TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Juventus vinn 2-0 i Torino og 5-0 samanlagt over to kampar mot eit Celtic-lag som blei nokre hakk for små. Effektiviteten var kanskje den største skilnaden mellom laga, og med tidlege mål i begge oppgjera fekk laget til Antonio Conte kampane inn i sitt spor. Det blir spanande å sjå korleis italienarane vil gjere det mot sterkare motstand, som dei definitivt vil møte i neste utslagsrunde. Takk for fylgjet, og ha ein fin kveld vidare!
Kamp slutt Slutt (2-0)
90+4'
Juventus er for øvrig i kvartfinalene av Champions League for første gong sidan 2005-2006-sesongen, då dei møtte Arsenal, men måtte sjå seg sjølve slått etter 0-2-samanlagt.
90+2'
Lassad skyt frå langt hald. Nok ein gong er det ufarleg for kaptein Buffon.
90+2'
Forrest prøvar å kome seg laus, men misser ballen lett.
90'
Forrest prøvar seg med eit skot, men det endar rett på Buffon.
88'
Ein sliten Paul Pogba ruslar av bana for litt behandling. Ingen av laga her hadde nok hatt noko imot at domar Aydinus hadde blese av kampen før tida eigentleg var ute her.
84'
Samaras avsluttar frå 17 meter, men over mål. Ein god sjanse for Celtic, og manager Lennon viser tydeleg sin misnøye på sidelinja over at laget hans ikkje klarer å få ei einaste scoring her.
82'
Izaguirre slår inn, og Buffon bestemmer seg for å røyre litt på seg og stig til vêrs og plukkar kula.
80'
I tillegg til Juventus blei altså Real Madrid og Borussia Dortmund klare i går. I kveldens andre kamp er det nokså ope om det blir Paris SG eller Valencia som går vidare. I augneblinken er det 1-1 og 3-2 til franskmennene samanlagt.
78'
Veldig lite givande som skjer her no. Juventus trillar ball og Celtic spring halvhjarta i mellom.
75'
Juventus leikar seg utpå grasmatta no. Celtic-spelarane verkar å ha resignert heilt, forståeleg nok.
73'
Spillerbytte
73'
Sjølv om Juventus avanserer fortent til kvartfinalene, er ikkje 5-0 eit heilt korrekt bilete på korleis det har vore mellom dei to laga. Celtic har hatt nok av sjansar til å score mål, men har ikkje klart å leve opp til Juventus sin effektivitet.
71'
Commons kjem til skot frå 17 meters hald. Han bles ballen over buret til Buffon.
69'
Spillerbytte
67'
Spillerbytte
65'
Mål!
2-0
Juventus bestemmer seg for å gi litt tilbake til alle som har teke turen til Juventus Stadium. Pirlo opnar Celtic-forsvaret med ein utsøkt lobb, og Vidal får teke ned kula og trilla ballen uegoistisk til Quagliarella som har ein enkel jobb med å score frå éin meters hald.
65'
Gult kort
Izaguirre kjem for seint inn i ei takling på Padoin.
63'
Hovmesteren sender innleggsforsøket over mål.
63'
Frispark til heimelaget i fin posisjon. Pirlo står klar.
62'
Juventus lar Celtic styre det meste av spelet her no, men utan at skottane har klart å utnytte det.
61'
Bra spel av Celtic. Commons sender ein stikkar til Ledley som slår flatt inn framføre mål. Der får ein Juventus-spelar beina ballen unna.
60'
Commons prøvar eit slags skotinnlegg frå distanse. Ballen trillar inn til Buffon.
59'
Spillerbytte
58'
Hjørnespark
Stor sjanse for Celtic! Ambrose møter corenen med pannebrasken, men frå kort hald headar han ned i bakken og over mål.
58'
Innbytar Forrest set fart og slår inn, og inne i boksa headar Samaras inn framføre mål igjen. Diverre for bortelaget er det ingen svartkledde som plukkar andreballen.
56'
'Forward!' ropar Neil Lennon frå sidelinja etter tydeleg misnøye med at Ambrose sender ei pasning på tvers.
55'
Matri og Quagliarella kombinerer fint inne i boksa, men ingen av dei kjem til avslutning.
54'
Pirlo kjem for seint inn i ei takling på Ledley, og bortelaget får frispark. Det blir teke kjapt.
52'
Spillerbytte
51'
Celtic har ein spelar ned med det som ser ut som ein strekk. Det spørs om ikkje Lennon må gjere endå eit byte her.
51'
Juventus rullar fint opp, men pasninga frå Peluso blir stoppa av Ambrose. Det kunne ha blitt farleg!
50'
Hjørnespark
Corneren endar i ingenting.
49'
Nære på for heimelaget! Quagliarella får avslutta frå veldig god posisjon, men Forster gjer ei god redning. Juventus beheld trykket, og får til slutt corner.
48'
Padoin slår inn frå høgre, men bortelaget får klarert.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Juventus leiar 1-0 etter dei første 46 minutta, og som tilfellet var på Celtic Park for nokre veker sidan har italienarane vist seg frå si mest effektive side også i dag. Alessandro Matri scora på heimelaget sin første sjanse, og etter det kom begge lag til endå fleire gode forsøk. Oppgåva er uansett umogleg for Celtic, som må score minst fire for å kunne gå vidare. Vi håpar at dei slepp seg lause og byr på seg sjølv offensivt i 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+2'
Hjørnespark
Heimelaget får frispark.
45+2'
Innlegg i Juventus si boks. Buffon tek ingen sjansar og gir corner.
45+1'
Juventus lar Celtic kome til mange innlegg frå sidene, men inne i boksa har dei hatt veldig god kontroll så langt, og renska unna det meste.
44'
Vidal får avansere eit godt stykke før han avsluttar rett på Forster frå 17-18 meters hald. God sjanse, det!
44'
Hooper brukar musklar og prøvar å få tak i kula inne i Juventus sin sekstenmeter, men også Juventus-stopparane viser at dei har litt å by på og pressar spissen unna.
42'
Godt forsøk for Celtic! Eit innlegg blir lempa inn i boksa, men headinga frå Kayal blir for lite hard og Buffon har ein enkel jobb med å plukke ballen.
41'
Matri prøvar å dra med seg ballen inn i boksa, men blir effektivt stoppa av Wilson.
39'
Samaras prøvar seg nok ein gong, no med eit innlegg, men også det går via ein spelar i kvitt og svart og ut i ufarleg område.
38'
Samaras prøvar ein stikkar, men forsøket går via ein motspelar og inn til Buffon.
37'
Celtic trillar ball inne på heimelaget sin halvdel.
36'
Frispark til Juventus i fin posisjon for innlegg. Er dårleg slått og Celtic kan ta over.
35'
Vanvittig nære utlikning! Samaras kjem seg inn i boksa og slår knallhardt inn framføre mål, men Hooper som står rett framføre kassa reagerer ikkje kjapt nok og ballen fyk forbi.
35'
Kayal prøvar å kome til innlegg, men misser ballen enkelt og Juventus kan i standen drage i gong eit angrep.
32'
Matri får ein lang ball i boksa, men målscoraren maktar ikkje å ta ned kula og det endar med utspel frå Forster.
30'
Stor sjanse for Juventus! Heimelaget kontrar og Vidal blir spelt fri til høgre, men frå skrått hald bles han ballen høgt over mål. Det vil nok opne seg opp store rom for Juventus-angriperane i dag.
29'
Ballen blir sendt inn i boksa på nytt, men heimelaget får frispark.
28'
Hjørnespark
Blir enkelt heada unna ved første stolpe.
28'
Nære på 1-1! Commons skyt frå bra posisjon og ballen endrar retning i Hooper og er nære på å lure Buffon. Keeperveteranen rekk likevel å reagere kjapt nok og avvergar forsøket. Corner.
28'
Celtic har faktisk hatt ballen 59% hittil, men Juventus har spelt disiplinert bakover og tatt sjansane offensivt når dei har dukka opp.
27'
Då leiar Juventus 4-0 samanlagt, og jobben til Celtic har gått frå ekstremt vanskeleg til umogleg.
24'
Mål!
1-0
Juventus er effektive også i dag! Celtic får avverga detførste kontringsforsøket, men Hooper misser ballen håplaust i farleg område og Quagliarella blir spelt igjennom, Forsøket han blir redda av Forster, men returen hamnar rett ut i farleg område der Matri er først på plass. Frå kort hald gjer han ingen feil.
24'
Juventus kontrar.
23'
Quagliarella set fart framover, men den avgjerande stikkaren endar berre opp hos Celtic-keeper Forster.
22'
Godt forsøk for bortelaget! Ledley prøvar seg frå distanse, og skotet frå walisaren snik seg like over det eine krysset til Buffon.
20'
Izaguirre slår inn frå venstre, men forsøket blir rydda unna av heimelaget.
20'
Celtic har vore småfriske ved eit par anledningar her, men stort sett har Juventus hatt god kontroll.
19'
Kris Commons får ballen i boksa, men blir for nølande og misser den.
18'
Frisparket endar i ingenting.
17'
Gult kort
Held igjen Matthews og får eit korrekt idømt kort. Unødvendig av Peluso, då Celtic-spelaren var langt unna farleg område.
17'
Tidlegare Manchester United-spelar Paul Pogba har vist seg bra fram så langt i kampen, med gode rykk og tekniske detaljar.
16'
Fabio Quagliarella prøvar ein slags frekkis frå langt hald, men forsøket er dårleg utført og kula humpar utover sidelinja.
15'
Matthews slår flott inn i boksa, men heimelaget får rydda unna.
14'
Pogba vender flott opp og slår inn i boksa, men ballen går via ein motspela og inn til Forster.
13'
Hooper jagar ball høgt i bana, men det er stor avstand til resten av Celtic-spelarane og heimelaget har full kontroll.
11'
Pogba prøvar å tråkle seg forbi bortelaget sitt forsvar, men blir stoppa.
10'
Celtic stressar heimelaget høgt i bana.
10'
Kayal kjem til skot, men forsøket blir kjapt blokkert.
6'
Det har vore ein nokså roleg start på kampen. Juventus har sjølvsagt ingen grunn til å stresse med noko som helst her.
6'
Med Manchester United, Chelsea og Manchester City allereie ute av Champions League, er det berre Celtic og Arsenal som kan redde æra til den britiske balløya. Men med 0-3 og 1-3 som utgangspunkt før to tøffe bortekampar har både Lennon og Arsene Wenger enorme oppgåver som må løysast før det kan skje.
4'
Pogba prøvar å tre igjennom ein lagkamerat, men eit Celtic-bein kjem i vegen.
3'
Samaras får lagt inn frå venstre, men Juventus-forsvaret får klarert.
2'
Dagens domar er for øvrig tyrkiske Firat Aydinus. Forhåpentlegvis vil han unngå like mykje pes som landsmannen Cüneyt Cakir opplevde i Manchester i går!
Avspark Start 1. omgang
Også Celtic har løfta den mest prestisjetunge europeiske pokalen. Det skjedde i 1967, då ein annan italiensk motstandar, Inter Milan, måtte bite i graset. Mål av Gemmell og Chalmers sikra 2-1 etter at Mazzola hadde gitt italienarane ei tidleg leiing. I 1970 kom dei også til finala, men måtte gi tapt for Feyenoord.
Juventus har vunne den gjevaste europeiske turneringa to gongar tidlegare, i 1984-85 og 1995-96. På andreplass har dei enda heile fem gongar, nemleg i 1972–73, 1982–83, 1996–97, 1997–98 og seinast i 2002–03.
Celtic har møtt italienske lag ved 20 høve tidlegare, og 6-7-7 er tala her. Når kampane har gått i støvellandet har dei svake 1-3-6 å vise til. Neil Lennon sitt lag har altså ikkje historia på si side, heller.
Juventus har møtt skotsk motstand totalt sett 13 gongar før. 9-1-3 er statistikken på desse. Heime i Torino har dei hatt god kontroll og vunne seks av seks.
Celtic og Juventus har møttast totalt fem gongar før, og fleire av oppgjera var vore svært underhaldande. I 2001 vann The Bhoys sin heimekamp 4-3, medan La Vecchia Signora klarde 3-2 i Torino. Laga vann kvar sin heimekamp også når dei spelte mot kvarandre i 1981, med 1-0 i Skottland og 2-0 i Italia.
Juventus, som toppar i den heimlege serien, er framleis i grei form. På dei seks siste i alle turneringar har dei 3-2-1. Celtic, som leiar den skotske ligaen endå meir suverent, har 3-1-2 på dei siste kampane.
Lennon må på si side klare seg utan Tony Watt, Scott Brown og tidlegare Rosenborg-spelar Mikael Lustig. På den positive sida returneren Charlie Mulgrew etter å ha vore ute i tre kampar, medan Georgios Samaras, som måtte stå over det førre møtet mellom laga, også er klar til litt europeisk innsats.
Juventus må klare seg utan Paolo De Ceglie, Simone Pepe og Nicolas Anelka til denne kampen, samtidig som Stephan Lichtsteiner og Claudio Marchisio blir spart.
Til trass for det solide overtaket italianerane har, så vel Antoni Conte å be spelarane halde fokus: 'Certainly, the first leg has given us a seriously good chance of reaching the next round, but in football there can always be surprises if you don't play with the right determination and focus. Celtic are a very physical side and can create lots of problems from set pieces,' uttalte han på pressekonferansen før kampen, i følgje uefa.com. Celtic-manager Neil Lennon har ingenting å tape, og valde dermed å uttale seg langt meir offensivt: 'You can't come to Turin and expect to win 4-1 or 4-0, but we're capable of winning the game and that's what we'd like to do. If we can create as many chances as at Celtic Park, it should be a good night.'
Den gamle dame har alt i si hole hand før dagens kamp, for med 3-0 frå det førre møtet på Celtic Park er det lite som tydar på at skottane har moglegheit til å avansere til kvartfinalene. Laget til Neil Lennon var langt i frå svakt i det førre møtet, men eit velorganisert og effektivt Juventus-lag straffa dei nådelaust. Det faktum at Alessandro Matip laga 1-0 etter berre 3 minutt førte også til at spelarane til Antonio Conte fekk kampen inn i sitt spor.
Hei og velkomen til livedekning av Champions League-oppgjeret mellom Juventus og Celtic!