TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Formlaget Hødd var klare favorittar mot botnlaget frå Haugesund i dag, men nyetrenar Flemming Christensen såg ut til å ha fått litt sving på laget sitt, og den andre trepoengaren på 11 kampar var eit faktum. Oppgjeret var ikkje spesielt velspelt, og spesielt heimelaget viste seg frå ei dårleg side. Vard fekk eit tidleg mål og la seg bakpå, noko dei klarte med glans. Gjestane rykkar dermed opp to hakk på tabellen, medan Hødd vakna brutalt opp frå opprykksdraumane sine. Takk for fylgjet!
Vard Haugesund tek alle tre poenga på Høddvoll!
Kamp slutt Slutt (0-2)
90+5'
Hjørnespark
Ballen trillar framføre mål, men ingen får avslutta.
90+5'
Rekdal slår fint inn frå venstre. Banens beste, Kenneth Nielsen, fangar kula bra - nok ein gong.
90+3'
Hødd slår langt, men lufta er sjølvsagt gått ut av dei blå no.
90+2'
Helland legg frisparket oppå nettaket.
90+2'
Frispark i fin posisjon for Hødd.
90'
Mål!
0-2
Vard Haugensund vinn for første gong sidan 21. april! Bortelaget kontrar og kjem i overtal, og Hødd klarer ikkje å få unna ballen. Ei klarering hamnar utanfor boksa hos Miljeteig, og han plasserer ballen flott i mål. 0-2!
89'
Keeper Nielsen gjer sin første feil i kampen i det han skal ut og plukke. Magnussen får stussa kula framføre dansken, men ingen andre i blått kjem på andreballen.
88'
Vard Haugesund ser rett og slett ut til å klare å ro dette i land. Hødd får til veldig lite framover.
88'
Helland avsluttar med utsida av venstrefoten. Utspel frå Nielsen.
87'
Spillerbytte
87'
Småfarleg! Miljeteig avsluttar, og ballen sprett akkurat i det Lie skal ta imot. Ballen går i skallen på keeperen og bort frå målet.
86'
Kenneth Nielsen er ute og plukkar igjen. Botnsolid debut av Vard Haugesund sin nye keeper.
85'
Magnussen er nære på å kome til avslutning i bra posisjon, men endar i staden med å lage fripark imot.
85'
Simen Grov blir spelt fri i bra posisjon, men i styrkeduellen med Latifu blir han altfor svak og Hødd får utspel.
83'
Nei, sanneleg ser ikkje det ut til at Magnussen skal prøve seg igjen! Ikledd turban denne gongen.
82'
Tobias Nygård Vibe gjer seg klar til å kome innpå her.
82'
Joachim Magnussen blør frå eit sår i hovudet og må nok bytast ut.
79'
Hjørnespark
Ballen dett ut i returfeltet der Latifu brassesparkar ballen over mål.
79'
Ikkje lenge att å spele no. Skal Vard Haugesund ta tre overraskande, men veldig viktige, poeng på Høddvoll i dag?
78'
Hjørnespark
Blir slått lavt inn, og ballen dett ned til Nielsen.
77'
Spillerbytte
76'
Spillerbytte
75'
Rune Ertsås skal inn for Hødd.
74'
Gult kort
Visar knottane i det han jagar ballen.
73'
Spillerbytte
71'
Sandal og Helland kombinerer fint, men avslutninga frå sistnemnde er ikkje bra nok plassert og Nielsen kan fange den greitt.
71'
Grodås prøvar eit skot frå langt hald, men får berre innkast.
70'
Vard Haugesund ligg med alle 11 spelarane inne på eigen halvdel heile tida no. Dei har ikkje skapt ein sjanse sjølv etter kvilen.
69'
Konstant press frå Hødd no, men utan at dei kjem til så mange sjansar.
69'
Nære på at Rekdal og Sandal klarer å spele seg igjennom Vard sitt midtforsvar.
67'
Sandal treff for første gong i dag skikkeleg på ein stikkar, men Helland tek ei finte for mykje og Vard får klarert.
67'
Rekdal går inn på venstre midtbane, medan Magnussen tek over spissrolla.
65'
Spillerbytte
64'
Hjørnespark
Går farleg gjennom feltet før Vard får klarert. Moltu hamrar returen utanfor frå langt hald.
63'
Veldig dårleg periode i kampen dette. Hødd er langt i frå kreative, og klarer ikkje å trenge seg gjennom bortelaget sin mur.
62'
Andreas Rekdal ser ut til å gjere seg klar for å kome innpå for Hødd.
61'
Sandal er ikkje langt unna å sende Standal åleine igjennom, men keeper Nielsen er framleis vaken og kjem ut og fangar ballen.
59'
Magnussen med mykje rom å springe i på venstrekanten, men pasninga frå Grodås er altfor svak og går rett til innkast for bortelaget.
58'
Hødd slit veldig med å trengje igjennom eit kompakt Vard Haugesund-lag.
55'
Gult kort
Heltne Nilsen får ikkje eit nokså opplagt frispark, og då vel lagkamerat Sandal å ta hemn. Ei takling bakfrå resulterer i ei klart gult kort.
54'
Standal stormar framover mot Vard si boks, men får verken ein sjanse eller corner.
54'
Etter ei frisk opning på kampen klabbar det litt meir for heimelaget no.
53'
Grodås slår lavt inn frå venstre. Elvis returnerar den tilbake til avsendaren.
52'
Joachim Magnussen får heada ei langpasning inn i boksa, men ingen andre i blått står klare til å ta imot den.
50'
Magnussen stomar inn i Vard si boks og går i bakken. Publikum ropar på straffe, men domaren gjer nok ikkje altfor gale i å la den passere.
50'
Tre gule kort på få minutt her. Ikkje har det vore snakk om spesielt stygge situasjonar heller. Domar Rafiq har i alle fall lagt ei låg linje.
49'
Gult kort
Også Helland får sjå det gule, etter ein ettersleng.
47'
Gult kort
Også Kapidzic får sjå det gule, sjølv om det ikkje er snakk om stygt spel.
47'
Erik Sandal går for skot på det påfølgjande frisparket, men Nielsen står og ventar og har full kontroll.
46'
Gult kort
Kjem for seint inn i ei takling.
Start 2. omgang Start 2. omgang
No står dei to laga klare.
Vard leiar altså 1-0 over Hødd etter dei første 45 minutta. Ingenting å seie på det, sjølv om ingen av laga har hatt nokon stor kamp hittil. Forhåpentlegvis vil dette utgangspunktet sørgje for ein spanande 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+2'
Vard kontrar, men kjem ikkje til avslutning.
45+1'
Hjørnespark
Endar i ingenting.
45+1'
Nære på 1-1! Helland avsluttar frå distanse, og Nielsen må boksa kula unna. Standal er ikkje langt unna å kome på returen, men bortelaget får renska unna. Corner.
45'
Bra press frå heimelaget no. Helland slår hardt inn frå venstre, men Vard får beina unna.
45'
God sjanse for Hødd! Magnussen avsluttar på bra posisjon, men Nielsen får blokkert forsøket.
43'
Gult kort
Brukar lang tid og får sjå det gule.
43'
Frispark til bortelaget midt på bana.
41'
Hjørnespark
Hødd-spelarane spring mot første stolpe, medan avleveringa frå Sandal går mot bakerste. Utspel frå Nielsen.
41'
Helland skjer utover og avsluttar, men skotet går via ein motspelar og til corner.
41'
Nok ei kjapp vending og avslutning frå Vetle Myhre. Skotet går over målet til Lie, som har kontroll.
40'
Espen Standal blir avvinka for offside. Lite som stemmer for blåtrøyene no.
40'
Törnqvist slår langt opp, men keeper Nielsen ropar at han har ballen og kjem ut og plukkar den.
39'
Grodås med eit elendig innlegg frå venstrekanten. Langt bak mål.
38'
Ikkje mykje offensiv sprut over Hødd no. I augneblinken har Vard Haugesund bra kontroll.
36'
Gult kort
Grodås kjem sekundet for seint inn i ei takling. Den kan nok diskuterast, men det er uansett domar Rafiq som bestemmer her!
35'
Helland prøvar å slå inn, men får berre innkast. Det skal ha sjølv kaste langt inn.
34'
Vindenes slår eit frispark opp mot Hødd sin sekstenmeter. Det endar med utspel frå AaFK-innleigde Andreas Lie.
30'
Bra sjanse for Hødd! Helland chippar ballen inn i feltet, men Standal klarer ikkje å flikke den på mål.
30'
Sandal blir dytta over ende bakfrå. Frispark i fin innleggsposisjon for Hødd.
29'
Nok ei blemme frå Sandal i mellomromet. Hødd sin offensive strateg viser dårleg overblikk og sender ballen feil veg. Det endar med innkast til bortelaget.
29'
Hødd, som har ikkje har sleppt inn mål på tre kampar, gjer det altså mot botnlaget Vard Haugesund. Skal bortelaget ta sin første siger sidan 2. runde-kampen mot Kristiansund?
28'
Favoritten Hødd ligg altså under allereie etter 25. minutt. Dette vil sørgje for eit godt utgangspunkt for offensiv fotball frå no av.
25'
Mål!
0-1
Vard Haugesund går i føringa! Bortelaget har innkast, og ballen blir slått flatt inn framføre mål. Ingen rekk å kome på den før den hamnar hos Myhre, som har ein enkel jobb med å breiside kula inn frå få meters hald.
22'
Frispark til bortelaget i innleggsposisjon. Vindenes slår inn, men Törnqvist stig til vêrs og vinn duellen. Han får også eit frispark.
20'
Tverrleggarskot! Erik Ulland Andersen prøvar seg frå langt hald, og kula dalar og treff metallet før den forsvinn over mål. Der fekk Lie seg ein bra kipp!
19'
Hjørnespark
Rett i klypene til Nielsen. Vard Haugesund sin nye keeper, som har kontrakt fram til 15.7, har vore solid så langt.
19'
Hjørnespark
Bra slått. Endar i ein ny corner.
18'
Helland med innkast. Törnqvist får kjempa fram ein corner.
17'
Dårleg rytme på det heimelaget føretek seg, til trass for mange gode overgangsmoglegheiter. Vard har, med unntak av éin sjanse, ikkje vore mykje på Hødd sin banehalvdel.
14'
Espen Standal ligg nede etter ein duell, men kjem seg på beina att.
13'
Hødd pressar på, men dårlege pasningar og val øydelegg gong på gong. No er det Magnussen som bankar ei avslutning høgt over.
13'
Det er for øvrig assistenttrenar Sindre Eid som leiar Hødd frå sidelinja i dag. Sjefen sjølv, Lars Arne Nilsen, er på trenarkurs i lag med fleire kollegar frå Tippe- og Addecoligaen.
11'
Helland med langt innkast. Bortelaget får klarert, men Hødd beheld kula.
11'
Hødd med nok ein god overgang som blir spolert av ei dårleg pasning. Denne gongen er Magnussen syndaren.
9'
Bra sjanse for bortelaget! Vetle Lunde Myhre vendar kjapt opp utanfor Hødd si boks og avsluttar - like over buret til Lie.
9'
Ein nydeleg crossar frå Grodås til Helland set i gong ein grei moglegheit for Hødd, men nok ein gong er det ei dårleg avlevering frå Sandal som øydelegg.
7'
Erik Sandal kjem seg fri i mellomromet, men stikkaren han så serverer gjennom Vard-forsvaret hamnar berre hos Nielsen.
7'
Liten tvil om at det er heimelaget som har kome best i gong her. Vard sitt forsvar var vidope på den første sjansen til Hødd.
5'
Nære på for Hødd igjen! Eit innkast blir forlenga inn i boksa, og Nilsen får heada på mål. På streken står ein spelar i raudt og klarerer.
4'
Stor sjanse for Hødd! Magnussen kjem seg heilt åleine igjennom, men Nielsen reddar meisterleg i sin første inngripen for klubben.
4'
Sandal prøvar å bryste med seg ballen inn i bortelaget si boks, men mislukkast.
4'
Magnussen og Helland bytar på kantane her. Dermed blir det meir uoversiktleg for bortelaget.
3'
Magnussen slår inn, men Vard får klarert. Det påfølgjande innkastet blir det ingenting ut av.
2'
Vi må sjølvsagt nemne at Hødd sin Pål Andre Helland i dag gjer sin første kamp etter at han blei klar for sin gamle klubb Rosenborg BK. Hødd beheld Helland ut denne sesongen, før han går gratis til Trondheim.
Avspark Start 1. omgang
Hødd skal spele mot høgre i første omgang. Vard skal sparke det heile i gong.
No blir Hødd-hymna 'Liten - men stor' spelt over speakeranlegget på Høddvoll. Laga står klare til å marsjere innpå grasmatta.
I Ulsteinvik er det ok speleforhold. Det er overskya, men opphaldsvêr. Det er litt vind, og temperaturen ligg på 9-10 grader.
Dagens domartrio består av Omar Rafiq, Eivin Hansen og Magnus Tranholt. Christina Westrum Pedersen er fjerdedomar.
Sidan 1992 har Hødd og Vard Haugesund møtt kvarandre 8 gongar. Ulsteinvikarane har gjort det så vidt best, med 4-1-3. Fleira av oppgjera mellom laga har vore for klassikarar å rekne, og det som skil seg mest ut er då Vard vann 8-3 i 1993. Også det siste spelte oppgjeret var ei sjåverdig førestilling. Kampen i 2004 enda med 5-4 til Vard Haugesund. Her på Høddvoll har Hødd vore best med 3-0-1.
Keeperkrisa i Vard Haugesund har ført til at trenar Christensen har måtta henta inn ein ny spelar. Valet fall på landsmannen Kenneth Nielsen, som i dag gjer sin debut for klubben. Dispensasjonen frå dei internasjonale fotballforbundet gjekk i orden, og Nielsen blei speleklar no på fredag. Andre endringar frå forrige kamp er at Alexander Stølås og Jørn Lilleng er ute, medan Barry Kader og Ahyee Aye Elvis spelar i deira fråver.
Hødd-trenarane har gjort to endringar på laget sidan førre kamp mot Elverum (2-0). Fredrik Aursnes og Vegard Heltne har gått ut på grunn av sjukdom , og inn har Joachim Magnussen og Pål Andre Helland kome. Magnussen var suspendert sist, medan Helland sleit med ein slags strekk.
Vard Haugesund er på si side verkeleg i trøbbel som nemnt tidlegare. Laget står med heile åtte strake kampar utan siger, noko som tidlegare resulterte i at hovudtrenar Steinar Lein fekk fyken. Danske Flemming Christensen blei så henta inn i slutten av førre månad, utan at det har gitt umiddelbarte resultat.
Heimelaget frå Ulsteinvik er i bra form om dagen, og karane til trenar Lars Arne Nilsen har tre strake sigrar etter tapa mot Ranheim og Bodø/Glimt. Spesielt imponerande har det defensive vore, og Hødd har halde nullen i dei tre siste kampane, og i seks av 10 kampar totalt.
Nyopprykka Vard Haugesund har som venta fått det tøft i Addeccoligaen, og etter 10 spelte kampar hittil ligg dei på nestsisteplass. Opp til Strømmen på første sikre plass er det 5 poeng. Borte frå Haugesund stadion har dei 1-0-4. Den einaste sigeren kom faktisk borte mot Hødd-nabo Kristiansund.
Hødd har hatt ein bra start på sesongen, og før denne kampen ligg dei på 4. plass med 21 poeng etter 7-0-3 hittil. Heime på Høddvoll har det blitt 4-0-1 så langt.
Hei og velkomen til livedekning av Adeccoliga-oppgjeret mellom Hødd og Vard Haugesund, direkte frå Høddvoll!