Oppsummering
Det endar med poengdeling her på Høddvoll. Det var ein tett og jamn kamp der Åsane hadde mest ball medan Hødd låg djupe og kompakte bakover og satsa på dødballar og overgongar. Heimelaget tok leiinga i det 10. minutt etter at Sundnes stanga inn eit presis hjørnespark frå Kallevåg. Åsane responderte derimot like etterpå, då Ndiaye utnytta ein grov miss av ein Hødd-spelar og scora sikkert mot Andersen. Etter dette var det få sjansar å spore hjå begge lag, så uavgjort er eit heilt rettferdig resultat. Sebastian Eide takkar med dette for følgjet. Ha ein fin laurdag vidare!
Referat
Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+3'
Landar på skallen til Alm, men ballen går feil veg. Utspel frå Lysgård.
90+3'
Nersveen med frispark midt på bana. Skal slå inn i feltet.
90+2'
Skeide tek med seg ballen fint framover og blir felt, men får ingenting av domar Boddinga. Kast for Åsane i staden.
90'
Det blir lagt til minimum fire minutt her. Det meste tydar på at dette endar med poengdeling.
88'
Grei sjanse for Åsane. Berisha avsluttar via ein motspelar og ut til corner.
85'
Ndiaye kjem til avslutning med hovudet, men forsøket går via ein Hødd-spelar før det dalar ned i hanskane til Andersen.
85'
Åsane har ballen mykje, men det er lite lite bevegelse å spore.
81'
Så plutseleg livnar det til inne i Hødd si boks! Heimelaget får ikkje klarert og Åsane får ballen i god posisjon. Derimot maktar blåtrøyene å blokkere kjapt.
80'
Åsane prøvar seg på nokre innlegg, men som regel blir det barnemat for dei tre staute stopparane til Hødd.
79'
Det er faktisk Hødd som virkar piggast på tampen her. Skal dei klare å ta alle tre poenga?
77'
Skyt langt utanfor frå brukbar posisjon.
77'
Hjelmeseth med frispark.
76'
Greitt forsøk av Hødd. Kallevåg blir spelt fri, men er under så hardt press at avslutninga blir altfor svak.
75'
Sundnes kastar inn på femmeteren. Blir klarert av oransjetrøyene.
74'
Nesten for Hødd etter ein overgong. Kallevåg slår pasning i staden for å forsøke sjølv. Det endar med kast.
72'
Der kjem Strand inn på kunstgrasdekket igjen. Fått seg ein bandasje på eine olbogen.
72'
Imens tek Hødd frispark. Det klarer Åsane å rydde opp i.
71'
Strand blir sendt på sidelinja av domaren. Litt blod på olbogen.
70'
Lite som skjer på Høddvoll no. Ingen av laga som tek altfor store sjansar offensivt.
69'
Knalltøff takling av Berisha på Lillo. Innbyttaren treff Hødd sin nummer 6 i magen.
67'
Frispark for Åsane. Går rett utover sidelinja. Svakt utnytta.
67'
21 år gamle Marcus Andersen kom for øvrig på overgong frå Bodø/Glimt til Hødd i desember i fjor.
62'
Endar med ingenting, men Hødd beheld ballen.
62'
Frispark ved Kallevåg.
61'
Verkeleg ein stillingskrig på Høddvoll i augneblinken. Begge lag bytar på å ha initiativet, utan at dei heile klarer å trengje igjennom motstandaren sitt forsvar.
58'
Sundnes kastar langt. Endar med corner.
56'
Midtstoppar Austevoll prøvar seg frå veldig langt hald. Rett på Andersen som har full kontroll.
54'
Knuffing mellom Nygard og Urnes. Domar Bodding må inn og mekle.
52'
Kallevåg med frisparket. Går for skot frå 17-18 meters hald, skrå vinkel. Til side for Lysgård sitt lengste kryss.
52'
Vingback Nersveen på sin sjeldan visitt framover i bana. Går over ende i duell med ein Åsane-spelar. Frispark.
50'
Nok ein gong forsvarar Hødd seg lågt med lite rom mellom lagdelane. Åsane trillar ball og leitar etter opningar.
47'
Heimelaget prøvar å nå Kallevåg i bakrom, men tidlegare Hødd-spelar Heltne Nilsen ryddar flott opp.
46'
Frispark til Hødd etter ein duell i blåtrøyene si boks.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då er laga på veg ut på bana att.
Det står 1-1 til pause etter ein artig omgang fotball her på Høddvoll. Det fine spelet har kanskje uteblitt, men det har vore bra med nerve og situasjonar. Hødd har forsvart seg kompakt og latt Åsane styre spelet, før dei så har vore farlege på overgongar og dødballar. Heimelaget tok leiinga i det 10, minutt, då Sundnes heada ein corner frå Kallevåg i mål. Åsane utlikna derimot umiddelbart etter rot i Hødd-laget. Ndiaye putta sikkert åleine med Andersen. Det er berre å glede seg til nye spanande 45 minutt!
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
45+3'
Kallevåg slår inn, men Åsane får pirka ballen unna.
45+3'
Hellevik Larsen tek med seg ballen framover og blir felt. Frispark til Hødd på 35-36 meters hald.
45'
Det blir lagt til minimum tre minutt her.
45'
Blir klarert ut i feltet der ein Hødd-spelar berre maktar å sende ein svak volley mot mål. Lysgård har full kontroll.
45'
Nok eit langt innkast ved Sundnes.
45'
Mykje har gått Hødd sin veg siste minutta. Åsane verkar stressa til tider.
43'
Sundnes kastar langt igjen, men Lysgård plukkar.
42'
Nesten for Hødd! Det lange kastet dett nede i feltet, og det er så vidt ikkje ein spelar i blått får avslutta på mål frå kort hald.
41'
Småkaos i Åsane-forsvaret.
41'
Blir stanga unna på streken, men Åsane får uansett eit frispark.
40'
Sundnes skal kaste langt her.
37'
Åsane held fram med å presse her.
34'
Heading langt utanfor av Ndiaye.
34'
Veldig nære på at Skotheim klarer å finne Kallevåg i bakrom etter at Hødd stel ballen. Den tidlegare AaFK-spelarane hadde halve bana å springe på der!
32'
Nok ein gong Åsane som trillar ball og har initiativet her. Hødd ligg kompakte.
31'
Scriven på beina att og spelet er i gong.
30'
Nemnde Scriven ligg nede etter ein samanstøyt. Både Dragsten og Røssland rekk ein peptalk med sine respektive lag.
28'
Stor sjanse for Hødd! Skotheim startar det heile med eit kjapt, langt kast til ein fremadstormande Larsen. Backen løftar ballen inn i feltet der Scriven headar like utanfor frå god posisjon. Nære på 2-1 der!
26'
Fredriksen slår skummelt inn, men Hødd får klarert. Corner.
25'
Sundnes kastar langt. Faktisk hamnar ballen bak mål. Enkelt i publikum som trur det blir scoring der!
24'
Skummelt tilbakelegg til Lysgård, men målvakta får klarert til kast på halvvolley.
22'
Småfarleg av Hødd, Eit bra løp i bakrom av Skotheim gjer at heimelaget kjem til innlegg, men Åsane får klarert.
20'
strand med innlegg frå venstre. Blir plukka greitt av Andersen.
18'
Kallevåg kjem til avslutning for heimelaget, men assistentdomaren signaliserer for offside.
18'
Åsane prøvar å presse høgt, men Skeide tek seg forbi to mann og vender spelet elegant.
17'
Lang ball mot Scriven, men spissen blir avvinka for offside.
13'
Nok eit dødballmål for Hødd altså. 2 av 3 scoringar hittil har kome på dette viset.
10'
Kallevåg slår skummelt inn, men Austevoll får sparka den vekk. Guffen for bortelaget, den.
9'
Frispark til Hødd midt inne på Åsane sin halvdel.
9'
Skeide slår mot Hellevik Larsen i bakrom, men pasninga blir for lang. Utspel frå Lysgård.
7'
Lillo prøvar å finne Kallevåg med ei direkte pasning, men forsøket blir altfor unøyaktig.
6'
Åsane står høgt og trillar ball, men Hødd forflyttar seg bra og har god kontroll.
5'
Strand med eit godt innlegg frå venstre. Blir stanga vekk av Hødd sitt forsvar.
4'
Heimelaget er raskt nede i ramma når Åsane vinn ballen. Ligg med alle 11 frå 30-35 meter og inn.
2'
Hødd lukkast med toppresset sitt, og vinn ballen høgt i bana. Dessverre for dei rotar dei den utover sidelinja like fort.
1'
Lang ball opp mot Schriven, men spissen tapar sin første duell i kampen.
Avspark Start 1. omgang
No kjem laga ut, anført av dagens hovuddomar; Eivind Bodding frå Haga.
Ballhentarane frå Hødd G14 står klare til å ønskje dei to laga velkomne med flagg, så no er det like før dagens 22 utvalde kjem ut på matta.
I Ulsteinvik er det for øvrig strålande sol, men ein del vind.
Dagens match blir spesiell for Åsane sine spelarar Ola Heltne Nilsen og Magnus Bruun-Hanssen. Dei kom til Åsane frå nettopp Hødd før denne sesongen. Begge var faktisk solide dødballscorarar for blåtrøyene. Heltne Nilsen enda med fem på 36 offisielle kampar, medan Bruun Hanssen fekk 10 nettkjenningar på 55 kampar.
Sidan 1993 har Hødd og Åsane møttest 13 gongar. Her er statistikken i Hødd sin favør med 9-1-3. På Høddvoll har Ulsteinvik-laget vunne seks av seks. Sist dei kjempa mot kvarandre var i 2016. Den gongen enda det 1-1 på Myrdal stadion. Torbjørn Kallevåg scora faktisk i det oppgjeret, i det som var hans første periode i Hødd. Geir Andre Herrem putta for Åsane.
Morten Røssland har på side gjort ei endring frå førre runde. Didrik Fredriksen har kome inn for Emil Sildnes. Sistnemnde fekk seg ein smell på onsdag. Elles er Lars Kilen langtidsskadd.
Joakim Dragsten gjer for øvrig ingen endringar frå laget som spelte 1-1 mot Skeid. På benken finn vi blant anna to potensielle debutantar, nemleg nykomaren Bernardo Morgano og det unge talentet Oliver Aske.
Åsane har på si side berre eitt poeng, og Bergens-laget er nok lystne på å innkassere den første trepoengaren her i dag. Laget har opna godt spelemessig, men berre fått med seg 0-0 borte mot Mjøndalen og 1-2 heime mot Jerv.
Nyopprykka Hødd har fått ein bra start på comebacket til det nest øvste nivået i Noreg, og står med fire poeng etter dei to første rundene. Sist blei det 1-1 borte mot Skeid, medan det i serieopninga blei ein knepen 1-0-siger over Raufoss.
Hei og velkomen til livedekning av oppgjeret mellom Hødd og Åsane, direkte frå Høddvoll!