TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet for denne gong. Neste kamp på Høddvoll etter sommarpausa blir 27. juli, når Mjøndalen kjem på besøk. Men fortvil ikkje, for sjølv om det er lenge å vente kan du alltids kose deg med litt fotball-VM i mellomtida. På gjensyn!
Hødd avanserer med det til 9. plass på tabellen, medan Ullensaker/Kisa ser fortapte ut nede i botnen der dei har ni poeng opp til trygg grunn. Det må ein verkeleg sluttspurt til i haust om dei skal klare å berge plassen i divisjonen.
Heimelaget ville verkeleg vise seg fram i den siste kampen før sommarferien. Eirk Ulland Andersen opna ballet med si scoring etter sju minutt, og like før pause ordna Robin Shroot to kjappe scoringar som sørgja for ei svært komfortabel leiing. Ullensaker/Kisa klarde aldri å kome tilbake i oppgjeret, og i staden var det Shroot som ordna sitt tredje for dagen nokre minutt etter kvilen. Kampen heldt fram med fleire store sjansar til blåtrøyene, men utan at dei klarde å få fleire i nettet.
Hødd har vunne ein heimekamp for første gong sidan slutten av april!
Kamp slutt Slutt (4-0)
90+2'
Det blir lagt til minimum to minutt.
90+2'
Småpent angrep av Hødd. Rekdal slår inn til Tepuric som blir for tøff i ein duell og får frispark imot.
89'
Hjørnespark
Hjelmeseth headar over ved første stolpe.
89'
Ein sjeldan moglegheit for Ullensaker/Kisa. Avslutninga går utanfor buret til Falch. Hødd-keeperen bør nok oppsøke NAV om han skal halde fram med å ha så lite arbeid som han har hatt i dag.
88'
Nok eit forsøk frå bortelaget. Ein retur hamnar hos Rekdal som avsluttar svakt over.
87'
Treff i metallet! Grodås skjer innover i midten og avsluttar - knallhardt i tverrleggaren. Ufatteleg at vi ikkje har fått sjå fleire scoringar her i dag.
86'
Møljespel inne i bortelaget sin sekstenmeter. Dei får med naud og neppe reinska unna.
86'
Sveen får teke ned kula inne i Ull/Kisa si boks, men ein gulkledd kjem i vegen når han skal avslutte.
84'
Hødd sin supportergjeng, Blåsarane, er sjølvsagd i godt humør no, i lag med resten av heimefansen. Det har vore langt mellom gledesstundene på Høddvoll hittil i år.
83'
Meir fart i kampen igjen no etter ei litt daud periode.
82'
Hjørnespark
Nesten mål igjen! Kaptein Törnqvist får avslutta frå kort hald, men heldigvis for boretlaget har dei ein spelar på streken som får beina kula unna.
82'
Nok eit forsøk for Hødd! Tepuric prøvar å avslutte med venstrefoten nede i høgre hjørne, men Vangen får strekt seg og slått kula unna.
81'
Frispark for bortelaget. Hødd får rydda unna.
80'
Nesten 5-0! Tepuric speler Hjelmeseth fri på perfekt vis, men den unge innbytaren er ikkje treffsikker nok og avsluttar til side for mål.
80'
Og når Sveen endeleg får ballen, sender han den ikkje vidare sjølv, heller.
78'
Sveen har gått på fleire bakromsløp dei siste minutta, men ballførarane slår sjelden i romet.
77'
Spillerbytte
76'
Spillerbytte
76'
Grodås på nok ein visitt, men Tepuric klarer ikkje å gjere noko med ballen han får servert inne i boksa.
75'
Hjørnespark
Dårleg med løp inne i Hødd si boks, og ballen går rett i nevane til keeper Vangen.
74'
Hjørnespark
Endar med ingenting.
74'
Bra sjanse for Hødd! Tepuric får avslutta frå kort hald, men Vangen gjer ei meget god redning. Corner.
74'
Hødd-leiren har sendt oppmann Neil Le Clercq i oppvarming med vest på. Skal også han få sleppe til i dag?
71'
Victor Grodås, son til Noreg sin tidlegare landslagskeeper Frode Grodås, dreg med seg ballen opp på Kisa sin halvdel og slår igjennom til Andersen. Han får etter kvart avslutta, men forsøket går på utsida av stolpen. Vangen har god kontroll, der.
69'
Endar med ingenting.
68'
Holmedal med frispark som han skal slå inn foran mål.
67'
Spillerbytte
67'
Rekdal slår inn femogførti grader, men Standal prøvar seg på eit hælspark - som mislukkast.
66'
Heimelaget blir litt for fikse i angrep no. I staden for å gjere ting kjapt på få berøringar blir dei no litt for opptekne av å gjere det sjølv.
64'
Blåtrøyene rullar opp eit bra angrep, men avslutninga frå Ulland Andersen går langt utanfor.
61'
Hødd-spelarane har verkeleg fått sjølvtilliten tilbake no. Dei vartar opp med det eine hælsparket etter det andre.
61'
Pål Steffen Andresen avsluttar rett i muren.
60'
Frispark til bortelaget i fin posisjon.
60'
Aursnes slår inn på Ronaldo-vis ved å krysse beina før han legg inn. Hødd leikar seg no!
57'
Fredrik Aursnes prøvar seg frå distanse. Rett på keeper Vangen.
57'
6. oktober 2013 var for øvrig sist gong Hødd scora fire mål i ein ligakamp. Den gongen blei Strømmen slått 4-1 her på Høddvoll.
55'
Robin Shroot gjer forresten sitt andre hattrick i Hødd-trøya i dag. Han scora nemleg tre i debuten sin i 1. runde av NM mot Larsnes/Gursken FK også.
55'
1382 tilskodarar på Høddvoll i dag.
53'
Mål!
4-0
Hattrick hero! Robin Shroot får ballen i fin posisjon, vender seg fri og avsluttar flott nede i Vangen sitt høgre hjørne. Det ser bekmørkt ut for Ull/Kisa no!
53'
Sveen går i bakken inne i Ull/Kisa sin sekstenmeter, men domar Tennøy vinkar spelet vidare. Det såg ut som ei grei avgjersle av mannen i svart.
50'
Sharesh Ahmadi får nok ein gong teke ned kula og avslutta, men nok ein gong endar avslutninga høgt over mål.
47'
Andersen prøvar å spele fri Sveen, men pasninga blir altfor vanskeleg.
45'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Begge laga er no på veg ut att på grasmatta.
I Brasil-VM står det for øvrig 0-0 til pause mellom Belgia og Russland. Det er med andre ord på Høddvoll i Ulsteinvik at ting skjer!
Hødd leiar fortent på Høddvoll etter ein artig 1. omgang. Det poengsvoltne heimelaget tok føringa allereie etter sju minutt ved Ulland Andersen, og fram til det gjenstod fem minutt av omgangen bikka spelet fram og tilbake. Då introduserte derimot nord-iren Robin Shroot seg, og i løpet av dei få minutta som gjenstod scora han to gongar. Ullensaker/Kisa har ein formidabel jobb framføre seg her, og forhåpentlegvis vil dei siste 45 minutta også by på fleire mål.
Slutt 1. omgang Pause (3-0)
45+1'
Hjørnespark
Veldig nære på! Slemdal headar rett i tverrleggaren og over. Nesten redusering der!
45+1'
Chuma prøvar å lobbe over Falch, men den unge keeperen har kontroll og får fista kula over mål. Corner.
45+1'
Hødd trillar ball no. Vanskeleg å sjå korleis Ullensaker/Kisa kan kome tilbake i kampen, men det er trass alt ein heil omgang igjen her.
45'
Rekdal avsluttar via ein motspelar og til innkast.
43'
Mål!
3-0
Back of the net! Robin Shroot viser seg skikkeleg fram når han først er i gong! Standal finn nord-iren inne i boksa, og etter å ha venda bort næraste motspelar avsluttar han kontant i nettet. 3-0 på Høddvoll!
43'
26 år gamle Robin Alexander Edward Shroot er for øvrig som ein klubbnomade å rekne. Sidan 2005 har han vore innom ni ulike klubbar, deriblant AFC Wimbledon, Birmingham og nemnde Stevenage.
40'
Mål!
2-0
Hødd har dobla leiinga! Heimelaget brukar mange trekk i angrepet og etter kvart får Ulland Andersen avslutta. Vangen gjer ei god redning med sender returen rett i beina på Shroot. Nord-Iren gjer ingen feil og avsluttar i mål frå kort hald.
39'
Brukbar sjanse for Hødd. Andersen speler fri Aursnes med ei femogførtigraderspasning, men skotet frå den unge hareidsdøingen blir blokkert.
36'
Nokså laber periode i kampen no. Ingen av laga maktar å skape noko særleg.
35'
Sharesh Ahmadi blør frå nasa og må på sidelinja for litt behandling.
32'
Andersen er på farta igjen. Denne gongen går avslutninga over mål.
31'
Hjørnespark
Bortelaget får reinska unna nok ein gong. Hødd beheld kula.
31'
Hjørnespark
Endar med ingenting.
30'
Nesten 2-0! Grodås speler fri Standal, men nok ein gong kjem Vangen ut og gjer jobben vanskeleg. Standal runder keeper, men skyt avslutninga langs graset i staden for å chippe den. Dermed treff han eit Ull/Kisa-bein.
28'
Sjanse for Hødd! Shroot vender opp og speler fri Andersen på venstrekanten. Den tidlegare Vard-spelaren skjer innover og avsluttar hardt på mål. Vangen må gi retur, men den set Standal utanfor frå ein vanskeleg vinkel.
26'
Hjørnespark
For ein sjanse! Slemdal får stå fullstendig åleine framføre mål når corneren kjem, men frå fem meters hald klarer han ikkje å avslutte på mål. Der skal det stå 1-1!
26'
Hjørnespark
Falch er høgast oppe og får forlenga ballen ut til ein ny corner. Holmedal ruslar til motsett hjørne for å ta også den.
24'
Ull/Kisa snappar kula på eigen halvdel og prøvar å finne Nikolaisen med ei lang bakromspasning. Diverre for dei tilreisande endar forsøket opp inne hjå keeper Falch.
23'
Nikolaisen vender bort Törnqvist og prøvar å avslutte i næraste hjørne. Forsøket går langt utanfor.
20'
Hødd dreg i gong endå eit pent angrep, men stikkaren til Standal når ikkje fram, samtidig som spissen blir vinka av for offside.
19'
Ahmadi får teke ned kula fint utanfor Hødd si boks, men den påfølgjande avslutninga skrur godt til side for mål.
18'
Andersen prøvar å chippe kula inn foran mål, men diverre for heimelaget endar den på nettaket.
18'
Törnqvist set i gong eit bra Hødd-angrep ved å spele fri Sveen på høgrekanten. Den tidlegare HamKam-spelaren finn etter kvart Standal, og spissen avsluttar brukbart på mål. Keeper Vangen har likevel god kontroll og får boksa forsøket unna.
14'
Grodås prøvar å slå inn frå venstre, men forsøket går i ingemannsland.
13'
Falch prøvar å setje ballen kjapt i gong, men den hamnar hos ein spelar i gult. Ull/Kisa får lagt inn, men den påfølgjande headinga går utanfor.
11'
Hjørnespark
Rett i hanskane til Falch.
11'
Sist gong Hødd tok leiinga i ein kamp her på Høddvoll var for øvrig den 4. mai i kampen som til slutt enda 1-1 mot Strømmen.
10'
Mork prøvar å plassere ballen i mål. Enkelt rett på Noreg sin U21-keeper Aslak Falch.
7'
Mål!
1-0
Hødd går i føringa! Ulland Andersen kjem seg fri i mellomromet og får tid og rom til å avslutte. Han får avslutta hardt og kula går via ein motspelar før den endar i nettet bak Vangen.
7'
Brukbar sjanse for Hødd. Shroot kjem seg åleine igjennom frå spiss vinkel, men når keeper Alexander Vangen held seg lenge på beina klarer ikkje spissen å runde han. Shroot beheld kula og får avslutta etter kvart, men Vangen reddar greitt.
5'
Ull/Kisa rotar i eige forsvar, og Ulland Andersen er ikkje langt unna å snappe ballen åleine med keeper.
3'
No er det Espen Standal som er i aksjon. Ørstingen prøvar seg på eit halvvegs brassespark, men forsøket går ufarleg utanfor.
2'
Hjørnespark
Jørstad får stanga unna ved første stolpe.
2'
Shroot med ei ufarleg avslutning frå spiss vinkel. Nord-Iren ventar framleis på sitt første ligamål for Hødd etter overgongen frå Stevenage.
1'
Vêret i Ulsteinvik minnar ikkje akkurat mykje om somar. Det er vind og regn og generelt svært guffent. Forhåpentlegvis vil dei to laga varme litt i dag!
Avspark Start 1. omgang
Begge laga har kome ut på grasmatta, og vi er få straksar unna kampstart!
Det er fire endringar på Ull/Kisa i forhold til det laget som tapte 3-1 mot Tromsø sist. Pål Steffen Andresen, Johan Kolbjørnsrud, Anene Chuma og Magnus Nikolaisen er alle nye i førsteellevaren. Elles kan det vere lurt å merke seg at bortelaget har Markus Stensby og Jonas Fjeldberg har benken i dag. Dei er 1998-modellar, og begge fekk sin 1. divisjonsdebut i kampen mot tromsøværingane.
Hødd-trenar Sindre Eid har gjort ei endring på laget sidan førre kamp. Joakim Wrele har pådrege seg for mange gule kort, og medan han sonar har Bendik Torset kome inn sentralt på midtbana i lag med Fredrik Aursnes. Av spelarar Hødd elles må unnvere finn vi blant anna Erik Sandal, Joachim Magnussen og Vegard Heltne.
Hødd og Ullensaker/Kisa har vore i same divisjon sidan 2012 og dermed møttest fire gongar. Laget frå Akershus har vore best med to sigrar mot Hødd sin eine. Her på Høddvoll har dei vunne ein kvar. Ulsteinvik-laget vann 2-0 i fjor, medan Ull/Kisa slo til med 3-1 i 2012.
Sjølv om Ullensaker/Kisa berre befinn seg tre plassar lågare enn Hødd, er situasjonen ein heilt annan for Tommy Berntsen og co. Fattige ni poeng på 14 forsøk luktar det sterkt nedrykk av, og med åtte poeng opp til Hødd på trygg grunn seier det seg sjølv att sluttspurten snart må byrje. Bortestatistikken hittil er 1-2-4, men forma på framandt gras har likevel vore brukbar i det siste då det i førre runde blei 1-0 mot HamKam og 1-1 mot Nest-Sotra i kampen før.
12. plass og 17 poeng etter 4-5-5 er svært skuffande tal for laget til Sindre Eid, som var ekstremt nære å rykkje direkte opp til Tippeligaen i fjor. Laget var ujamne på hausten i fjor også, men ein sterk sluttspurt ordna ein god 3. plass.
Begge dei to laga håpar å avslutte den første halvdelen av sesongen på ein positiv måte etter ein svak første halvdel. Hødd har rett nok vore bra på bortebane, men heime på normalt vanskelege Høddvoll har dei rett og slett vore elendige. Heime har dei vunne berre ein av sju kampar og det har blitt heile tre tap. Legg vi til at dei tre tapa har kome i dei tre siste oppgjera her, fortel det alt om kvifor Hødd ligg der dei gjer på tabellen.
Hei og velkomen til livedekning av det siste 1. divisjonsoppgjeret på Høddvoll før sommarferien. Hødd tek i mot Ullensaker/Kisa til det som skal bli eit spanande oppgjer!