TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

Hødd tek alle tre poenga i comebacket deira til OBOS-ligaen! Det vart eit tett affære på Høddvoll. Det var langt mellom finspelet og dei store sjansane, mykje på grunn av godt forsvarsspel i begge leirar. Kampen bar nok preg av at det var opningskamp, med mykje kriging og duellar. Hødd si scoring kom ikkje uventa på dødball. Eit langt innkast blei stussa i eige mål av ein uheldig Fremstad. Raufoss pressa på for utlikning på tampen, men klarde ikkje å trenge igjennom den solide Hødd-muren. Sebastian Eide takkar med dette for følgjet. Ha ein fin måndagskveld vidare!

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+5'
Somesi prøvar å curle ballen inn i det lengste hjørnet, men Alme gjer ei TV-redning og fangar ballen greitt.
90+4'
Ei kanonande med Raufoss-innlegg. Hødd får stanga unna.
90+3'
Bortelaget med ei avslutning frå distanse. Endar dessverre for dei langt utanfor.
90+2'
Spillerbytte
90+2'
Innbyttar Hagbø slår inn, men forsøket går via eit Hødd-bein og inn til Alme.
90+2'
Haruna for seint inn i ei takling på Skotheim og vi får ein ny stopp i spelet. Merkeleg at det ikkje blir gitt eit gult kort der, med tanke på linja domar Støfringshaug har lagt seg på.
90'
Heimelaget evnar ikkje å ha noko eige spel no. Det handlar kun om å rydde opp defensivt.
90'
Minimum 4 minutt tillegg her.
90'
Halvard Urnes ligg nede og får litt hjelp av ein medspelar til å strekke litt på foten. Brukar tida godt no, heimelaget.
90'
Trykket frå bortelaget held fram. Skal bli lange minutt for Hødd, dette!
88'
Bra sjanse for Raufoss! Tidlegare Hødd-spelar Helmersen stig til vers på eit innlegg, men headinga går utanfor mål.
88'
Svenske Rasmus Bonde er for øvrig på lån til Hødd frå AIK.
87'
Spillerbytte
86'
Spillerbytte
86'
Fremstad slår inn i feltet, men Alme kjem ut og plukkar flott. Det endar også med at målvakta får frispark.
84'
Mykje som skjer inne i Hødd si boks no. Raufoss kjem til ein del avslutningar, men heimelaget blokkerer meisterleg.
83'
Hjørnespark
Skir av skallen på ein Raufoss-spelar og ut av farleg område. Gultrøyene beheld ballen.
81'
Spillerbytte
81'
Loris Mettler kjem til avslutning utanfor Hødd sin sekstenmeter, men skotet går via ein motspelar og trillar roleg inn til Alme.
80'
Frispark for Hødd. Kallevåg med eit dårleg treff og ballen dalar ned i klypene til Lauvli.
79'
Nære på at Skotheim og Larsen får kombinert seg gjennom.
76'
Hjørnespark
Godt forsøk av Raufoss! Fremstad kjem først på ballen i feltet, men headinga går utanfor.
75'
Hjørnespark
Finn Scriven på bakerste stolpe, men Hødd-spissen headar ballen over målet.
75'
Hødd vinn ballen høgt i bana, men avslutninga frå Kallevåg går via ein Raufoss-spelar og over. Corner.
74'
Stor sjanse for Hødd! Kallevåg med eit knallhardt innlegg, men ein spelar i blått headar utanfor frå meget god posisjon.
74'
Kallevåg med innlegg.
73'
Spillerbytte
73'
Spillerbytte
71'
Hjørnespark
Hødd får klarert to gongar, før Simenstad avsluttar rett i ein spelar i blått.
70'
Selvmål!
1-0
Heimelaget går i føringa! Sundnes med endå eit langt innkast og ballen blir stussa mot mål av ein Raufoss-spelar. Bortelaget ser ut til å få klarert, men assistentdomaren vinkar av for at ballen har vore over streken. 1-0 til Hødd!
69'
1434 tilskodarar på Høddvoll i dag.
66'
Mettler prøvar å tre igjennom til Fagernes, men Nersveen gjer ein god defensiv jobb og ordnar opp.
65'
Mange frispark og stopp i spelet no. Dårleg rytme på Høddvoll!
64'
Hjørnespark
Urnes forsøker seg på ei slags heading som går langt utanfor.
64'
Haruna får nikka ballen vekk, før Kallevåg får pressa fram ein corner.
63'
Sundnes skal kaste langt igjen.
63'
Skummelt innlegg frå Kallevåg, men Raufoss får rydda unna - nok ein gong.
62'
Lillo og Haruna kjem inn på bana att etter eit lite avbrekk på grunn av samanstøytet.
61'
Hjørnespark
Blir enkelt heada vekk. I tillegg får Raufoss frispark.
61'
Hødd sin nummer 6 kjem seg etter kvart på beina og ruslar utover sidelinja for ei kort pause.
60'
Lillo går i bakken etter eit kraftig samanstøyt. Enkelte på tribuna ropar på straffe.
59'
Sundnes skal kaste langt.
59'
Blir stussa til kast på motsett side.
59'
Dødball til Hødd på 40 meters hald. Kallevåg skal slå inn.
55'
Hjørnespark
Endar utanfor Hødd sin sekstenmeter, men bortelaget får ikkje avslutta skikkeleg.
54'
Hjørnespark
Blir heada unna ved første stolpe. Ny corner.
53'
Scriven er først på eit innlegg frå venstre, men spissen kjem aldri skikkeleg over ballen og headinga går langt utanfor.
51'
Mettler skyt rett i skallen på Scriven. Hødd-spissen går i bakken, men kjem seg opp att.
49'
Mettler og Helmersen står klare igjen.
49'
Hammer skjer innover med ballen og blir tatt litt unødvendig av Scriven. Frispark i bra posisjon for Raufoss.
47'
Gult kort
Kjem for seint inn i ei takling.
47'
Langt innkast for Hødd igjen. Blir klarert.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Hødd-laget står klart på kunstgraset, men vi ventar framleis på Raufoss.
Det står 0-0 til pause etter dei første 45 minutta på Høddvoll. Det har vore ein tett og jamn kamp, der laga har byta på å ha initiativet. Hødd har stått for den største sjansen, men Scriven klarde ikkje å få ballen forbi Lauvli i Raufoss-målet.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Gult kort
Gult kort til Teigen etter det som ser ut til å ha vore klaging på ei domaravgjersle.
45+1'
Frispark til Raufoss. Forbi alle i feltet.
45'
Eitt minutt tillegg.
45'
Hjelmeseth slår rett i fanget til Lauvli. Svakt utnytta av Hødd sin nr 7.
44'
Scriven held godt på ballen, men blir felt av Haruna. Frispark til Hødd i grei innleggsposisjon.
42'
Hjørnespark
Endar til slutt hos Simenstad som avsluttar utanfor frå grei posisjon.
42'
Hjørnespark
Blir klarert til ny corner.
42'
Simenstad slår inn frå venstre, men nok ein gong er Alm der og nikkar kula vekk.
40'
Ein liten stopp i spelet etter at Hødd sin Lillo ligg nede.
37'
Haruna går ned i feltet, og domar Støfringshaug bles frispark.
37'
Hødd har etablert eit nytt press no. Mange dødballar.
36'
Hjørnespark
Blir klarert ved første stolpe.
36'
Endar til slutt med corner.
36'
Frispark for heimelaget. Kallevåg og Hjelmeseth er klare.
31'
Gult kort
Hødd-kapteinen taklar Simenstad veldig seint og får eit fortent gult kort.
28'
Hjørnespark
Rett i klypene til Lauvli.
27'
Helmersen slår inn frå venstre. Alm beinar kula vekk.
26'
Kallevåg kjem til innlegg frå høgresida, men ballen går innom ein Raufoss-spelar og gjer det vanskeleg for Scriven. Utspel frå Lauvli.
22'
Stor sjanse for Hødd! Heimelaget rullar elegant opp, anført av ein strålande jobb av Skeide. Nok ein gong vendar han spelet, og set opp Larsen. Han tek ballen med seg på førsteberøringa og finn ein umarkert Scriven inne i feltet. Avslutninga går rett på Lauvli som er kjapt nede og reddar.
20'
Hjørnespark
Heimelaget ryddar greitt opp.
18'
Hjelmeseth i duell med Haruna, og Hødd-spissen ropar på frispark. Domaren seier nei.
18'
Endar bakerst i feltet hos Kallevåg som skuslar den bort.
17'
Sundnes med nok eit langt innkast. Som corner for Hødd, dette!
17'
Domar Støfringshaug med tilsnakk til Helmersen etter ein situasjon.
15'
Hjørnespark
Mettler slår den knallhardt på mål, men Alme får frispark etter ein situasjon i feltet.
14'
Mettler avsluttar. Nokså ufarleg utanfor mål.
13'
Mettler og Helmersen står klare.
13'
Helmersen blir felt like utanfor Hødd sin sekstenmeter. Dette kan bli farleg.
12'
Raufoss har mykje meir ball no. Hødd ligg med alle 11 frå 35 meter og inn.
11'
Så viser Skeide seg fram. Held unna tre Raufoss-spelarar før han vender spelet med ei presis langpasning.
10'
Litt meir Raufoss no. Teigen kjem seg fri til venstre og får lagt inn, men forsøket går bak målet til Hødd-keeper Alme.
8'
Hjørnespark
Hødd får klarert ut i feltet, der bortelaget får avslutta langt utanfor mål.
6'
Ball i bakrom mot Hjemeseth, men Haruna gjer ein god defensiv jobb og held spissen unna kula.
4'
Lang ball mot Simenstad, men kantspelaren når ikkje tak i kula.
4'
Heimelaget har kome klart best i gang her. Pressar høgt.
2'
Heimelaget får til ei avslutning på mål, men ballen dalar roleg ned i hanskane på Lauvli.
1'
Sundnes med langt innkast.
Avspark Start 1. omgang
Ein spelar å sjå opp for i dagens kamp er Hødd sin juvel på midtbana, Syver Skundberg Skeide. 18-åringen har vore i Hødd sidan han starta opp med fotball, og har allereie signert for ein storklubb. Skeide blei klar for Bodø/Glimt i februar, for så å bli lånt tilbake til Hødd ut 2023. Ein fornuftig deal for alle partar.
Jörgen Wålemark er ny hovudtrenar i Raufoss. Han var assistenttrenar under Christian Johnsen i fjor, og har altså teke over heile styringa etter at Johnsen gav seg etter sesongen. Svensken har mykje erfaring frå eit liv som både spelar og trenar. Førre trenargjerning var i Ljungskile.
Andreas Klausen Helmersen, Adrian Olsen Teigen, Simen Bakkemyr Hagbø, Andreas Østerud, Kodjo Somesi, Jamal Deern Haruna, Loris Mettler og Andreas Hippe Fagereng er nye spelarar i Raufoss denne sesongen. Helmersen er tilbake etter eit utlån i nettopp Hødd.
Torbjørn Kallevåg, Marcus Ellingsen Andersen, Halvard Urnes Sander Munkeby Sundnes, Rasmus Bonde, Bernardo Morgado, Kjetil Holand Tøsse og Marius Alm er blant dei nye spelarane Hødd har henta inn. Alm var for øvrig på ei korttidskontrakt i Hødd i fjor, medan Kallevåg har mange sesongar bak seg i Hødd frå tidlegare.
Begge lag er spådd å kjempe på nedre del av tabellen i følge ulike medie. Dermed blir det viktig for både Hødd og Raufoss å få ein god start på seriespelet. Sidan 1998 har laga møttest 14 gongar, alle på dette nivået. 7-3-4 er statistikken her, i favør Raufoss. På Høddvoll har Hødd vore best med 3-2-2.
Raufoss har på si side vore i 1. divisjon frå og med 2019. Der har dei enda på 11. plass tre gongar. Den beste sesongen var i 2020 då dei kom på ein imponerande 6. plass.
Førre gong tradisjonsrike Hødd var i det nest-gjevaste selskap var heilt tilbake i 2016. Sidan det har klubben vore nære ved å ta steget opp igjen fleire gongar, men det var først i fjor at den då nyansette trenaren Joakim Dragsten fekk dette til.
Hei og velkomen til livedekning av oppgjeret mellom Hødd og Raufoss. Endeleg er det OBOS-liga på Høddvoll igjen!