TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

Der bles dommaren for full tid og det ender 1-1 mellom Lyn og Kolbotn. Ingen av laga makta å sette den avgjerande skåringa i 2. omgang, sjølv om Lyn ikkje var langt unna mot slutten. Kolbotn var likevel ikkje ufarlege og hadde mellom anna eit farleg stolpeskudd frå Kvernvolden. Skåringane kom i førsteomgang, og det var Lyn som starta ballet med Emilie Raaum Closs som satt ein retur i nota. Likevel var det ikkje ho som stod for kampens høgdepunkt. Det var det danske Sarah Dyrehauge Hansen som gjorde. Midtbanespelaren klemte til frå 18 meters hald og ballen fant vegen heilt oppe i vinkelen bak ein sjanselaus Kirvil Odden Sundsfjord. Dermed blir det poengdeling i sola her i hovudstaden. Arne Inge Solgard takkar for følget og ønskjer dykk ein fortsatt god laurdag.

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+2'
Lyn i angrep no. Siste moglegheit.
90+1'
Frispark
Tek den kort. Lyn vil ha mål og stormar framover.
90'
Det er lagt til tre minutter.
90'
Habbestad klinkar til inne i 16-meteren! Skuddet er knallhardt og stryker stolpen. Kjempegod moglegheit for innbyttaren!
89'
Det manglar litt kvalitet i siste tredjedel hjå begge lag. Sitt den avgjerande pasninga, kan det også vere det som gjer at eit av laga stikk av med alle tre poenga.
86'
Røsholm Olsen prøvar seg frå distanse, men avslutninga går rett på Panengstuen.
86'
Aahjem snur seg med ein spelar i ryggen inne i 16-meteren, men ryggsekken gjer at ballen går retning Kringsjå Studentby.
84'
Habbestad når nesten Røsholm Olsen som er ein hårsbredd frå å kunne avslutte aleine med keeper.
83'
Frispark
Går over alle i feltet og det blir femmeter.
83'
Frispark til Kolbotn i god innleggsposisjon på deira venstreside.
83'
Spillerbytte
82'
Spillerbytte
82'
Hjørnespark
Når bakerste med Røsholm Olsen som sleivar den ut til målspark.
82'
Hjørnespark til Lyn.
81'
Aahjem spring frå forsvaret til Kolbotn, men Odden Sundsfjord er fantastisk ein mot ein og stoppar avslutninga frå Lyn-spissen!
78'
Hjørnespark
Lyn klarerar både første og andre bølge.
78'
Hjørnespark til gjestane.
77'
Offside
75'
Frispark
Trillar ballen til Soleng Hansen som rullar ballen vidare i backrekka.
75'
Lyn har eit lite overtak no. Kjem ikkje til dei heilt store sjansane. Likevel er dei flink til å stå etter med laget.
71'
Hjørnespark
Gjestane får rydda unna.
71'
Eit innlegg går via ein Kolbotn-spelar og til hjørnespark.
70'
Frispark
70'
Litt kaotisk i første halvdel av omgangen frå begge lag her. Litt dommarfokus, spelet sitt ikkje og litt store avstandar.
69'
Offside
67'
Frispark
Tek den kort.
66'
Hjørnespark
Lyn får klarert.
65'
Hjørnespark til Kolbotn etter at ei pasning blir blokkert.
65'
Frispark
64'
Spillerbytte
64'
Gult kort
64'
Stopp i spelet. Isaksen ligg nede utanfor bana.
62'
Frispark
62'
Frispark
60'
Østerås og Kolbotn kontrar. Østerås finn Kvernvolden som får avslutta fra 20 meters hald. Ballen går via stolpen og ut til femmeter. Flaks for Lyn!
58'
Frispark
Ballen blir slått inn i feltet, men Kolbotn får avverga.
57'
Gult kort
Det kan sjå ut som Lindbak Hørte må ut for å skifte ei strømpe. I det ho skal inn på bana, blir det ikkje godkjent av dommar. Ho går rett inn og taklar. Frispark til Lyn.
57'
Lyn vil ha straffe i det Melgård går i bakken i feltet. Fløyta var på veg i retning munnen til Skurdal, men ho bles ikkje.
55'
Offside
53'
Frispark
Hoff Klæboe får hovudet på ballen og Odden Sundsfjord må ut i feltet for å plukke ballen. Ho har vært litt klønete med ballen i dag, sisteskansen. Her mistar ho også ballen, men får kontroll på den.
53'
Frispark til Kolbotn nokre meter inn på Lyn sin halvdel. Det kan sjå ut som Lång skal slå den inn i boksen.
52'
Melgård skyt ein meter utanfor frå 12 meters hald. Grei moglegheit, men ho rakk nok ikkje å tenkje mykje før ho avslutta. Dermed vart kvaliteten ikkje den beste på avslutninga.
50'
Hjørnespark
Kolbotn får klarert.
50'
No skjer det mykje rart. Først vil Soleng Hansen ha frispark i det ho mistar ballen. Så oppstår det ein ny duell inne i 16-metern som blir til eit uventa skudd i det Østerås klarerar inn i Melgård. Odden Sundsfjord får avverga til hjørnespark.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då er det pause her på Kringsjå etter 45 spelte minutt. Etter ein god start frå gjestane, tok Lyn over initiativet i kampen og tok fortent leiinga med Emilie Closs som var agressiv på ein retur frå gjestane si sisteskanse. Det såg ut som Lyn skulle ri fint inn til pause med 1-0, men det var den danske midtbanejuvelen Dyrehauge Hasen ueinige i. Ho lada børsa frå boga på 16-meteren og lagde lik balanse i regnskapet. Det blir spennande med dei siste 45. Vi gledar oss!
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
45'
Melgård får avslutta inne i 16-meteren, men Panengstuen er nede og reddar.
45'
Beinar ballen opp og Lyn står etter og vinn eit kast på Kolbotn sin halvdel.
43'
Frispark
Keeper glepp ballen i feltet, men Lyn får rydda unna.
43'
Kolbotn får frispark høgt oppe på deira høgre side etter at Kvernvolden får ein alboge i fjeset.
42'
Mål!
1-1
For ei skåring! Danske Dyrehauge Hansen curlar ballen frå 18 meter i krysset!
41'
Tandberg får ballen inne i 16-meteren og smeller ballen i tverrliggaren! Stor moglegheit for å doble leiinga frå bursdagsjenta!
38'
Frispark
Frispark langt inne på eigen halvdel blir beina opp og Lyn får etablert eit småfarleg-angrep. Presisjonen er diverre fråverande i siste trekk og det blir målspark for Paengstuen.
36'
Frispark
Tek den kort.
33'
Melgård sett på turboen på høgresida hjå Lyn. Ho sklir gjennom alt og (nesten) alle før det seier stopp. Bra trykk frå vertane no!
31'
Offside
31'
Elvebakken ladar kanonen frå distanse og Odden Sundsfjord får ein liten fingerspiss på ballen som går over målet. Det er ikkje dagens kampleiar einig i. Heldigvis har vi god sikt frå bua og kan med sikkerheit seie at Kolbotn vart snytt for hjørnespark.
29'
Offside
27'
Mål!
1-0
Så sitt den for heimelaget! Aahjem sett fart på venstresida og slår inn til Holmen som får avslutta. Keeper reddar mesterleg, men er ikkje i nærheten på returen frå Closs.
24'
Hjørnespark
Ballen blir heada ut, men Lyn får avslutta med Holmen. Skuddet er hardt, men ballen går rett på Panengstuen i Kolbotn-målet.
24'
Elvebakken tek ingen sjansar i eigen boks i det ho er feilvendt og spelar ut ballen til hjørnespark.
23'
Stor sjanse for Østerås og Kolbotn! Spissen tek i mot ein retur og ladar kanonen. Skuddet er hardt, men går midt på keeper. Der er Lyn og Odden Sundsfjord heldige.
18'
Frispark
Tek den kort.
18'
Soleng Hansen lagar frispark.
16'
Kolbotn er best no. Ingen store sjansar, men det er dei blå som har satt eit visst press. Soleng Hansen er god til å jage opp forsvaret og stå høgt med laget.
14'
Offside
13'
Frispark
Lång får slått ballen inn i feltet, men det blir aldri farleg.
13'
Pedersen blir tatt på kanten av 16-meteren til Lyn. Den kan svingast inn!
12'
Tøff takling frå Jorde på Pedersen. Kolbotn-spelaren blir liggande og ballen blir spelt ut medan ho får tilsyn.
11'
Eit innlegg frå Lång går rett i klypane til Odden Sundsfjord i Lyn-målet.
10'
Kolbotn trillar ball no og ser litt småfarlege ut.
8'
Kvernevolden tar med seg ballen inn i bana og avsluttar frå 18 meters hald i litt ubalanse. Initiativet er godt, men presisjonen er ikkje heilt med i det ballen seglar litt over og litt til side for mål.
5'
Frispark
Spelar ballen diagonalt og Kolbotn kan bruke tid med ball.
5'
Hjørnespark
Blir heada ut, og i ein oppfølgande duell får gjestane frispark.
5'
Eit innlegg frå Closs gjer at Paengstuen må i aksjon, ballen glepp litt ut av hendene og vertane får hjørnespark.
3'
Tandberg viser gode tendensar i det ho fintar bort forsvaret til Kolbot og forsøker å spele gjennom Melgård. Det blir berre nesten for heimelaget.
1'
Hernes tek avspark og vi er i gang!
Avspark Start 1. omgang
Etter myntkast og litt high fives er det klart for avspark!
Det kan vere verdt å få med seg at LSK spelar samtidig. Dei er eit av laga som pustar Lyn i nakken. Går alt mot Lyn i dag med tap for eigen del og seier for LSK, vil faktisk sistnemnde gå forbi dei på målskildnad.
Det er steikande solskinn med ein lett bris på Kringsjå i dag. Ein fin laurdag i hovudstaden. Begge lag køyrer som forventa før start. Aahjem på topp for Lyn har seks mål på dei første 13 kampane i år. Er det ho som skal skape hodebry for Soleng Hansen og gjestane frå Nordre Follo?
Dei tre første sluttspelplassane i Toppserien er ubestridte med Brann, VIF og RBK. Den fjerde plassen er derimot heilt åpen, og Lyn er for tida laget som har den. Om det er på lån eller ikkje gjenstår å sjå. Med seier i dag vil Kolbotn vere to poeng bak Lyn. Det er derfor alt å spele for på kunstgraset ved Sognsvann i det vi har igjen 5 rundar av grunnspelet.
Hei! Velkommen til denne livedekninga av oppgjeret mellom Lyn og Kolbotn i Toppserien sin 14. runde.