TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet. No er det berre å få seg litt søvn for det brakar laust med endå meir Champions League-fotball i morgon. God natt!
Avslutningar: 14-8. På mål: 5-3.
Ein vanvittig fotballkamp er over, og utruleg nok får vi servert berre éi scoring. Mohamed Salah ordna 1-0 før pause, og etter kvilen heldt Liverpool fram med å skape endå fleire feite sjansar. Også Napoli var nære mål, men då stod Alisson i vegen. Vi spådde ein magisk kveld ved Mersey, og det blei det sanneleg også. Ettersom PSG vann lett over Raude Stjerne i det andre oppgjeret i denne gruppa må Ancelotti og Napoli nøye seg med Europa League. Liverpool blir på si side definitivt ein av outsidarane til å løfte Champions League-trofeet.
Liverpool vinn 1-0 og er vidare i Champions League!
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+4'
For ein bom! Mané kjem mutters åleine med Ospina, men klarer faktisk å setje ballen utanfor målet. Burde ha scora ein drøss med mål i dag, spelaren frå Senegal.
90+3'
Gult kort
Får det gule kortet etter å ha sparka vekk ballen.
90+2'
Vanvittig nære 1-1! Milik får tak i ballen fem meter frå Liverpool sitt mål, men Alisson kjem raskt ut og får blokkert. For eit keeperspel!
90+1'
Gult kort
Får det gule kortet etter å ha brukt altfor lang tid på eit innkast.
90+1'
Heimelaget brukar sjølvsagt bra med tid når dei kan no.
90+1'
Det blir lagt til minimum fire minutt her. Kanskje litt lite med tanke på at det har vore seks byte og ein del stopp i spelet elles, også?
90'
Spillerbytte
89'
Insigne dempar ei klarering på kassa og hamrar til, men skotet fyk over mål.
89'
Trent Alexander-Arnold ruslar av bana etter ein smell.
87'
Det skal vere scoring! Salah speler ut i feltet til Mané, men frå seks meters hald klarer senegalesaren å sende ballen utanfor målet. Ein vanvittig sjanse!
87'
Napoli evnar ikkje å etablere noko spel her. Heimelaget har bra kontroll.
86'
Wijnaldum men endå ei avslutning. Skrur langt utanfor mål.
85'
Spillerbytte
84'
No hastar det verkeleg for Napoli. Når skal dei hive alt framover? Det betyr uansett ingenting om Liverpool skulle score nummer to. Utgangspunktet blir uansett det same.
84'
Liverpool pressar høgt no.
83'
Gult kort
Hindrar Ospina i å kaste ut ballen og får eit greitt gult kort.
83'
Ny avslutning frå Wijnaldum. Via ein motspelar og inn til Ospina.
81'
Hjørnespark
Tek den kort til Arnold som slår inn. Wijnaldum headar over frå god posisjon. Nok ein bra sjanse, det!
80'
Spillerbytte
79'
Så sløsar Callejon i motsett ende! Eit innlegg hamnar heilt på bakerste stolpe, men kantspelaren klarer ikkje å få sendt ballen på mål.
78'
Ny kjempesjanse! Eit Liverpool-frispark endar med at van Dijk får avslutte frå god posisjon inne i boksa. Like over mål frå den solide stopparen.
77'
Stor, stor sjanse igjen! Robertson blir spelt nydeleg fri på venstrekanten og slår så flatt inn foran mål. Mané får avslutta frå kort hald, men Ospina reddar igjen.
76'
Det bølgjar fram og tilbake på Anfield no. Ei Napoli-scoring vil gjere ting meget, meget vanskeleg for Liverpool. Då må dei score to meir sjølv. Men det byrjar uansett å haste for bortelaget.
74'
Nære på 2-0! Salah blir spelt åleine igjennom, men Ospina kjem raskt ut og hindrar han. Egyptaren klarer derimot å få avslutta frå spiss vinkel, men nok ein gong får måvakta ordna opp.
74'
Ghoulam med innlegg frå venstre. Rett i fanget til Alisson.
74'
Milik slår femogførti grader ut i feltet, men Zielinski sender avslutninga høgt over mål.
73'
Meir initiativ frå italienarane no.
72'
Ghoulam kastar inn i boksa, men nok ein gong får heimelaget ordna opp.
71'
Hjørnespark
Blir klarert ved første stolpe. Kast.
71'
Bra spel av Napoli. Eit innlegg blir slått inn i boksa, og det er med naud og neppe at Liverpool får klarert.
70'
Spillerbytte
70'
Framleis ingen offensiv frå Napoli her. Før eller seinare må dei ta litt sjansar.
67'
Spillerbytte
66'
Frisparket blir slått inn i Napoli si boks, men trass i at heimelaget både vinn første- og andreballen klarer dei ikkje å få avslutta.
65'
Maksimovic feller Mané i det heimelaget prøvar ei kontring. Frispark til raudtrøyene.
63'
Nytt forsøk av Liverpool! Milner skjer innover frå venstrekanten og prøvar å breiside ballen i det lengste hjørnet. Utanfor målet til Ospina.
62'
Spillerbytte
62'
Liverpool med fleire forsøk på innlegg og spel inn i Napoli si boks. Nærmar seg ei andre scoring her.
61'
Henderson vippar ballen opp til seg sjølv og avsluttar på halvvolley. Godt treff, men Ospina reddar greitt.
60'
Heimelaget ligg disiplinerte bakover her. Ikkje mykje rom for Napoli å spele seg framover i.
59'
Van Dijk prøvar seg med eit langskot. Ok treff, men ballen skrur utanfor målet.
58'
Så prøvar Firmino seg i motsett ende. Ei heading frå distanse går rett på Ospina.
57'
Hjørnespark
Godt forsøk av bortelaget! Corneren dett ned i feltet, men headinga frå Albiol går berre rett på Alisson.
57'
Bra opprulling av gjestane. Callejon slår inn på direkten, men heimelaget får blokkert.
56'
Jürgen Klopp sitt mannskap har god kontroll på dette i augneblinken. Napoli riskierer foreløpig ikkje altfor mykje framover i bana.
54'
Rui kjem seg forbi Arnold, men Matip kjem til og stoppar backen.
53'
Kampen vippar veldig fram og tilbake her.
53'
Heimelaget kontrar, men Napoli får frispark etter at Salah trakkar på hælen til Rui.
52'
Så kontrar Napoli. Van Dijk får klarert unna eit innlegg.
51'
Bra sjanse for Liverpool! Salah får ballen inne i boksa og får avslutta sjølv om han er under hardt press. Skotet går like til side for mål.
51'
Tøffe tak mellom Rui og Salah. Førstnemnde får frispark.
49'
Wijnaldum prøvar seg på volley. Utanfor.
47'
Hjørnespark
Ospina plukkar greitt.
47'
Hjørnespark
Hamsik stussar ballen til ein ny corner.
46'
Gjestane sparkar i gong 2. omgang.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Liverpool leiar 1-0 etter ein intens omgang, og i augneblinken er dei vidare til utslagsrundene i Champions League. Kampen opna i eit forrykande tempo og begge laga skapte store sjansar i løpet av det første kvarteret. Etter dette roa det seg noko, men i det 34. minutt dukka Mohamed Salah opp og scora frå spiss vinkel. Ikkje akkurat patent keeperspel av Ospina som forventa eit innlegg og tok turen bort frå streken. Liverpool bør derimot ikkje føle seg for trygge, for om Napoli skulle få ei scoring her, så må Klopp og co vinne med to mål. Vi gler oss til ein meget spanande 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+3'
Heimelaget kontrar bra, men eit svakt innlegg øydelegg det heile.
45+2'
Mertens vinn ballen høgt i bana, men ein svak touch gjer at van Dijk kan klarere.
45+1'
Det blir lagt til minimum tre minutt her.
44'
PSG har dobla leiinga mot Raude Stjerne. Dei ligg dermed bra an til å bli gruppevinnarar.
41'
Blir teke kort til Arnold som prøvar eit skot. Blir blokkert. Liverpool har framleis ballen.
41'
Frispark til heimelaget ved kanten av sekstenmeteren.
40'
Gult kort
Får det gule kortet etter fellinga av Salah.
40'
Salah blir felt og domar Skomina stoppar spelet.
38'
Napoli kjem i overtal på ei kontring, men ei svak pasning øydelegg rytma og det heile endar berre med eit innlegg utanfor mål.
37'
Liverpool er i augneblinken vidare. No er det Napoli som må ha scoring!
34'
Mål!
1-0
Mohamed Salah scorar frå nærast død vinkel! Liverpool får den etterlengta scoringa si! Ospina forventa nok eit innlegg der, men den egyptiske magikaren er lur og går for eit skot i staden.
33'
Det er definitivt heimelaget som køyrer kampen no.
33'
Salah kjem seg ned til dødlinja og får lagt inn, men forsøket blir reinska unna.
33'
The Reds vinn ballen langt inne på Napoli sin halvdel, men Henderson vel å avslutte raskt. Det forsøket endar ufarleg utanfor. Er vel ikkje akkurat kjent som ein målfarleg spelar, Liverpool-kapteinen.
31'
Salah går i bakken inne i feltet og heimefansen ropar på straffe. Domar Skomina gidd ikkje ein gong å vinke spelet vidare.
31'
Ei stund sidan førre målsjanse no, men tempoet er framleis veldig høgt og begge lag forsøker å angripe når dei kan.
28'
Ospina ligg nede etter å ha hoppa inn i Mané. Ikkje lett å forstå at han skulle ha skada seg etter det samanstøytet. Mané så vidt borti.
27'
Firmino kjem seg heilt inn på seks-sju meters hald, men han er bra oppdekt og skotet blir kjapt blokkert.
25'
Hjørnespark
Sender ballen inn i feltet, men heimelaget får rydda unna. Til slutt blir det vinka for offside.
25'
Callejon slår inn i feltet, men heimelaget får rydda unna. Ubalanse i Liverpool-forsvaret, der.
22'
Annullert mål
0-0
Mane puttar ballen i mål etter eit lavt innlegg, men assistentdomaren er raskt oppe med flagget og vinkar for offside. Korrekt dømt!
19'
Napoli får klarert og prøvar å kontre, men raudtrøyene tek over igjen.
18'
Frispark til heimelaget heilt nede ved Napoli sitt eine hjørneflagg.
17'
Firmino får avslutta frå 17-18 meters hald, men skotet blir raskt blokkert.
15'
Mertens er framleis ikkje på beina. Altfor tøff den taklinga frå van Dijk.
13'
Gult kort
Tek ballen, men også foten til Mertens. Går stygt inn der, så lite å seie på det kortet. Trist for van Dijk, som no må stå over neste kamp.
12'
Så er PSG i føringa i Serbia. Cavani er målscorar. Dermed toppar dei gruppa.
10'
No svingar det verkeleg på Anfield! Når skal første scoringa kome?
9'
Så er det Liverpool som prøvar seg igjen! Alexander-Arnold slår inn frå høgre og Milner vinn duellen inne i feltet. Headinga går utanfor målet til Ospina.
8'
Så smell det i motsett ende! Mertens blir spelt fri på venstresida og slår femogførti grader til Hamsik som kjem springande. Napoli-kapteinen avsluttar på direkten - like over mål.
8'
Enorm Liverpool-sjanse! Salah blir spelt fullstendig fri inne i boksa, men førsteberøringa til egyptaren er svak og ballen trillar inn til Ospina.
7'
Skummelt Napoli-innlegg bak Liverpool sitt forsvar. Virgil får reinska unna.
6'
Begge laga har vore angrepsvillige i starten her. Verkar absolutt ikkje som om Ancelotti sitt mannskap skal liggje bakpå.
3'
Nære på at Napoli får spelt seg til ei avslutning etter ein stygg miss av Henderson. Bør ikkje ha mange slik om Liverpool skal ta seg vidare i dag, Liverpool-kapteinen.
1'
Då er vi i gong! Fantastisk stemning på Anfield!
Avspark Start 1. omgang
No er vi berre nokre få minutt unna avspark på Anfield. 'You'll never walk alone' er godt i gong blant publikum. Skal det bli nok ein storslått kveld på det tradisjonsrike stadionet, eller er det Napoli som til slutt vil juble høgast? Snart finn vi det ut!
Lorenzo Isigne og Dries Mertens er toppscorarar for Napoli så langt i turneringa med tre mål kvar. Sjansen for at dei skal putte ytterlegare er absolutt til stades i kveld.
Mohamed Salah blir sjølvsagt ein spelar å sjå opp for for Napoli-forsvaret i kveld. Han har som kjent ei god fortid i støvellandet, både som spelar for Roma og Fiorentina. I perioden 2015-2017 var han involvert i fem kapar mot Napoli. 2-1-2 blei statistikken hans her. Den mest minnerike kampen kom i 16/17-sesongen, då egyptaren sørgja for både scoring og målgjevande i kampen som Roma vann 3-1.
Det er som kjent to lag i god form som møtast i den vestlege delen av England i kveld. Liverpool toppar Premier League med eitt poeng framføre Manchester City og har 5-0-1 på dei seks seinaste. Tapet kom borte mot PSG. Napoli har på si side 4-2-0 på tilsvarande antal kampar. I Serie A ser det derimot tøft ut ettersom dei ligg åtte poeng bak Juventus på 1. plass.
Kveldens oppgjer blir det fjerde i offisiell samanheng mellom dei to klubbane. Motsett kamp i år enda med 1-0 til Napoli etter ei sein Insigne-scoring. I 2010 var dei begge i same gruppe i Europa League. Liverpool vann 3-1 på Anfield etter at Steven Gerrard snudde 0-1 til 3-1 med eit hattrick. Kampen i Campania enda 0-0.
Heimelaget kan mønstre eit veldig sterkt lag i dag, og Adam Lallana er ein av få spelarar som er utilgjengelege. Carlo Ancelotti kan gjere det same, og berre Simone Verdi og Vlad Chiriches manglar.
Om Jürgen Klopp og Liverpool skal ta seg vidare til utslagsrundene i kveld MÅ Napoli bli slått. Om PSG samtidig skulle gå på eit tap mot Raude Stjerne avanserer dei, men sjansen for at det skal skje er nok heller liten, trass i at laget frå Serbia allereie har slått Liverpool på eige gras. Om laget frå Merseyside skulle vinne 1-0 vil dei passere Napoli på tabellen med betre målskilnad ettersom det då vil stå 1-1 etter innbyrdes oppgjer. Skulle derimot italienarane gå på eit ettmålstap samtidig som dei scorar, så vil dei vere vidare på innbyrdes oppgjer (om PSG vinn). Med tomålssiger vil The Reds uansett vere vidare. Om alle dei tre laga derimot skulle ende opp med ni poeng kvar vil Liverpool og PSG ta seg vidare. Mykje å halde styr på, altså! Vi kjem tilbake til dette etter kvart som ting utviklar seg i dei to oppgjera.
Hei og velkomen til livedekning av dette meget viktige oppgjeret mellom Liverpool og Napoli. Alt ligg til rette for at dette skal bli ein magisk Champions League-aften!