Oppsummering
Det endar 1-1 på Høddvoll etter ein heseblesande slutt! Hødd leia 1-0 etter første omgang etter at keeper Jenssen klarerte ballen i Scriven og i mål. Den leiinga heldt dei på i over 90 minutt, men presset frå Fredrikstad blei til slutt så enormt og ballen enda i mål. At det berre blei to scoringar her skuldast berre at laga var for dårlege framføre motstandaren sitt mål. Spesielt Fredrikstad skapte såpass mange store sjansar at dei burde ha vunne denne kampen klart. Likevel, uavgjort er nok begge lag relativt fornøgd med, trass alt. Sebastian Eide takkar med dette for følgjet. Ha ein fin sundagskveld vidare!
Referat
Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+5'
Her kan det kome endå fleire mål!
90+4'
Ny stor sjanse til FFK like etterpå. Avslutninga går utanfor frå kort hald.
90+1'
Vanvittig press her no!
90+1'
Veldig nære for FFK! Olsen slår inn frisparket og Alme må kaste seg ut og bokse unna, før ein lagkamerat får klarert.
90+1'
Det blir lagt til minimum fem minutt her.
90'
Frispark til bortelaget i fin innleggsposisjon. Olsen står klar.
90'
Morgado vinn både den første og andre duellen, men det endar ikkje med noko farleg for Hødd.
89'
Sundnes skal kaste langt.
89'
Så er Hødd-spelarane ueinige om kven som skal ta eit frispark. Dyrebare sekund for Fredrikstad går.
88'
Begby slår inn og Aukland dett teatralsk inne i feltet i det han forsøket å tilrive seg eit straffespark. Domar Afezi let spelet gå.
86'
Hjelmeseth med frispark. Blir slått bak i feltet der Hødd vinn første duellen. Ballen dett ned framføre Alm, og stopparen prøvar å takle ballen i mål. Det endar med frispark imot.
85'
Williams blir for ivrig og feller Larsen. Hødd kan bruke meir tid.
85'
Laget i kvitt held fram med å trykke Hødd bakover. Brukar tid ved kvar anledning no, høddarane.
83'
1178 tilskodarar på Høddvoll i dag.
83'
Heile fronttrioen til Hødd blir byta ut altså. Men det spørs om Dragsten satsar så veldig offensivt siste minutta her.
80'
Så skal Hødd gjere sine første endringar. Morgano, Hjelmeth og Tøsse står klare.
80'
Begby med flatt og hardt innlegg frå venstre. Alme kjem ned og legg seg på ballen.
79'
Kan Hødd klare å halde heilt inn her da? Bortelaget med eit veldig press.
77'
Både Lillo og Sundnes tek teljing her. Liten tvil om at heimelaget ønsker mange avbrekk i spelet no.
76'
Nok ein gong viser Konté seg fram. Nokre kjappe kroppsfinter før det påfølgjande skotet blir blokkert.
75'
Fredrikstad har berre scora fem mål hittil i OBOS-ligaen, men i dag har det i alle fall ikkje stått på sjansane. Har hatt veldig mange store moglegheiter, men utan å klare å få ballen forbi Alme i Hødd-målet. Dei tilreisande hadde verkeleg fortent scoring her!
73'
Frisparket blir sendt inn til innbytar Konté som headar over mål. Nok ei bra scoringsmoglegheit, det!
72'
Frispark til bortelaget ned ved det eine hjørneflagget. Presise Bjartalid joggar bort til ballen.
72'
To skumle Fredrikstad-innlegg på rappen. Hødd får rydda opp. Er veldig baktunge no, heimelaget.
70'
Olsen kjem til skot, men ballen glir av foten og går ufarleg utanfor.
70'
Innbytar Konté viser seg fram med nokre driblingar og får avslutta, men forsøket går via ein Hødd-spelar før det dalar ned i fanget til Alme.
69'
Hødd ligg med alle 11 på 30 meter og inn no. Fredrikstad trillar ball.
67'
Framleis ingen endringar på laget til Joakim Dragsten, men fleire held seg i gong på sidelinja.
67'
Konte står klar som FFK sitt fjerde innbyte.
65'
Ny, stor sjanse til bortelaget! Johansen får avslutta frå kort hald, men er i ubalanse og sender skotet over mål. Nok ein stor sjanse skusla vekk av FFK-spissen.
65'
Bortelaget får frispark og slår det tidleg i bakrom, men domar Hafezi ber dei ta det på nytt. Den burde han ha latt gå.
62'
Langskot frå bortelaget! Olsen får tid og rom og bankar til frå langt hald. Alme fistar ballen over.
62'
Hellevik kjem rundt på kant og får lagt inn frå høgre, men forsøket dalar berre ned i hanskane til Jenssen.
60'
Stor moglegheit for Hødd! Scriven legg ballen femogførti grader ut til Urnes, men Hødd sin midtbanespelar bankar ballen høgt over mål. Den bør han utnytte betre!
57'
Skeide går i bakken etter duell med Magnusson. Førstnemnde får frispark i det som såg ut til å vere starten på ei god FFK-opprulling.
56'
Urnes får applaus får ei knallhard takling.
54'
Kjempesjanse for Hødd! Sundnes kastar heilt inn på fem meter der Scriven vinn duellen og stussar ballen mot mål. Jenssen får opp ein hanske og får sendt ballen vekk frå mål. Kallevåg får returen i hovudet, men blir såpass overraska at ballen går ut.
53'
Sundnes skal kaste langt.
52'
Godt forsøk av FFK! Rafn slår presist inn til Johansen, men Fredrikstad-spissen set headinga utanfor mål.
50'
Bra sjanse for heimelaget! Skotheim får ballen på halvspretten inne i bortelaget si boks, men treffet er nokså svakt og går rett på Jenssen.
50'
Bra slått innsvingar, men FFK får klarert.
49'
Hødd lukkast med høgt press og får frispark høgt i bana. Kallevåg skal slå inn.
48'
Lillo er på beina att etter ein liten kvil.
48'
Johansen med eit kraftig overfall på Lillo som blir liggjande.
47'
De Lima slår inn får venstre, men Urnes stangar unna.
Start 2. omgang Start 2. omgang
No er begge laga på bana igjen, og vi er få straksar unna 2. omgang!
Det står 1-0 til Hødd over Fredrikstad etter første omgang. Begge lag har hatt gode sjansar, men det er berre Hødd som har fått den i mål hittil. Scoringa kom etter at Scriven pressa FFK-keeper Jenssen i det han hadde ballen i beina. Målvakta brukte altfor lang tid og enda opp med å skyte i Scriven og i mål. Etter dette pressa bortelaget bra på, men utan å klare å få utlikninga. Det er berre å gle seg til dei siste 45 minutta!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45'
Nære på igjen for FFK! Magnusson slår presist inn i Hødd si boks, men Johansen sender headinga utanfor mål.
45'
Bortelaget pressar bra på no.
43'
Stor sjanse til FFK! Alme bommar totalt på eit innlegg og let ballen gå over seg. De Lima får ballen i beina inne i Hødd si boks, men plasserer kula på feil side av målet.
42'
Jenssen rotar i feltet, men ingen i blått får avslutta skikkeleg.
41'
Kallevåg er det som slår inn, men FFK må gje vekk ein corner.
41'
Frispark til Hødd ved kanten av FFK sin sekstenmeter. Kallevåg og Urnes står klare.
40'
Alme er ute og plukkar ballen i duell med Johansen. Hadde ikkje ein spesielt god kamp mot Sogndal sist, Hødd sin sisteskanse, men har vore veldig solid hittil i dag.
39'
Litt for mange piruettar av Skeide som mistar ballen like fort som han først vann den.
38'
Alme slår frisparket langt opp i boksa til Scriven som vinn sin n-te duell i dag. Har vore veldig god på å time opphoppa sine, den 25 år gamle spissen.
37'
Nok eit farleg innlegg frå Metcalfe. Larsen med ein dårleg førstetouch inne i eiga boks, men heldigvis for han er han først på ballen i situasjon nummer to. Får gitt til corner.
34'
Sundnes med langt innkast for Hødd, men bortelaget får klarert.
34'
Har det nok ikkje godt no, Fredrikstad sin keeper. Får eit klapp på skuldra av kaptein Björkström.
29'
Nersveen med innlegg frå venstre, men det blir for langt og høgt og Jenssen kan enkelt kome ut og snappe ballen.
28'
Skeide med ei herleg tofotsfinte i det han fyk forbi Metcalfe. Dessverre for Hødd blir det påfølgjande innlegget stoppa.
26'
Hødd med høgt press, men bortelaget løyser det med å slå langt.
24'
Kjempesjanse for bortelaget! Metcalfe slår inn til Johansen som stangar ballen på mål, men Alme vartar opp med ei kjemperedning. Veldig nære 0-1 der!
24'
Bra opprulling av FFK. Bjartalid finn de Lima med ein stikkar, men eit Hødd-bein kjem i vegen. Corner.
22'
Skeide med avslutning frå utanfor boksa. Får dårleg treff og kula trillar til side for målet til Jenssen.
21'
Godt forsøk av Hødd! Kallevåg legg igjen femogførti grader til Urnes, men skotet frå midtbaneterrieren blir blokkert.
17'
Godt innlegg frå Metcalfe, men ein Hødd-spelar får klarert.
15'
Heimelaget set ballen i mål, men domaren bles frispark imot. Usikker på kva han bles for. Moglegens ein hands på Lillo i det han fekk med seg ballen.
14'
Kallevåg slår inn, men domaren bles i fløyta og gir tilsnakk for noko knuffing.
14'
Scriven vinn ballen høgt i bana, men det er lite bevegelse rundt han. Det heile endar med at han blir felt og får frispark i ok innleggsposisjon.
13'
Heimelaget med ei bra opprulling, men innlegget frå Hellevik Larsen går langt bak mål. Det hadde uansett vore to blå mot sju kvite inne i boksa der, så sjansen for noko farleg var heller liten.
11'
Blåsarane og Mini-Blåsarane gjer sitt for å skape stemning i kampen. Ei gruppe på 7-8 stk har også teke turen frå Fredrikstad, men så langt har det vore nokså roleg frå dei.
10'
Sundnes med ein lang crossar mot Kallevåg inne i FFK si boks. Angriparen vinn første duellen, men der er ingen andre i blått til å ta over kula.
8'
Bjartalid legg inn i Hødd si boks, men Lillo får klarert.
7'
Bortelaget med kampens første avslutning. Ufarleg utanfor.
7'
Kallevåg prøvar å trille vidare til Nersveen som kjem på ein fin overlap, men pasninga frå den tidlegare AaFK-spelaren blir for unøyaktig. Har blitt omskolert frå midtbaneanker til vingback denne sesongen Nersveen, men utan at han heilt har meistra rolla offensivt så langt.
4'
Bjartalid legg igjen til Åsheim inne i Hødd si boks, men sistnemnde klarer ikkje å få gitt ballen vidare.
2'
Heimelaget prøvar å presse høgt i starten her.
1'
Heimelaget sparkar i gong oppgjeret!
Avspark Start 1. omgang
Då har dei 22 som skal starte oppgjeret funne plassen sin på kunstgrasdekket på Nye Høddvoll. Dagens domar Mohammad Hafezi er klar til å straks blåse det heile i gong.
På Fredrikstad har Henrik Kjelsrud Johansen kome inn til fordel for Boubacar Konté. Sistnemnde befinn seg på innbytarbenken.
Joakim Dragsten har gjort éi endring på laget sidan førre kamp. Isak Skotheim er inne på laget til fordel for Kjetil Holand Tøsse.
Hødd og Fredrikstad har møttest 14 gongar sidan 2003. Statistikken her 7-4-3 i favør dagens bortelag. På Høddvoll har det blitt 1-3-2. Hødd sin einaste siger på eige gras kom i 2014 då Robin Shroot og Victor Grodås sørgja for 2-0-siger.
Begge laga er no ferdige med oppvarminga og har gått inn i garderobene for ein siste prat før avspark.
Det har ikkje akkurat sprudla av Fredrikstad heller så langt i sesongen, men Mikkjal Thomassen sitt mannskap ligg på 3. plass med 3-5-0 hittil. Det defensive har vore svært solid, med berre to innsleppte på dei åtte første rundene, men samtidig har dei berre scora fem. Faktisk har dei berre scora to på dei fem siste. Det luktar altså ikkje målorgie på Høddvoll i dag, med tanke på at også heimelaget stort sett har vore solide bakover.
Etter ein god start på sesongen har det vorte litt tøffare for Hødd i det siste. Det nyopprykka laget til Joakim Dragsten var heldige som kom frå det med 0-1 borte mot Sogndal sist, og har berre to poeng på dei fire seinaste kampane i OBOS-ligaen. Ein siger på eigen stadion i dag hadde vore kjærkoment for Ulsteinvik-laget.
Hei og velkomen til livedekning av oppgjeret mellom Hødd og Fredrikstad, direkte frå Høddvoll!