TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide og assistent Nikolai Løken Eide takkar dermed for fylgjet for denne gongen. Ha ein fin sundagskveld vidare!
Avslutningar: 12-11. På mål: 5-6.
Heimelaget tek ein heldig, men svært viktig trepoengar mot Ullensaker/Kisa. Hødd var best før kvilen, men makta ikkje å score mål. Det gjorde dei derimot etter ein times spel, då Joachim Magnussen varta opp med ein strålande soloprestasjon. Etter dette tok derimot bortelaget meir og meir over, og det siste kvarteret køyrde dei regelrett over Hødd. Dei klarde derimot ikkje å få ballen i mål, trass i fleire feite moglegheiter. Grunnen til det heitte Jan-Lennart Urke, Hødd-målvakt og kampens store spelar.
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+4'
Hjørnespark
Hødd prøvar å halde på ballen her.
90+4'
Hødd bommar åleine med keeper! Briten kjem mutters åleine med Hagerup, men skyt berre rett på keeperen. Der skal det vere scoring!
90+3'
Hjørnespark
Keeper Hagerup går opp. Skal han score i debuten? Ballen går berre utover sidelinja. Utspel for heimelaget.
90+3'
Dragsnes slår inn, men Torset får klarert.
90+1'
Det blir lagt til minimum fire minutt her. Ein sterk prestasjon av Hødd om dei klarer å stå imot her. Ull/Kisa har køyrd over heimelaget det siste kvarteret.
90+1'
Marcin Burkhardt prøvar seg på ein volley. Godt over målet til Urke.
90'
Shroot blir spelt fri i bakrom, men blir avvinka for offside.
89'
Fredrik Krogstad prøvar seg frå langt hald. Høgt over mål.
89'
Ikkje langt unna igjen for Ull/Kisa! Ballen blir lempa inn i feltet, og Urke må reagere raskt for å hindre ballen i å gå i mål. Akkurat no er det Jan Lennart Urke mot Ull/Kisa her på Høddvoll!
87'
Spillerbytte
87'
Hjørnespark
Endar med null og niks. Bortelaget beheld kula.
87'
Nok eit bra forsøk av bortelaget! Solberg avsluttar frå langt hald, men Urke reddar Hødd nok ein gong.
86'
Wrele med ei vill takling inne i eiga boks. Domar Hauge vinkar spelet vidare.
84'
Ull/Kisa kjem til gong på gong på Hødd si venstreside. Ufatteleg at bortelaget endå ikkje har scora på Høddvoll i dag.
82'
Hjørnespark
Endar til slutt med at Braaten får stå heile åleine og avslutte. Visekapteinen sender ballen derimot utanfor frå veldig god posisjon.
82'
Nære på for bortelaget igjen. Hødd får blokkert til corner.
81'
Ikkje lengje att å spele, men bortelaget nærmar seg. Har skapt fleire gode sjansar dei siste minutta.
80'
Hjørnespark
Corneren endar i mål, men domar Hauge bles frispark for Hødd. Såg ut til å vere ei grei avgjersle.
80'
Nesten for Ull/Kisa igjen! Burkhardt avsluttar på frispark frå veldig langt hald og Urke må ut i full strekk for å hindre ballen i å gå i mål.
79'
Nok ein gong kjem bortelaget enkelt til på høgresida si. Innhoppet til Hødd sin Vestvatn har ikkje vore av det heilt heldige slaget i dag.
77'
Godt forsøk av bortelaget! Krogstad avsluttar på halvvolley, men forsøket går like til side for mål. Har kome veldig lett til på Hødd si venstreside i dag, gjestane.
76'
Shroot avsluttar rett på keeper etter bra Hødd-spel. Har ikkje finjustert siktet i dag, den tidlegare Stevenage-spelaren.
76'
Kan Ull/Kisa klare å kome tilbake her? Eit kvarter sidan dei siste skapte ein sjanse.
74'
Spillerbytte
74'
Ulland Andersen avsluttar etter eit brukbart angrep. Skotet går derimot midt på mål.
72'
Hjørnespark
Endar på nettaket. Svakt slått av Andersen.
72'
Sereba avsluttar via foten til ein motspelar og ut. Corner.
71'
Karlsen kjem for øvrig inn til sin tredje ligakamp for sesongen. Den andre som innbytar.
70'
Spillerbytte
70'
Michael Karlsen står klar til å kome innpå for heimelaget.
69'
Heimelaget kjem i angrep med fleire spelarar, men Sereba øydelegg det heile med ei svært svak pasning.
67'
Sereba gjer ein god defensiv jobb og hindrar Dragsnes i å kome laus på sida.
65'
Hjørnespark
Moltu får klarert foran eigen keeper.
65'
Skaasheim med ei avslutning. Ein meter utanfor stolpen til Hagerup.
64'
Veldig nære at Shroot kjem åleine igjennom. Blir sprunge opp og misser kula.
63'
Hjørnespark
Endar hjå Urke som boksar unna.
62'
Hjørnespark
Veldig farleg slått. Ballen går derimot forbi alle i feltet.
61'
Spillerbytte
61'
Stor sjanse for bortelaget! Ein Ull/Kisa-spelar kjem plutseleg åleine igjennom, men Urke vartar opp med ei god redning.
61'
Joachim Magnussen er dermed oppe i tre ligamål denne sesongen. I tillegg har han tre scoringar i cupen.
60'
Krogstad med frispark for gjestane. Endar i nevane til Urke.
58'
Mål!
1-0
Soloshow på Høddvoll! Joachim Magnussen ser ut til å ha rota seg vekk utanfor Ull/Kisa sin sekstenmeter, men så plutseleg set han fart og dreg seg inn i boksa. Frå skrå vinkel avsluttar han via stolpen og i mål. Fortent leiing til Hødd.
58'
Med Torset inn på bana har Wrele blitt flytta ned som midtstoppar. Posisjonen han har hatt i dei fleste kampane denne sesongen.
56'
Spillerbytte
56'
Magnussen blir spelt fri av Andersen, men blir avvinka for offside. I tilfellet av det hårfine slaget.
55'
Wembangomo må ein tur ut på sidelinja for å få behandling.
54'
Stor sjanse for bortelaget! Truls Jørstad kjem til avslutning frå veldig god posisjon etter ei pasning femogførti grader ut i feltet. Kapteinen klarer derimot ikkje å treffe målet.
54'
Noko umotivert over Hødd sitt angrepsspel no. Verkar ikkje som om nokon i blått verkeleg har trua på å score.
51'
Hjørnespark
Endar til slutt med at Ulland Andersen avsluttar langt over mål. Svakt forsøk.
51'
Frispark til Hødd i god innleggsposisjon. Andersen treff berre Jørstad. Får corner.
50'
Kjempesjanse for Hødd! Robin Shroot får ei veldig god moglegheit til å score etter å ha blitt nydeleg frispelt av Andersen. Hagerup reddar det den første avslutninga meisterleg, før returen blir sendt høgt over mål.
48'
Veldig nære for bortelaget! Christian Aas kjem til avslutning etter at innbytar Vestvatn rotar, men Ull/Kisa-spelaren avsluttar like utanfor.
47'
1.682 tilskodarar på Høddvoll i dag.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 0-0 etter dei første 45 minutta her på Høddvoll. Hødd har nok hatt eit lite overtak og dei har også vore klart næraste scoring. Både Ulland Andersen og Shroot har hatt kvar sin store sjanse, men ingen av dei klarte å få ballen i nettet. Forhåpentlegvis opnar kampen seg endå meir etter kvilen. Begge laga ligg under nedrykksstreken, så tre poeng er absolutt nødvendig for både Hødd og Ull/Kisa.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Bortelaget kontrar etter ei stygg sleiv av Skaasheim. Endar til slutt med at Wembangomo får klarert.
42'
Hjørnespark
Moltu er på pletten igjen og stangar unna. God kamp så langt av Hødd sin nummer 2.
42'
Ikkje langt unna at Urke finn Ulland Andersen med ei klarering i bakrom. Den tidlegare Vard-spelaren blir derimot vinka av for offside.
40'
Ulland Andersen slår i bakrom, men Shroot møter. Dårleg rytme ved Hødd-angrepa så langt i kampen.
38'
Bortelaget med eit skotforsøk. Urke held enkelt ballen.
35'
Sjølstad prøvar seg frå veldig langt hald. Eit godt stykke utanfor.
34'
Lite rørsle i Hødd når dei har ballen. Ull/Kisa har eigentleg grei kontroll her.
32'
Skrekkeleg tilbakespel av Aasbak. Er veldig nære ved å gje bortelaget ei god sjanse.
31'
Veldig nære på at Magnussen blir spelt åleine igjennom. Ein Ull/Kisa-spelar får ei tå på ballen i siste sekund.
30'
Shroot slår inn frå venstre, men keeper Hagerup plukkar greitt.
27'
Nære på for Hødd! Sjølstad set fart og passerer ledd før han på heldig vis får tredd ei pasning igjennom til Shroot. Briten prøvar eit hurtig skot, men sender ballen til side for mål. Kampens største sjanse hittil.
23'
Går farleg inn i boksa frå Ulland Andersen, men ingen i blått får avslutta. Ull/Kisa prøvar så ein overgang, men det endar berre med eit svakt innlegg som Urke fangar enkelt.
22'
Hjørnespark
Endar etter kvart med frispark til Hødd i god innleggsposisjon.
21'
Stor sjanse for Hødd! Sereba treff endeleg og finn Ulland Andersen på veg inn i boksa. Det påfølgjande skotet går via eit Ull/Kisa-bein og til corner.
20'
Hjørnespark
Blir teke kort før Sereba får den tilbake og sender ballen til kast på motsett side. Dårlege avleveringar frå den tidlegare Follo-spelaren hittil i kampen.
20'
Skaasheim prøvar å slå inn. Via ein motspelar og til hjørnespark.
19'
Heimelaget er framme på ein visitt, men Shroot vegrar seg for å skyte og i staden endar det berre med at ei vanskeleg pasning går utover sidelinja.
17'
Ull/Kisa har vore mest toneangivande i starten her. Ingen av laga har derimot kome til gode sjansar endå.
17'
Hjørnespark
Endar med ei heading som går utanfor.
17'
Nicolay Solberg kjem seg heilt inn i boksa med ballen, men treff ikkje på innlegget. Får likevel corner.
16'
Blåsarane gjer sitt for å lage liv på kortsida si. Elles er det som vanleg nokså vanleg stille på hovudtribuna.
15'
Sereba med eit elendig innlegg frå høgresida. Langt bak mål.
14'
Hjørnespark
Forbi alle i feltet. Endar til slutt med innkast for Hødd.
14'
Andreasson skyt via ein Hødd-spelar og til corner.
13'
Småskummelt inne i Hødd si boks etter ein dødball. Langås chippar ballen inn foran mål, men Moltu ordnar opp i det han vinn ballen og så får frispark.
11'
Jørstad prøvar seg frå distanse. Rett på Urke som enkelt held ballen.
10'
Langås i aksjon igjen. Sender eit innlegg inn i boksa som Moltu klarerer.
9'
Ole Kristian Langås ropar på straffe etter at han meiner at ballen gjekk i ei Hødd-hand inne i boksa. Domar Hauge vinkar uansett spelet vidare.
8'
Overraskande mykje rom mellom Ull/Kisa sitt forsvar og midtbane i opninga her. Hittil har ikkje Hødd klart å utnytte det.
5'
Heimelaget med ei potensiell kontring, men samhandlinga mellom Shroot og Magnussen blir for svak.
4'
Steffen Moltu er for øvrig inne på Hødd-laget igjen ettersom Wrele har blitt flytta fram på midtbana.
4'
Andreasson befinn seg plutseleg åleine inne i Hødd si boks med ballen, men nok ein gong er Moltu på pletten og stoppar Ull/Kisa sin nummer 10.
3'
Jesper Andreasson med eit frispark inn i Hødd si boks. Moltu klarerer både ein og to gongar.
2'
Stefan Hagerup i aksjon for første gong i det han må rykke ut og snappe ballen framføre beina på britiske Robin Shroot.
1'
Hjørnespark
Blir teke kort før Ulland Andersen mislukkast med eit innlegg.
1'
Shroot vinn kampens første corner.
1'
Heimelaget med avspark.
Avspark Start 1. omgang
Steinar Hauge er kveldens domar. Han representerer Bjarg IL.
Hødd må unnvere Torbjørn Kallevåg i dag. Han fekk sitt tredje gule kort sist og sonar altså i dag. Vegard Heltne og Magnus Myklebust er heller ikkje med i troppa.
Ull/Kisa har skadetrøbbel på målvaktfronten, og det har ført til at dei har henta Sogndal-spelar Stefan Hagerup. 22-åringen debuterer heilt bakerst for Ullensaker-laget i dag.
Bortelaget har blant anna tidlegare Hødd-spelar Espen Standal på skadelista framføre denne kampen. Det var tungt for ørstingen på slutten i Ulsteinvik, men han vil uansett for alltid stå oppført i klubben sine historiebøker ettersom han har scora klubbens første (og hittil einaste) mål i Europa League.
Dagens to motstandarar har møttest seks gongar sidan 2012, alle i 1. divisjon. Totalt sett har det vore jamt, og statistikken er 2-2-2. Ull/Kisa vann begge oppgjera i 2012, men etter det har Hødd hatt litt meir kontroll. Sist dei spelte her på Høddvoll blei det 4-0-siger til blåtrøyene. Robin Shroot blei den store helten med hattrick.
Ullensaker/Kisa har kanskje klart seg som forventa etter returen til 1. divisjon, og ligg på plassen foran Hødd på tabellen. Begge dagens motstandarar har fem poeng hittil, men Ull/Kisa har mindre dårleg målskilnad. Laget til Vegard Skogheim fekk derimot ein kraftig opptur på 16. mai, då opprykksfavoritten Mjøndalen blei smadra heile 5-1.
Det er ein kamp mellom to foreløpige botnlag vi blir vitne til i dag. Heimelaget Hødd har skuffa stort hittil under den nye trenaren Hans-Erik Eriksen. På dei åtte første seriekampane har det berre blitt éin fattig siger, i tillegg til to uavgjorte. Laget rauk også ut av NM på overraskande vis mot Brattvåg frå nivå tre.
Hei og velkomen til livedekning av det spanande oppgjeret mellom Hødd og Ullensaker/Kisa, direkte frå Høddvoll!