TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Hødd går på nok ein smell, medan Ullensaker/Kisa sin opptur held fram. Heimelaget ligg framleis på nestsisteplass, medan dei gulkledde no ligg på den eine plassen for direkte opprykk! Begge lag hadde sine periodar og sjansar, og 1-3 gir nok ikkje eit heilt korrekt bilete av kampen. Likevel, Kisa var mest skjerpa i begge endane av bana, og dermed var det lite å seie på at dei også vann. Takk for fylgjet, og ha ei flott 17. mai-feiring i morgon!
Kamp slutt Slutt (1-3)
90+4'
Frispark til Hødd midt på Kisa sin halvdel. Lala vinn duellen inne i boksa, men stussar berre bak til Origi.
90+3'
Lala går i offside på eit lang oppspel. Det var nok siste sjanse.
90+3'
Dette endar nok med endå ein sterk Ullensaker/Kisa-siger.
90+2'
Hødd har ballen konstant, men skapar svært lite.
90+1'
Utspel frå Origi.
90+1'
Helland dreg seg innover og avsluttar ufarleg i nettveggen.
90'
Hjørnespark
Blir heada unna ved første stolpe.
90'
Helland treff dårleg, men får ein corner.
89'
Helland med frispark. Skal leggast inn i boksa.
89'
Gult kort
Får det for protestar.
88'
To gule kort
Kjem for seint inn i ei takling på Lala.
87'
Utspel frå Nyland. No hastar det for Hødd.
87'
Frispark til bortelaget. Blir tatt kort.
87'
Er farleg slått, men blir klarert rett foran nasa på Origi.
86'
Helland med frispark. Skal slåast inn i boksa.
86'
Hødd har framleis initiativet, men slit med å kome til sjansar.
84'
Gult kort
Sparkar bort ballen.
84'
Standal prøvar å stusse til Lala, men ballen glir av hovudet på spissen.
83'
Holmen med innkast. Endar til slutt med ei svak avslutning som går nokre meter utanfor.
82'
Helland med innkast. Endar med eit innlegg som går rett i armane på Origi.
81'
Spillerbytte
81'
Lenge sidan Ullensaker/Kisa har vore på visitt no. Forståeleg nok, ettersom dei leiar med to mål.
80'
Nok eit svakt innlegg frå Helland. Forbi alt og alle.
79'
Hjørnespark
Kazeem med saksespark. Like over mål!
79'
Eitt litt laber periode i kampen no. Lufta har gått litt ut av Hødd.
77'
T. Jørstad med frispark. Dårleg slått, og forbi alle.
77'
Kazeem med eit tidleg innlegg. Blir stoppa.
76'
Sandal med ein liten stikkar til Standal. Spissen blir pressa og får ikkje tak i ballen.
75'
Fredrik Aursnes prøvar seg fra 18-19 meter. Like over mål.
74'
Spillerbytte
74'
Sandal prøvar seg på halvvolley frå distanse. Origi har god kontroll.
73'
Mykje Hødd no. Ullensaker/Kisa ligg kompakte bakover.
73'
Latifu prøvar eit slags skot frå 35 meter. Langt utanfor.
72'
Langt frispark i Hødd si boks. Andresen vinn duellen, men headinga går rett på Nyland.
71'
Helland har bra med tid på å slå eit innlegg, men trøndaren slår det likevel langt bak mål.
70'
Frisparket blir slått hardt inn, men bortelaget får klarert.
69'
Spillerbytte
69'
Helland står klar.
69'
Hødd vinn innkast høgt i bana. Aursnes vinn frispark like etterpå. Eit par meter frå cornerflagget.
68'
Gult kort
Får sjå det gule på grunn av drøying av tida.
66'
Spillerbytte
65'
Det er verkeleg Hawaii-fotball på Høddvoll i augneblinken. Her kan alt framleis skje.
64'
Hjørnespark
Bortelaget stangar unna.
64'
Spillerbytte
64'
Gult kort
Får kortet for protestar.
63'
Hødd vil ha straffe! Domar Hansen seier nei.
62'
Hjørnespark
Blir tatt kort, og Latifu får to sjansar. Begge blir blokkerte innanfor boksa.
62'
Mykje bra og tilbake her no. Hødd med initiativet. Kisa er livsfarlege på overgangane.
62'
Bortelaget med kontring, men forsøket blir stoppa før det blir verkeleg farleg.
61'
Hjørnespark
Origi boksar unna.
61'
Nære på for Hødd. Aursnes og Kazeem kombinerer flott, men førstnemnte får berre ein corner ut av det.
59'
Nyland reddar straffa frå Moen! Denne gongen vel keeperen rett hjørne, og når straffa ikkje er altfor hard eller velplassert får han fingrane på den.
59'
Straffe!
Moltu hoppar inn i ein Kisa-spelar og lagar straffe.
58'
Mål!
1-3
Hødd får endeleg hol på byllen! Spissen dreg seg innover og avsluttar i det lengste hjørnet.
57'
Langt innkast frå Holmen. Rett i klypene til Nyland.
57'
Sandal får ballen utanfor Kisa si boks, men mistar kontrollen og Origi får overteke.
56'
Latifu slår inn, men innlegget blir enkelt stanga unna.
55'
Holmen med eit farleg innlegg i Hødd si boks. Går forbi alle og til utspel frå Nyland.
54'
Aursnes prøvar å slå inn, men finn berre gulkledde.
52'
Mål!
0-3
Soltvedt får ballen på bakerste stolpe og sender i veg eit slags brassespark som snik seg inn i det eine hjørnet. Dette byrjar å sjå stygt ut for Hødd.
52'
Hjørnespark
52'
Bortelaget kontrar, og Hansen prøvar å slå inn. Endar i corner.
51'
Aursnes header unna, men Hødd får likevel utspelet.
51'
Holmen med langt innkast.
50'
Mål!
0-2
Sender Nyland til venstre og ballen midt i mål.
49'
Gult kort
Feller Holmen som er på veg igjennom.
49'
Straffe!
46'
Hødd ut i 100 her. Heltne prøvar å slå femogførti grader ut, men forsøket blir blokkert.
46'
Då er vi i gong igjen!
Start 2. omgang Start 2. omgang
No kjem laga på bana!
Ullensaker/Kisa leiar 1-0 etter scoring av Kim Holmen. Bortelaget var best dei første 20 minutta, men den siste halvdelen tok Hødd meir og meir over. Men til trass for fleire gode sjansar klarde ikkje blåtrøyene å kome a jour. Vi ser fram til ein spanande 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+3'
Origi skal slå langt. Endar i offside.
45+2'
Gult kort
Taklar hardt, men treff ballen. Får likevel kort.
45'
Hjørnespark
Dobbeltsjanse for Hødd! Moltu får to forsøk, men begge blir stoppa på streken. No hadde verkeleg heimelaget fortent mål her.
43'
Heltne står klar. Går forbi alle og til utspel frå Origi.
43'
Hjørnespark
Blir klarert, før Hødd får frispark i bra posisjon.
42'
Hjørnespark
Finn Moltu på bakerste stolpe, og stopparen headar den inn i feltet igjen. Nok ein corner.
42'
Sandal med farleg frispark. Endar i corner.
42'
Brandal med ein tunnel på Hansen før han blir obstruert. Frispark.
41'
Farleg stuss i Hødd si boks, men Holmen er ikkje kjapp nok.
40'
Heimelaget rullar opp, men pasninga inn i boksa kjem for seint, og Aursnes har sprunge i offside.
39'
Hjørnespark
Rett i nevane på Origi.
38'
Stor sjanse for Hødd! Erik Sandal får tid og rome frå 16-17 meters hald, og berre eit tigersprang frå Origi hindrar utlikning.
37'
Hødd rullar bra opp. Ender med innkast høgt i bana for bortelaget.
35'
Hødd pressar framleis bra på, men samtidig er Ullensaker/Kisa veldig farlege på kontringar.
33'
Hjørnespark
Er farleg slått, men Hødd klarer ikkje å kome til ein klar sjanse.
33'
Hødd rullar bra opp. Standal skyt via ein motspelar og til corner.
33'
Heltne lurar av ein Kisa-spelar og slår ballen inn i boksa. Der endar det med frispark til bortelaget.
31'
Bra trykk frå Hødd no!
31'
Brandal slår inn frå venstre. Bortelaget får klarert.
30'
Nok ein bra sjanse for heimelaget. Heltne får avslutta frå utanfor boksa. Går like forbi stolpen.
28'
Hjørnespark
Blir klarert. Hødd beheld ballen.
28'
God sjanse for Hødd! Sandal avsluttar frå distanse. Origi må ut i full strekk.
28'
Erik Sandal har kome inn på bana igjen - med ansiktsmaske.
27'
Heltne Nilsen med frispark midt på Kisas halvdel. Origi kjem ut og plukkar enkelt. Målmannen frå Kenya har vore sjef i feltet sitt hittil.
26'
Gult kort
Får kortet for viljehands.
26'
Hødd prøvar å få til eit offensivt spel no, men Kisa stoppar alle forsøk.
25'
Langpasning mot Soltvedt. Moltu skjermar kula utover sidelinja.
24'
Kazeem flikkar til Standal, men sistnemnte har gått i offside.
24'
Der er vi i gang igjen.
23'
Framleis stopp i spelet.
23'
Båra kjem ut på bana, men Sandal vil heller gå ut på sidelinja sjølv.
22'
Erik Sandal ligg nede etter ein duell. Får behandling.
19'
Mål!
0-1
Bortelaget går i føringa! Heltne Nilsen slår ei fæl tversoverpasning, og Flittie Onstad snappar ballen og slår igjennom til Holmen. Han spring lett frå Klock og Moltu, og åleine med Nyland skyt han ballen lavt i mål.
19'
Frispark til Kisa midt på bana. Origi skal slå langt. Rett i armane på kollega Nyland.
18'
Holmen blir spelt fri bak Hødd sitt forsvar, men Moltu står godt og får stogga forsøket.
16'
Hødd-spelarane går i ryggen på gultrøyene, og ballen går utover sidelinja.
15'
Nok eit langt innkast frå Holmen.
15'
Ullensaker/Kisa køyrer kampen her no.
15'
Soltvedt er nære på å finne Holmen med eit innlegg inne i Hødd sin sekstenmeter. Heimelaget får klarert.
13'
Kampens største moglegheit så langt! Soltvedt blir flikka fri inne i Hødd si boks, og på direkten skyt han like utanfor.
13'
Latifu vinn ein duell høgt i bana og ballen dett til Ahmed. Han blir avvinka for ein tvilsam offside.
12'
Langt innkast igjen frå Holmen. Soltvedt får ein avslutningssjanse ved bakerste stolpe, men bommar på ballen. Kunne ha blitt farleg.
10'
Langt frispark mot Heltne. Hødd-spelaren tapar duellen og Origi overtek.
9'
Gult kort
Jørstad mistar ballen og vartar opp med ei stygg takling med strak fot. Soleklart.
8'
Hjørnespark
Kazeem vinn kampens første corner. Innoverskrudd og rett i fanget til Origi.
7'
Sandal med eit kjapt frispark. Når ikkje fram til spissen Standal.
7'
Nok eit langt innkast fra gultrøyene. Heimelaget har foreløpig rydda opp greitt mot Stoke-aktige bortelaget.
6'
Løpeball for Holmen. Klock og Latifu får stoppa forsøket.
5'
Langt innkast for Kisa. Hødd får ordna opp.
4'
Bakromspasning mot Standal. Origi er ute og fangar.
3'
Origi med langt framspel. Klock og Hødd får klarert.
2'
Lang ball i Hødd si boks. Nyland plukkar greitt.
1'
Kampen er i gong.
Avspark Start 1. omgang
Laga byter banehalvdel. Ullensaker/Kisa skal spele mot venstre i 1. omgang.
No er laga på veg ut på grasmatta! Det er overskya i Ulsteinvik i dag, og temperaturen ligg på 7-8 grader.
Det har vore ei fin oppladning til kampen her på Høddvoll, med blant anna musikk frå det lokale korpset ULF. I tillegg vil det bli parade med dei ulike aldersbestemte Hødd-laga.
Dagens domar er Kjetil Thorsø Hansen frå Charlottenlund SK. Han blir assistert av Jim Andre Alnes Dyb frå Giske IL og Frode Ølmheim frå Syril IL.
Ullensaker/Kisa har berre ei ny spelar sidan sist. David Jansen har kome inn for Tom Kristoffersen.
Hødd gjer fleire endringar sidan førre kamp. Lid Kleppe, E. Heltne, Engen Grimstad, Helland og Lala har gått ut. Moltu, Sandal, Aursnes, V. Heltne og Ahmed har kome inn.
Ullensaker/Kisa har vore mykje på reisefot dei siste dagane, og i løpet av ei veka har dei vore både i Molde, Alta og no i Ulsteinvik. Troppa til dagens bortelag må vi diverre kome tilbake til, då vi ikkje finn noko om det hverken på Ullensaker/Kisa si eiga nettside og i lokalavisene til klubben.
Hødd har den siste tida hatt mykje sjukdom i laget, og Erik Sandal, Kazeem Ahmed og Michael Karlsen var alle ute førre kamp. Karlsen er definitivt ute, medan i alle fall Sandal er venta å vere tilbake. I tillegg har Sivert Nilsen, Ruben Brandal, Pål André Helland og Thomas Lid Kleppe i følgje Sunnmørsposten slitt med vonde halsar.
Hødd og Ullensaker/Kisa har i følgje våre og Hødd sine statistikkar aldri møttest før, så dermed blir oppgjeret i dag det første mellom klubbane.
Nyopprykka Ullensaker/Kisa har derimot gjort det langt betre. Etter seks rundar ligg dei på 4. plass med 4-0-2 hittil. Førre kamp borte mot Alta blei vunne med 3-1, og det kan vel nemnast at Hødd tapte tilsvarande oppgjer med 5-0. Borte frå UKI Arena står laget til Arne Erlandsen med 2-0-1.
Hødd var eitt av dei store overraskingslaga i fjorårets serie, men denne sesongen har det aller meste gått på tverke for laget frå Ulsteinvik. Etter fem spelte kampar ligg laget nest sist med berre éin siger og fire tap. Blåtrøyene har slitt med å score mål, og kombinert med flest innsleppte i heile divisjonen betyr det at laget per no er for eit botnlag å rekne. Hødd står med tre strake tap, og heime på Høddvoll har det endt 1-0-1, etter at kampen mot Bærum blei utsett pga dårlege baneforhold.
Hei og velkomen til livedekning av adeccoligamøtet mellom Hødd og Ullensaker/Kisa. Endelig er det klart for årets store fotballdag!