Referat
Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (0-4)
90+2'
Jølster vinn rett og slett veldig fortjent i dag. Ein svært tung dag på jobben for Kaupanger-karane, og returkampen søndag blir nok lite spennande med dette resultatet.
90'
Mål!
0-4
Fleire problem med nettverket i bua men Jølster har scora to nye mål.
90'
Mål!
0-3
75'
Skal nevnast at også dei tilreisande jølstringane har levert sterkt frå tribuna i dag.
72'
Gult kort
Dreg ned Bjelde.
71'
Unge kaupingar har laga bra liv på tribuna i dag. Synd at spelarane ikkje har klart å gjengjelde det med betre spel.
67'
Kaupingane har løfta seg litt no, men skapar endå ikkje det heilt store.
64'
Bjelde med ein strålande ball ut til Rørvik, han kjem seg ned til linja og får slått ut til Selseng. God moglegheit, men han får ballen litt bak seg og avslutninga går utanfor.
62'
Bra gjenvinning frå Åberge, men den påfølgjande pasninga blir brutt. Stemmer rett og slett ikkje for Kaupanger i dag.
60'
Nærmar seg timen spelt, ingen teikn til at Kaupanger skal komme tilbake her.
52'
Spillerbytte
49'
Halland med nok eit svakt skot. Flaks for Kaupanger at han har gløymt skyteskoa sine i dag.
48'
Mål!
0-2
Så får Kaupanger endå ein scoring rett i fleisen tidleg i omgangen. Innlegg frå venstre og Kvarme har ein enkel jobb med å spasere ballen i mål. No blir det knalltøft for Kaupanger
47'
Rørvik kjem seg fri og prøver seg frå 20 meter. Avslutninga er heller svak, men det er lovande for Kaupanger om toppscoraren vaknar her i andre omgang.
47'
Ingen fleire byte frå Kaupanger i pausen men det er fullt mogleg at Dale, Rebni og kanskje til og med Dulsvik har gitt ein skikkeleg hårfønar til karane sine inne i garderoben.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Engebø pådrog seg eit gult kort mot slutten av omgangen og vart kort tid etter erstatta av Eirik Menes. Spørst om det ikkje kjem eit bytte eller to til i pausen her etter den svake førsteomgangen.
Litt tekniske problem her i bua men det står altså 0-1 til pause. Ein nær bekmørk omgang frå eit Kaupanger-lag som ser svært stressa ut. Utanom 1-2 store sjansar har Jølster styrt det meste, og det kunne fort stått meir enn 0-1. Dårlege avslutningar frå Jølster og ein god Bøtun gjer likevel at det er fullt mogleg for Kaupanger å komme tilbake i andre omgang og sikre seg eit godt resultat før returkampen søndag.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
15'
Enorm sjanse til Jølster. Rullar opp eit flott angrep til høgre, og avslutninga frå 8 meter går rett utanfor stolpen.
14'
Halland skyt 10 meter utanfor. Er nok på jakt etter scoring på si tidlegare heimebane i dag, tiaren til Jølster
13'
Kaupanger spelar vekk ballen upressa på eigen halvdel. Mykje enkle feil frå heimelaget i starten her
10'
Bølgar fram og tilbake her no utan dei store sjansane
6'
Jølster klart mest påskrudd i starten her.
3'
Mål!
0-1
Marerittstart for heimelaget. God avslutning frå Tveit.
2'
Iskaldt av Bøtun som skjermar ut til femmeter. Verdt å merke seg at Kaupanger-keeperen flyr heilt frå Oslo for å rekke kampen i dag!
1'
Kampen sparkast i gang av tidlegare Kaupanger-spelar Severin Halland.
Avspark Start 1. omgang
Hei og velkommen til livedekning av denne kvalifiseringskampen til neste års 4. divisjon.