Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet. Ha ein fin kveld vidare!
Avslutningar: 11-3. På mål: 4-0.
Laget frå Torino har dermed moglegheita til å nå si tredje Champions League-finale på fem sesongar, og anført av CR7 er dei definitivt ein av favorittane til å ta heim den gjeve bøtta.
Juventus er klare for kvartfinalene av Champions League! Cristiano Ronaldo sørgja for hattrick og ei mektig opphenting av Atletico Madrid si 2-0-leiing frå det første møtet mellom laga. Italienarane gjekk rett i strupen på bortelaget frå første spark på ballen, og første scoringa kom før halvtimen var spelt. Like etter pause dukka Ronaldo opp på nytt og sende si andre heading forbi Oblak. Oppgjeret såg ut til å gå mot ekstraomgangar, men så ordna Bernardeschi straffe etter å ha blitt felt av Correa. Frå ellevemetersmerket gjorde den portugisiske stjerna sjølvsagt ingen feil og 3-0 var eit faktum. Atletico kom seg aldri etter dette, og dei vil nok kanskje føle at dei burde ha gått meir inn for å score tidlegare i oppgjeret. Eit spansk bortemål hadde fått store følgjer for utfallet av denne kampen.
Kamp slutt Slutt (3-0)
90+5'
Så går Chiellini i bakken igjen. Står og ventar på at Correa skal kome før han kastar seg i bakken når motstandaren er borti han. Flaut av den elles så beintøffe stopparen.
90+4'
Juventus med innakst. Chiellini kastar ballen langt oppå bortelaget sin halvdel.
90+2'
Vitolo feller Ronaldo. Tida går.
90+1'
Det blir lagt til minimum fem minutt her. Nok av tid for Atletico å få den eine scoringa!
90'
Oblak slår ballen langt opp i bana. Endar til slutt med at ein Juve-spelar blir felt.
89'
Frispark til heimelaget. Blir slått vekk frå sekstenmeteren til Atletico. Juve held heller på kula.
88'
No er det i alle fall ingenting å spare på for Atletico Madrid. No må dei satse alt framover for å få det viktige bortemålet!
87'
For ein kamp av Cristiano Ronaldo. Han er fortsatt best når det gjeld!
82'
For ein sjanse! Innbytar Kean kjem åleine med Oblak etter ein grov miss i Atletico-forsvaret, men dessverre for Allegri og co sender ungguten avslutning like utanfor mål. For ein augneblink det hadde vore for 19-åringen!
82'
Ingen av laga tek store sjansar framover no, men Juve framstår litt meir angrepsvillige.
80'
Griezmann slår inn i feltet, men Szczesny kjem ut og plukkar ballen greitt.
79'
Frispark til Atletico i brukbar innleggsposisjon.
75'
Bortelaget med dødball. Blir lempa inn i Juve si boks, men vertane får klarert.
74'
Pjanic slår det påfølgjande frisparket inn i feltet, men ein stupande Mandžukic får ikkje til ei skikkeleg avslutning.
73'
Litt meir stillingskrig her no. Frykta for å sleppe inn baklengsmål har moglegens byrja å svirre i tankane til Juventus-spelarane.
70'
Knuffing på grasmatta no. Chiellini og Morata er hovudaktørane. Førstnemnde kastar seg komisk i bakken når han kjem borti Morata. Domar Kuipers nøyar seg med tilsnakk.
67'
Cancelo stormar framover langs høgresida igjen, men denne gongen får bortelaget klarert innlegget.
65'
Fleire stopp i spelet no.
62'
Innbytar Correa prøvar seg med eit skot frå utanfor boksa. Ballen skrur feil veg og hamnar til side for målet til Szczesny.
60'
Atletico køyrer så umiddelbart ei kontring, men Correa blir avvinka for hands. Enormt bakrom der, som det ikkje var langt unna at bortelaget fekk utnytta.
58'
Ronaldo avsluttar rett i muren.
58'
Frispark til Juventus i veldig interessant posisjon.
55'
Liten tvil om at La Vecchia Signora held fram med å jakte scoring nummer tre.
54'
Korleis vil Massimiliano Allegri og Diego Simeone angripe dette vidare? Eit bortemål vil ha enorm betydning for Atletico, mens Juventus framleis må ha endå ei scoring for å ta seg vidare i løpet av ordinær tid.
47'
Ronaldo med nok eit skummelt innlegg. Går like forbi Mandžukic.
46'
Spanjolane sparkar i gong del to av denne akta.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Cristiano Ronaldo og co må framleis ha minst to scoringar for å gå vidare innan ordinær tid, noko som betyr at vi etter alle solemerke vil få ein meget interessant 2. omgang også. Heng med!
Juventus leiar fortent 1-0 over Atletico Madrid etter ein intens og fartsfyllt omgang. La Vecchia Signora gjekk offensivt til verks frå start av, og klarde også å få ballen i mål etter berre fire minutts spel. Chiellini si scoring blei derimot korrekt annullert. I det 27. minutt fekk dei derimot ei godkjent scoring, då Ronaldo heada inne eit godt innlegg frå kampens hittil beste spelar, Bernardeschi. Atletico hadde på si side lengje nok med å prøve å stå imot, men mot slutten av omgangen våga dei å stå litt høgare i bana, og det kulminerte også med ein stor sjanse. Diverre for Los Rojiblancos sende Morata si heading over mål.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+2'
God sjanse for Atletico! Morata lurer seg forbi Juventus-stopparane og headar eit innlegg like over mål.
45+2'
Bortelaget med eit forsøk på å nå Griezmann i bakrom. Ballen endar derimot berre opp i hanskane til Szczesny.
44'
Bernardeschi skyt via ein motspelar og ut til corner.
43'
Bra forsøk for vertane! Ronaldo får eit godt innlegg frå venstresida, men sender headinga like utanfor mål. Måtte høgt til vêrs der, portugisaren, så det var ikkje så lett å kome over kula.
40'
Lemar prøvar å slå inn frå venstrekanten, men forsøket blir effektivt stoppa av ein italiensk spelar.
39'
Så er det Los Rojiblancos som får låne ballen litt. Heimefansen akkompagnerer det med massiv buing.
38'
Nytt frispark til Den Gamle Dame. Pjanic slår inn, men forbi alle i svart og kvitt inne i feltet.
37'
Atletico varier presshøgda, og når dei først står langt oppe på bana stressar dei Juventus valdsamt. Om Simeone sitt lag puttar mål her, må som kjent Juventus score tre til.
35'
Bernardeschi prøvar seg med eit brassespark inne i boksa. Treff veldig godt, men forsøket går over mål. For ein omgang han har hatt, Juventus sin nummer 33!
32'
Sistnemnde avsluttar. Like over mål, men Oblak har grei kontroll.
32'
Ronaldo og Bernardeschi står klare.
31'
Bernardeschi går i bakken og Juve får frispark i fin posisjon. 21-22 meters hald. Litt skrå vinkel.
31'
Juventus held fram med å trøkke på. Atletico slit med å hengje med no!
30'
Bortelaget med frispark. Blir slått inn i boksa, men Szczesny får plukka greitt.
26'
Szczesny blir litt forfjamsa i det Atletico sender i veg eit langskot. Bortelaget blir uansett avvinka for offside.
23'
Halve omgangen er unnagjort, og vi kan konkludere med at Atletico har forsvart seg meisterleg trass i nokså konstant Juventus-press.
22'
Koke fyrer av frå langt hald. Szczesny kontrollerer at ballen går over mål.
21'
Godin er nok ein gong på riktig plass inne i boksa. Stanga unna eit småskummelt innlegg frå Bernardeschi.
20'
Bernardeschi prøvar eit skot frå langt hald. Blir umiddelbart blokkert.
18'
Arias har hatt mykje å stri med det første kvarteret. Juventus har angripe mest på venstresida.
16'
Spinazzola prøvar eit par innlegg, men bortelaget får klarert. Har vore særs aktiv på venstrekanten, 25-åringen.
13'
Cancelo på farta igjen. Slår ballen via ein Atletico-spelar og utover kortlinja, men blir snytt for ein corner.
12'
Heimelaget rullar bra opp, men Cancelo misser totalt med nedtaket og må sjå ballen gå til innkast for spanjolane.
8'
Can går unødvendig hardt i ryggen på Morata og får frispark imot.
8'
Lang ball i bakrom til Mandžukic, men forsøket er svakt og endar utover sidelinja.
7'
For ei draumpeopning det hadde vore av heimelaget!
4'
Nære på for Juve. Matuidi får avslutta etter eit bra dribleraid av Matuidi, men forsøket blir blokkert.
3'
Dei svarte og kvite har gått offensivt til verks i starten her.
1'
Matuidi med eit skummelt innlegg tilbake inn i Atletico si boks. Bortelaget får rydda opp.
1'
Vertane sparkar i gong oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
Björn Kuipers er kveldens hovuddomar. Han vil nok få mykje å henge fingrane i i kveld!
Både Ajax og Manchester United har varta opp med solide comeback hittil i sluttspelet. Kan Juventus gjere det same, eller vil Atletico klare å stoppe dei?
Den Gamle Dame set sjølvsagt sin lit til Cristiano Ronaldo i kveld. Og det er ikkje rart med tanke på den imponerande statistikken han har mot Atletico. På 32 oppgjer har han putta heile 22 scoringar!
Det nærmar seg avspark på Juventus Stadium. For ei fantastisk stemning det er på tribunene!
Dette blir det fjerde møtet mellom desse to laga i offisiell samanheng. Forutan det første oppgjeret denne sesongen der Atletico vann 2-0, kjempa dei også mot kvarandre i gruppespelet i 2014/2015. I Torino blei det 0-0, medan det i den spanske hovudstaden enda 1-0 til Los Rojiblancos etter eit seint mål av Arda Turan.
Diego Costa, Hernández, Filipe Luís og Partey manglar for Atletico. Inn for suspenderte Costa kjem Alvaro Morata. Etter overgongen frå Chelsea har han gjort det ganske bra, med tre mål på seks kampar.
Massimiliano Allegri må unnvere spelarar som Khedira, Alex Sandro, Barzagli, De Sciglio og Douglas Costa til kveldens match. Fleire i media har spekulert i at Paulo Dybala ikkje ville starte oppgjeret, og som vi ser er det Federico Bernardeschi som får springe utpå grasmatta til kampstart. Oddsen for at argentinaren vil kome innpå utover i kampen, er derimot liten.
Vi ventar framleis på dei offisielle lagoppstillingane. Vi vil kome med dei så raskt dei blir klare.
Diego Simeone og Atletico Madrid vann det første møtet 2-0 etter to seine scoringar av Jose Gimenez og Diego Godin. Utgangspunktet er dermed at Juventus må vinne med tre mål for å gå vidare innan ordinær tid. Atletico vil nok på si side gjere alt for å tette igjen bakover, samtidig som dei køyrer overgongar når dei byr seg. Alt ligg det rette for ein fantastisk kamp!
Hei og velkomen til livedekning oppgjeret mellom Juventus og Atletico Madrid. Det er duka for ein skikkeleg thriller i dette andre møtet i åttendelsfinalene av Champions League!