Oppsummering
Det endar 0-0 på Høddvoll etter ein tett kamp mellom Hødd og Ranheim. Heimelaget la seg djupt og satsa på å nekte motstandaren rom og sjansar, medan trøndarane trilla ball og leita etter opningar. Etter ein times spel gjorde Dragsten nokre offensive byte for å vippe kampen i Hødd sin favør, og med det opna oppgjeret seg opp. Ranheim fann endeleg opningane i mellom- og bakrom, og skapte fleire gode sjansar. Også Hødd kom til nokre farlegheiter, men ingen av laga makta å få hol på byllen. Dermed blei det null scoringar og poengdeling. Sebastian Eide takkar med dette for følgjet. Ha ein fin onsdagskveld vidare!
Referat
Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (0-0)
90+2'
Tønne slår inn, men ballen blir klarert til kast på motsett side.
90'
Bortelaget med eit halvhjarta innlegg som dalar ned i klypene til Alme.
89'
Ranheim trillar ball mot eit lavtliggande Hødd.
86'
Marklund skal inn for bortelaget.
86'
Så er det Frenderup sin tur til å site nede. Er nok ein fordel for bortelaget som har vore på hælane siste minutta.
84'
Blåtrøyene har kome til mange innlegg i løpet av kort tid, men ingen av dei har resultert i sjansar.
83'
No er det Hødd som virkar nærast scoring her.
82'
Tønne finn Alte inne i Hødd sitt felt, men Ranheim sin nummer 8 får eit dårleg treff og forsøket går langt utanfor.
80'
Bonde og Solli går ned i Hødd si boks. Domaren bles, men til heimepublikummet si lukke er det til fordel for Bonde.
77'
Litt trøkk frå heimelaget no.
77'
Greitt forsøk for Hødd! Skeide avsluttar frå utanfor boksa, men Ranheim får blokkert.
73'
Nytt Bye-skot. Via ein spelar i blått og til corner.
73'
Ranheim ropar på straffe etter at ein spelar i kvitt går i bakken inne i Hødd sin sekstenmeter. Domaren vinkar spelet vidare.
71'
Luktar veldig Ranheim-scoring her no. Hødd slit med å tette romma defensivt.
70'
Ny stor Ranheim-sjanse! Kristiansen finn Reginiussen som får tid til å sikte. Skotet går knallhardt via tverrleggar og over.
69'
Langt skumlare for heimelaget no. Ranheim ser veldig kvasse ut i augneblinken og finn rom dei ikkje har vore nære å finne før i oppgjeret.
68'
Rismark prøvar seg frå veldig langt hald. Treff rett på Alme som har få problem med å halde ballen.
67'
Nytt skot frå Bye. Blir umiddelbart blokkert.
67'
Skeide prøvar å drage i gong ei kontring, men Alte gjer ein knallgod defensiv jobb og stoppar forsøket.
66'
1337 tilskodarar på Høddvoll.
66'
Langt meir strekk i Hødd-laget no. Ranheim vinn ballen og kjem på ein overgong, men Hødd får klarert 45-graderspasninga.
64'
Kampens største sjanse! Bye headar flott ned til Alte som bankar til på halvvolley. Han får eit godt treff, men Alme reddar flott.
63'
Tønne slår presist inn, og ballen blir heada vidare inn i feltet. Det ser skummelt ut, men heldigvis for heimelaget vinkar assistentdomaren for offside.
63'
Frispark for bortelaget.
62'
Småfarleg innlegg frå Ranheim. Alme plukkar greitt.
59'
Nok eit skot frå Bye. Svakt treff og utanfor.
59'
Bonde, Kallevåg og Skotheim står klare.
58'
Det ser ut som om Hødd skal gjere eit trippelbytte.
58'
Bendik Bye får avslutta på halvspretten etter at ballen dett ned framføre han. Høgt over mål. Vi ser likevel litt tendensar til at Hødd-spelarane ikkje klarer å flytte bein like raskt no.
55'
Litt meir balltempo frå trøndarane no.
52'
Godt forsøk for Hødd! Frenderup går ut for å bokse kastet, men bommar. Skeide avsluttar via ein motspelar og ut.
51'
Sundnes skal kaste langt.
50'
Sundnes går kun i mann på ein hovudduell, og Ranheim-spelaren blir liggjande. Sundnes er heldig som slepp unna kort, der.
49'
Blir teke kort til Sundnes som slår inn, men innlegget blir stanga unna.
49'
Urnes blir felt og Hødd får frispark 10 meter inne på Ranheim sin halvdel.
47'
Hødd held fram med å leggje seg på 30 meter og inn mot eige mål. Dei har også Kallevåg og Skotheim i bakhand, no som bakrommet nok blir større.
46'
Ingen endringar på nokon av laga, så langt vi kan sjå.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 0-0 til pause på Høddvoll etter ein veldig tam og sjansefattig omgang. Ranheim har hatt initiativet, men slitt stort med å trengje igjennom Hødd-forsvaret. Dei blå har nemleg rydda flott opp bakerst, men samtidig har dei ikkje vist seg fram noko særleg offensivt for heimefansen. Vi får håpe at eit kvarter med kvile gjer at vi får litt meir artig fotball.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+2'
Tønne slår flatt inn, og nokre rugbysperrer gjer at ein spelar i kvitt får avslutta. Forsøket går derimot i ei Hødd-blokk.
45+2'
Alte går i bakken og bortelaget får frispark like ved cornerflagget.
45+1'
Qvigstad prøvar seg frå distanse. Får eit godt treff, men Alme kontrollerer ballen over.
44'
Ranheim med eit sjeldant skot. Alme fistar den over.
44'
Ranheim har store problem med å klare å spele seg gjennom Hødd-muren her. Så langt har tempoet og bevegelsane vore for svake.
42'
Ny avslutning frå Syver Skeide etter ei bra opprulling av heimelaget på venstresida. Ufarleg utanfor på halvvolley.
41'
Skeide er for øvrig ganske kreativ med ball her, men så langt har lagkameratane utnytta det lite.
39'
Ruben Alte med ein ettersleng på Skeide. Lukta gult kort av den der.
39'
Frenderup er iskald i avleveringa som bakerste mann. Slår til hardt pressa medspelarar medan han sjølv har ein Hødd-spelar på seg.
37'
Alte prøvar seg, men avsluttar rett i eigen spelar. Bra fullt i Hødd si boks!
36'
Scriven er det som får behandling på sidelinja.
35'
Har dessverre vore lite flyt i denne omgangen. Mange stopp i spelet.
34'
Skotet går rett i muren. Ein Hødd-spelar blir liggjande.
33'
Frispark til Ranheim på 20-21 meters hald. Kan bli farleg, dette.
33'
Nesten av Tønne finn Bye bak Hødd-forsvaret. Dessverre for han er det ein spelar i blått som får ein fot i vegen.
32'
Så er Morten Gamst Pedersen i oppvarming her. Sist han møtte Hødd var han Alta-spelar.
30'
Qvigstad har kome til mange innlegg frå høgrekanten, men så langt har det ikkje resultert i altfor mykje som har skapt trøbbel for Hødd-forsvaret.
29'
Skeide med avslutning for Hødd. Langt utanfor målet til Frenderup.
28'
Så viser Syver Skeide seg verkeleg fram. Rundlurer ein Ranheim-spelar og set fart framover. Det endar til slutt med corner.
26'
Ranheim er flinke til å vende spelet, men så langt har ikkje det resultert i at dei har kome seg heilt fri frå Hødd-forsvaret.
24'
Hødd med ei bra overgongsmoglegheit, men Hjelmeseth skuslar vekk ballen til ein aggressiv Langås. Forsvarsspelaren set så fart framover, men blir stoppa før det blir verkeleg farleg.
20'
Lillo er faktisk inne på bana igjen. Innbyttar, og potensiell debutant, Bernardo Morgado går og set seg att.
18'
Nok ein gong ligg Lillo nede for Hødd. Her kjem det nok eit innbytte.
17'
Qvigstad prøvar ein stikkar i bakrom til Alte, men pasninga blir for unøyaktig.
16'
Alm stangar vekk ballen.
15'
Frispark til Ranheim midt på Hødd sin halvdel. Erik Tønne står klar.
15'
Det har vore eit ganske tamt først kvarter på Høddvoll. Tempoet har vore lågt, og det er ngen sjansar som er verdt å nemne.
13'
Lillo blir liggjande på grasmatta etter ein duell.
11'
Nytt langt innkast. Går via ein Hødd-spelar og til utspel frå Frenderup.
11'
Hjelmeseth slår frisparket frå midt på Ranheim sin banehalvdel, men kvittrøyene får rydda unna. Hødd beheld ballen.
10'
Nersveen er rutinert og let seg felle av Qvigstad. Dødball til Hødd.
8'
Innkastet endar med ingenting av farlegheiter.
8'
Ranheim har fått med seg Hødd sitt innkastvåpen, og set ein spelar éin meter i frå innkastaren.
7'
Innkast høgt i bana for Hødd. Då ruslar Sundnes fram!
6'
Liten tvil om at det er Ranheim som har initiativet her. Hødd gjer som i tidlegare kampar og satsar først og fremst på å ha kontroll defensivt.
5'
To skotforsøk av Alte og Qvigstad for Ranheim, men begge blir raskt blokkerte.
3'
Hødd prøvar å presse litt høgt, men dett raskt ned på eigen halvdel.
1'
Ranheim sparkar i gong oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
No ruslar dei to laga ut, anført av kapteinane Mads Reginiussen og Sverre Økland.
Då er alt rigga klart for kamp, og det er like før dei 22 utvalde entrar kunstgrasdekket på Nye Høddvoll.
Vi må faktisk tilbake til 2016 for å finne sist Hødd og Ranheim møttest i teljande kamp. Det skjedde i eit oppgjer på Høddvoll der heimelaget vann 2-0 etter to scoringar av Robin Shroot. Totalt har laga spelt mot kvarandre 15 gongar sidan 2001. Utruleg nok er statistikken her 5-5-5. På Høddvoll er tala 3-2-2 i favør Ulsteinvik-laget.
På Ranheim har det blitt gjort ei endring sidan Skeid-matchen. Henrik Loholt Kristiansen er inne til fordel for Simon Marklund.
Med tanke på at det er kort tid sidan førre runde har Dragsten vald å gjere fleire endringar på laget sidan sist. Både Torbjørn Kallevåg og Isak Skotheim startar på benken etter å ha vore toneangivande sist. Det skal ikkje vere snakk om nokon skader i Hødd-troppa.
På plassen over Hødd på tabellen finn vi altså Ranheim, så ein må vel kunne kalle dette eit lite toppoppgjer på Høddvoll? Kåre Ingebrigtsen sitt mannskap opna seriespelet med tre strake eittmålssigrar, før det small skikkeleg i negativ forstand førre runde. På Extra Arena enda det til slutt med 0-4 for Skeid etter at det stod 0-0 til pause. Det er liten tvil om at kaptein Mads Reginiussen og co ønsker å vise seg frå ei heilt anna side i kveld.
Heimelaget Hødd har fått ein imponerande start på returen tilbake til OBOS-ligaen. Mannskapet til trenar Joakim Dragsten ligg i augneblinken på 2. plass etter 2-2-0 og åtte poeng på dei fire første kampane. Mest imponerande var utan tvil 3-0-sigeren over Kongsvinger på bortebane på søndag.
Med unntak av litt vind er det flotte forhold for fotball i Ulsteinvik i kveld. Det er opplett og sola skin i det dei første spelarane har byrja å bevege seg ute på bana.
Hei og velkomen til Høddvoll og oppgjeret mellom Hødd og Ranheim!