Oppsummering
Då er det slutt her på Grefsen kunstgress! Kjelsås er vidare til tredje runde i Norgesmesterskapet 2022! Det er ikkje ufortjent at det er heimelaget som avanserar. Etter 90 spelte minutt ender sjansestatistikken på 6-1 til Kjelsås. Mjøndalen starta sterkast og dei blå vart springande mellom dei første 20 minutta. Plutseleg våkna vertane og skapte store farlegheiter anført av ein bakromsjagande duo i Paintsil og Midtskogen. Det skulle likevel gå 71 minutt før Kjelsås fekk hol på byllen. Midtskogen var i fint driv med ball i beina i boksen, ein rusande Nakkim feide spissen i bakken. Dagens kampleiar var aldri i tvil og pekte på straffemerket. Foran 464 tilskodarar banka Brotangen ballen via tverrliggaren og i mål. Kapteinen si straffeskåring vart også kampens einaste, og dermed kunne hærføraren juble med sine lagkameratar etter kampslutt. Mjøndalen skuffa stort i dag og skapte lite mot vertane. Dermed kan Kjelsås vente spent på morgondagens trekning for tredje runde. Arne Inge Solgard takkar for seg.
Referat
Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+3'
No hastar det for Mjøndalen. Kan dei skape noko på tampen?
90+2'
Frispark til Kjelsås på eigen femmeter i det Mjøndalen ropar på hands.
90'
Hanstad skal legge inn, men ballen går via ballen til "Jokke" og til hjørnespark.
90'
Hjørnespark til Kjelsås.
89'
Voldsomt press frå Mjøndalen, men Kjelsås får ei lita pause då Flaten ligg nede med krampe.
88'
Ein sleivete blokkering greier ikkje Da Rocha å stoppe frå å gå ut til hjørnespark.
85'
Singh pressar fram eit hjørnespark for Mjøndalen.
82'
Eriksen vil legge inn, men ballen blir blokker til hjørnespark. Den skal "Jokke" svinge inn.
81'
Kva kan bortelaget stable på beina her no? Vertane ligg litt djupare i bana enn tidlegare no.
78'
Det er Mjøndalen som treng mål, men det er Kjelsås som har ballen og spelar dei ut.
77'
Brotangen med ein lang krossar mot Bjørnland. Backen køyrer nokon kroppsfinter og får slått inn, men innlegget blir blokkert til hjørnespark.
74'
Korleis kan Mjøndalen svare på dette?
70'
Bjørnland med ein kanon i tverrliggaren! Fara er ikkje over for gjestane i det dei blåkledde kjem i ny bølgje. Kinn har ikkje si styrke i feltet og mistar ballen, men heldigvis for han og MIF blir det avblåst for frispark.
66'
Benjamin Stokke får hender i ryggen rett utanfor 16-meteren til Kjelsås og blir belønna med frispark. Det kan bli farleg!
60'
Midtskogen vinn frispark i draumeposisjon for heimelaget.
58'
Harrison blir liggande nede etter ein duell i egen boks. Frispark til heimelaget i eigen boks.
55'
Paintsil truar ein-mot-ein. Innlegget frå inne i boksen blir blokkert til hjørnespark.
54'
Halvorsen ladar børsa frå distanse. Skuddet er aldri farleg og går nokre metar utanfor MIF-målet.
52'
Ovenstad kombinerar med Skistad. Sistnemnde får skutt, men det er ikkje tilstrekkeleg med trøkk i kula. Da Rocha kan bruke halvanna sekund på å legge seg ned og holde ballen.
51'
Gode tendensar frå heimelaget i det Paintsil slår eit innlegg som akkurat blir for langt for Bjørnland som har tatt turen inn i boksen. Femmeter.
49'
Eit innlegg frå Ole Amund Sveen blir blokkert til hjørnespark for dei brunkledde.
46'
Kjelsås tek avspark og dundrar ballen til femmeter for Thomas Kinn.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då er det pause på Grefsen kunstgress. Det er heimelaget som har vore det beste laget dei første 45. Mjøndalen starta best, men skapte ikkje noko i det dei hadde høgt ballinnhav og Kjelsås måtte springe mellom. Utover omgangen var Kjelsås klart best og skapte alle sjansane i første omgang. Blixt Flaten sitt forsøk frå distanse hadde mange sisteskansar sluppe forbi seg. Thomas Kinn var nemleg utruleg god i det han stoppa midtbaneeleganten frå å sende vertane i føringa.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
44'
Mjøndalen etablerar eit visst press. Dei står høgt med backane og spelar ball mellom dei blå.
41'
Mjøndalen fyller på i boksen når dei kontrar og Øverby får slått inn. Diverre for dei brune er Kjelsås-forsvaret gode til å pakke inn Stokke og co. Dermed blir det ingenting ut av det.
39'
Mjøndalen blir spelt lave av eit godt Kjelsås-lag.
35'
Det er dei blå som køyrer no!
33'
For ein moglegheit til Kjelsås! Midtskogen jaktar bakrom og Kinn er både dyktig og heldig som får rydda unna avslutninga frå spissen hjå dei blå.
30'
Blixt Flaten ladar børsa frå langt hald og Kinn er meget god i det han får handa på den til hjørnespark.
28'
Tøff duell midt på Kjelsås sin halvdel mellom Skistad og Harrison kor begge blir liggande. Frisparket går til Mjøndalen.
27'
Twum og Midtskogen er centimeter unna å spele seg gjennom.
25'
Ovenstad blir spelt gjennom og får avslutte under press frå 14 meters hald. Skuddet går via ein forsvarar og til hjørnespark.
23'
Dei første tjue minutta har vore jamne her på Grefsen kunstgress. Kjelsås har likevel vore nær skåring ved Midtskogen for nokre minutt sidan.
19'
Midtskogen får hovudet på eit innlegg og headar akkurat utanfor stolpen. Kinn var på feil fot og hadde ikkje kontroll på headinga frå spissen.
17'
Twum får komme til eit farleg innlegg, men gjestane sin sisteskanse får ein hand på ballen og får fomla den til fast grep.
16'
Frispark til heimelaget i ein posisjon som akkurat er god nok til at den kan svingast inn.
14'
Frispark til gjestane på kanten av 16-meteren til Kjelsås.
13'
Kjelsås på ein småskummel visitt med Paintsil. Sjølv om han køyrer litt karusell på MIF-forsvaret, blir han stoppa før det blir ordentleg farleg.
12'
Benjamin Stokke er litt tøff med Blixt Flaten og Kjelsås får frispark.
8'
Frispark til Sveen på 20 meters hald.
8'
Mjøndalen har forsøkt seg på fleire lange oppspel og bakromspasningar dei første minutta. Dei kan variere med oppspel på Benjamin Stokke og på Ovenstad i bakrom.
5'
Kjelsås slit med å forsvare ein lang ball frå Olsen Solberg i bakrom og må spele ut til hjørnespark.
4'
Mjøndalen trillar ball mellom seg og Kjelsås må jage.
1'
Mjøndalen tek avspark og Nakkim startar med ein lang ball opp i bana.
Avspark Start 1. omgang
Laga entrar bana til jubelrop frå vertane sine trufaste "Takets Glade Gutter". Maskotten "Karlsson på Taket" er også med ut på kunstgraset.
Det er overskya med noko gjennombrot frå sola her på Grefsen kunstgress. Det begynner for øvrig å fylle seg opp med tilskodarar på den blå plasttribuna.
Kjelsås ligg for tida midt på tabellen i si avdeling i 2. divisjon. Dei er sju poeng over nedrykksstreken og har ni poeng opp til kvalifisering og opprykksplass. Mjøndalen luktar på si side på ein retur til det gode selskap. Fasit etter ti kampar er 22 poeng og andreplass bak formsterke Brann.
Ingen har skåra fleire mål i 2. divisjon i år enn Ole Erik Midtskogen. Den tidlegare proffen frå Færøyene og Irland står med elleve nettkjenningar etter tolv spelte kampar. Er det han som skal skape trøbbel for Mjøndalen i dag? Gripsgård som skåra tre mål mot Tromsdalen i helga er satt på benken. Dermed har dei blåkledde fleire kort i ermet om dei skulle trenge det utover kampen.
Hei! Velkomen til denne livedekninga av andre runde i Norgesmesterskapet mellom Kjelsås og Mjøndalen.