Oppsummering
Ein tett og spanande kamp er over, og det endar 1-1 mellom Hødd og Moss. Det er nok eit rettferdig resultat, for begge laga hadde sine gode offensive perioder. Vi måtte vente til det 56. minuttet før vi fekk den første scoringa, då Haugli fekk beina ballen i mål etter ein corner. Etter dette vakna Hødd meir, men det var først i det 84. minutt at utlikna kom. Scriven heada ballen i mål etter eit presist innlegg. Heimelaget frå Ulsteinvik ligg dermed fortsatt på plassen foran Moss på tabellen. Sebastian Eide takkar med dette for følgjet. Ha ein fin laurdag vidare!
Referat
Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+1'
Bra forsøk frå Hødd! Skeide plasserer ballen bra, men Ranmark er nede ved stolperota og får skubba ballen vekk.
90'
Det blir lagt til minimum tre minutt på Høddvoll.
90'
Økland med ein lang ball mot Larsen, men altfor upresist frå den tidlegare AaFK- og Kristiansund-spelaren.
88'
Makasso med frispark for Moss. Slår inn til Braga, men han beinar ballen utanfor.
88'
Hødd inne i ei veldig god periode no. Skal dei gå for alle tre poenga, eller er dei fornøgde med uavgjort?
86'
Larsen kjem seg ned til dødlinja med ballen men pasninga inn foran mål blir blokkert. Corner.
81'
Offensivt byte av Dragsten. Fjorårets toppscorar Hjelmeseth kjem inn for den defensive midtbanespelaren Urnes.
77'
Småpent spel av Hødd. Endar med corner.
75'
Også Aksel Potur står klar til å kome inn for Moss.
75'
Moss ligg komptakte bakover og er flinke til å støte til rett tid. Hødd slit med å spele seg igjennom.
74'
Syver Skeide misser ballen til ein motstandar og riv han over ende. Den innleigde Bodø-Glimt-spelaren må passe seg med tanke på at han allereie har det gule kortet.
73'
Tøsse skjer innover med ballen og avsluttar, men skotet går ufarleg rett på Ranmark.
71'
Etter scoringa er det utan tvil Hødd som styrer spelet her.
70'
Det påfølgjande frisparket blir heada like over mål frå Sundnes. Stor sjanse!
68'
Tøss skal straks inn for Hødd.
66'
Makosso med ei herleg avslutning. Får eit nydeleg treff på volley, men skotet går via ein Hødd-spelar og ut.
66'
Skyt rett i muren.
65'
Alexandersson står klar med frisparket.
65'
Alexandersson og Braga kontrar for Moss, men blir til slutt stoppa ulovleg. Frispark i gunstig posisjon for bortelaget.
62'
Thomas Myhre har gjort klart eit innbyte. Anas Farah Ali står klar.
61'
Sundnes kastar langt inn i feltet, men nok ein gong får Moss ordna opp.
61'
Hødd beheld initiativet her.
58'
Kan Hødd klare å svare her?
55'
Bra kontring av Moss, men Alm får takla unna ballen i siste augneblink.
53'
Bra opprulling av Hødd. Skotheim speler ut til Larsen som slår hardt inn. Dessverre for heimefansen fyk ballen forbi alle i feltet.
52'
Kallevåg prøvar ein frekk stikkar til Skeide, men sistnemnde er ikkje heilt med på den og misser i mottaket. Dårleg utnytta av Hødd.
52'
Frispark til Hødd på 30 meters hald. Kallevåg med fleire står klare.
50'
Ranmark får tilsnakk etter å ha brukt tid på eit frispark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
No er laga på veg ut på matta igjen. Det ser ikkje ut til at verken Myhre eller Dragsten har gjort nokre innbyte.
Det står 0-0 til pause i oppgjeret mellom Hødd og Moss. Det har vore ein jamn kamp så langt, der begge laga har hatt sine gode perioder. Det har vore store sjansar begge vegane, men utan at målvaktene har måtte gjere nokre redningar hittil. Temperaturen blant spelarane var stor i starten, men sidan roa det seg ned. Det er berre å glede seg til 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Håpnes slår inn i feltet, men innlegget går forbi alle.
45'
Hoffmann får avslutta frå skrått hald, men forsøket går utanfor. Ok sjanse, det.
45'
Bortelaget får tak i ballen og set i gong ei kontring. Urnes klarer å stoppe den, men laget i gult beheld likevel ballen.
44'
Sundnes skal kaste langt.
40'
Thomas Myhre set stor pris på spelarane sine når dei er raskt oppi karane i blått. Mangt eit "Yes!" har runga over stadion denne første omgangen.
39'
Svært skummel ballmiss på Hødd. Skeide får ein Moss-spelar i ryggen og rotar vekk ballen. Bortelaget kjem i overtal inn i heimelaget si boks, men Alm stoppar det avgjerande innlegget frå Braga med ei nydeleg blokkering.
37'
Haugli får tilsnakk etter ein duell.
37'
Ok forsøk av bortelaget. Hoffmann får lagt inn frå venstre, men den påfølgjande headinga går utanfor via ein Hødd-spelar. Corner.
34'
Bra forsøk for Hødd! Eit innlegg frå høgre går via ein spelar før det dalar ned på hovudet til kaptein Nersveen. Headinga går svakt over mål.
34'
Det verkar som om begge trenarane har same motepreferansar. Svart joggebukse og overdel og caps er tingen på sidelinja på Høddvoll i dag.
30'
Hellevik Larsen kjem til avslutning etter eit innlegg frå motsett kant, men skotet blir blokkert.
28'
Nære på at Scriven får ein stikkar bak Moss-forsvaret. Hødd-spissen får akkurat ikkje tåa på ballen.
28'
Hødd har hatt ballen lenge i laget no. Moss er kompakte bakover.
27'
Lillo speler fri Skotheim i mellomrommet, men sistnemnde får eit dårleg førstetouch og mistar ballen.
26'
Herleg forarbeid av Braga som kjem seg forbi to Hødd-spelarar og får lagt inn. Dessverre for han er nok ein gong Alm der han skal og beinar unna kula.
24'
Hødd rullar bra opp, men får til slutt frispark imot etter at fleire Moss-spelarar ligg nede.
22'
Braga slår farleg inn, men Alm stangar unna.
22'
Dalar ned i feltet der keeper Ranmark til slutt får frispark etter ein liten dytt.
21'
Frispark til Hødd eit stykke inne på Moss sin halvdel. Kallevåg står klar.
21'
Ranmark held på å rote det til med ei klarering som han sender rett i ein jagande Scriven. Heldigvis for bortelaget får ikkje Hødd avslutta.
20'
Syver Skeide med tunnell på Alexandersson og får stor jubel for det.
18'
Bra med temperatur på bana i starten her i alle fall!
17'
Hødd speler ballen tilbake til Moss og får applaus. Så går plutseleg Kallevåg i bakken i det han spring for å stresse heimelaget litt. Domaren fekk ikkje med seg kva som skjedde der og gir Moss tilbake ballen.
14'
Andresen kjem for seint inn i ein duell med Lillo og stopparen blir liggjande. Domaren stoppar spelet og både spelaraar og støtteapparat sender i veg nokre kraftige gloser.
13'
Alexander Håpnes har fått i arbeidsoppgåve å stille seg framføre Sundnes kvar gong han skal kaste langt. Stopparen klarer likevel å få slengt ballen heilt inn på Moss sin femmeter, men der blir den klarert.
10'
Så langt er det Kråkevingen som har laga mest liv på tribunene. Blåsarane prøvar å svare. I tillegg krinsar nokre måkar rundt og skrik, så det er ein herleg kakafoni på Høddvoll i augneblinken!
8'
Kjempesjanse for Hødd! Heimelaget kjem seg fri på venstrekanten og ballen blir sendt inn i feltet. Frå kort hald klarer ikkje Scriven å sette headinga på mål. Den bør han få meir ut av!
7'
Sundnes med langt innkast. Blir stussa bakover av Alm, men dessverre for heimelaget får den rett i ein motspelar.
7'
Skeide speler fri Larsen til høgre, men innlegget frå backen blir klarert.
6'
Bortelaget har vore flinke til å vende spelet og sete fart framover når dei har fått moglegheita. Thomas Myhre sitt mannskap verkar friske og har fått ein bra start på oppgjeret.
5'
Bra forsøk for Moss! Ein spelar i gult får gitt til ein kollega inne i boksa, men frå kort hald går skotet utanfor Hødd-målet.
3'
Makosso prøvar å chippe ballen i bakrom til ein medpelar, men Andersen i Hødd-buret kjem ut og plukkar kula greitt.
2'
Heimelaget legg seg i sedvanleg stil med alle 11 på 40 meter og inn når Moss har ballen.
1'
Alexandersson med eit skummelt innlegg frå høgre. Hødd-stopparane får klarert.
Avspark Start 1. omgang
I underkant av 20 supporterar frå Kråkevingen har også teke turen til Ulsteinvik. Det set ei ekstra ramme rundt kampen.
Dagens domar er for øvrig Jørgen Haugen frå Kurland. Han blir assistert av Martin Javier Solheim frå Emblem og Johannes Remøy frå Rival.
Kunstgraset blir vatna og det er like før laga kjem ut.
Hødd-spelarane er no ferdige med oppvarminga og småjoggar inn i garderoba for å få dei siste instruksane av Dragsten og co. Bortelaget frå Moss følgjer hakk i hæl.
No er begge laga i gong med oppvarming på Nye Høddvoll. Sola skin, det er lite vind og gode forhold for både spelarar og supporterar!
Thomas Myhre har også endra litt sidan sist Moss var i aksjon. Aksel Potur og Anas Ali er ute til fordel for Sivert Haugli og Sebastian Pedersen.
Joakim Dragsten rullerer som regel ikkje mykje på laget, men gjer ei endring i dag. Marcus Andersen har teke over ansvaret i Hødd-målet, medan Ole Monrad Alme startar oppgjeret på benken. Sistnemnde hadde nokre mindre gode involveringar mot Start sist, så det spørs om det kan vere grunnen til endringa.
Sidan 1993 har dagens to motstandarar møttest 19 gongar. Statistikken her er 8-4-7 i favør Hødd. I Ulsteinvik er tala 6-3-1. Det er med andre ord heimelaga som har brukt å vinne når desse to laga har kjempa mot kvarandre. Siste kamp mellom laga, i 2021, enda med 3-1-siger til Hødd på Melløs. Eit lite unntak frå regelen der altså.
Joakim Dragsten gjekk på sesongens første tap borte mot Start sist runde. Dei måtte til slutt sjå seg slått 4-2, men leia faktisk både 1-0 og 2-1. Thomas Myhre og Moss slo på si side Sandnes Ulf 1-0 etter ei scoring av Sebastian Pedersen i det 85. minutt.
Hødd og Moss har hatt ein ganske lik start på sesongen, og begge har ni poeng etter 2-3-1 hittil. Blåtrøyene frå Ulsteinvik ligg på plassen over på tabellen etter ei scoring meir enn Moss.
Hei og velkomen til livedekning av oppgjeret mellom Hødd og Moss, direkte frå Høddvoll!