TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet. Ha ein fin kveld vidare!
Det endar 2-2 mellom Juventus og Tottenham på Juventus Stadium etter ein herleg fotballkamp. Vertane opna strålande og leia 2-0 før det var spelt 10 minutt, men Spurs tok så meir og meir tak i oppgjeret. Harry Kane reduserte før pause, medan Christian Eriksen utlikna i det 72. minutt. Gonzalo Higuain spelte ein god kamp og scora begge Juventus sine mål, men kjem nok til å få sove dårleg i natt på grunn av straffebommen på tampen av 1. omgang. Det som såg ut til å bli ein bra kveld for Den Gamle Dame enda til slutt med bortelaget Tottenham kunne glise mest. Returoppgjeret går på Wembley den 7. mars, så det er berre å glede seg.
Kamp slutt Slutt (2-2)
90+2'
Spillerbytte
90+1'
Spillerbytte
90+1'
Det blir lagt til minimum to minutt her.
88'
Spillerbytte
88'
Hjørnespark
Endar med ingenting.
87'
Nære på for heimelaget! Douglas Costa snurrar rundt med Spurs-spelarane og slår ballen hardt inn framføre mål. Der er Vertonghen nære ved å skli kula i eige mål. Corner.
86'
Spurs har sjølvsagt litt betre tid no, og roar ned når dei har moglegheita.
85'
Hjørnespark
Benatia stangar ballen over frå fem meters hald. God sjanse, det!
85'
Vertonghen slurvar med ei klarering og gir vekk ein corner.
83'
Spillerbytte
83'
Så skal også Spurs gjere ei endring.
83'
Balltap frå engelskmennene og Juventus tek over.
82'
Hjørnespark
Spurs overtek og startar ei kontring.
81'
Aurier med ein innsvingar frå høgre. Endar i fanget til Buffon.
80'
Gult kort
Innbyttar Bentancur får det gule kortet etter å ha meid ned Ben Davies.
78'
Heimelaget kontrar og Bernardeschi avsluttar via ein Spurs-spelar. Ballen endrar litt retning, men ikkje nok til å setje Lloris ut av spel.
76'
Spillerbytte
76'
Tottenham har vore langt frå like giftige offensivt etter kvilen, men likevel klarer dei altså å få utlikna. Vi går eit spanande kvarter i møte no!
72'
Mål!
2-2
Tottenham har utlikna i Torino! Eriksen sender frisparket hardt og lavt i mål. Juventus-muren er for øvrig ikkje mykje å skryte av, og Buffon tek også eit steg i feil retning før han kastar seg. No mål vel Juventus satse meir offensivt her?
71'
Frispark til Spurs i fin posisjon. Eriksen og Lamela står klare.
71'
Kane prøvar seg med ei avslutning frå skrått hald. Buffon reddar greitt.
70'
Hjørnespark
Blir teke kort. Spurs held på kula.
68'
Dembele for seint inn i ei takling. Vertane får frispark.
66'
Spillerbytte
66'
Intensiven frå Spurs har definitivt lagt seg her. Juventus har ganske god kontroll i augneblinken.
65'
Heimelaget skal straks gjere kampens første bytte.
63'
Tottenham med frispark. Skal bli lempa inn i boksa. Juventus får klarert greitt.
62'
Hjørnespark
Endar med ingenting.
62'
Mandžukic prøvar å slå inn, men Sanchez får blokkert til corner.
60'
Gult kort
Får det gule kortet etter å ha protestert på at han ikkje får frispark.
58'
Hjørnespark
Ny, stor sjanse for Juventus! Hjørnesparket frå Pjanic er presist, men Mandžukic klarer ikkje å få headinga frå fem-seks meters hald forbi Lloris. Der scorar kroaten normalt sett.
57'
Godt forsøk for Juventus! Bernardeschi skjer innover frå høgre og bankar til med venstrefoten. Lloris reddar flott. Corner.
54'
Tottenham står høgt og pressar mann-mann. Juventus klarer likevel å spele seg ut.
52'
Mandžukic har fått seg ein smell og må ta seg ein tur på sidelinja.
51'
Spurs kontrar, men Eriksen øydelegg med eit svakt medtak. Det kunne ha blitt veldig farleg.
51'
Ikkje langt unna at Lamela får tråkla seg fri inne i Juventus sin sekstenmeter. Blir stoppa.
47'
Gult kort
Franskmannen er på etterskot igjen, og får det gule kortet. Må dermed stå over returoppgjeret på Wembley 7. mars.
47'
Ingen endringar på nokon av laga. Juventus bør uansett klare å heve spelet sitt meir enn kva dei gjorde i perioder av 1. omgang, for Spurs var nære fleire scoringar ved fleire høve.
Start 2. omgang Start 2. omgang
No er det berre å håpe at pausen blir raskt unnagjort og at den andre omgangen i Torino blir like sjåverdig som den første. Steik kor deilig det er at Champions League endeleg er i gong igjen!
For ein omgang vi har vore vitne til på Juventus Stadium! Heimelaget sjokkopna med to dødballscoringar før det hadde gått 10 minutt, begge signert Gonzalo Higuain. Den første kom på ein lur volley etter eit frispark, medan det andre blei ekspedert i nettet frå straffemerket. Tottenham klarte likevel å riste av seg den grufulle starten på kampen og tok meir og meir over banespelet. Etter kvart byrja dei store sjansane å kome også, og 10 minutt før pause ordna Harry Kane reduseringa. Juventus fekk så nok eit straffespark heilt på tampen av omgangen, men Higuain klarde ikkje å fyllbyrde hattricket.
Slutt 1. omgang Pause (2-1)
45+1'
Bom på straffe!
Higuain bankar straffesparket i tverrleggaren og ut! For ein dramatikk!
45+1'
Straffe!
Costa utfordrar Aurier og blir belønna med eit straffespark! Aurier er skikkeleg på etterskot, men vel likevel å takle brasilianaren bakfrå. Domar Brych peikar på straffemerket utan å ta seg noko betekningstid.
45+1'
Davies prøvar seg med ein innsvingar. Langt unna farleg område og til utspark frå Buffon.
45'
Gult kort
Ein frustrert Benatia går hardt i ryggen på Kane. Heilt unødvendig av stopparen, men uansett eit fortent gult kort.
44'
Hjørnespark
Endar med frispark til heimelaget. Den Gamle Dame er nok glade for ei lita pustepause.
44'
Nytt, farleg innlegg frå Spurs. Endar med corner.
43'
Spurs held fram med å styre spelet her. Juventus har rett og slett nok med å forsvare seg!
43'
Ny stor sjanse for Tottenham! Nok eit innlegg blir sendt bak Juve-forsvaret, men mottakar Alli kjem ikkje høgt nok over ballen og den påfølgjande headinga går over målet til Buffon.
41'
Eriksen prøvar seg med eit skot frå veldig langt hald. Buffon stoppar forsøket greitt, men må gje ein farleg retur. Den får forsvaret hans klarert.
40'
Eriksen prøvar å slå inn, men forsøket blir blokkert.
38'
Harry Kane er no oppe i sju scoringar i Champions League denne sesongen. Du skal ikkje sjå vekk frå at det kjem fleire, heller!
35'
Mål!
2-1
Der sit scoringa endeleg for Tottenham! Alli speler Kane fri i bakrommet med ei genial pasning, og spissen rundar ein utrusande Buffon og set ballen i det tomme målet. 2-1 og ei svært fortent redusering for Spurs!
35'
Laget frå Nord-London køyrer kampen no, men Juventus har allereie vist at dei er farlege på kontringar.
33'
Hjørnespark
Italienarane får klarert.
32'
Nære på for Spurs! Dembele avanserer fram i bana med ballen og slepp den til Kane. Spissen avsluttar like utanfor, via fingertuppane til Buffon. Corner.
32'
Hawaiifotball på Juventus Stadium! Først er det Alli som kjem seg fri inne i boksa berre for å få skotforsøket blokkert, før heimelaget kontrar og Higuain til slutt avsluttar utanfor frå god posisjon. Hadde blitt veldig tungt for Spurs med 3-0 der.
29'
Eriksen avsluttar svakt rett i muren før han også sender returen utanfor målet til Buffon. Svakt utnytta av den VM-klare dansken.
29'
Frispark til Spurs i veldig god posisjon på hjørnet av Juventus sin sekstenmeter.
26'
For ein sjanse for Tottenham! Ufatteleg at Harry Kane ikkje puttar på den. Eriksen løftar ballen presist bak Juventus sitt forsvar, men frå fem meters hald klarer ikkje formspelaren å heade ballen i nettet forbi Buffon. Flott redning av målvaktlegenda, men der skal Kane score!
26'
Dele Alli involverer seg meir og har ballen ein god del no, men samtidig er han for langt unna dei områda der han verkeleg kan vere farleg.
23'
Tottenham prøvar å drive opp balltempoet, men heimelaget sine spelarar flyttar beina raskt og tettar dei romma som er.
21'
Hjørnespark
Litt betre slått frå Lamela denne gongen. Chiellini går derimot i bakken inne i feltet og får eit nokså lettvint frispark.
20'
Juve ligg ganske djupt når Spurs har ballen no.
19'
Kane går i bakken etter ein duell med Benatia. Spissen vil ha straffespark, men får nei frå domar Brych. Den avgjersla vil nok bli diskutert.
17'
Bortelaget kontrar.
15'
Forferdeleg start på kampen for engelskmennene. To baklengs før det har gått 10 minutt er ikkje kvardags for dei. Det skal uansett berre ei Spurs-scoring til, så ser ting betre ut. Og med ein Harry Kane i kanonform lengst framme på bana så er sjansane for det gode!
11'
Hjørnespark
Blir stanga unna ved første stolpe. Svakt utnytta av Spurs.
9'
Mål på straffe!
2-0
Lloris går rett veg og får hanskane på ballen, men skotet frå Higuain er for hardt og bra plassert så det endar i nettmaskane likevel. 2-0 til Juventus!
8'
Gult kort
Får det gule kortet for fellinga.
8'
Straffe!
Juve får straffe, og den ser klar ut! Bernardeschi blir felt av Davies som kjent altfor seint inn i taklinga.
7'
Lamela prøvar å finne Davies som er på veg bak Juve sitt forsvar, men forsøket blir stoppa.
2'
Mål!
1-0
Draumeopning for Juventus! Higuain lurer Spurs-forsvaret med eit lurt løp og plutseleg har han sprunge seg fri i det dødballen frå Pjanic kjem. På volley feiar han ballen forbi Lloris og i mål. For ei scoring!
2'
35-40 meter frå mål.
1'
Bortelaget med to raske fellingar. Frispark til vertane.
1'
Der er vi i gong. Den Gamle Dame sparkar i gong oppgjeret!
Avspark Start 1. omgang
Rutinerte Felix Brych er kveldens hovuddomar i Torino.
Spelarane frå dei to laga er ute på grasmatta og helsar på kvarandre, Champions League-hymna har blitt spelt og vi er få straksar unna avspark. For ein kamp vi har i vente!
Det er to lag i god form som møtast i kveld. På dei fem siste står Juventus med 5-0-0, og sist blei det siger 2-0 mot Fiorentina. Tottenham er også i bra slag, med 3-2-0 på dei fem seinaste. I helga som var blei Arsenal slått 1-0.
Spurs har langt i frå like gode merittar, men har to sigrar i Europa League og éin i Cupvinnar-cupen. I Champions League har dei ikkje kome seg lenger enn til kvartfinalene. Førre sesong kom dei seg ikkje vidare frå gruppespelet.
Heimelaget har vunne den gjevaste europeiske turneringa to gongar tidlegare (1984-95 og 1995-96) og i tillegg har dei vore tapande finalist heile sju gongar. Det skjedde som kjent sist førre sesong, då Real Madrid til slutt vann komfortabelt med 4-1.
Juventus og Tottenham møtest for første gong i offisiell samanheng i denne åttendelsfinala. Juventus har vore svært solide på eige gras i Champions League, og står med 26 strake heimekampar i Europa utan tap. 16 av desse har enda med siger. Når vi legg til Spurs sine opptrednar i Italia opp i gjennom åra (éin siger på åtte forsøk), så framstår nok italienarane som favorittar. Men når ein ser på kva Tottenham har fått til i Premier League og i Champions League så langt denne sesongen, så ser ting langt meir ope ut.
Hei og velkomen til livedekning av det meget spanande oppgjeret mellom Juventus og Tottenham. Champions League er endeleg tilbake!