Oppsummering
Mjøndalen tek tre sterke poeng i ein nervepirrande kamp! Hødd tok leiinga allereie i det 11. minutt etter ei flott avslutning frå Alfred Scriven. Blåtrøyene heldt på 1-0 lengje, men kort tid etter pause fekk vi ei heilt avgjerande hending. Midtbanemotor Halvard Urnes fekk sitt andre gule kort etter ei stygg takling og Hødd blei reduserte til 10 mann. Og som om ikkje det var nok, så varta målvakt Ole Monrad Alme opp med ei vanvittig tabbe slik at Skistad si svake avslutning trilla i buret. Etter dette forsvarte Hødd seg solid, men i det 87. minutt fekk til slutt Kristian Lien satt inn leiarmålet. Hødd prøvde seg med ein sluttspurt, men klarde aldri å skape noko av farlegheiter. Mjøndalen og Supporterklubben 3050 kan dermed ta med seg tre viktige poeng og klatre litt på tabellen, medan ting ser meir mørkt ut for Hødd. Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet. Ha ein fin kveld vidare!
Referat
Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (1-2)
90+5'
Morgado er litt for tøff i ein duell med ein spelar i kvitt. Bortelaget kan bruke tid på frisparket.
90+5'
Innkast til bortelaget på eigen halvdel. Hødd les av.
90+4'
MIF vinn første duellen.
90+2'
Hødd har flytta opp stoppar Alm i eit siste forsøk på å få utlikning.
90+1'
Mjøndalen er flinke til å la ballen gå no. Hødd slit med å få tak i den.
90'
Tøsse og Hjelmeseth står klare til å kome innpå for Hødd.
90'
Det blir lagt til minimum sju minutt her. Ganske lite med tanke på alle stoppa vi har hatt.
90'
Ball i bakrom til Reuterswärd, men denne gongen får Mulac stoppa han.
89'
Larsen trillar til Skeide som får avslutta frå distanse. Forsøket blir blokkert.
89'
Kan Hødd klare å respondere med 10 mann? Det er i alle fall nok av tid igjen, men det spørs kor mykje krefter som er att.
87'
Kevin Nicol vandrar mykje rundt på sidelinja no.
83'
Så er det Sundnes som ligg nede for Hødd. Kan bli mykje tilleggstid her!
82'
Sondre Skogen prøvar seg med venstrefoten. Langt, langt utanfor.
81'
Love Reuterswärd skjer innover og bankar ballen høgt over mål.
79'
Øverby slår inn frå venstrekanten, men Alme kjem ut og plukkar. Med unntak av den enorme tabba har han vore solid i dag, Hødd sin sisteskanse.
79'
Ovenstad avsluttar inne i boksa etter eit bra veggspel. Over mål frå god posisjon. Bra sjanse, det.
78'
Får tilsyn av lege og spring inn på bana igjen etter ei kort pause.
75'
Ny Hødd-spelar ligg nede. Kallevåg går plutseleg i bakken sjølv om ingen er i nærleiken av han.
75'
Sundnes prøvar å legge inn, men brukar for lang tid og MIF får avverga.
71'
Dobbeltbyte av Hødd. Simen Kvia-Egeskog kjem inn til sin debut etter lånet frå Viking.
69'
Dessverre for heimefansen endar det berre med kast for Mjøndalen.
69'
Hødd kontrar.
66'
Scriven held seg til leggen og blir liggjande.
65'
Øverby legg inn, men rett i beina til Bodø-Glimt-innleigde Skeide.
64'
Kinn hamnar på halvdistanse, men ingen i blått får utnytta det.
64'
Sundnes skal hive ballen inn i feltet.
63'
God bevegelse av Skotheim i bakrom. MIF får gitt til innkast.
62'
Skistad får avslutta igjen. Skeide blokkerer.
60'
Stor sjanse for MIF! Bringaker blir spelt fri bak Hødd-forsvaret, men frå skrå vinkel klarer han ikkje å overliste Alme. God redning av målvakta.
60'
Frå vondt til verre for Hødd altså. Mjøndalen sitt sterke press blir berre tøffare. Hødd bør vere glade om dei får med seg poeng her.
55'
Svært unødvendig av Urnes å pådra seg sitt andre gule kort i den situasjonen. Ballførar var inne på eigen halvdel nede langs sidelinja, og Hødd hadde fleire på riktig side. Dette skal bli tøft for blåtrøyene.
54'
Ovenstad kjem til avslutning med hovudet inne i boksa. Sender forsøket utanfor mål.
51'
Bra opprulling av Hødd. Mange bevegelsar samtidig før det blir slått farleg inn i boksa. Eriksen får beina unna. Corner.
49'
Roleg start på 2. omgang.
48'
Eriksen finn Lien som har sprunge seg fri bak Hødd-forsvaret, men headinga går utanfor mål. Alme har god kontroll der.
46'
Vertane sparkar i gong dei siste 45 minutta.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 1-0 til Hødd over Mjøndalen etter ein artig omgang på Høddvoll. MIF har vore det førande laget i store perioder, men Hødd har også vist seg fram på overgongar og dødballar. Kampens hittil einaste scoring kom ved Scriven etter 11 minutt. Temperaturen er også tidvis høg blant spelarane, og vi har allereie fått tre gule kort. Det er berre å gjere seg klar til ein ny spanande omgang!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+2'
Stor sjanse for MIF! Kristian Lien får avslutta åleine frå straffesparkmerket, og Alme må ut i full strekk for å avverge forsøket. Den bør 21-åringe klare å få i mål.
45+1'
Jansen med ein tydeleg olboge i nakken til Scriven i det dei to ligg i ein krøll på matta.
45'
Det blir lagt til minst fire minutt her. Har vore ein omgang prega av veldig mange stopp i spelet.
45'
Scriven blir sitjande ei stund, men kjem seg til slutt opp att.
45'
Scriven snappar ballen og set fart framover. Er faktisk ikkje langt unna å kome seg forbi to kvite, men gjestane får kroppskontakt og spissen misser etter kvart balansen.
41'
Veldig nære for MIF! Skistad får tid til å plassere ei avslutning, men dessverre for bortelaget går den i tverrleggaren og ut. Like før 1-1 der!
41'
Hødd får ein finfin kontringsmoglegheit, men den avgjerande avslutninga frå Skotheim blir for svak.
38'
Nytt Hødd-frispark. Denne gongen er Sveen syndaren. Kevin Nicol er veldig oppgitt på sidelinja.
37'
Bringaker og Nersveen i duell inne i feltet, og ein dyttande Bringaker får fripspark imot.
36'
Sundnes kastar inn i feltet, men det heile endar berre med at gjestane får frispark.
34'
Der er begge på beina igjen og kampen kan starte.
33'
Skotheim speler i bakrom til Scriven, men keeper Kinn kjem ut for å avverge situasjonen. Det fører derimot til at dei to kolliderer og blir liggjande.
31'
Sundnes kastar heilt inn på femmeteren til MIF, men Kinn kjem ut og plukkar greitt.
30'
Nytt kjempefarleg innlegg frå høgresida til MIF. Denne gongen er det Bringaker som er nære ved å finne Ovenstad inne i feltet, men ein høddfot kjem i vegen.
29'
Tøft press frå bortelaget. På eit tidspunkt her har ballførar Urnes fire kvitkledde rundt seg.
28'
Bra forsøk av MIF! Eriksen kjem seg elegant forbi oppassaren sin og legg tilbake i feltet. Der kjem Ovenstad til skot, men forsøket blir blokkert.
26'
Eriksen kjem raskt rundt på høgrekanten og bankar ballen inn på direkten. Alme får den unna med ei forparade.
26'
Lien kjem først på eit innlegg i boksa, men blir dytta i det han skal heade. Ballen går utanfor mål, og spissen ropar på straffe. Domar Sletner seier nei.
24'
Urnes får tilsnakk etter å ha laga frispark midt på bana.
24'
Sundnes slår inn i boksa på førstetouchen, men gjestane sitt forsvar klarerer.
22'
Bra Hødd-forsøk! Nersveen slår inn frå venstre og Scriven styrer ballen med hovudet på mål. Forsøket går derimot nokså rett på Kinn som fangar ballen greitt.
22'
Skistad kjem til avslutning inne i boksa, men forsøket frå skrått hald blir for svakt og Alme reddar enkelt.
21'
Same kampbiletet som i starten. MIF har ballen, Hødd er kompakte bakover.
18'
Nersveen slår inn frå venstre, men blir felt rett etterpå. Frispark i grei innleggsposisjon.
16'
Kan Mjøndalen svare raskt her? Dei har hatt ein god start på kampen, så det var ikkje etter spelets gang at Hødd tok leiinga.
16'
Hødd hadde trykk over fleire minutt før målet. Ikkje altfor bra forsvarsspel av Øverby som sender ballen i beina på målscorar Scriven.
10'
Hødd har vunne ballen i gunstige kontringsposisjonar fleire gongar allereie, men bevegelsane rundt ballførar har vore for svake.
9'
MIF er flinke til å setje fart i kula når dei har den. Der ligg nok mykje av nøkkelen i å opne det tette Hødd-forsvaret.
9'
Ovenstad avsluttar på halvspretten. Høgt over mål.
8'
Hødd kontrar og Skotheim legg inn frå venstresida. Dessverre for han er det ingen i blått som er i nærleiken.
6'
Kallevåg klarerer dårleg under hardt press, og Arie Jansen kjem til skot på halvvolley. Ufarleg utanfor.
4'
Eriksen slår inn i feltet der Ovenstad sender ballen utanfor på eit slags bakoverspark. Kampens første avslutning.
3'
Innlegg frå venstre, Alm beinar den vekk.
2'
Mjøndalen trillar ball medan Hødd ligg kompakte bakover.
1'
Bortelaget sparkar i gong oppgjeret!
Avspark Start 1. omgang
Herleg innmarsj med gåsehudfaktor! Begge supportergjengane stiller med bluss i tillegg til at den musikkansvarlege hos Hødd treff med låta. No ligg alt til rette for ein knallbra kamp!
Ei fin rame rundt kampen er også at Mjøndalen sin supporterklubb 3050 har teke turen. Minst 30-40 er på plass.
Dagens ballgutar har teke turen heilt frå Valldal, og dei har kombinert oppdraget her med kamp mot Hødd G14.
Dagens kamp blir nok ekstra spesiell for Alfred Scriven og Ole Amund Sveen. Begge har vore innom dagens motstandar tidlegare. Scriven var i Mjøndalen frå 2018 til 2021, medan Sveen var i Hødd frå 2014 til 2016.
Hovuddomar i dag er Stian Røvig Sletner frå Rustad Abildsø Sportsklubb.
Begge laga er i full oppvarming på Høddvoll no. Er nok ikkje lengje før dei ruslar inn i garderobene for ein siste prat.
Kevin Nicol har gjort to endringar på laget sidan førre serierunde. Syver Skaar Eriksen og Mathias Idsøe Bringaker er inne til fordel for Adrian Hansen og Love Reuterswärd.
Joakim Dragsten stiller med dei same 11 som han stort sett brukar å velje. Ole Monrad Alme og Marcus Andersen brukar å rullere på keeperplass, og no er det altså lokale Alme som er inne. Elles kan vi merke oss at nyinnleigde Simen Kvia-Egeskog startar oppgjeret på benken. Han høyrer til Viking, og er på lån fram til sommaren i første omgang.
Totalt har laga møttest 16 gongar sidan 1991. Mjøndalen har vore klart best totalt med 9-2-5. Sist laga møttest var i 2016 då Hødd vann 2-1 her i Ulsteinvik. Elles er det nok mange her i byen som fortsatt er bitre etter 0-2 i kvalifiseringa til spel i Eliteserien i 2013, samt 1-3-tapet i Mjøndalen i siste serierunde den same sesongen. Hødd hadde gått opp til den øvste divisjonen med siger her, men tapte etter fleire kontroversielle domaravgjersler. Mjøndalen måtte på si side vente til 2015 før det blei spel i Eliteserien.
Mjøndalen befinn seg på plassen bak Hødd på tabellen. Laga har like mange poeng, men Kevin Nicol sitt lag har dårlegare målskilnad. Sist seriekamp blei det 1-3 heime for Sandnes Ulf, men bruntrøyene har likevel vunne tre av dei seks siste i serien. Dei tok seg også vidare til 3. runde av NM etter 3-1 mot Strømmen.
Dagens oppgjer i Ulsteinvik blir mellom to lag som sårt treng poeng. Etter ein flott start på sesongen har det gått tøffare for Joakim Dragsten sitt Hødd. Laget har spelt seks kampar utan siger, og rauk i tillegg ut for 2. divisjons-laget Brattvåg i NM tidlegare denne veka. I skrivande stund ligg blåtrøyene på 11. plass på tabellen.
Hei og velkomen til livedekning av OBOS-liga-oppgjeret mellom Hødd og Mjøndalen, direkte frå Høddvoll!