Referat
Kun høydepunkter
Florø tek sin niande seier på bortebane i år! Laget hadde full kontroll. Runar Hove får dagens Firda-stjerne, medan Ivkovic vart kåra til heimelaget sin beste spelar. Firda takkar for følget, og ynskjer deg velkommen tilbake i denne spennande serieinnspurten. Heng med!
Kamp slutt Slutt (1-3)
90+3'
Lysekloster på ein sjeldan moglgeheit. Andersen skyt, men over buret til Frenderup.
85'
Det går mot tre poeng til gjestene frå Sunnfjord.
84'
Aase slår gjennom til Rashad som igjen prøver å finne Brekkhus! Men Ljubovic klarerer godt.
78'
Kjempesjanse for Florø! Brekkhus spelar Rashad gjennom, og franskmannen kjem aleine med keeper. Han skyt knallhardt - rett i krysstolpen!
68'
Rognsø meir nøgd no. Trommene hos heimfansen er pakka ned.
65'
Rashad og Kupen kombinerer fint på høgresida. Sistnemnde legg inn i feltet, men Rotihaug når akkurat ikkje fram.
62'
Husa legg inn til Hove som stusser vidare til Rashad. Han skyt - over!
61'
Dette var Florø sin 30. scoring på bortebane i år - på ti kamper.
55'
Erlend Hove aleine med keeper, men avsluttar rett på Lystekloster sin målvakt! Bror Runar som slo pasningen gjennom der.
54'
Kupen prøver seg, men får ikkje skikkeleg treff på skotet.
52'
Florø har mest ball i starten av omgangen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Straks avspark for andre omgang.
Laga går til pause på stillinga 1-2. Florø har vore det beste laget og produsert flest sjansar. Kampen er likevel heilt open, så alt kan skje etter kvilen. Følg med!
Slutt 1. omgang Pause (1-2)
42'
Lysekloster får frispark på kanten av 16-meteren. Sjømæling står ved ballen.
38'
Aj aj aj. Kupen reiser seg meisterleg, og Stimen slepp med skrekken. Spissen er tilbake på bana.
37'
Toppscorar Kupen blir bært av bana. Ikkje bra om Florø måltjuven får eit skadeopphald no!
36'
Litt ampert i det Kupen blir lagt i bakken, men får ikkje frispark. Temperaturen stig i det Lysekloster får eit billig frispark nokre sekund etter.
34'
Gjestene har klart mest ball og styrer oppgjeret.
33'
Fin sjanse for Florø. Rotihaug får ballen på midtstreken og set fart. Utfordrar backen og skjær inn i bana. Avslutter frå 16-meter, men keeper gjer ei god redning!
32'
Stimen er på plass på tribunen og er den 12-mann for Florø no! Godt nøgde med å sjå at laget deira er i føringa etter første halvtime.
30'
Trener Rognsø er ikkje heilt nøgd på sidelinja. Ikkje på grunn av spelet, men på grunn av trommene som heimefansen banker på. Rett nok har dei stilna meir og meir, og Florø-treneren kan etterkvart smile.
28'
Dette var Florø sin 60. scoring så langt i år. På 20 kamper. Snittet kan du rekne ut sjølv!
24'
Enorm dobbelsjanse for Lysekloster! Sæthre blir slått gjennom og i duell med Husa får han avslutta. Frendrup redder begge forsøka, før ballen går ut til 5-meter. Nær 1-1 der!
23'
Stor sjanse for Florø! Kupen vender vekk Ljubovic, og sender Rotihaug aleine med keeper. Han prøver å spele ballen på tvers, men pasningen finn ingen i blått og svart.
20'
Pritchard har småhalta nokre minutt, og signaliserer til benken at han må byte.
19'
Dette var nok ikkje det Nest Sotra-spelarane ville sjå, som akkurat no lader opp til sin bortekamp mot Fana kl. 16.
12'
Sjanse for Florø! Kupen dreg av Ljubovic og skyt! Med rett i blokka på Ivkovic. Rotihaug plukker opp ballen, men er i offside.
10'
Tett og jevnt her i starten av kampen. Ingen av laga har klart å produsere dei heilt store målsjansane.
4'
Pritchard prøver å lobbe over Frenderup frå 40 meter. Målvakten let seg ikkje lure, og han har god kontroll på forsøket.
2'
Sjanse for heimelaget! Sæthre med brassespark, men treff ikkje godt nok. Florø tek over.
1'
Gjestene frå Florø tek avspark!
Avspark Start 1. omgang
Laga er klare, og vi ser at Florø har gjort ei endring på laget som vann 7-0 over Førde sist. Stefan Aase fekk seg ein trøkk på trening i veka, og han blir erstatta av Oliver Rotihaug.
Vi kjem tilbake med lagoppstillingar og meir informasjon når det nærmar seg kampstart. Følg med!
Florø har sju strake sigrar, medan Lysekloster har to tap på dei siste tre kampane. Nederlaga kom mot eit godt VIF2-lag og Nest Sotra.
Heimelaget er nummer seks på tabellen etter 19 kampar. Dei opna sesongen med ei lang tapsrekkje, men snuoperasjonen snudde mot Florø på Palmekysten. Det oppgjeret vann Lysekloster 3-1 21. mai, og dette er det einaste tapet for Florø i serien i år.
Hei, og velkommen til FIRDA si livedekning av oppgjeret Lysekloster - Florø!