TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide takker med dette for fylgjet. Ha ein fin fotballkveld vidare!
Om ein time er det klart for møtet mellom dei to andre laga i denne gruppa. Møtet Belgia-Italia kan du sjølvsagt fylgje her hos oss.
Avslutningar: 9-4. På mål: 4-0.
Det endar 1-1 på Stade de France etter ein artig fotballmatch. Irland tok leiinga ved Wes Hoolahan like etter pause, og etter dette tok oppgjeret fyr. Sverige gira opp og kom til fleire gode sjansar. I det 71. minutt fekk dei så betalt då Clark stanga eit innlegg frå Zlatan i eige mål. Til trass for enkelte forsøk etter dette klarde ingen av laga å få ballen i mål igjen, og dermed enda det med poengdeling i den første kampen i Gruppe E. Eit greitt resultat ut i frå spel og sjansar.
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+4'
Innkast midt på bana. Dette endar med uavgjort.
90+3'
Det blir lagt til minimum tre minutt her.
90+2'
McClean blir forsøkt spelt fri i bakrom, men Johansson gjer ein god defensiv jobb og ordnar opp.
90+1'
Irland med frispark inn i Sverige si boks. Blågult får klarert.
90'
Litt rolegare på Stade de France no. Sjølv om begge laga bør vinne for å ha eit skikkeleg håp om avansement er det ingen av dei som tek noko særleg med risiko offensivt.
86'
Spillerbytte
86'
Sverige er for øvrig i sitt 6. EM sidan dei først klarte å kvalifisere seg i 1992. Den gongen kom dei seg faktisk til semifinalene, men det var mykje på grunn av at det berre var åtte lag som deltok. I 2004 kom dei til kvartfinalene.
85'
Spillerbytte
83'
Olsson med eit lågt og hardt innlegg inn i boksa. Ikkje langt unna at ein spelar i gult får tåa på ballen der.
82'
Ikkje lenge att av ordinær tid å spele no. Dette kan gå begge vegar.
81'
For den som er glad i tal kan vi nemne at Robbie Keane har 67 scoringar på 143 kampar for Irland.
80'
Innlegg mot Zlatan inne i boksa. Spissen er litt for aktiv med armane og får frispark i mot seg.
78'
Spillerbytte
77'
Gult kort
Whelan går stygt inn mot Lewicki og får eit fortent gult kort.
75'
Hjørnespark
Endar til slutt med at Irland får banka ballen i mål, men den serbiske domaren har uansett blåse for frispark til Sverige.
75'
Innlegg mot Long inne i boksa. Ballen går forbi Southampton-angriparen.
74'
Like før Irland er tilbake i føringa! Målscorar Hendrick prøvar seg frå spiss vinkel, men Isaksson får stoppa forsøket.
71'
Selvmål!
1-1
Så er vi like langt! Guidetti finn Zlatan som kjem seg til dødlinja og får lagt inn i feltet. Der kjem Clark stupande, og spelaren som rykka ned med Aston Villa i Premier League-sesongen som var stangar ballen i eige mål. 1-1!
71'
Irland er berre i sitt tredje EM, og forutan 2012 var dei med i 1988 då meisterskapet gjekk føre seg i dåverande Vest-Tyskland. Den gongen varta dei opp med siger mot England og uavgjort mot Sovjetunionen.
67'
Innbytar McClean set fart og prøvar å få lagt inn, men han får ballen for langt framføre seg og Isaksson får i staden utspel.
66'
The Green Army brukar bra med tid ved dei faste situasjonane no.
63'
Spillerbytte
61'
Gult kort
Lindelöf kjem med ei hand opp i andletet på Walters og får eit litt billeg gult kort av den serbiske domaren.
60'
Veldig nære utlikning! Zlatan får avslutta på volley inne i boksa og sender ballen ein liten meter utanfor buret til Randolph. Målvakta stod bom stille der og hadde aldri teke skotet om det hadde gått på innsida av stolpen.
59'
Spillerbytte
59'
Erik Hamren skal gjere sitt andre innbyte.
58'
Innlegg inn i Irland si boks som Zlatan forsøker å heade inn framføre mål igjen. Ingen andre i gult og blått er der for å ta andreballen.
57'
Brady med frispark på eigen halvdel. Lempar opp mot svenskane si boks, men utan at det endar med noko farleg.
56'
Zlatan tek imot ballen inne i Irland si boks, men har to spelarar på seg og klarer ikkje å få avslutta eller lagt ballen til ein medspelar.
54'
Brady slår ein dødball inn i feltet, men Blågult får ordna opp.
53'
Scoringa til Hoolahan sette verkeleg fyr på dette oppgjeret. Sverige har skapt meir dei tre siste minutta enn kva dei gjorde på heile første omgang!
52'
Hjørnespark
Ikkje like farleg frå motsett side og foten til Larsson. Irane får ordna opp.
52'
Hjørnespark
Irane får nok ein gong rydda opp. Nok eit hjørnespark!
52'
Hjørnespark
Blir til slutt klarert til nok ein corner.
52'
Ballen blir slått inn bakerst i feltet der ballen så blir heada inn mot mål. Ballen går så via Coleman og til corner.
51'
Så er det frispark til svenskane.
49'
Hjørnespark
Dobbeltsjanse for Sverige! Randolph reddar først meisterleg etter at Clark sender ballen mot eige mål, før Forsberg set returen utanfor. Den skal han klare å få på mål!
48'
Mål!
1-0
Wes Hoolahan sender Irland i ei fortent leiing! Norwich-spelaren får eit presist innlegg i boksa og hamrar ballen utakbart i nettet med høgrefoten. Isaksson er sjanselaus der.
47'
Nok eit forsøk for Irland! Hendrick har vore svært skotvillig hittil i oppgjeret, men denne gongen er Isaksson raskt nede og får stoppa avslutninga. Derby County-spelaren har vist at han har skikkeleg krut i støvlane.
46'
Milorad Mazic bles i gong den andre akta.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 0-0 til pause etter ein intens 1. omgang på Stade de France. Irland har vore best og kome til fleire gode sjansar. Nærast scoring kom Hendrick som banka ballen i tverrleggaren etter ein halvtimes spel. Zlatan og Sverige har skapt veldig lite offensivt, og Erik Hamren har ein viktig jobb å gjere for å få ut endå meir av mannskapet sitt.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+2'
Wes Hoolahan bankar ballen inn i feltet, men svenskane får klarert.
45'
Spillerbytte
44'
Erik Hamren må faktisk gjere eit tidleg byte her. Lustig slit med ei skade.
43'
Gult kort
Stoppar ei Sverige-kontring på kynisk vis og får eit korrekt gult kort.
43'
Walters slår inn frå høgre, men gultrøyene får klarert.
42'
Det er langt meir trøkk i angrepa når The Boys in Green angrip her.
41'
Brady med eit knallhardt innlegg inn i boksa. Long stupar inn, men når ikkje fram til ballen.
40'
Hjørnespark
Svenskane får klarert både ein og to gongar.
38'
Hjørnespark
Sverige sitt første hjørnespark i kampen. Flipperspel inne i boksa før Zlatan skyt utanfor etter å ha blitt pressa hardt.
37'
Coleman kjem fram på høgresida si. Slår eit innlegg i ryggen på Martin Olsson og til kast.
36'
Söta Bror har ikkje makta å utnytte Zlatan Ibrahimovic sine ferdigheiter hittil i kampen. Først og fremst er det på defensive dødballar at superstjerna har bidrege.
32'
I tverrleggaren! Hendrick fyrer av frå distanse og ballen går over Isaksson før den slår i metallet og ut i feltet igjen. Kampens beste forsøk hittil.
29'
Godt forsøk for Irland nok ein gong! Brady har vore svært aktiv den første halvtimen, og nok ein gong prøvar han seg med eit skot frå utanfor sekstenmeteren. Avslutninga går like over buret til Isaksson.
29'
Etter ei bra irsk periode er det no Blågult som prøvar seg mest. Dette oppgjeret har blitt like jamt som mange trudde på førehand.
27'
I kvalifiseringa til denne turneringa hamna Sverige også på 3. plass, bak Austerrike og Russland. I den påfølgjande play-off-kampen blei det eit reint skandinavisk møte med Danmark, og ein opplagt Zlatan sørgja for at danskane blei pensjonerte med 4-3-resultat samanlagt.
24'
Celtic-back Mikael Lustig med sitt første innlegg i kampen. Randolph viser at han er trygg i feltet og kjem ut og plukkar.
22'
Frispark til Sverige og Zlatan. Rett i muren frå den klubblause fotballegenda.
21'
Shane Long blir forsøkt spelt fri i bakrom, men Isaksson er raskt ute og plukkar framfor nasen på Southampton-spissen.
17'
Hjørnespark
17'
Brady lempar inn i feltet, men svenskane får gitt til nok ein corner.
17'
Nok ein dødball for Irland. Norwich-spelar Brady skal nok ein gong servere.
16'
Hjørnespark
Zlatan får plukka ned ballen ved første stolpe og rydda opp.
15'
Brady har vore aktiv i starten her. Vinn ein corner.
12'
Nære på at Berg får ballen i bakrom. Randolph er derimot raskt ute og får plukka ballen.
11'
Hjørnespark
Hjørnesparket endar resultatlaust.
10'
Veldig godt forsøk for Irland! Hendrick fyrer av frå seksten meters hald, men Isaksson er med på notane og får redda til corner.
9'
Martin Olsson kjem seg fint forbi på venstresida, men innlegget frå Norwich-backen endar berre opp i nevane til Randolph.
6'
Svenskane med initiativet i starten her.
6'
Irland kvalifiserte seg til dette meisterskapet etter først å ha hamna på 3. plass bak Tyskland og Polen i si gruppe. I playoffduellen med Bosnia vann irane 3-1 samanlagt.
3'
Ballen blir slått inn, men Olsson får stanga unna.
3'
Så er det Brady som blir felt. Frispark i god posisjon.
2'
Berg går rett i bakken etter eit samanstøyt med Clark. Domaren vinkar spelet vidare.
1'
Ibrahimovic får ta kampens første spark på ballen og vi er i gong!
Avspark Start 1. omgang
Serbiske Milorad Mazic er kveldens domar.
Begge laga er klare på grasmatta på Stade de France, eit stadion som tek 81.000 tilskodarar.
Om ein skal sjå på korleis laga har vore i det siste, er det Sverige som kjem best ut formmessig. For om lag ei veke sidan blei Wales slått 3-0. For Irland sin del blei det eit 2-1-tap for Kviterussland i generalprøva.
Dette blir det niande møtet mellom laga. Irland har aldri slått Sverige i ein teljande kamp, men har to sigrar frå nokre treningskampar. Svenskane står på si side med fire sigrar. Sist laga møttest var i kvalifiseringa til VM i Brasil i 2014. Då blei det 0-0 i Sverige og 2-1 i Irland.
Hei og velkomen til livedekning av det spanande oppgjeret mellom Irland og Sverige!