TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Hødd vinn 2-0 i ein veldig spanande fotballkamp. Det var berre eitt lag på bana i 1. omgang, og det var fullt fortent at heimelaget leia, etter ei scoring av Andreas Rekdal. Dei siste 49 minutta var totalt annleis, med eit bortlag som hadde blitt vekte i kvilen. Ull/Kisa pressa bra på, og hadde to forsøk i metallet. Men det dei gule ikkje klarde, fekk Hødd til eitt minutt på overtid. Ulland Andersen sendte ei flott frispark forbi muren og i nettet bak Vangen. 2-0, og Hødd er oppe på 3. plass no. For Ull/Kisa sin del er no endå færre kampar å sanke livsviktige poeng på. Takk for fylgjet!
Kamp slutt Slutt (2-0)
90+4'
Gult kort
Kjem for seint inn i Tepuric og får eit greitt gult kort.
90+3'
Spillerbytte
90+1'
Mål!
2-0
Ulland Andersen skyt ballen i mål, men ingen jublar! Vingen plasserer ballen fint i mål, men nesten ingen på stadion oppfattar det, og jubelbrølet let vente på seg nokre tidelssekund. Men 2-0 er eit faktum, og no er kampen avgjort.
90+1'
Det blir lagt til minimum fire minutt her.
90'
No er det Sandal som blir felt. Frispark til Hødd i bra posisjon.
90'
Rosenkilde klatrar på Tepruic og Hødd får nok eit frispark.
88'
For ein sjanse! Giæver slår presist inn, og ein Ull/Kisa-spelar headar ballen i ein boge over Lie og i tverrleggaren. Stor nærare går det ikkje an å kome!
88'
Frispark til bortelaget inne på Hødd sin halvdel. Giæver skal slå langt.
88'
Sandal og Andersen står klare. Sistnemnde slår rett i muren.
87'
Spillerbytte
87'
Tepruic får armane til Kind-Mikalsen i nakken, og Hødd får frispark i bra posisjon.
85'
Spillerbytte
85'
Ihugba med ein soleklar olboge i ansiktet på Aursnes. Domar Steen let spelet gå.
84'
Det er heilt klart bortelaget som har momentum i kampen no.
83'
Nære på at dårleg kommunikasjon i bortelaget sitt forsvar gjer at Standal får ballen på blankt mål. Vangen får til slutt renska unna.
82'
Innbytar Zahid skjer innover og får avslutta. Hødd får blokkert.
82'
Vi er inne i dei ti siste minutta no. Ulideleg spanande på Høddvoll!
81'
Törnqvist stod utsett til i muren og fekk ballen i andletet. Etter ein kort kvilepause kjem han seg på beina att.
80'
Giæver skyt rett i muren!
80'
Det er nok Morten Giæver som skal ta det frisparket. Skal han ordne 1-1?
79'
Gult kort
Feller ein Ull/Kisa-spelar i veldig farleg posisjon.
78'
Kind-Mikalsen ligg nede. Backen kjem seg raskt på beina att når Hødd-faren er over.
78'
Hødd pressar høgt og vinn eit innkast.
77'
Spillerbytte
77'
Hjørnespark
Vangen får fista kula vekk.
77'
Andersen kjem seg inn i boksa og får avslutta. Vangen reddar til corner. Bra sjanse det!
76'
Roleg periode i kampen no. Ingen av laga klarer å ta tak i den.
74'
Suleiman slår nok ein gong inn, men også denne gongen passerer den alle i feltet.
70'
Spillerbytte
69'
Nære på 1-1! Giæver bankar til frå utanfor Hødd sin sekstenmeter og sender ballen rett i stolpen og ut. På returen blir Suleiman avvinka for offside.
68'
Gult kort
Held att ein Hødd-spelar og får det gule kortet etter å ha vore vel eit minutt på bana.
68'
Hødd slit med samhandlinga offensivt no. Laget er ikkje til å kjenne att frå dei første 45 minutta.
66'
Spillerbytte
66'
Brandal prøvar å slå inn frå venstre, men innlegget går via Ulland Andersen og ut.
66'
Suleiman slår inn, men innlegget går forbi alle.
64'
Gult kort
64'
Det gule kortet Espen Standal fekk var for øvrig hans tredje i løpet av sesongen, og det betyr at han må stå over Hødd sin neste kamp, mot Kongsvinger borte.
64'
Kolbjørnsrud prøvar eit langskot. Over mål.
61'
Presset til bortelaget har roa seg no.
60'
Ulland Andersen med frispark. Christiansen stupheadar kula unna.
59'
Stor sjanse for Hødd! Ballen dett ned til Törnqvist i fin posisjon, men midtstopparen viser at han ikkje er ein målscorar av rang og bankar den høgt over mål.
58'
Ingebrigtsen skal kaste langt for heimelaget.
57'
Rollene har totalt snudd på Høddvoll. I augneblinken er det Ull/Kisa som framstår som topplaget.
57'
Dos Santos vinn kula nede ved det eine cornerflagget og slår inn. Lie kjem ut og fangar den.
56'
Suleiman slår inn. Rekdal og Ingebrigtsen får ordna opp i lag.
55'
Suleiman i ein springekonkurranse med Ingebrigtsen. Hødd-backen får frispark og vinn kula. Ull/Kisa sin nr 21 har for øvrig vore svært aktiv etter kvilen.
54'
Giæver med frispark. Slår det inn i boksa der det etter kvart hamnar hos dos Santos. Ull/Kisa sin storscorar får avslutta, men treff dårleg og ballen trillar til utspel for Lie.
52'
Dos Santos vinn endeleg ein duell med Törnqvist, men headinga går til kast for heimelaget.
52'
Ull/Kisa framstår som eit heilt anna lag og har initiativet her. Hødd slit med å hengje med, og har i tillegg sola i andletet.
51'
Hjørnespark
Ein elendig corner frå Giæver som går rett i nettveggen.
50'
Seuleiman jobbar godt og vinn ein corner.
50'
1412 tilskodarar på Høddvoll i dag.
50'
Giæver slår inn i boksa, der dos Santos etter kvart brassesparkar kula utanfor.
49'
Gult kort
Held igjen Christiansen som er på veg framover. Unødvendig av Hødd sin toppscorar.
48'
Morten Giæver prøvar eit uventa skot frå distanse. Ballen går like over buret til Lie, som nok ikkje hadde fullstendig kontroll der.
47'
Ull/Kisa går rett i angrep. Tydeleg at dei har fått beskjed om å yte meir.
46'
Då er vi i gong igjen. Ingen endringar på noko av laga.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Hødd leiar fortent 1-0 etter dei første 45 minutta på Høddvoll. Heimelaget har hatt inititativet heile tida, og skapt dei fleste store sjansane. 1-0 kom ved Andreas Rekdal i det 26. minutt. Det blir spanande å sjå om Ull/Kisa-trenar Roar Johansen har klart å vekke liv i spelarane sine i pausa, for bortelaget treng verkeleg poeng om dagen. Vi gler oss til ein spanande 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
43'
Bortelaget prøvar å setje i gong ei kontring, men Heltne Nilsen gjer ein god defensiv jobbar og snappar kula.
42'
Suleiman set fart og skjer innover, men misser ballen før det blir farleg.
39'
Sandal skyt frå distanse. Utanfor buret til Vangen, som nok har god kontroll.
37'
Hjørnespark
Dett ned til Törnqvist som har plassert seg midt foran mål, men midtstopparen rekk ikkje å få avslutta.
36'
Hjørnespark
Dett farleg ned i feltet, men til trass for at spelarane i blått står i kø klarer ingen av dei å få avslutta. Heimelaget har vore veldig farlege på dødballar hittil.
36'
Ulland Andersen slår ballen farleg inn i feltet, og Vangen må fiste den utanfor. Corner.
35'
Frispark til Hødd i fin posisjon for innlegg.
35'
Törnqvist vinn endå ein duell på det påfølgjande kastet, men denne gongen blir det ikkje noko ut av stussen hans. På tide at Ull/Kisa klarer å fange opp Hødd-kapteinen no. Han har laga veldig mykje trøbbel for dei på dødball imot.
33'
God sjanse for heimelaget! Rekdal speler vegg med Sandal og får tilbake kula. Mannen som allereie har ei scoring i dag avsluttar bra, men Vangen reddar fint.
32'
Ulland Andersen prøvar seg i motsett ende. Han skjer innover og avsluttar svakt på Vangen.
32'
Kind-Mikalsen slår inn frå venstre. Lie plukkar bra.
28'
Utruleg nære 2-0! Nøyaktig lik situasjon som ved 1-0 oppstår, men frå motsett side. Ingebrigtsen kastar, Törnqvist stussar, men på bakerste stolpe, heilt åleine, klarer Ulland Andersen å heade utanfor frå glimrande posisjon. Der burde det ha blitt scoring.
26'
Mål!
1-0
Rekdal sender Hødd i føringa! Innkastet frå Ingebrigtsen blir stussa vidare av Törnqvist, og Ull/Kisa får klarert på streken. Ballen dett ut i returfeltet, og der kjem den nemnte cupfinalehelten stormande, og han bankar kula utakbart i nettaket.
26'
Innkast til Hødd høgt i bana. Ingebrigtsen skal hive langt.
25'
Farleg innlegg inn i Hødd si boks. Ein Ull/Kisa-spelar blir avvinka for offside.
23'
Gult kort
Sparkar vekk ballen etter at domaren har bles, og får eit korrekt, men unødvendig, gult kort.
22'
Sandal får ballen utanfor bortelaget si boks og prøvar eit skot. Blir blokkert til kast.
21'
Langås kjem til avslutning etter eit innlegg frå venstre. Headinga går godt over målet til Lie. Brukbar sjanse, det.
20'
Ull/Kisa har som venta slått mykje langt mot dos Santos og Langås, men hittil har midtstopparduoen Moltu og Törnqvist rydda bra unna framføre eigen keeper.
18'
Standal går på eit langt løp og kjem seg fri på venstrekanten. Medspelarane kjem treigt etter, men når Andersen endeleg er på plass får han ballen. Den tidlegare Vard Haugesund-spelaren skrur kula utanfor buret til Vangen.
17'
Mykje nesten for begge lag her no. Angrep blir stoppa på den siste tredjedelen av bana.
13'
Hjørnespark
Hamnar i returromet der Ulland Andersen lempar den inn igjen. Ein Hødd-spelar blir så avvinka for offside.
10'
Dos Santos kjem til avslutning. Utanfor buret til Lie.
10'
Nære på at Giæver blir spelt fri. Hødd får klarert.
7'
Nilsen held på å rote det til med ei skummel tversoverpasning rett utanfor eigen sekstenmeter. Törnqvist får sklitakla kula unna.
5'
Nære på! Frisparkspesialisten Ulland Andersen slår ballen i tverrleggaren over ein forfjamsa Vangen. Returen går i ein Hødd-spelar og trillar like utanfor. Ikkje langt unna 1-0, der!
4'
Frispark til Hødd i bra posisjon. Ulland Andersen er klar.
3'
Hjørnespark
Redning på strek! Corneren dett ned i feltet og ein Hødd-spelar får avslutta frå kort hald. Forsøket blir stoppa på linja, og heimefansen ropar på straffe.
3'
Ingebrigtsen kastar langt. Ull/Kisa headar unna til corner.
3'
Ein kamp i kampen blir Ull/Kisa sitt spisspar, Steevan Dos Santos og Ole Kristian Langås, mot Hødd sine stopperar Jesper Törnqvist og Steffen Moltu. Spissane har så langt netta 19 gongar i ligaen til saman. Hødd sitt midtforsvar har vore relativt gjerrige hittil, med 23 innsleppte.
1'
Då er vi i gong!
Avspark Start 1. omgang
Ull/Kisa har vunne myntkastet og vel og skifte banehalvdel. Dei skal spele mot høgre i første omgang.
No kjem laga på bana!
Roar Johansen stiller for øvrig med dei same elleve som i førre kamp mot Stabæk. Johansen var ei tilnærma skadefri tropp. Ull/Kisa kom med buss til Ulsteinvik i går, og skal reise med fly heim igjen seinare i dag.
I Ulsteinvik er det strålande vêr. Sola skin, og vinden er ikkje alt for gale.
Dagens domarteam består av Kai Erik Steen, Mads Hagerup-Lyngvær og Erik Hegstad. Torgeir Halsen er fjerdedomar.
Då er laga ute. Som vi ser gjer Hødd to endringar sidan 1-1-kampen mot Ranheim sist. Andreas Lie er ferdig med suspensjonen sin og har kome inn for vikar Jan Lennart Urke. I tillegg er Joachim Magnussen ute av laget. I fylgje uformelle kjelder er det snakk om ein strekk. Inn for han kjem Andreas Rekdal, ein av cupheltane frå i fjor. Rekdal hadde som kjent det avgjerande sparket i straffesparkkonkurransen mot Tromsø i NM-finala. Hødd manglar elles Rune Ertsås (sjuk) og Vegard Heltne (skada).
Hødd og Ullensaker/Kisa har møttest tre gongar tidlegare, og Hødd har vunne ingen av desse. Dei to første oppgjera vann Ull/Kisa 3-1, før det tidlegare denne sesongen blei 1-1 på UKI Arena. Ole Kristian Langås ordna 1-0 etter berre fem minutts spel, men Hødd-kaptein Jesper Törnqvist ordna utlikning og poengdeling heile fire minutt på overtid.
Ull/Kisa har 6-6-11 så langt, og laget har svinga valdsamt i prestasjonane gjennom sesongen. Dei opna blant anna med tre strake tap, før dei seinare gjekk ei periode på seks kampar utan å tape. Dei har 2-0-4 på dei seks siste, og førre runde tok dei ein sterk 2-0-siger heime mot Stabæk. Borte frå UKI Arena har dei 2-3-6, og dei har tapt tre på rad.
Laget til Lars Arne Nilsen står med 11-4-8 hittil, noko som betyr 37 sanka poeng. Det betyr fem poeng opp til Stabæk på den næraste plassen for direkte opprykk. Samtidig skiljer det berre seks poeng frå Ranheim på 3. plass til Fredrikstad på 10. Heime på Høddvoll har Ulsteinvik-laget fått sving på sakene igjen etter ei svak periode, og dei står med tre strake sigrar på eige gras (Bodø/Glimt, Strømmen og Sandefjord). På dei seks siste i ligaen har dei 3-1-2, så forma er grei.
Laget til Lars Arne Nilsen står med 11-4-8 hittil, noko som betyr 37 sanka poeng. Det betyr fem poeng opp til Stabæk på den næraste plassen for direkte opprykk. Samtidig skiljer det berre seks poeng frå Ranheim på 3. plass til Fredrikstad på 10. Heime på Høddvoll har Ulsteinvik-laget fått sving på sakene igjen etter ei svak periode, og dei står med tre strake sigrar på eige gras (Bodø/Glimt, Strømmen og Sandefjord). På dei seks siste i ligaen har dei 3-1-2, så forma er grei.
Laget til Lars Arne Nilsen står med 11-4-8 hittil, noko som betyr 37 sanka poeng. Det betyr fem poeng opp til Stabæk på den næraste plassen for direkte opprykk. Samtidig skiljer det berre seks poeng frå Ranheim på 3. plass til Fredrikstad på 10. Heime på Høddvoll har Ulsteinvik-laget fått sving på sakene igjen etter ei svak periode, og dei står med tre strake sigrar på eige gras (Bodø/Glimt, Strømmen og Sandefjord). På dei seks siste i ligaen har dei 3-1-2, så forma er grei.
Ullensaker/Kisa høyrer definitivt til den siste kategorien, for med berre sju kampar att å spele ligg laget til Roar Johansen ligg i augneblinken på direkte nedrykk. Det er rett nok berre tre poeng opp til Kongsvinger på sikker grunn, men med tap på Høddvoll i dag, samt ein (overraskande) siger til KIL borte mot Stabæk, kan oppgåva fort bli uoverkomeleg. Kampen i dag er med andre ord veldig viktig for Ull/Kisa.
Til trass for at heimelaget Hødd har hatt ein variabel sesong, med 11 sigrar og 8 tap, er dei med i toppen og kjempar om kvalifisering til Tippeligaen. Med unntak av Bodø/Glimt (som Hødd typisk nok slo 2-1 førre heimekamp), har alle laga vore ustabile i år. 1. divisjon manglar i år ein midtdel, noko som betyr at laga anten er involverte i opprykk eller nedrykk.
Hei og velkomen til livedekning av Adeccoliga-oppgjeret mellom Hødd og Ullensaker/Kisa, direkte frå Høddvoll!