Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet for denne gong. Ha ein fin kveld vidare!
Antal skot: 6-13. På mål: 2-7.
Gjestane frå London leia 1-0 etter 1. omgang etter at Giroud scora etter ei grusom tversoverpasning frå heimelaget sin Meyler. Forutan dette var det ikkje mykje som skilde laga før pause. Etter kvilen hang Hull framleis med, men utan å skape så altfor mykje av farlegheiter. Frå det 71. minutt og ut hadde derimot Arsenal fått nok, og sørgja med tre raske scoringar for ein til slutt komfortabel 4-0-siger.
Med 4-0 i dag gjorde også Arsene Wenger sitt mannskap ende på ei grusom Arsenal-periode. Etter to uavgjorte og tre tap på dei seks føregåande kampane var sigeren i dag viktig av fleire grunnar.
Arsenal tek seg enkelt vidare til kvartfinalene av FA-cupen etter ein til slutt overbevisande siger mot Hull. Neste hinder på vegen for dei regjerande meistrane blir Watford førstkomande søndag.
Kamp slutt Slutt (0-4)
90+2'
Også heimelaget får til ei avslutning på tampen. Ospina reddar enkelt.
88'
20.993 tilskodarar i dag på KF Stadium.
87'
Nesten 0-4! Bortelaget speler hurtig på få touch, og Iwobi får æra av å avslutte. Jakupovic vartar opp med ei god redning. Har spelt ein meget god kamp i dag, unge Iwobi.
85'
Campbell med frispark for Arsenal. Over mål frå costa-ricanaren.
84'
Giroud kjem til avslutning inne i boksa, men er i ubalanse og skotet blir enkelt å plukke opp for Jakupovic i Hull-buret.
81'
Jeff Reine-Adelaide er for øvrig 18 år og fransk. Han kom frå Lens i 2015 og fekk sin debut for Arsenal denne sesongen i FA-cup-møtet med Sunderland.
71'
Arsenal viser kor enkelt det kan gjerast! Walcott får rom på venstresida og får lagt ballen inn i feltet. Kula går via ein spelar, noko som sørgjar for at Davies blir heilt utspelt inne i feltet, og Giroud får det romet han treng for å avslutte kula i mål for andre gong i dag. 0-2, og no er vel dette avgjort, Arsenal?
71'
Innbytar Aluko snappar ballen og stormar mot Arsenal sitt mål, men nigerianaren blir litt for ivrig og misser kontrollen over den.
70'
The Tigers har ballen mykje no. Naturlegvis ikkje same disiplinen i Arsenal-forsvaret ettersom både Gabriel og Mertesacker har forlete bana med skader.
66'
Veldig nære for Hull! Heimelaget trykkar plutseleg på, og Ramsey set nesten ballen i eige mål med eit panisk hovudstøyt. Corner.
65'
Hull rullar bra opp og kjem med fleire mannn mot Arsenal-forsvaret, men Powell vel feil og går for skot i staden for å trille ballen til lagkameraten som kjem stormande inn i boksa.
63'
Småskummelt innlegg frå Hull si venstreside. Ospina kjem derimot ut og har full kontroll.
62'
Hull har elles Abel Hernandez på innbytarbenken. Han er toppscorar for laget i ligaen med 16 scoringar.
58'
Så skal også Steve Bruce gjere ei endring på laget sitt.
57'
Giroud tek frisparket sjølv - rett i muren.
56'
Giroud går i bakken like utanfor Hull sin sekstenmeter. Diame er syndaren, men slepp å få sitt andre gule kort.
55'
Aaron Ramsey ser ut til å kome innpå for Gabriel. Det betyr vel at Flamini ruslar ned i forsvarsrekkja.
54'
Gabriel må dessverre av ja. Ruslar av bana av seg sjølv, men slit altså med eitt eller anna.
54'
Så er det Gabriel som sit nedi på grasmatta. Skal nok ein stoppar ryke for Arsenal i dag?
53'
Diame vinn ein hovudduell inne i boksa etter eit godt innlegg frå venstresida, men headinga går utanfor.
52'
Ballen blir først klarert, men Elneny står i returromet og fyrer av på heil volley. Eldin Jakupović må reagere raskt for å forhindre nok eit baklengsmål.
51'
Walcott slår frisparket inn i boksa.
50'
Diomande kjem i full fart inn i Arsenal si boks, men blir til slutt overmanna. Vi har dessverre ikkje fått sjå altfor mykje til Holmlia-guten hittil i oppgjeret.
47'
Heimelaget jagar aggressivt i starten her.
46'
Hull sparkar i gong den andre halvdelen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Arsenal leiar 1-0 til pause etter den første omgangen av denne 5. runde-omkampen mot Hull. Heimelaget forsvarte seg godt lenge, må gav så rett og slett vekk ei scoring då kaptein Meyler spelte på tvers inn i eiga boks slik at Giroud kunne putte ballen i mål frå kort hald. Forutan dette har Gibbs hatt eit langskot i tverrleggaren, medan Hull har vore svært skumle på dødball. Ting ser lystleg ut for The Gunners i augneblinken, men dette er likevel langt frå over. Vi gler oss til ein spanande 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+5'
Walcott prøvar seg frå distansen. Ufarleg utanfor og sarkastisk jubel frå heimefansen.
45+4'
Iwobi stormar inn i Hull si boks med ballen, men klarer ikkje å få gitt den vidare til målscorar Giroud.
45+3'
Det blir lagt til minimum fem minutt denne omgangen. Mange skader og stopp i spelet hittil i oppgjeret.
45+2'
Ballen blir slått inn, men Bruce både headar utanfor og er i offside. Hull er uansett farlege på dødball.
45+2'
Powell står klar ved ballen.
45+1'
Monreal feller Diomande og heimelaget får frispark i grei posisjon for innlegg.
45+1'
Nick Powell må ta seg ein rusletur av bana for å få ein ny turban. Mykje blod hittil denne omgangen.
45'
Nesten 0-2! Gibbs prøvar seg frå distanse og sender ballen i tverrleggaren og over. Godt forsøk av venstrebacken!
45'
Lett å ha medkjensle med Hull no. Laget har forsvart seg godt og også vore farleg frampå i motsett ende. Rutinerte Meyler burde vite betre enn å spele ballen inn i eigen sekstenmeter med ein flokk svoltne Arsenal-spelarar i nærleiken.
37'
Arsenal med 67% ballinnehav hittil. Det har berre resultert i éin sjanse så langt på 37 minutt.
36'
Gjestane trillar ball i augneblinken, men utan mykje framdrift.
35'
Det er Hull som har initiativet i kampen no. Ikkje lett å sjå at laga speler i ulike divisjonar!
33'
Nytt frispark for heimelaget, og nok ein gong er det tillaup til panikk i Arsenal si boks. Denne gongen får dei derimot klarert.
30'
Nære på for Hull! Det er panikk i Arsenal sitt felt etter dødballen, og Ospina må ut i full strekk for å forhindre ballen i å snike seg inn i nettet. Returen blir etter kvart sett i mål, men assistentdomaren vinkar heilt korrekt for offside.
30'
Chambers i defensivt trøbbel igjen. Lagar eit unødvendig frispark i farleg innleggsposisjon.
29'
Elmohamady får tid og rom til å få lagt inn frå høgre, men avleveringa frå egyptaren blir enkelt rydda unna.
28'
23 år gamle Maguire må på sidelinja for å få bytta ut den blodige drakta.
27'
Maguire må ned i kneståande etter å ha fått ein støvel frå Giroud i andletet.
24'
Arsenal kontrar, men den avgjerande pasninga frå Giroud øydelegg det som kunne ha blitt til noko farleg.
24'
Langt mellom moglegheitene her i Hull. Heimelaget satsar først og fremst på å halde tett bakover, medan dei tilreisande frå London har teke det roleg i starten her.
23'
Nick Powell bør for øvrig vere eit kjent namn for dei som fyl engelsk fotball. Den tidlegare Crewe-spelaren er nemleg på lån frå Manchester United. Underteikna var også til stades på Old Trafford i kampen Powell fekk sin debut og si første scoring for Manchester-laget. Det skjedde mot Wigan i 2012 då han laga det siste målet i 4-0-sigeren.
20'
Ein stopp i spelet på KC Stadium medan Mertesacker og Powell får behandling etter ein kollisjon.
19'
Hull har på si side vore i éi FA-cup-finale sidan klubben blei skipa i 1904. Dei nettopp mot Arsenal, i 2013/2014-sesongen. Arsenal vann til slutt 3-2 etter ekstraomgongar etter at Hull sjokkopna med to tidlege scoringar.
16'
Arsenal er for øvrig det mestvinnande laget i FA-cupen, verdas eldste fotballturnering for klubblag. 12 gongar har dei løfta bøtta, noko som er ein meir enn rival Manchester United. Dei har også som mål om å vinne turneringar for tredje sesongen på rad, ettersom dei gjekk sigrande ut både i 2014 og 2015.
12'
Huddlestone prøvar å finne Diomande i bakrom, men pasninga frå den tidlegare Tottenham-spelaren blir litt for hard.
11'
Bra sjanse for bortelaget! Campbell blir spelt fri og prøvar å curle ballen inn i det lengste hjørnet, men forsøket går utanfor. Kampens beste moglegheit så langt.
10'
Odubajo rundlurar Calum Chambers og får lagt inn, men treff ingen medspelarar. Svakt backspel av den tidlegare Southampton-forsvararen Chambers.
8'
Diame tvingar fram ein corner for heimelaget. Skal det vere på dødball dei skal gjere det?
7'
Veldig roleg opning på kampen. Heimelaget brukar bra med tid når dei har ballen.
7'
Eit veldig artig moment for oss nordmenn er sjølvsagt at vår eigen Adama Diomande speler frå start i kveld. Underteikna hadde gleda av å fylgje han på Høddvoll i det han spelde for Hødd i 2010 og 2011. Etter at det hadde trøbla litt for han i Lyn og Skeid tidlegare fekk han verkeleg fart på karrieren i Ulsteinvik og laga 14 mål i 1. divisjon i 2011. Etter det har han som kjent vore innom Strømsgodset, Dinamo Minsk og Stabæk, og i tillegg har han fått sin debut for det norske landslaget.
4'
Walcott puttar ballen i mål, men blir korrekt avvinka for offside. Var minst to meter på feil side der, engelskmannen.
1'
Gjestane frå London sparkar i gong oppgjeret!
Avspark Start 1. omgang
Forutan suspenderte Coquelin manglar Arsenal Jack Wilshere, Tomas Rosicky, Santi Cazorla, Alex Oxlade-Chamberlain, Petr Cech og Laurent Koscielny. I tillegg har Wenger vald å kvile viktige spelarar som Ozil og Sanchez, men desse befinn seg på innbytarbenken i tilfelle behovet for dei skulle oppstå.
Kveldens hovuddomar Kevin Friend fører no dei to laga ut på grasmatta i East Riding of Yorkshire.
Arsene Wenger sitt Arsenal er på si side inn i den verste perioden på lang tid. Dei har tapt tre av dei fire siste kampane, og har berre 1-2-3 på dei seks siste i alle turneringar. Dei viste likevel pondus i Nord-London-duellen med Tottenham i helga, og kom tilbake frå 1-2 med berre 10 mann etter ei utvisning på Coquelin. I Premier League har The Gunners framleis ein sjanse til å vinne ligagullet, men då må Leicester, som leiar med åtte poeng på Arsenal, gå på ein skikkeleg sprekk.
I Championship ligg Steve Bruce sitt lag ligg på 3. plass i Championship, fire poeng bak leiarlaget Burnley. 19-7-8 er fasiten etter dei første 34 kampane. Forma til laget er 2-3-1 på dei seks seinaste i alle turneringar. Dei var sist i aksjon førre torsdag, då det blei eit bittert 0-1-tap for Birmingham.
Det er for øvrig allereie klart at Hull eller Arsenal møter Watford i kvartfinala. Den kampen blir speld allereie førstkomande søndag klokka 14.30.
Laga møttest først den 20. februar, men i det møtet enda det 0-0 på Emirates. Arsenal var som venta det førande laget, men sjølv om dei til slutt hadde spelarar som Sanchez, Giroud og Walcott på bana klarde dei ikkje å overliste Eldin Jakupović i Hull-buret. Bortelaget hadde også ein stor sjanse til å ta seg vidare heilt på tampen, men innbytar Sone Aluko klarde ikkje å få ballen i buret frå kort hald.
Hei og velkomen til livedekning av den spanande omkampen mellom Hull og Arsenal i den 5. runda av FA-cupen!