Referat
Kun høydepunkter
Der er kampen slutt, og Lørenskog vinn 4-0. Dermed klatrar dei over streken, medan Førde akkurat no ligg nest sist. Takk for følget.
Kamp slutt Slutt (4-0)
79'
I augneblinken er det sju poeng opp til trygg plass for Førde. Dei siste åra har det vore mellom 35 og 38 poeng for å bli topp 7 i dei ulike 2. divisjonsavdelingane. Det betyr at Førde må ta opp mot 28 poeng på dei siste 14 i år. Det gir eit poengsnitt på to poeng i kvar kamp, noko berre Nest Sotra og Florø har greidd til no i år. Utan tvil ei vrien oppgåve som ventar for Førde-trenar Madsen i haust.
56'
Gjestene har ein lang veg å gå på bortebane. To poeng og målskilnaden 3-19 på seks kamper er fasiten så langt.
51'
Andre omgang blir berre oppdatert med dei aller viktigaste hendingane.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Slutt 1. omgang Pause (2-0)
45+2'
Straks pause.
45'
Førde-spiss Myrkaskog får ballen på 20 meter. Set fart mot mål, men blir stoppa.
43'
Myrkaskog med avslutning frå sju meter, delvis feilvendt. Går høgt, og landar på nettaket.
38'
Førde slit med å få til noko eige spel på Lørenskog sin banehalvdel. Førebels har heimelaget god kontroll.
34'
Haaland Iversen får seg ein trøkk. Må ut på sidelinja for å få hjelp.
32'
Nytt skotforsøk frå heimelaget. Utanfor frå Singh.
26'
Førde-spiss Myrkaskog er i både Brann, Sogndal og Bodø/Glimt sitt søkjelys. I tillegg er Stabæk interessert i keeper Lillevik. Sistnemnde er å finne på benken i dag.
22'
Heimelaget har føreløbig full kontroll. Denne gongen nytt skotforsøk frå Singh. Like utanfor.
19'
Heimelaget held fram med å styre spelet etter scoringa.
17'
Framleis Lørenskog som har mest ball.
13'
Myrkaskog kjem seg inn i feltet, og slår inn frå venstre. Haaland Iversen når akkurat ikkje fram.
10'
Lørenskog trillar ball, og Førde ligg med alle 11 inne på eigen halvdel.
8'
Frispark frå Dvergsdal. Gjennom heile feltet.
7'
Myrkaskog får frispark imot. Var vel tøff mot kaptein Solberg.
3'
Vertene festar grepet om banespelet.
1'
Der er kampen i gang.
Avspark Start 1. omgang
Førde må klare seg utan Edin Øy og Thor Jørgen Spurkeland som begge soner karantene.
Hei, og velkommen til Firda si liveoppdatering av oppgjeret Lørenskog - Førde!