TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet. Ha ein fin 2. juledag vidare!
Avslutningar: 13-22. På mål: 3-6.
Etter ein tam 1. omgang tok ting seg opp etter kvilen. City skapte det meste, sjølv om også Hull hadde nokre gode sjansar. Toure (straffe), Iheanacho og Davies (sjølvmål) stod for scoringane vi fekk i kveld. Lite å seie på at City vinn. Hull ser derimot endå meir fortapt ut, og laget slit både offensivt og defensivt. Då må nok noko spesielt til om dei skal klare å berge plassen denne sesongen.
Kamp slutt Slutt (0-3)
90+3'
Selvmål!
0-3
Sterling forserer langs venstresida og skjer innover mot mål. Frå kort hald bankar han ballen inn i feltet og der treff han Davies som må sjå ballen gå i eige mål. 0-3!
90+3'
Det blir lagt til minimum tre minutt her. City trillar ball.
90+1'
Det er Snodgrass som skyt. Bravo plukkar enkelt.
90+1'
Sterling dyttar Mason over ende og lagar frispark til Hull i grei posisjon. Skal dei få ei redusering heilt på tampen her?
89'
Diomande vinn ein duell inne i feltet, men Mbokani er ikkje der for å plukke andreballen.
88'
Henriksen lagar frispark før han så kranglar med domar Madley.
87'
Spillerbytte
86'
Snodgrass med ny dødball. Svakt slått og City stangar enkelt unna.
85'
Så skal også Fernando inn på tampen.
83'
Henriksen er nære ved å tråkle seg gjennom City-forsvaret. Dessverre mislukkast han.
83'
Sagna prøvar å slå inn frå høgre. Dawson reinskar unna.
82'
Gult kort
Kjem skliande inn i Sterling og får eit fortent gult kort.
79'
Spillerbytte
78'
Mål!
0-2
Avgjer City kampen? De Bruyne speler fri Silva til høgre som slår inn på førsteberøringa. Frå kort hald har Iheanacho ein enkel jobb med å putte ballen i det tome buret. 0-2!
77'
Det er framleis nok av tid for Hull å kome tilbake her, men samtidig må ein hugse på at dei er det minstscorande laget i Premier League.
76'
Hjørnespark
Forbi alle i feltet.
75'
Hjørnespark
Heimelaget får stanga unna. City beheld ballen og vinn til slutt ein ny corner.
75'
Silva prøvar å slå inn. Vinn eit hjørnespark.
73'
Spillerbytte
72'
Mål på straffe!
0-1
Toure sender Marshall feil veg og bankar ballen knallhardt i mål! Manchester City går i føringa!
72'
Straffe!
Sterling trekk seg innover i bana og blir felt av Robertson. Soleklart!
71'
Iheanacho får avslutta ved bakerste stolpe. Lite futt i avslutninga, og Marshall reddar greitt. Bra innlegg av De Bruyne i forkant.
70'
Mbokani tapar ein løpsduell med Kolarov og svarer med å rive City-spelaren over ende.
69'
23.134 tilskodarar på KCOM Stadium i kveld.
67'
De Bruyne prøvar seg igjen. Skyt ein god meter utanfor målet til Marshall.
66'
Elmohamady prøvar seg på eit skot på halvspretten. Høgt over mål.
64'
Hjørnespark
Bravo boksar unna.
64'
Snodgrass får ballen i god posisjon, men tek ei berøring for mykje og sjansen forsvinn.
63'
Spillerbytte
62'
Hull har for øvrig berre halde nullen éin gong tidlegare denne sesongen. Det skjedde i slutten av august då laget vann 2-0 over Swansea.
61'
Snodgrass kjem til innlegg. Håplaust bak mål.
59'
City kontrar i motsett ende. Iheanacho øydelegg med eit elendig innlegg.
59'
Hjørnespark
Redning på strek! Dawson stig til vêrs og headar mot mål. Bravo er feilplassert, men heldigvis for han reddar Sagna meisterleg på streken.
59'
Godt slått av Snodgrass. Trillar ein meter utanfor mål. Corner.
58'
Kolarov riv Mbokani over ende. Frispark i veldig god posisjon for heimelaget.
56'
Spillerbytte
56'
Snodgrass med ein olboge i andletet på Kolarov. Backen må ta seg ein pust i graset.
53'
Stolpeskot! De Bruyne viser seg fram for første gong i kampen. Sender eit lurt skot mot det næraste hjørnet. I stolpen og ut. Kampens største sjanse, utan tvil!
53'
De Bruyne avanserer med ballen høgt i bana, men får ikkje gjort noko kreativt med den.
52'
Blir lempa opp i City sin sekstenmeter der Harry Maguire lobbar ballen over Bravo - og mål.
51'
Mykje rot frå begge lag no. Ikkje mykje finspel å sjå så langt på KCOM Stadium.
49'
Hjørnespark
Blir stoppa av ein City-spelar før Snodgrass får avslutta. Ufarleg.
49'
Nok ein corner til Hull. Sagna rotar det til.
48'
Sterling ser ut til å bomme på mål frå fem meters hald, men heldigvis for han blir han også avvinka for offside.
47'
Hjørnespark
Går utover i feltet og City får ordna opp. Svakt slått av Snodgrass.
47'
Clucas prøvar seg på halvvolley. Via Sagna og til corner.
47'
Mike Phelan tek seg tid til ein liten prat med Brian Kidd. Begge har som kjent vore assistentar under Sir Alex Ferguson.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Hull er på veg ut på bana att. City-spelarane kjem sakte ruslande ut etter kvart.
Det står 0-0 til pause etter ein veldig tam omgang på KCOM Stadium. Manchester City har som venta hatt initiativet, men med unntak av eit Toure-frispark har dei skapt lite. Hull har på si side skapt endå mindre. Vi håpar det heile tek seg opp etter kvilen!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Det blir lagt til minimum to minutt her.
45+1'
Snodgrass slår dødballen forbi alle og inn i hanskane til Bravo.
45'
Så er det Toure som feller Mbokani. Nytt frispark til vertane.
44'
Blir lempa inn i feltet, men City ryddar enkelt opp.
44'
Snodgrass står klar.
43'
Så er det Nolito som har for høg fot i ein duell. Nytt frispark til Hull, og endå nærare mål no.
43'
Otamendi feller Mbokani. Ny dødball til Hull rundt midten av bana.
41'
Hjørnespark
Forbi alle i feltet.
41'
Clucas får avslutta frå kort hald, men er under hardt press frå Otamendi. Burde nok hatt corner også, engelskmannen.
39'
Hjørnespark
Blir teke kort før Nolito avsluttar høgt over mål.
39'
Hull på ein sjeldan visitt høgt i bana. Robertson prøvar ein tunnel på Otamendi, men mislukkast.
37'
Sterling prøvar seg frå langt hald. Høgt over mål.
36'
Bortelaget kontrar, men Nolito øydelegg med ei dårleg berøring.
34'
Sergio Aguero sin vikar på spissplassen har ikkje vist seg fram noko særleg hittil i oppgjeret. Får vi sjå stortalentet Kelechi Iheanacho etter kvart?
33'
Den første halvtimen har ikkje vore mykje å skrive heim om. Vi har fått ein god sjanse, Yaya Toure på eit frispark som Marshall redda flott.
31'
Nære på at Sterling blir spelt fri i bakrom. Marshall kjem ut og fangar ballen framføre nasen på den engelske landslagsspelaren.
31'
Medan vi ventar på at endå meir spanande ting skal skje i denne kampen kan vi opplyse at City sin største siger mot Hull kom i 2008, då Caicedo (2), Robinho (2) og Ireland scora måla for dei lyseblå i 5-1-sigeren. Fagan reduserte for Hull.
28'
Hjørnespark
City sin tredje corner. Otamendi stig til vêrs, men får ikkje heada på mål.
27'
Nolito og Fernandinho prøvar ein vegg inne i Hull si boks, men mislukkast.
25'
Snodgrass prøvar å chippe ballen bak City-forsvaret, men mislukkast.
25'
Frispark til Hull midt på City sin halvdel. Midtstopparane går fram mot mål og ballen skal lempast opp.
23'
Livermore prøvar seg igjen. Denne gongen med skotfoten frå distanse. Rett på Bravo.
22'
Elmohamady med eit hardt innlegg frå høgre. Treff Livermore, men den tidlegare Tottenham-spelaren headar over mål.
21'
David Silva kjem seg fri i mellomromet og går for eit skot frå distanse. Rett på Marshall.
20'
Robertson set fart framover med kula igjen, men slår den dessverre for Hull bak næraste medspelar.
18'
Spillerbytte
16'
City må faktisk gjere eit byte allereie her. Stones sit nede i grasmatta og Kolarov gjer seg klar.
16'
Robertson med innlegg frå venstre. Forbi alle.
15'
De Bruyne trillar flatt ut til Silva som fyrer av på førsteberøringa. Blir blokkert.
15'
Mykje vilje i Hull-mannskapet, men det er lite offensiv samhandling.
13'
The Tigers er framme på ein visitt, men Mbokani klarer ikkje å skaffe seg nok rom til å få avslutta.
11'
Innlegg frå bortelaget. Robertson dempar til Marshall. Kaldt av forsvarsspelaren.
10'
City med 88% ballinnehav så langt.
9'
Hjørnespark
Vertane får nok ein gong rydda opp.
9'
De Bruyne med avslutning. Via ein Hull-spelar og til corner.
9'
City har moglegheita til ei kontring, men Sterling øydelegg med eit dårleg nedtak.
7'
Hjørnespark
Bortelaget får ordna opp.
7'
Nesten! Toure plasserer ballen flott mot den eine vinkelen, men Marshall får redda meisterleg. Corner.
6'
Dawson med ei tøff takling bakfrå De Bruyne. Frispark i farleg posisjon for bortelaget.
6'
Med nok eit Swansea-tap har Hull for øvrig moglegheita til å kome seg vekk frå jumboplassen med poeng i kveld. Det bør vere motivasjon nok.
3'
Vertane prøvar å presse høgt, men Stones og Otamendi klarer å ordne opp.
2'
Robert Madley er for øvrig kveldens domar.
1'
Bortelaget sparkar i gong kampen.
Avspark Start 1. omgang
Hull og Manchester City har berre møttest åtte gongar tidlegare, og statistikken her er 4-3-1 i favør dei lyseblå. The Tigers sin einaste siger kom tilbake i 2009/2010-sesongen, då Altidore og Boateng sørgja for 2-1.
Arsenal har som kjent nettopp vunne 1-0, noko som betyr at Manchester City har ramla ned eit hakk på tabellen. I tillegg lurer både Tottenham og Manchester United tre poeng bak, så siger er nok nødvendig for Pep Guardiola sitt mannskap i dag.
Hull har ikkje vunne ein ligakamp sidan starten av november, og forma på dei seks siste er 0-3-3. Sist blei det eit knepent 0-1-tap for West Ham. City har derimot fått litt fart på sakene igjen og vunne dei to seinaste etter fleire svake resultat den siste tida. 3-1-2 er totalen på dei seks seinaste oppgjera.
Heimelaget manglar Allan McGregor, Alex Bruce, Moses Odubajo, Will Keane, Greg Lue og Abel Hernandez til kveldens kamp, men Ryan Mason er derimot friskmeldt og startar på benken. For Manchester City manglar Vincent Kompany, Fabian Delph, Ilkay Gundogan og suspenderte Aguero. Fernandinho er derimot ferdigsona og går rett inn i startoppstillinga.
Lagoppstillingane er no ute, og som vi ser startar verken Markus Henriksen eller Adama Diomande. Begge befinn seg derimot på innbytarbenken.
Trass i at Manchester City ligg på 3. plass før den 18. runda blir sett i gong har Pep Guardiola hatt uventa mykje motgang i starten av karrieren i den engelske ligaen. Dei ligg seks poeng bak Chelsea, og merkeleg nok er det først og fremst på heimebane att det har gått dårleg. Borte frå Manchester har dei 6-0-2 hittil.
Det er to lag med totalt forskjellige utgangspunkt som møtest til basketak på KCOM Stadium på Boxing Day. Etter opprykket frå Championship førre sesong har det vore ei tøff tid for Hull i deira femte Premier League-sesong. Tidlegare Alex Ferguson-assistent Mike Phelan sitt lag ligg på 20. plass, à poeng med Swansea. 3-3-11 har det blitt hittil, og klubben med dei to offensive norske spelarane Markus Henriksen og Adama Diomande har scora færrast av alle i den øvste divisjonen. 14 mål på dei første 17 kampane gir eit målsnitt på 0,82. Diomande har netta to av desse, medan Henriksen framleis ventar på sitt første.
Hei og velkomen til livedekning av Premier League-oppgjeret mellom Hull og Manchester City!