TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar med dette for følgjet. Ha ein fin kveld vidare!
Avslutningar: 14-11. På mål: 3-2.
Jürgen Klopp og co er dermed på toppen av tabellen igjen, to poeng framføre Manchester City, som har ein kamp til gode. Kampen om Champions League-plassane blir spanande, med fire lag med 60-61 poeng som kjempar om to plassar. For ei avslutning på Premier League-sesongen vi vil få!
Liverpool tek ein ekstremt viktig siger i jakta på Premier League-gullet! Begge laga jaka 2-1-scoringa på tampen, og det såg vel eigentleg ut til at det skulle bli Spurs som fekk den avgjerande scoringa, men det ville altså heimelaget ikkje ha noko av. Mohamed Salah er inne i ei kraftig måltørke, men stod uansett bak det avgjerande målet i dag. Headinga hans i det 90. minutt blei redda av Lloris, men Alderweireld fekk ballen i beina og måtte sjå den gå i eige mål. Liverpool leia for øvrig 1-0 til pause etter scoring av Firmino. Utlikninga kom i det 70. minutt kom ved Moura.
Kamp slutt Slutt (2-1)
90+6'
Seks minutt på overtid no. Det blei lagt til fire!
90+6'
Frispark for Spurs.
90+1'
Spillerbytte
90+3'
Spillerbytte
90'
Selvmål!
2-1
Liverpool er tilbake i føringa! Raudtrøyene held oppe trykket etter corneren og ballen blir slått mot bakerste stolpe der Salah får heada på mål. Lloris får avverga forsøket, men sender ballen rett i beina på Alderweireld før den så trillar over målstreken. 2-1, og stemninga på Anfield fauk til vêrs!
89'
Hjørnespark
Kane står på femmeteren og stangar unna kula.
89'
Origi vinn ein corner for heimelaget.
88'
Bra sjanse for Spurs igjen! Nok ein gong kontrar dei, men det avgjerande skotet frå Alli endar like over mål.
87'
Nok ei god Spurs-kontring. Rose øydelegg det heile med eit svært svakt innlegg.
85'
Avslutning, Moussa Sissoko - Tottenham
85'
For ein sjanse! Sissoko og Son kjem åleine med van Dijk og Alisson etter ei fantastisk takling, men Liverpool-stopparen hindrar Sissoko i å slå pasning og tvingar han i staden for å gå for skot. Det endar derimot over målet til Alisson. Slike sjansar må Spurs klare å utnytte betre!
83'
Det er definitivt Liverpool som jagar mål her no.
82'
Spillerbytte
81'
Hjørnespark
Svakt slått og forbi alle i feltet.
81'
Hjørnespark
Blir klarert til ein ny corner.
81'
Liverpool med frispark. Origi skyt via muren og til hjørnespark.
80'
Gult kort
Riv Salah overende og får eit soleklart gult kort.
78'
Hjørnespark
Meget nære på! Van Dijk stig til vêrs inne i boksa, men klarer ikkje å få hovudet på ballen. Firmino prøvar å få tak i den ettepå, men bortelaget får reinska unna.
78'
Litt av ei angrepsrekkje heimelaget har på bana no. Skal Liverpool klare å få kula i mål heilt på tampen?
77'
Spillerbytte
77'
Spillerbytte
77'
Hjørnespark
Endar resultatlaust.
76'
Avslutning, Trent Alexander-Arnold - Liverpool
76'
Like før for Liverpool! Alexander-Arnold vartar opp med ei lekker skotfinte før han prøvar å skru ballen i mål. Lloris får fista den over tverrleggaren. Corner.
75'
Jürgen Klopp tek grep på sidelinja. Det går mot eit dobbeltbyte!
75'
Korleis skal Liverpool respondere no? Dei er á poeng med Manchester City ved uavgjort, men då har dei lyseblå ein kamp til gode.
73'
Wijnaldum chippar ballen inn til Salah i boksa, men stussen frå Liverpool sin nummer 11 går ufarleg utanfor mål.
70'
Mål!
1-1
Spurs med ei fortent utlikning! Kane tek eit hurtig frispark på diagonalen til Trippier, og backen trillar vidare til Eriksen. Den danske juvelen sender ballen vidare inn foran mål der Moura kjem stormande og bankar den forbi Alisson. 1-1 på Anfield!
69'
Spillerbytte
69'
Vertane bryt ballen høgt i bana og Salah blir spelt fri i mellomrommet. Egyptaren går for kraft, men sender skotet over mål.
67'
Så yppar Liverpool seg i motsett boks. Lloris får boksa unna eit innlegg.
66'
Hjørnespark
Ballen dett ned i feltet, men ingen får avslutta.
66'
Eriksen med eit skummelt innlegg bak Liverpool-forsvaret. Endar med corner.
64'
Nydeleg av Tottenham som vender spelet før eit innlegg blir sendt inn i boksa av Rose. Liverpool får derimot stoppa forsøket.
62'
Sist gong Spurs snudde til siger etter å ha låge under mot Liverpool var i 2010. Den gongen sendte Martin Skrtl scouserane i føringa, før same mann så laga sjølvmål. To minutt på overtid ordna Aaron Lennon 2-1.
60'
Heimelaget kontrar ved Salah, men skotforsøket frå egyptaren blir blokkert inne i feltet. Alderweireld er det som får slengt fram eit bein.
58'
Raudtrøyene tapar mange duellar her no. Lev farleg i augneblinken.
57'
Hjørnespark
Endar resultatlaust.
56'
Avslutning, Harry Kane - Tottenham
56'
Dobbeltsjanse for Spurs! Rose er heldig som treff Kane med ei pasning inn i boksa, og måljegeren får avslutta frå skrå vinkel. Alisson gir ein farleg retur, men skotforsøket frå Eriksen blir blokkert til corner.
55'
Milner får veldig mykje plass på høgresida og har god tid til å prikke inn eit innlegg i boksa. Treff Firmino som stangar ballen over mål. Grei sjanse, det.
54'
Heung-min Son er i oppvarming for Spurs. Varer nok ikkje altfor lengje før sør-koreanaren entrar grasmatta.
52'
Spurs har mykje ball no, men slit med å finne opningar i vertane sitt forsvar.
49'
Hjørnespark
Brukbar sjanse! Corneren blir teke kort til Milner som slår inn på direkten. Van Dijk kjem på ballen på bakerste stolpe, men klarer ikkje å få sendt headinga på mål.
49'
Wijnaldum får eit innlegg blokkert til corner.
47'
Eriksen tek med seg ballen framover og avsluttar frå 17-18 meters hald. Alisson kan stå og kontrollere at den går over.
46'
Ingen endringar på nokon av laga.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 1-0 til Liverpool over Tottenham etter første omgang på Anfield. Med unntak av perioden der heimelaget scora 1-0-målet ved Firmino har det vore jamt og tett mellom laga. Med unntak av scoringa har det ikkje vore så altfor mange store sjansar. Etter kvilen må Spurs våge endå meir framover, og det vil nok sørgje for at 2. omgang blir ganske sjåverdig!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Det blir lagt til minimum eitt minutt her.
43'
Spurs jagar på for ei utlikning her, men slit med å kome til store sjansar. Liverpool har ganske grei defensiv kontroll.
41'
Moura får sendt i veg eit skotforsøk frå 18-19 meters distanse. Hamnar ikkje på rett plass denne gongen heller.
37'
Nære på for heimelaget! Mané prøvar å curle ballen i det lengste hjørnet frå 16-17 meters hald, men forsøket endar like utanfor. Lloris rakk ikkje å bevege seg der. Spørs om han hadde teke skotet om det hadde gått mellom stengene.
37'
Litt med Spurs no etter ei periode der Liverpool styrte det meste.
34'
Hjørnespark
Liverpool sin tredje corner i kampen. Dalar ned på nettaket.
34'
Alli speler vegg med Eriksen og prøvar ei avslutning på halvvolley. Ikkje altfor langt utanfor.
33'
Firmino vinn ballen inne i boksa og prøvar å leggje inn, men forsøket blir blokkert.
27'
Hjørnespark
Ballen frå Alexander-Arnold går i stolpen og ut. Lloris hadde forhåpentlegvis kontroll.
27'
Bør verkeleg finne målforma igjen, Salah. Står med berre eitt fattig mål på dei åtte siste ligakampane. Totalt sett står han med 17. Førre sesong blei det imponerande 32 nettkjenningar.
26'
Salah på visitt i motsett ende, men blir hindre og må sjå ballen trille utover sidelinja.
25'
Alisson med rotete opptreden i feltet igjen. Kjem ut for å stoppe eit gjennomspel, og endar opp med å heade ballen i hovudet på Milner som også jaktar den. Er heldig som får kula innan rekkjevidde og kan fange den.
22'
Hjørnespark
Endar med ingenting.
22'
Salah kjem seg inn i boksa med ballen, men Sanchez stoppar egyptaren med ei solid takling. Moglegens burde det ha blitt avvinka for offside der.
21'
Lekker opprulling av Liverpool som verkeleg har festa grepet her. Mané breisidar ballen over mål frå bra posisjon.
20'
Ein liten kalddusj for Spurs som har vore positive i starten her.
19'
Liverpool held fram med å angripe etter målet. Alexander-Arnold avsluttar på halvvolley, men forsøket endar litt til side for målet til Lloris.
16'
Mål!
1-0
Liverpool i føringa! Robertson får tid og rom ute på venstresida, og sender i veg eit fantastisk innlegg som går over Spurs-stoppar Sanchez før det landar på skallen til Roberto Firminho. Brasilianaren stangar kula utakbart forbi Lloris. 1-0!
15'
Tidlegare PSG-spelar Lucas Moura har vore frisk i starten for Spurs. Har hatt mykje ball og utfordra Liverpool-spelarane med fart og teknikk ved fleire høve.
12'
Spurs har yppa seg mest dei siste minutta.
12'
Moura får avslutta inne i boksa etter å ha avansert eit godt stykke på eiga hand, men forsøket blir blokkert. Returen hamnar hos Sissoko, men franskmannen skyt langt utanfor.
10'
Tilsvarande oppgjer mellom laga førre sesong enda med massevis av drama og 2-2 på resultattavla. Salah sendte Liverpool i leiinga 2-1 på overtid, men i det 95. minutt utlikna Harry Kane på straffespark etter å ha misbrukt eitt tidlegare i kampen.
7'
Hjørnespark
Blir teke kort og endar til slutt med eit svakt skotforsøk frå Moura. Utspel frå Alisson.
7'
Matip glir og gjev plutseleg Spurs bra med rom framover. Stikkaren frå Kane til Moura blir derimot avverga. Corner.
5'
Salah med dagens første avslutning. Langt over mål etter at Mané først hadde snappa ballen høgt i bana.
4'
Alisson skal plukke ei enkel pasning, men fomlar og er nære ved å rote det skikkeleg til. Alli endar til slutt berre opp med eit innkast.
3'
Rose har fått seg ein smell og vi får eit tidleg avbrekk i kampen.
1'
Gjestane sparkar i gong oppgjeret. Fantastisk stemning på Anfield!
Avspark Start 1. omgang
Motsett oppgjer mellom laga tidlegare denne sesongen enda med 2-1 til Liverpool i London. Wijnaldum, Firminho og Lamela sørgja for scoringane.
Dei to laga står klare i spelartunnellen, og vi er få minutt unna avspark. For ein kamp vi har i vente!
Joe Gomez og Alex Oxlade-Chamberlain er begge tilbake i full trening for The Reds, men må foreløpig vente på å gjere nytte for seg i kampar. Mauricio Pochettino og Spurs må på si side unnvere viktige mann som Eric Dier og Harry Winks, og i tillegg er ikkje Serge Aurier tilgjengeleg etter å ha fått seg ein smell i landslagsperioden.
Jürgen Klopp og Liverpool har også vore inne i ei periode med fleire svake resultat enn det som normalt er. Dei to føregåande kampane (Fulham og Burnley) har rett nok blitt vunne, men fire av dei åtte seinaste i ligaen har enda med poengdeling.
Tottenham har på si side sleppt lag bak seg langt nærare etter ei rekkje med svake resultat den seinaste tida. Dei vann sist i ligaen mot Leicester 10. februar, og etter det har det blitt tap mot Burnley, Chelsea og Southampton, samt ei poengdeling mot rivalane Arsenal. Det einaste positive i løpet av perioden har vore avansementet til kvartfinalene i Champions League etter ein solid samanlagtsiger mot Borussia Dortmund.
Det er nummer 2 og 3 på tabellen som møtest på Anfield i kveld, og begge har stort behov for poeng for å klare sine respektive mål. Med siger til Manchester City over Fulham i går er Pep Guardiola sitt mannskap nok ein gong på gullplassen. Scouserane kan derimot passere dei med full pott i dag. City vil derimot ha ein kamp til gode på Liverpool.
Hei og velkomen til det meget spanande Premier League-oppgjeret mellom Liverpool og Tottenham!