TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Mjøndalen gjorde akkurat det dei trengde for å kvalifisere seg til 2. runde i NM-cupen. Brustad putta begge måla som innbyttar, og vart den store skilnaden i andre omgang. HBK jobba godt, men det heldt ikkje mot overmakten. Takk for følget!
Kamp slutt Slutt (0-2)
90+4'
Vi er på over-overtid.
90+4'
Scriven skyt frå 20 meter. Over!
90+2'
Spillerbytte
90+2'
Under to minutt att no. HBK skal ha ros for forsøket, og har på ingen måte gjort seg bort mot eliteseriemotstand i kveld.
90+1'
Det blir lagt til tre minutt i andre omgang.
90'
Hjørnespark
Over heile feltet.
89'
Eller, HBK har rett nok ikkje gitt opp.
88'
Då er resten av kampen berre ein formalitet. Mjøndalen er klare for 2. runde i NM-cupen.
87'
Mål!
0-2
Brustad blir spelt gjennom, og set inn 2-0 til gjestene.
86'
Keeper Vedeler piskar laget sitt framover på bana!
85'
Tida tikkar Mjøndalen sin veg. Ser ut som dei skal ta seg vidare til 2. runde, med knappast mogleg margin.
83'
Hjørnespark
Blir rydda unna.
82'
Nordby banner høglytt i det han rusler av bana. Var nær scoring med sitt stolpeskot, men det vart med forsøket.
82'
Spillerbytte
81'
Kamango testar skotfoten. 2 meter utanfor. Men fekk ikkje skikkeleg treff, så keeper hadde nok kontroll.
80'
Akkurat no er det HBK som får styre kampen.
79'
Pattersen prøver å spele innbytar Kamango, men også denne gongen er pasningen for svak.
77'
Lenge mellom kvar gong HBK nærmar seg sekstenmeteren. Og når det først skjer blir dei for upresise i den siste avgjerande pasningen.
75'
15 minutt att. Får vi sjå en sluttspurt frå heimelaget snart?
74'
Hjørnespark
Ballen trillar like utanfor etter klabb og babb i feltet.
73'
Stor sjanse for Mjøndalen og Brochmann! Innlegg frå kanten, og dansken får meget godt treff. Likevel får keeper Vedeler hansken på kula. Godt keeperspel!
71'
Gjestene set ballen i mål, men dommaren hadde alt dømt frispark i feltet.
70'
Det er lite HBK får låne ballen, og det er mange minutt sidan dei vore inne på Mjøndalen sin banehalvdel.
69'
Spillerbytte
68'
Bojang har tidvis herja med Hønefoss-forsvaret. Likevel er det tidlig med krampe etter 67 minutt, vel?
67'
Spillerbytte
67'
Bojang nede med krampe i det HBK gjer eit bytte.
67'
Heimelaget blir spelt lave, og slit med å halde ballen i laget når dei først får sjansen.
65'
Mjøndalen jakter 2-0, og vil helst punktere kampen.
65'
Framleis gjestene som styrer. HBK har ikkje klart å produsere noko sjansar etter at det small i stolpen like etter kvilen.
63'
Gult kort
Er ufin mot Bojang og får sjå det gule kortet.
62'
Hjørnespark
Brochmann prøver seg, men forsøket blir blokkert.
62'
Gjestene trillar ball, medan vertene spring mellom.
61'
Halvtime att for Hønefoss no, om dei skal ha håp om at årets cupbombe skal smelle på Aka Arena.
59'
No kan Mjøndalen senke skuldrene, etter at dei fekk den starten på andre omgang som dei hadde håpa på.
57'
Hjørnespark
Blir rydda unna.
56'
Brustad har knapt feira ferdig sitt første mål, før han får sjansen igjen. Men denne gongen skrur han kula like over krysset. Bør vere 2-0 der.
54'
Mål!
0-1
Der sit den for gjestene! Lang ball i retning Brochmann, som tek med seg ballen nokre meter før han slepp ut til Dragsnes. Han legg inn på direkten til Brustad som set enkelt inn 1-0.
53'
HBK pressar høgt. Har flytta lagdelane 30 meter høgare opp i bana enn det som var tilfelle til tider i 1. omgang.
52'
Vertene har fått blod på tann no. Det har heimepublikum også!
49'
I stolpen frå HBK! Det er Nordby som får ballen på 14 meter, og han klinkar til på halvspretten. Veldig nære 1-0 der!
48'
Bojang kjem seg rundt på høgrekanten, men innlegget blir avklart.
46'
Hjørnespark
Kampens første hjørnespark blir avklart.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Brustad skal inn for gjestene.
Laga går til pause på stillinga 0-0. Divisjonskilnaden er delvis utvaska, sjølv om gjestene har hatt ballen klart mest. Det blir ein meget spennande andre omgang!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Det er lagt til minimum to minutt av første omgang. Det er nok på grunn av skaden til Jansen.
45+1'
Nemnde Bojang har vore skilnaden på laga så langt. Stort sett alt gjestene produserer kjem på høgrekanten.
45'
Bojang blir spelt fri, men er i offside.
45'
Hovde skjermar ballen ut til innkast - for Mjøndalen. Kapteinen er ikkje heilt nøgd med linjemann der.
43'
Brochmann skyt frå 22 meter. Like over! Første gongen dansken viser seg fram i kveld. På tide.
43'
Ingen tvil om at Mjøndalen er nærmast, men framleis slit dei med å produsere dei heilt store sjansane.
42'
Det nærmar seg pause her på Aka Arena.
39'
Stor sjanse for gjestene! Frispark blir slått inn i feltet, og Betten Hansen er berre centimenter unna å stange inn 1-0.
38'
Gult kort
Fotkrok på Bojang - med vilje.
35'
Nygaard med fin sjanse for HBK! Lurer seg fri på bakerste stolpe etter eit frispark, men stangar ballen over målet. Får fortent applaus frå heimepublikum for forsøket.
34'
Bojang herjar med vertene og kjem seg heilt fri nede på dødlinja. Legg ut til Liseth som skal ha ei enkel oppgåve med å setje inn kampens første scoring, men han bles kula over frå kort hald!
33'
Lite som har skjedd dei siste minuttane. Difor det passa med litt historie.
33'
I 2005 møttest desse laga i cupen, og HBK vann etter ekstraomgangar. Den gongen tok klubben seg til semifinalen, men tapte Molde på bortebane.
31'
Hønefoss-keeper Vedeler har gode minner frå cupkamp mot Mjøndalen. Saman med sine tidlegare lagkameratar i Asker slo ut gutta frå Nedre Eiker i 2016.
28'
Ungguten Urnes taklar hardt, med knottane først. Får tilsnakk frå dommaren, og nikkar samd med kritikken frå mannen i svart.
27'
Bojang stormar fram langs høgrekanten, og slår inn i feltet. Der får Nygaard ballen unna!
26'
Hovda skyt frå 25 meter - høgt over!
25'
Nordby er kjapp, og blir spelt gjennom - men keeper les spelet godt og avklarar.
24'
For seks år sidan spelte Hønefoss i Tippeligaen. No spelar dei på nivå 4, men klarar seg likevel godt mot eliteseriemotstand.
23'
Bojang rett ned for telling, etter at han får ballen rett i hovudet frå kort hald. Det svir.
22'
Jansen må bytte, og blir erstatta av sin vanlege makker i midtforsvaret, Johansen.
21'
Spillerbytte
21'
Alle laga frå Tippeligaen er videre så langt i dag. Så spørst det om Mjøndalen klarer å følge opp.
20'
Sell er alt for sein i duellen mot Nordby på midten. Heldig som slepp unna det gule kortet.
18'
Gjestene har vore klart best i kampen så langt.
18'
Lang ball mot Patterson, som slit med nedtaket inne i feltet.
17'
Jansen er tilbake på bana.
16'
Nederlenderen har vore fast brikke for gjestene så langt i år. Trener Hansen er småurolig på benken.
15'
Høgreiste Jansen er nede for telling, og held seg til kneet. Må Mjøndalen sin kaptein ut alt etter 15 minutt?
14'
Bojang er nære 1-0! Skyt frå 16 meter, og ballen stryk stolpen.
13'
'Leo' fra Drillos er å finne på benken for Hønefoss. Kjekt når slike profiler bidreg med sin kompetanse på fotballbana.
12'
Latifu testar skotfoten frå distanse. Utanfor!
10'
Hønefoss sitt damelag gjekk tysdag vidare til 2. runde i NM-cupen etter 10-2 mot EIK Tønsberg. Cup-feber på Aka Arena denne veka, altså.
9'
Kaptein Hovda tar tak, og dreg med seg ballen framover. Får innkast midt på Mjøndalen sin banehalvdel.
8'
Vertene trillar ball på Mjøndalen sin banehalvdel for første gong i kampen. Men det varer ikkje lenge, må spele tilbake til eigen keeper. Mistar etterkvart ballen. Må tørre å halde i ballen, heimelaget.
7'
Diomande med kampens første avslutning. Plukkar opp ei avklaring etter frisparket, og klinkar til frå 20 meter. Utanfor.
6'
Bojang blir lagt i bakken for andre gong på under fire minutt. Nytt frispark frå høgresida.
4'
Mjøndalen eig ballen dei første 4 minuttane.
3'
Thorberg legg Bojang i bakken. Frispark i fin posisjon til frå høgrekanten. Blir rydda unna.
2'
Det er bruntrøyene som eig ballen det første halvanna minuttet.
1'
Gjestene kjem seg rundt på venstrekanten, men Thorberg avklarar inne i feltet.
1'
Då er oppgjeret i gang!
Avspark Start 1. omgang
Laga er på veg ut på bana, og publikum reiser seg.
Lagene er i full gang med sin oppvarming. Nærmer seg kampstart!
Hønefoss med 2-0-1 på sine første tre kampar så langt i si avdeling i Norsk Tipping-ligaen. 6-0 mot Bodø Glimt 2, og 3-0 mot Leknes er fine resultat. Litt værre var det med 1-4 tapet mot Tromsø 2, rett nok på bortebane.
Gjestene er store favorittar i kveld. Naturlegnok, ettersom dei er på det aller øvste nivået i norsk fotball. 1-2-2 er fasiten på deira fem første kampar i Tippeligaen.
Hei, og velkommen til 1. runde i NM-cupen og oppgjeret Hønefoss - Mjøndalen!