Referat
Kun høydepunkter
Neste kamp for heimelaget er førstkommande lørdag heime mot Måløy kl. 14. Ta turen!
Jølster 0-5 Årdal. Ein relativt jamn 1. omgang. I 2. omgang blei kvalitetsskilnaden større og Årdal tek til slutt ein fullt fortjent seier.
Kamp slutt Slutt (0-5)
90+6'
Skudd i motsatt ende, også denne gang til side for mål.
90+5'
Halland med skudd frå 20m, langt til side for mål.
90+3'
Spillerbytte
90+1'
Hjørnespark
To cornerar på rappen. Ufarlege begge to.
90'
Jakob Gjesdal Eikås blir kåra av juryen til dagens jølstring. Sikkert greit.
90'
Gestur Gylfason gjort ein meget god kamp idag, til tross for at han nærmare seg pensjon med stormskritt.
89'
Skudd på mål! Eikås testar skuddfoten, men keeper har grei kontroll.
88'
Simen Sunde prøver seg langs kanten. God takling av Årdal. Kast. Sleten no Sunde.
87'
Lægreid tar med seg fleire jølsterspelarar på løpetur. Kjem seg til slutt til innlegg mot Hovland som får heada mot ein lagkamerat, men blir klarert på vegen.
86'
Tveit forsøker seg. Forserar ein årdøl, men pasninga blir for upresis. Presisjonen har ikkje vore der den bør og skal vere for jølstringane.
82'
Brandsdal forsøker seg på eit nedtak på sida, med delvis hell. Spørst om det ikkje var Hunderi som burde fått den muligheten istaden.
79'
Årdal igjen. Furset får stå åleine på bakerste. blir skudd for styring, men ballen endar i hendene til Sundal.
78'
Frispark Årdal. Løftast inn, Sundal plukker den greit.
77'
Arild ''Arildinho'' Øygard med eit akrobatisk forsøk, men keeper har kontroll.
76'
Eikås utrulig nok gått i 75 minutt uten gult kort. Kan det gå eit kvarter til? Med gult kort i kveld, blir det karantene og pølse i vaffel på tribuna på lørdag.
75'
Dagens duell. Truls Hovland mot Gestur Gylfason. Gylfason får satt inn ei god takling. Dei gamle er fortsatt eldst.
73'
Hjørnespark
Klarert.
73'
Jølster omsider med ein halvsjanse. Høyvik med skot frå skått hald. Corner.
71'
Nundal får hjelp av bana. Blir assistert mot garderoben.
67'
Ein årdøl ligg nede. Nummer 2, Nundal.
66'
Furset med ein god innvolvering. Får avslutta, rett på Sundal.
64'
Jølstringane knapt fått låne kula so langt i omgangen. Blir ein lang omgang om det fortset slik.
62'
Loftheim testar skuddfoten på volley. Nesten til kast.
61'
Venstreback Tonheim med ein strøken ball mot Furset. Nedtaket ikkje godt nok og jølstringane får klarert.
56'
Furset med eit skikkeleg sleivskudd, men blir perfekt pasning til Mittet. Med godfoten legg han inn, der kjem delfinen Hovland stupande. Heading like utafor.
54'
Spillerbytte
53'
Stig Høynes funne fram paraplyen, av det store slaget. Heldig at det er langt mindre vind enn vanleg på Golanhøgda idag. Hadde stått i fare for å lette med eit slikt segl over hovudet.
51'
Værst tenkelege start på omgangen for heimelaget, dette. Årdal styrer showet no.
48'
Årdal tar tak i kula frå start i andre omgang. Frispark 30m.
46'
Årdal rett i angrep og skaffar corner.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Om første omgang: Ein omgang med lite sjansar, der Årdal har vore det beste laget i begge boksar. Mykje upresist, bana må nok ta sin del av skylda for det. Vi satsar på ein meir sjangsfylt andre omgang. Heimelaget må ut og angripe.
Kontramelding; var verken pølse i brød eller pølse i papir å oppdrive her heller.
Då er det pause og regnet har komt som bestilt. Speaker melder om godt utvalgi kiosken. Ryktene seier at kiosken på Golanhøgda overgår kiosken på sjølvaste Ullevål Stadion. Cupfinale-turistar her melder om at pølse i brød ikkje var å oppdrive. Kun pølse i papir!
Slutt 1. omgang Pause (0-2)
45+3'
Hjørnespark
Kjem til ei slags avslutning men blir klarert lenger inne i feltet.
45+2'
Hjørnespark
Sæle klarerar til kast. Takast hurtig, endar med avslutning og ny corner.
45+2'
Jølster med eit vedvarandre angrep her på slutten. Endar med corner.
45'
Gode kombinasjonar frå Årdal. Siste pasningen blir for upresis og ballen går inn til Sundal.
44'
Ballen stort sett eit stykke frå begge mål her. Mykje upresist og lite å melde om.
38'
Kaptein Halland på beina igjen. Ei tann og ein del blod fattigare. Tanna plassert ved benken. Satsar nok på å cashe inn nokre kroner på den. Usikker på verdien.
31'
Hjørnespark
Kveldens første for heimelaget. Gylfason kjem til avslutning på bakerste. Headinga går over mål.
31'
Minner om at Jølster A-lag på Instagram oppdaterar kampen fortløpande på story. Berre å ta turen innom!
30'
Tveit med ei sugande løp langs høgrekanten. Lægreid får satt inn ei takling i siste liten. Innkast.
27'
Blytungt for heimelaget etter ein lovande start.
23'
Mittet kjem til skudd etter fin flikk frå Hovland. I blokka.
22'
Håheim debuterar frå start i dag og har gjort sakene sine meget bra første 20. Rolig og god med ball.
18'
Hovland kjem til skudd frå skrått hold, Sundal avvergar til corner.
8'
Jølster faktisk det farlegaste laget her i starten. Farsund kjem til skrudd frå 20m. Like til side for mål.
6'
Jølster med dagens første avslutning, dog av det ufarlege slaget. Isak Tveit får heada eit innlegget over mål etter innlegg frå Halland.
4'
Lite å melde om i starten her. Mykje fram og tilbake. Spelet i stor grad prega av ei ujamn grasmatte.
Avspark Start 1. omgang
Laga har entra bana og vi er klare for kamp. Jølster får æren av å sparke det heile i gong.
Haugenfotball er sjølvsagt på plass. Godt skribenten har lagt skoa på hylla. Har blitt tatt og lagt ut ein del mindre stilige bilete av underteikna opp gjennom åra.
Kaptein Joakim Kvellestad er ikkje å finne i startoppstillinga til heimelaget, men det ryktes at han muligens rekk delar av kampen. Står oppført på benken. Vi merkar oss også at Lereng ikkje er med for årdølingane.
Underteikna debuterar som skribent for Firda Live idag, så ta høgde for feil målscorarar, gule kort, bytter og alt anna som kan gå gale.
Hei og velkommen til 6. serierunde mellom Jølster og Årdal. Jølster ligg på 10. plass med 3 poeng og kjem frå eit blytungt tap borte mot Sandane 16.mai. Årdal på si side kjem frå eit uavgjort resultat i toppkampen mot Fjøra.