avslutningar: 10-3. På mål: 6-1.
Manchester City vinn fortent 3-1 over Bournemouth og toppar med det framleis tabellen. Bernardo ordna 1-0 tidleg i første omgangen, men rett før pause pressa bortelaget på og Wilson utlikna. Etter kvilen tok Guardiola sitt mannskap heilt over og det blei etter kvart tydeleg å sjå kvar sigeren ville hamne. Sterling og Gündogan sørgja for måla.
Kamp slutt Slutt (3-1)
90+3'
Silva slår inn i feltet, men Begovic kjem ut og plukkar.
90+1'
Eit langt innkast endar med hjørnespark for dei tilreisande.
90+1'
Det blir lagt til minimum tre minutt her.
89'
Mousset får ballen i beina inne i City si boks, men pasninga er for hard og han klarer ikkje å få kontroll på den.
88'
The Cherries prøvar å presse høgt, men slit med å få tak i kula.
85'
Godt forsøk av heimelaget! Sané driblar seg fri og avsluttar på mål. Begovic får redda.
85'
Brooks og Wilson prøvar å jage, men utan at det hjelp stort. Heimelaget gjer som dei vil.
84'
No gjer City akkurat som dei vil. Trillar ball og ventar på opninga som til slutt vil dukke opp.
79'
Innlegg inn i Bournemouth si boks. Forbi alle.
79'
Sterling og Silva kombinerer fint, men Cook kjem stormande til og får takla vekk kula.
77'
Så ser vi på reprisene at bortelaget kanskje har blitt snytt for straffe. Fernandinho dyttar Mings overende bakfra inne i feltet. Domaren let spelet derimot gå.
77'
Klart meir tendensar frå Bournemouth dei siste minutta. Skal dei klare å kome tilbake for andre gong i kampen?
76'
David Silva står klar til å kome innpå for vertane.
76'
Cook med dagens dårlegaste avslutning. Innkast på motsett side!
75'
Nesten for Bournemouth! Ballen blir stussa bakover inn i City si boks, men frå kort hald bommar Wilson på ballen. Spissen får derimot corner.
72'
Heilt tydeleg at heimelaget prøvar å gå for mål nummer tre her. Har nok teke lærdom av 1. omgangen då dei gav vekk både initiativ og leiing.
71'
Eddie Howe sitt mannskap står høgt og prøvar å vinne ballen i gunstig posisjon, men Pep Guardiola sine menn beherskar kunsten med å spele seg ut av press meget godt.
68'
Stor sjanse for City! Jesus slår ballen på tvers inn i feltet og Fernandinho prøvar å plassere kula i det lengste hjørnet. Like utanfor målet til Begovic.
67'
Brukbart forsøk! Gündogan lempar eit frispark inn i boksa, og Jesus får stussa ballen mot mål. Begovic reddar, men er nøydd til å gje corner.
66'
Sterling kjem seg ned til dødlinja og får lagt inn, men the Cherries får ordna opp.
64'
Blir slått langt, men det endar til slutt med utspel frå Ederson.
64'
Frispark til bortelaget midt på bana.
62'
Like før at Sané blir spelt fri bak Bournemouth sitt forsvar. Cook ordnar derimot opp med ei strålande takling.
61'
Daniels prøvar å finne Fraser i bakrom. Danilo er derimot raskare og får ordna opp.
60'
Raheem Sterling har no scora i fem strake kampar mot Bournemouth. Snakk om draumemotstandar!
57'
Hardt innlegg frå City si høgreside. Sterling står bak, men forsøket går forbi alle i feltet.
55'
Sterling avsluttar frå skrått hald. Begovic boksar greitt unna.
54'
Avslutning, Raheem Sterling - Manchester City
54'
Stolpetreff! Sterling avsluttar via ein motspelar og i stolpen bak ein utspelt Begovic. Veldig nære ny City-leiing.
54'
Bournemouth har snudd til sigeren etter å ha lege under ein gong tidlegare denne sesongen. Det skjedde borte mot West Ham i runde 2.
52'
Zinchenko ut på sidelinja for å få hjelp til å stoppe naseblod etter ein duell i feltet.
51'
Stopp i spelet når fleire spelarar er i disputt. Wilson starta det heile ved å stille seg opp foran Ederson i det han skal kaste ut.
50'
Bortelaget med langt innkast. Endar i nevane til Ederson.
49'
City med innlegg i bortelaget si boks. Francis headar unna, før Fraser blir felt like etterpå og får frispark.
47'
Bournemouth er frampå igjen. Wilson speler fri King som chippar ballen inn foran målet til City. Uheldigvis for gjestane går ballen utover dødlinja.
46'
Vertane sparkar i gong dei siste 45 minutta.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 1-1 etter ein omgang der Manchester City leia og hadde kontroll på kampen fram til det var seks-sju minutt att til pause. Då flytta Bournemouth laget høgare i bana og skapte fleire skumle situasjonar for heimelaget. I det 44. minutt fekk dei også utteljing for dette då Wilson stanga inn eit perfekt innlegg frå Francis. Det som såg ut til å bli ein enkel dag på jobben for City er no langt meir ope. Det er berre å gle seg til dei siste 45 minutta!
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
45+2'
Ei periode der var det lite som tyda på at Bournemouth skulle klare å kome tilbake i kampen, men Manchester City har vore altfor passive etter 1-0-scoringa og gjort lite for å auke den.
43'
City kontrar, men den avgjerande pasninga frå Sané til Jesus blir takla vekk av gjestane.
42'
Så yppar Bournemouth seg igjen. King får ballen inne i boksa og prøvar seg på halvvolley, men Otamendi får blokkert. Spørs om det skotet uansett ikkje hadde gått utanfor.
39'
Godt forsøk av Bournemouth! King slår ein skummelt innlegg inn i boksa, og Edersom må reagere raskt for å hindre ballen i å fyke inn i nettet. Også nære på for Wilson som kom stormande inn på femmeteren der.
39'
Begovic med langt utspark, men bortelaget klarer ikkje å vinne duellane midt på bana. Ikkje mykje etablert angrep frå Bournemouth så langt i matchen.
37'
Sané får ballen til venstre, skjer inn, tek ei overstegsfinte og hamrar til - langt over mål.
35'
Sterling med godt innlegg frå høgre. Dessverre for dei lyseblå går ballen over Jesus inne framføre mål.
33'
King stel ballen frå ein City-spelar og prøvar å starte eit angrep, men øydelegg det heile med ei meget svak pasning rett i ein spelar i blått.
30'
Callum Wilson jobbar hardt midt på bana og prøvar å få tak i kula, men dei lyseblå speler lett rundt han og spissen gir opp. Har nok vore ein del bruk av rondo på treningsfeltet i Manchester!
29'
Francis blir spelt fri på høgresida og får heada inn i feltet, men blir så avvinka for offside. Ikkje rett av assistentdomaren, denne gongen.
27'
City står høgt og pressar Begovic til å slå den lange. Dermed vinn dei ballen igjen og kan starte angrepet på nytt.
26'
Jesus blir spelt fri i bakrom og slåt inn foran mål, men brasilianaren blir korrekt avvinka for offside.
25'
Heimelaget held fram med å trille ball.
22'
Fraser kjem seg heilt ned til kortlinja og får slått inn, men treff ikkje ein medspelar. Har vore aktiv for bortelaget hittil, den 24 år gamle skotten.
19'
Godt forsøk igjen! Sané finn Bernardo inne i boksa og målscorararen avsluttar på halvspretten. Endar med corner.
16'
Dagens oppgjer er for øvrig det 13. oppgjeret mellom laga i offisiell samanheng. Bournemouth har framleis til gode å vinne, noko City har gjort 10 gongar. Dei har spelt uavgjort to gongar, sist i 1999.
12'
Stor sjanse for City! Zinchenko skrur ballen inn i feltet og finn Jesus, men frå fem-seks meters hald klarer spissen ikkje å styre den på mål.
10'
King snappar kula og set fart. Nordmannen får avansert eit stykke med kula, men så kjem Sané stormande og får tatt den tilbake.
9'
Sané dreg seg ned til dødlinja og får lagt inn, men til trass for at Begovic fomlar med ballen klarer ikkje heimelaget å få avslutta.
7'
Fraser kontrar åleine og sjølv om han ikkje kjem til ein sjanse så klarer han å halde på ballen slik at resten av laget får flytta etter.
6'
Bortelaget ligg kompakt bakover når City har ballen.
1'
Domar Stuart Attwell bles i gong oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
Eddie Howe startar med fem bak i dag i eit forsøk på å stoppe Manchester City si fryktinngytande offensive kraft. Det betyr også at Joshua King har blitt flytta på kant og at Callum Wilson er einsleg spiss.
Bournemouth må på si side unnvere Jefferson Lerma og Adam Smith. Dan Gosling har slite med ei kneskade, men befinn seg likevel på innbytarbenken.
Pep Guardiola har gjort nokre endringar på laget som normalt startar. Oleksandr Zinchenko startar sin andre Premier League-kamp denne sesongen i det han tek over høgrebacken til Kyle Walker. Sistnemnde startar på benken. Gabriel Jesus startar også på topp i Sergio Agüero sitt fråver.
Bournemouth har på si side gjort mykje bra denne sesongen og innehar i augneblinken ein 8. plass på tabellen. Den siste tida har det derimot lugga ein del for Eddie Howe og co og dei står med tre strake tap, som alle har enda 1-2. Sist var det Arsenal som blei for sterke. Borte frå Dorset står laget med 3-0-3, altså står dei med like mange sigrar her som på eige gras. Fulham, Watford og West Ham har alle blitt slått.
Det er ei meget tøff oppgåve som ventar Joshua King og Bournemouth når om ikkje lengje skal prøve seg mot topplaget i Premier League. Manchester City står med 7-0-0 på heimebane hittil, og i målskilnaden er imponerande 27-4, noko som betyr at Pep Guardiola sitt mannskap scorar 3,9 mål i snitt når dei vandrar ut på Etihad i ligasamanheng. Sist dei tapte her var då nabo United snudde 0-2 til 3-2 og utsette feiringa av ligagullet.
Hei og velkomen til livedekning av Premier League-oppgjeret mellom Manchester City og Bournemouth!