Referat
Kun høydepunkter
Da gjenstår det berre for meg, Andreas Hellenes, å takke for følget! Ha ein fin søndag vidare!
Kampen er over og det ender mållaust på Sofiemyr stadion. Dermed får Kolbotn endleg eit poeng etter tre strake tap, medan sigersrekka til Vålerenga stoppar opp. Andre omgang var på mange måtar veldig lik den første omgangen. Vi var vitne til to jamnspelte lag som begge hadde moglegheiter til å avgjere oppgjeret. Det var Fridlund som fekk den største moglegheita når ho vart spelt fri i bakrom etter 63 speleminutt. Frå spiss vinkel klarte ho ikkje å overliste Tompkins i Vålerenga-buret. Kolbotn er truleg særs fornøgd med å ta poeng mot serieleiar Vålerenga, medan Vålerenga føler nok at dette var to poeng tapt i tittelkampen.
Kamp slutt Slutt (0-0)
90+2'
Kaos i Kolbotn-forvaret før heimelaget får klarert.
90+2'
Vålerenga presser på for ei sigersscoring no.
90+1'
Ervik redder i full strekk! Spitse bøyer frisparket over muren og Ervik gjer ei strålande redning før ballen går ut til corner.
90'
Spitse og Jørgensen smeller inn i ein duell like utanfor Kolbotn sin 16-meter. Dommer Folstad dømmer frispark i strålande posisjon for Vålerenga.
90'
Ajara får moglegheit til å avgjere kampen når ho blir spelt fri aleine mot Ervik. Ervik stormar ut frå streken sin og gjer seg stor i duellen mot Vålerenga-spissen. Sisteskansen til Kolbotn får stoppa skotforsøket frå Ajara, og i etterkant kjem lagvenninene hennar å klarerer.
87'
Så får Vålerenga frispark i same posisjon like etter. Spitse tek eit raskt og kort frispark til Pedersen.
86'
Lund slår langt, men Pedersen headar unna.
86'
Kolbotn får frispark på midtbana og flytter opp luftskyts frå bakre rekker.
83'
Jensen fyrer laus frå 25 meter! Midtbanespelaren til Vålerenga legg ballen til rette før ho klinkar til mot Kolbotn-målet. Skotet er hardt, men manglar presisjon. Difor går skotet utanfor mål, og det blir utspark til Kolbotn.
82'
Hoff Klæboe dundrer i bakken innanfor bortelaget sin 16-meter etter ein duell med Tomter. Kolbotn-spissen får ikkje straffe og blir bedt om å spele vidare av hovuddommar.
80'
Madsen kjem seg til dødlinja, og forsøker å finne ein medspelar i feltet. Men eit Kolbotn-bein klarerer til corner.
79'
Lund svingar inn frisparket frå djupt i bana, men Vålerenga får klarert.
77'
Sørsdahl med ei grusom pasning rett i beina på Ajara. Ervik står langt ute, og dermed forsøker Ajara eit skotforsøk frå 40 meter. Ajara får ikkje noko draumetreff, og ballen trillar utover dødlinja.
76'
Hoff Klæboe får frispark når ho legg Ildhusøy i bakken etter ein hovudduell. Kolbotn-spissen er uenig i den dommaravgjersla.
75'
Berre eit kvarter igjen av kampen no. Det kan bli ei nervepirrande avslutning.
74'
Hegg drar seg fint til dødlinja og forsøker å finne ein lagkamerat i feltet. Men ein Vålerenga-forsvarer klarerer til corner.
72'
Hegg er nære på å finne Christiansen med ei gjennombrotspasning. Heldigvis for Vålerenga rydder Tomter opp når ho bryt ballbana.
70'
Fortsatt mållaust når vi straks går inn i kampens siste 20 minutt. Begge lag vil nok vere særs lystne på ei avgjerande scoring i sluttminutta med tanke på tabellsituasjonen deira.
68'
Vålerenga styrer spelet for augeblikket, men mangler presisjon på siste tredjedel.
63'
Fridlund bommer aleine med keeper! Hoff Klæboe plukkar opp ballen etter corner og slår ei strålande pasning på 40 meter som finn Fridlund i bakrom. Fridlund har eit hav av rom og får til slutt avslutta frå spiss vinkel. Skotet går utanfor mål. Den sjansen burde Fridlund nytta betre!
62'
Ildhusøy drar seg fint ned til dødlinja, men Orgill får inn ein fot og takler ballen ut til corner.
60'
Hoff Klæboe får ein gedigen moglegheit etter eit milimeterpresist innlegg frå Lund. Men linjedommer er oppe med flagget, og vinkar av for offside. Headinga frå Hoff Klæboe gjekk forøvrig rett på Tompkins som redda i fast grep.
58'
Lund svinger inn og Hegg kjem først på innlegget. Venstrekanten får derimot ikkje styrt ballen på mål, og avslutningsforsøket triller utover dødlinja.
58'
Ildhusøy lager frispark i innleggsposisjon for Kolbotn. Lund skal legge inn.
55'
Madsen slår ei strålande pasning som finn Karstensen på bakerste. Høgrekanten legg inn på eit touch, og ballen går forbi Ervik, men finn ikkje ein blå lagkamerat. Dermed får Kolbotn-forsvaret klarert.
55'
Lund bruker sin skarpe venstrefot, men skotet blir litt for svakt og går midt på Tompkins. Vålerenga-målvakta held skotet i fast grep.
53'
Starten av andre omgang har vore mykje likt som i første omgang. To jamnspelte lag, og ingen som virkelig dominerer for augeblikket.
50'
Serieleder Vålerenga er virkelig i dytten om dagen. Laurdag i førre veke tok dei sin første siger over LSK kvinner nokosinne. Og onsdag denne veka vant dei 2-0 mot Lyn etter å ha spelt nesten heile kampen med ein spelar mindre.
49'
Lund slår langt, og pasninga går rett i nevane til Tompkins.
49'
Lund skal slå langt, og Kolbotn flyttar opp hovudsterke spelarar.
48'
Ajara blir vinka av for offside.
46'
Vi er i gang!
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det er riktig nok mållaust til pause, men begge lag har absolutt hatt moglegheita til å score. Vi kryssar fingrane for ein fartsfull og innhaldsrik andre omgang på Sofiemyr stadion.
Folstad ser på klokka, og ser ingen grunn til å legge til tilleggstid på Sofiemyr stadion. Dermed står det 0-0 til pause i det som har vore ein jamspelt omgang. Pirisi fekk kampen sin første moglegheit etter fem minutt, men avslutninga gjekk midt på Tompkins som fekk avverga. Den største moglegheita i omgangen kom etter 25 speleminutt når Hørte fekk avslutta frå sju meter. Men ein Tompkins i full strekk, og eit våkent Vålerenga-forsvar gjorde at bortelaget slapp unna med skrekken og fekk klarert.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
I denne første omgangen har begge lag forsøkt å slå ein del langpasningar mot kantspelarane sine. Men ingen av laga har lukkast hundre prosent med det så langt.
44'
Karstensen er nære på å få ein stor sjanse når Vålerenga-forsvaret slår ein lang ball mot høgrekanten. Ervik i Kolbotn-målet er ute i feltet og plukkar pasninga.
43'
Ein faktor som gjer at dagens oppgjer er særs interessant er at det er særs få poeng som skiljer laga i både toppen og botnen av tabellen. Vålerenga er avhengig av tre poeng for å vere sikre på at dei beheld førsteplassen, medan Kolbotn har moglegheita til å klatre oppover på tabellen og lengre vekk frå nedrykksumpen dersom dei skulle beseire dagens gjestar.
40'
Mesteparten av spelet føregår på Kolbotn sin halvdel for augeblikket. Vålerenga trillar mykje ball, men slit med å skape store sjansar.
39'
Spitse med eit frekt skotforsøk med utsida av foten frå 16 meter. Skotet er litt for upresist, og går over målet. Dermed utspark til Kolbotn.
38'
Kolbotn-spelarane er aggressive i presset rundt eigen boks. Vålerenga-spelarane får aldri ro med ballen i angrep.
34'
Hoff Klæboe blir vinka av for offside.
34'
Fridlund prøver ein frekk lobb over Vålerenga-forsvaret for å finne Hoff Klæboe. Pasninga blir litt for hard og trillar inn i nevane til Tompkins.
31'
Spitse roter vekk ballen på midtbana, og Kolbotn får ein god kontringsmoglegheit. Men angrepsspelet til heimelaget stopper litt opp, og Spitse vinn tilbake ballen for Vålerenga like etter. Rotete periode i kampen no.
29'
Både Tomter og Jensen på Vålerenga har ei fortid som Kolbotn-spelarar. Så langt har det blitt eit jamnspelt og målfattig gjensyn med gamleklubben.
28'
Vålerenga som har mest ball no, men Kolbotn forsvarer seg godt og kompakt.
27'
Kolbotn har festa eit lite grep om kampen dei siste minutta.
27'
Hegg blir vinka av for offside.
25'
Gedigen sjanse for heimelaget! Kolbotn bit seg fast rundt Vålerenga sin 16-meter og vinn tilbake ballen rett etter corneren. Lund får så ballen på høgresida og svinger inn eit innlegg med høgrefoten. Innlegget finner Hørte som avsluttar mot mål, men Tompkins gjer ei strålande redning og ballen trillar fritt inne i Kolbotn sin 5-meter før Kolbotn får klarert.
23'
Men Kolbotn har absolutt hengt med på notene i første halvdel av første omgang. For augeblikket trillar kvittrøyene ballen i eigen forsvarsfirer.
21'
Tidlegare i dag har Rosenborg spelt 1-1 mot Arna-Bjørnar. Det betyr at Vålerenga kan skaffe seg ei større luke til tittelutfordrar Rosenborg med siger over Kolbotn i dag.
18'
Det har vore eit jamspelt opningskvartet i sola på Sofiemyr stadion. Begge lag har hatt sine moglegheiter, men førebels har scoringane uteblitt.
18'
Lund svinger inn, men Spitse headar unna.
17'
Kolbotn vinn frispark i innleggsposisjon. Kvittrøyene flytter opp skyts frå bakre rekker.
15'
Ildhusøy forsøker eit skot frå kanten av Kolbotn sin 16-meter. Skotet går utanfor.
12'
Hoff Klæboe svevar høgt og stangar ballen i fanget til Tompkins. Tompkins held headinga i fast grep. God moglegheit for Kolbotn-spissen etter eit godt innlegg frå høgre side.
10'
Ajara med sin første moglegheit for dagen. Får ei fin stikkpasning frå Karstensen og får avslutta frå spiss vinkel. Skotet går midt på Ervik som reddar til corner.
8'
Hegg blir vinka av for offside.
7'
Spitse med eit rakettskot frå 30 meter! Vålerenga-kapteinen får ballen inne på Kolbotn sin halvdel og fyrer laus eit langskot. Skotet går midt på Ervik som boksar til corner.
5'
Pirisi med kampens første sjanse! Får vendt opp inne i Vålerenga sin 16-meter og fyrer laus rett på Tompkins. Tompkins får redda, og Vålerenga-forsvaret får klarert.
5'
Dagens to aktører har vist særs ulik form den siste tida. Vålerenga står med to strake sigrar, medan Kolbotn har tre strake tap. Begge lag er nok særs sultne på tre poeng i dag.
3'
Roleg start på kampen.
1'
Ajara tek avspark for Vålerenga.
Avspark Start 1. omgang
Begge laga har for augeblikket ein siste peptalk før kampstart. Vi nærmer oss avspark på Sofiemyr stadion.
Lagoppstillingane er klare, og både trenar Olsen og trenar Jensen har gjort rokkeringar i startellevarane sine frå førre kamp. Hos heimelaget har Orgill og Pedersen erstatta Eckhoff og Sørsdahl. Hos Vålerenga har Rostad, Thomsen og Karstensen erstatta Sigurdardottir, Waldus og Stefanovic. Dette blir altså ein stor dag for dei tre nykommarane som alle starter sin første kamp i Toppserien.
No gjenstår det berre å lene seg tilbake og smøre seg med tolmod, medan vi venter på det interessante lokaloppgjeret. Underteiknande er tilbake med startoppstillingar rundt ein time før avspark!
For begge lag blir dette tredje kamp på dei siste åtte dagane. Difor blir det spanande å sjå om Kolbotn-trener Aleksander Olsen eller Vålerenga-trener Jack Majgaard Jensen vil rullere i startellevarane sine.
Trass poengtapet på heimebane i det omvendte oppgjeret, har dagens bortelag Vålerenga gjennomført ein krutsterk sesong så langt. Laget ligg på tabelltopp før dagens poengfordeling, og dei har faktisk ikkje tapt ein einaste kamp sidan første serierunde. Med sju sigrar, to uavgjort og eitt tap på ti kampar ligg laget i førarsetet i gullkampen. Dermed kan Vålerenga-damene stå med gullskrift i klubben sine historiebøker som dei første Vålerenga-damene til å ta seriegull i Toppserien nokosinne, dersom dei klarer å behalde tabelltoppen når sesongen avsluttast i midten av november.
Men dagens motstandar, Vålerenga, er faktisk eitt av laga som Kolbotn har plukka poeng mot denne sesongen. For tre veker sidan spelte dagens to aktørar 1-1 i det omvendte oppgjeret på Intility Arena – eit råsterkt resultat av Kolbotn og den einaste heimekampen som Vålerenga har avgitt poeng denne sesongen. Det var Vålerenga-ving Ildhusøy og Kolbotn-ving Hegg som stod for nettkjenningane den dagen.
For dagens heimelag, Kolbotn, har det vore ein poengfattig første halvdel av sesongen, og laget ligg førebels på 8.-plass på tabellen. Nedrykkskandidaten ligg eitt poeng over nedrykksstreken og står med ein siger, tre uavgjort og fem tap på sine første ni kampar i 2020-sesongen.
Denne helga er det runde 10 i årets Toppserien-sesong som går av stabelen. Med andre ord er sesongen allereie halvspelt, og denne helga vil for dei aller fleste laga vere startskotet på den andre- og siste halvdelen av sesongen 2020.
Velkommen skal du vere til Sofiemyr stadion og dagens lokaloppgjer mellom nedrykkskandidat Kolbotn og gullkandidat Vålerenga!