Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet. Ha ein fin kveld vidare!
Avslutningar: 4-14. På mål: 1-6.
Aalesund vinn fullt fortent 3-0 over nabo Hødd og tek seg dermed enkelt vidare til 3. runde av NM. Med unntak av at dei første 10 minutta var jamspelte, hadde ålesundarane full kontroll på det som skjedde. Canadjija, Haugen og Solnørdal scora kvart sitt, og med litt meir utteljing kunne sigeren ha vore endå større. Hødd hadde på si side berre eitt forsøk på mål, og det var heller ikkje av den farlege sorten.
Kamp slutt Slutt (0-3)
90+1'
Faktisk litt meir angrepsvilje frå Hødd no. Men det kjem sjølvsagt altfor seint.
86'
Blir blokkert. Hødd beheld ballen.
86'
Nersveen med frispark i god innleggsposisjon.
85'
Halvfarleg forsøk frå Hødd etter ei frispark av Nersveen. Ballen trillar til slutt utanfor målet til Lansing.
83'
Diaw speler fri Kallevåg som skyt rett på Alme frå bra posisjon. Har gjort mykje bra offensivt i dag, den tidlegare Hødd-spelaren.
82'
Skotheim avsluttar utanfor etter bra forarbeid av Helgesen. Vi ventar framleis på den første gode Hødd-sjansen!
80'
Blir slått mot bakerste stolpe der Bruun-Hanssen prøvar å legge inn, men forsøket blir stansa.
80'
Frispark til Hødd på 40 meters hald.
79'
Nesten 0-4! Kallevåg headar eit innlegg tilbake til Diaw som avsluttar over mål frå god posisjon.
78'
Ung trio på topp for Hødd no! Alle tre avkom til tidlegare Hødd-legender: Geir Televik, Andre Skotheim og Stig Engen.
76'
Straks to nye bytte på Hødd.
73'
Bra forsøk av AaFK! Kallevåg set fart og kombinerer seg fri, men avslutninga blir stoppa av Alme.
71'
Presspelet til Hødd fungerer framleis ikkje. Mykje ein og ein, og AaFK kan enkelt spele seg forbi.
68'
Forbi alle i feltet.
67'
Frispark til bortelaget i god innleggsposisjon. To-tre meter frå hjørneflagget. Moe er klar.
67'
1316 tilskodarar på Høddvoll i dag.
64'
Bruun-Hanssen er heit i toppen og er nære ved å laget både eitt og to frispark i løpet av kort tid. Har gult kort frå før.
64'
AaFK-skot over frå distanse. Stor nivåforskjell mellom laga her.
59'
Ganske jamt utpå kunstgrasmatta no. AaFK har derimot god kontroll, og Hødd har skapt minimalt så langt i kampen.
55'
AaFK-forsøk frå distanse. Alme reddar greitt.
55'
Hjelmeseth står feilvendt utanfor AaFK si boks og dempar ballen til Scriven. Den tidlegare Mjøndalen-spissen bankar ballen høgt over mål.
53'
Stor sjanse for bortelaget! Kallevåg får gå og gå med ballen, og får dermed avslutta frå bra posisjon. Alme kjem derimot ut og får blokkert forsøket.
53'
Brukbart frå Hødd. Nersveen kastar langt inn og kula blir stussa til Hjelmeseth som får sett hovudet på den. Spissen får derimot ikkje noko klem på headinga og Lansing fangar lett.
51'
Benjaminsen kjem til innlegg frå inne i boksa for første gong i kampen. Blir blokkert.
51'
Skeide prøvar å slå inn mot bakerste stolpe, men Scriven og Saunes misforstår kvarandre og ballen går til utspel frå bortelaget.
49'
Bra sjanse til AaFK! Haugen får ballen inne i boksa til Hødd og avsluttar like utanfor frå skrå vinkel. Den hadde aldri Alme rukke.
Start 2. omgang Start 2. omgang
AaFK leiar fortent 2-0 etter dei første 45 minutta av denne 2. runde-kampen av NM. Det var jamt dei første 5-10 minutta, men så har dei oransje teke meir og meir over. Hødd må verkeleg kome ut med ei ny giv etter kvilen om dei skal klare å kome tilbake her. Vi er snart tilbake med 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (0-2)
45'
Småfarleg frå bortelaget igjen, men Hødd får klarert.
42'
Haugen blir nok ein gong spelt fri i bakrom, men blir avvinka for offside.
40'
Hødd prøvar å presse litt høgt, men det blir litt halvvegs og AaFK kan enkelt spele seg ut.
35'
Saunes med eit småfarleg innlegg frå venstrekanten, men Lansing kjem ut og plukkar ballen greitt.
34'
Haugen blir spelt fri i bakrom og Alme kjem ut. Målvakta tek ball og så spelar, så domar Halsen let spelet gå.
32'
Laget til Lars Arne Nilsen held fram med å stå høgt og trille ball. Ser ikkje bra ut for Hødd, dette.
27'
Bortelaget kombinerer fint, men den avgjerande stikkaren frå Haugen til Nordli blir for upresis.
22'
Nesten for AaFK! Bolkan Nordi skjer innover og avsluttar, men skotet blir blokkert.
20'
Hødd-talentet Syver Skundberg Skeide er nære ved å snappe ballen utanfor AaFK sin sekstenmeter, men oransjetrøyene får akkurat rydda opp i tide.
18'
Det spørs om eit tidleg mål i mot var ein del av planane til Hødd-trenar Joakim Dragsten. No får vi sjå kva laget er laga av offensivt!
15'
Haugen er nære ved å kome seg åleine igjennom mot Alme, men Heltne Nilsen gjer ein veldig god defensiv jobb og får hindra spissen.
13'
Bortelaget med ei langpasning som berre dalar ned i klypene på Hødd-målvakt Alme.
13'
Tangotrøyene med meir initiativ no, men Hødd ligg kompakte bakover. Noko dei har gjort gjennom stort sett heile sesongen, der dei berre har sleppt inn 6 mål på 11 kampar.
9'
Kristoffer Barmen med kveldens første langt utanfor. Langt utanfor målet til Ole-Monrad Alme.
8'
Hjelmeseth med innlegg frå venstrekanten, men langt forbi alle i feltet.
5'
Veldig tett i starten her. Begge lag prøvar å vere direkte når dei vinn ballen.
4'
Scriven blir spelt fri i bakrom, men Lansing er vaken og kjem raskt ut og får rydda opp.
2'
Kallevåg skjer innover med ballen, men Nersveen klarerer.
Avspark Start 1. omgang
No kjem begge laga inn på bana, og både Blåsarane og Stormen lagar ei fin ramme med bluss i laga sine respektive fargar.
I NM-samanheng har derimot Aalesund vore best, og dei har teke seg vidare fire av dei fem siste møta. Sist dei kjempa mot kvarandre, i 2015, var det faktisk Hødd som tok det lengste strået. Magnus Myklebust scora kampens einaste mål. PS: AaFK sin Torbjørn Kallevåg kom inn som innbyttar for Hødd i den kampen.
Hødd og Aalesund har møttest 25 gongar sidan 1991. Den statistikken leiar faktisk Hødd, som har vunne 10 av oppgjera. Ålesundarane har vunne 8, medan 7 har enda uavgjort.
AaFK har også hatt eit bra comeback til Eliteserien, og ligg i skrivande stund på 7. plass etter 4-4-3 så langt. Førre runde blei det 2-2 heime mot Våleregna, ein kamp ålesundarane såg ut til å vinne, men to seine VIF-scoringar øydela.
Hødd strevar framleis med å kome seg opp frå nivå 3 i seriesystemet, men har starta årets sesong ganske godt. Laget ligg øvst etter 11 runder, a poeng med Ull/Kisa. Det har blitt eit sju poengs gap ned til lag nummer tre, så det spørs om det ikkje blir desse to som kjem til å kjempe mot kvarandre for å nå opp til 1. divisjon.
Begge kveldens to motstandarar er no godt i gang med oppvarming i form av possesion på lite område. Tenninga virkar å vere på plass!
Vi blir også vitne til ein duell av eit spesielt slag i dag. Nemnde Lars Arne Nilsen har nemleg sin eigen son på motstandarlaget Hødd. Ola Heltne Nilsen trivast, som sin eldre bror Sivert, på fotballbana, og har denne sesongen spelt seg fast inn på laget til nyansatte Joakim Dragsten.
Aalesunds FK har på si side to triumfar. Det første cupgullet kom i 2009 etter ein nervepirrande straffekonk mot fylkesnabo Molde, medan det andre kom i 2011, då Brann blei slått 2-1.
Det er to tidlegare noregsmeistrar som møtest i eit vindfullt Ulsteinvik i dag. Hødd gjennomførte si største bragd i klubbens historie i 2012, då laget slo Tromsø i straffesparkkonkurransen etter 1-1 etter ordinært spel og ekstraomgangar. Mannen som leia Hødd til denne triumfen var ingen ringare enn noverande AaFK-trenar Lars Arne Nilsen.
Hei og velkomen til livedekning av det meget spanande lokaloppgjeret mellom Hødd og Aalesund! Det er klart for 2. runde av Noregsmeisterskapet på Høddvoll!