Referat
Kun høydepunkter
Der er kampen slutt, og vi kan gratulere til Malmö og Åge Hareide! Bøttevis av millionar er sikra, og det var fullt fortent at svenskane som får denne gruppespel-billetten. Gjestene hadde svært lite å bidra med, sjølv om kampen kunne fått eit anna utfall om dei ikkje hadde fått annulert scoringa like før pause.
Kamp slutt Slutt (2-0)
90+2'
Sluttspurten til Celtic tok aldri heilt av. Eller rettare sagt: Den starta aldri. Dette har Malmö hatt god kontroll på i andre omgang.
90+1'
Det er lagt til minimum fire minutt.
90'
Blir ei lang tur heim for Celtic-fansen, som ser at Champions League-eventyret er over før det eigentleg har starta.
88'
Celtic i angrep, men innlegget går rett i klypene til keeper.
86'
6 av utespelarane til Celtic med gult kort no. Stor sjanse for fleire!
84'
Malmö-angripar Djurdic ligg nede for telling. Kombinasjon drøying av tid og vondt. Mest ilt ser det ut som.
81'
Deila ser besviken ut. Berre ti minutt att, og Celtic treng to mål.
77'
Malmö-frispark inn i feltet, men keeper boksar ut.
76'
Kort variant til Mulgrew som skyt. Går via nokre Malmö-bein. Skotet trillar roleg inn til keeper.
74'
Celtic-angriparane vil ha hands. Får det ikkje. Såg ut som ei rett avgjerdsle denne gongen.
71'
Berre 20 minutt att. Klokka tikkar Malmö sin veg.
70'
Bitton får frispark imot. Lev farleg, med gult frå før.
70'
Celtic trillar ball.
67'
Deila ser bekymra ut på sidelinja. Forståeleg nok.
67'
Griffiths får ein sjeldan sjanse på 16 meters hald. Bankar den hardt over.
66'
Frispark til Malmö på midten. Får beskjed frå dommaren om å ikkje drøye tida.
65'
Det er ikkje Celtic sin kveld så langt. Slit med å produsere dei heilt store sjansane.
63'
Artig situasjon. To ballar på bana, men Celtic-spelar Brown bankar den eine på tribunen på heil volley - og spelet held fram utan stans i spelet.
61'
Nesten for gjestene! Det er Forrest som tek sats, men verken han eller keeper når opp. Ballen blir liggjande i ro i feltet, før Malmö-forsvaret ryddar unna.
61'
Berre ein halvtime att av oppgjeret. Celtic må ta fleire og fleire sjansar framover.
60'
Begge Malmö-scoringane kom frå corner. Sterke på dødball, mannskapet til Hareide.
59'
Tippetipsa til Kristian, Åge og Olaf før kampstart lev enno.
58'
No blir det verkeleg vrient for Celtic og Deila. Dei må score to mål for å gå vidare no.
54'
To gigantsjansar for Malmö!
52'
Johansen slår inn i feltet, men dommaren boksar ut. Ville du ikkje skyte der?
52'
Frispark i fin posisjon for Celtic. På kanten av sekstenmeteren.
50'
Berget skyt - svakt utanfor. Kan høyre svak latter frå Celtic-fansen på tribunen.
49'
Frispark i fin posisjon, 26 meter frå målet.
48'
Djurdjić haltar. Fått seg ein trøkk i kneet.
47'
Rosenberg får ein stor sjanse, men set ballen utanfor frå ni meter!
46'
Celtic tek avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Vi er straks klare for andre omgang.
Då går laga i garderoben på stillinga 1-0 til Malmö. Med det resultatet er heimelaget vidare til gruppespelet. Laget har hatt ballen mest og flest sjansar. Celtic har slite med å produsert dei heilt store sjansane, men vart feilaktiv annulert for ei scoring like før pause. Det blir meget spennande 45 minutt i andre omgang. Følg med!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Ny sjanse for Malmö! Hælspark til Djurdjić som skyt på direkten frå 10 meter. Keeper Gordon leverer ei kjemperedning og hindrar 2-0. Corner.
44'
Fin sjanse for heimelaget! Yotún er frampå, men får ikkje skikkeleg kraft bak avslutninga.
42'
Biton set ballen i mål, men dommaren ser ein hands som berører ballen. Det er derimot ei Arnason si Malmö-hand! Der slapp Malmö billig unna! TV-bildene viser at dommaren først peiker på straffemerket grunna hands, men blir overstyrt av dommaren på linja som tydlegvis meiner noko anna. Dermed blir avgjerdsla feil og gjestene kan verkeleg føle seg snytt.
37'
Oppgåva til Celtic er enkel. Dei må ha mål for å avansere vidare til gruppespelet.
35'
Biton viser fram herleg teknikk på midten for gjestene. Fortener applaus frå alle næytrale tilskodarar.
33'
Vi spelar 10 mot 11. Malmö-spelar ute på sidelinja for å teipe panna. Uklart å sjå kven det er.
31'
Celtic med mest ball akkurat no. Vertene ligg likevel fint i ramma, og det er ikkje enkelt å spele seg gjennom svenske-muren.
30'
No er rollene snudd om. Malmö tek seg god tid, medan Celtic vil ha meir fart i spelet. Taktikk.
30'
Yotun er på eit langt løp frå sin venstreback-posisjon, men pasningen frå vår norske venn Djurdjic er for upresis. Utspark frå målet til gjestene.
28'
Heimefansen hoppar, og slår verkeleg eit slag for folkehelsa når det støttar laget sitt.
27'
Framleis mange tette duellar. Dommaren har meir enn nok med å få med seg alle tjuvtriks som føregår.
25'
Akkurat no er Malmö vidare. No må Celtic framover!
25'
Enorm stemning på Swedbank Stadion for augneblinken!
19'
Celtic dreg ned tempoet når dei har sjansen. Er nok ein del av deira kampplan.
18'
Totalt scora 8 mål i dei andre kvalifiseringskampane til Champions League i kveld. Her ventar vi framleis på det første.
16'
Celtic-angriparane pressar høgt, og tving svenskane til å slå langt.
15'
Gjestene på veg inn i oppgjeret, og har hatt litt ball siste minutta.
13'
Celtic med fin sjanse! Griffiths viser bra fart, og kjem først på ballen på 10 meter. Han skyt knallhardt i steget, men ballen går over!
12'
Framleis heimelaget som har grepet om kampen.
11'
Berget klinkar til med venstrefoten frå 14 meter. Over!
10'
Fin sjanse for vertene! Innlegg frå høgrekanten og Rosenberg kastar seg fram. Han når akkurat ikkje ballen. Hadde han fått foten på kula der, kunne det fort blitt 1-0.
9'
Beintøffe taklingar så langt. Denne gongen er det Mulgrew som legg inn ei takling. Nett som i bedriftsfotballen her heime.
8'
Johansen prøver å spele Griffiths gjennom, men Malmö-forsvaret let seg ikkje lure.
7'
Celtic-frispark på midten. Brukar god tid.
6'
Heimelaget har ballen klart mest no.
6'
Frisparket blir slått inn i feltet, men der ser dommaren noko som ikkje Malmö-fansen ser. Frispark til gjestene.
5'
Djurdjic får frispark på 30 meter. Armstrong sparkar bort ballen sekundet etter, men får berre tilsnakk.
4'
Berget dreg seg inn i feltet, men innlegget blir blokkert.
4'
Hareide kastar jakka. Er tydeleg varm.
4'
Berget klinkar til frå kanten av sekstenmeteren. Nokre meter utanfor!
3'
Jamn kamp så langt, med mange tette duellar.
2'
Armstrong med beintøff takling på midten. Standaren er satt!
1'
Heimelaget går rett i angrep, og får innkast høgt oppe i bana.
1'
Dagens serbiske dommar bles igang oppgjeret!
Avspark Start 1. omgang
Malmö-fansen støttar laget med sine velkjende hopp, slik dei også gjorde for ein halvtime sidan. Blir nokre spensthopp i løpet av kampen!
Laga er på veg ut på bana, til enorm jubel frå publikum på tribunen.
Kva er ditt resultattips? Send avgårde på Twitter til underteikna på @asgeirardal. Bruk også hashtag ''livefotball'' for å vere heilt sikker. Vinnaren blir hylla etter kampslutt!
Då er lagoppstillingane klare. Vi har to nordmenn frå start, og to på benken - i tillegg til Hareide og Deila. Hos heimelaget startar Berget, medan Vindheim og Eikrem er innbytarar. Hos gjestene er Johansen som venta einaste norske bidrag ute på bana.
Vi kjem tilbake med lagoppstillingar og meir informasjon når det nærmar seg kampstart.
Tap og siger for desse laga i helga. Malmö gikk på eit nederlag mot Häcken borte, medan Celtic gjorde jobben mot Dundee United.
Norsk Tipping held vertane som små favorittar, og gir 2.25 gongar pengane tilbake på heimesiger.
- Många favorittippade lag har kommit hit och förlorat, seier Markus Rosenberg til klubben si heimeside. Han viser nok til at svenskane slo både Sparta Praha, Salzburg og Olympiakos på heimebane i fjorårets Champions League (inkl. kvalifisering), medan det vart tap mot Atletico Madrid og Juventus.
Heimelaget har tilbake Markus Rosenberg som sona karantene i det første oppgjeret.
Malmö må vinne for å ta seg vidare til gruppspelet. For Celtic er uavgjort godt nok.
Førre veke vann Celtic 3-2, etter ein forrykande fotballkamp. Jo Inge Berget var det store helten for svenskane, då han scora svenskane sitt andre mål fem minutt på overtid!
Hei, og velkommen til returoppgjeret mellom Malmö og Celtic. Vinnaren av desse to kampane tek seg vidare til gruppspelet i Champions League.