TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet for denne gong. Ha ein fin sundagskveld vidare!
Tromsø slår Hødd enkelt 2-0 på Høddvoll etter mål av Remi Johansen og Magnus Andersen. Bortelaget hadde bra kontroll gjennom heile kampen, og verka ikkje å ta seg altfor mykje ut sjølve. Hødd var tannlause offensivt og ikkje gode nok bakover i bana heller. Dermed fekk tromsøværingane ein litan revansje etter cupfinaletapet i 2012, sjølv om dei sjølve meinte dei hadde gløymt denne kampen for lenge sidan. Hødd bør på si side kome kjapt over dette tapet, for om dei ikkje skal bli blanda ned i nedrykksstriden bør ting forbetrast kjapt.
Kamp slutt Slutt (0-2)
90+3'
Hjørnespark
90+2'
Hødd prøvar seg litt, men det stoppar totalt opp på den siste tredjedelen.
90+1'
Det blir lagt til minimum tre minutt her på Høddvoll.
90'
I og med at Sandefjord ikkje speler før i morgon, er det no Tromsø som tronar øvst på tabellen. Hødd befinn seg i same posisjon som før kampstart.
88'
Andersen tek med seg ballen innover i bana og bankar til, men skotet snik seg like over mål. Brukbart forsøk for Tromsø.
87'
Spillerbytte
87'
Blir teke kort til Moldskred som skal avslutte, men den tidlegare Hødd-spissen bommar totalt på kula.
86'
Frispark til Gutan i bra innleggsposisjon.
86'
Hødd maktar ikkje å få til nokon sluttspurt her. Tromsø har stålkontroll.
85'
Spillerbytte
84'
Det er ikkje akkurat gulltakter det Hødd har vist i dag. Laget har ein einsformig offensiv plan som berre lukkast svært sjeldan, samtidig som dei kjem til kort i det defensive arbeidet når Tromsø er på farta.
80'
God sjanse for Hødd! Bortelaget får ikkje klarert skikkeleg og Magnussen får ballen i bra posisjon. På halvvolley sender han forsøket høgt over mål.
79'
Veldig nære 0-3! Ondrasek rundlurar Brandal og prøvar å plassere ballen i vinkelen. Forsøket går i metallet og over.
79'
Gult kort
Ein frustrert Aursnes vartar opp med ein småstygg etterslengjar og må dermed stå over neste Hødd-kamp.
78'
Spillerbytte
75'
Bortelaget skal gjere endå eit byte. Lars-Gunnar Johnsen skal inn
75'
Tromsø kontrar, men Johansen si avslutning går via Bendiksen og til utspel frå Urke.
74'
Hjørnespark
Blir rydda unna av bortelaget.
73'
Hjørnespark
Blir slått på mål og Lekstrøm må fiste til ein ny corner.
73'
Sveen kjem seg fint fri på venstrekanten, men han brukar for lang tid på å slå inn og får berre ein corner.
72'
Litt betre takter frå Hødd no.
70'
Hjørnespark
Er svakt slått og bortelaget får rydda enkelt unna.
69'
Bra sjanse for Hødd! Magnussen får kjempa fri Standal, men sistnemnde er under hardt press og får ikkje avslutta på mål. Corner får han derimot.
69'
Sindre Eid prøvar å rope laget sitt høgare opp, men ingen av dei blåkledde lystrar.
65'
Sveen slår inn frå venstre, men headinga frå Magnussen går utanfor.
65'
Nordby prøvar å skru ballen i mål ved å bruke utsida av foten, men han får ikkje nok skru på forsøket og ballen går langt utanfor.
63'
Bendiksen med frispark. Går til ein spelar på bakerste stolpe, men diverre for bortelaget blir det vinka for offside.
63'
1602 tilskodarar på Høddvoll i dag.
62'
Meir intensitet i oppgjeret no.
61'
Spillerbytte
60'
Espen Standal skal inn for heimelaget. Skal dei prøve å leggje om til to spissar?
58'
Spillerbytte
58'
Det er for øvrig ikkje lett å kjenne att Hødd frå tidlegare sesongar. Laget slit i begge endar av bana og det florerer med dårlege pasningar og personlege feil.
56'
Mål!
0-2
Magnus Andersen doblar Tromsø si leiing! Bortelaget kjem rundt på venstrekanten og eit innlegg blir sendt femogførti grader inn i boksa. Ein spelar i kvitt og raudt hoppar over ballen og ein umarkert Andersen får dermed bra med tid og rom til å plassere den nede til venstre for Urke. 0-2 på Høddvoll!
55'
Moldskred vinn ballen i gunstig posisjon og set fart, men innlegget hans i boksa blir etter kvart stoppa av Brandal.
52'
Brukbar sjanse for Hødd. Aursnes slår inn, men det er ikkje nok kraft i headinga frå Magnussen og Lekstrøm får ein enkel jobb med å halde forsøket.
51'
Gult kort
Kjem for seint inn i ei takling og får sjå kampens første gule kort.
47'
Ingebrigtsen kastar langt for Hødd, men stussen frå Törnqvist endar berre opp hos keeper Lekstrøm.
46'
Heimelaget sparkar i gong del to av oppgjeret.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Blåsarane slår Isberget 4-1 på straffesparka, og resultatet blir dermed omtrent det same som i 2012. No er likevel dei to andre laga på veg ut på bana igjen, og vi er straks klare for dei siste 45 minutta!
Dei første 45 minutta har for øvrig vore prega av få sjansar og eit effektivt Tromsø. Remi Johansen scora omgangens einaste mål etter eit hjørnespark.
I pausa skal vi no få oppleve ei 'reprise' av straffesparkkonkuransen frå 2012. Blåsarane og Isberget stiller med fem skyttarar kvar!
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+1'
Hjørnespark
Corneren blir det siste som skjer før pause. Skal vi få ei utlikning? Diverre for Hødd endar det med ingenting.
45'
Frispark til Gutan midt på bana. Dei brukar bra med tid på alle dødballar no, Tromsø-spelarane.
43'
Heimelaget har vore nokså tannlause offensivt hittil. I tillegg til å prøve seg på dødballar har dei stort sett berre slått langt mot den einsame spissen Magnussen. Tromsø-stopparane Wangberg og Koppinen har derimot rydda unna alt som har vore hittil.
38'
Nesten for Tromsø igjen! Törnqvist sel seg i forsvar og Andersen får ta med seg ballen fritt inn mot mål. Han prøvar å plassere avslutninga, men Urke får rydda bra unna.
38'
Wrele legg forsøket høgt over mål. Svakt utført av svensken som er på lån frå Halmstad.
37'
Frispark i veldig bra posisjon for Hødd.
35'
Mål!
0-1
Drage slår lavt og hardt inn foran mål, og ein nokså umarkert Johansen får ein enkel jobb med å avslutte i mål. Tromsø i føringa på Høddvoll!
35'
Hjørnespark
34'
Hjørnespark
Wangberg får hovudet på ballen, men får ikkje sendt den på mål. Etter kvart får bortelaget endå ein corner.
34'
Spillerbytte
32'
Hødd-spelar Vegard Heltne ligg nede med noko som kan sjå ut som ein strekk. Cupfinalehelten frå 2012, Andreas Rekdal, blir sendt umiddelbart i oppvarming.
30'
Johansen avsluttar frå distanse, og er ikkje langt unna å treffe Tromsø-bussen som står parkert ved klubbhuset bak bana. Dette har ikkje vore ein kamp prega av store sjansar, akkurat.
27'
Også Hødd sin supportergjeng, Blåsarane, er bra representerte på Høddvoll i dag. For å krydre ting ekstra har dei også vore på fjellet i natt og hengt opp det store banneret frå cupfinala. Det er godt synleg frå Høddvoll.
23'
Ikkje godt nok slått, og ballen endar opp inne hjå keeper Lekstrøm.
23'
Heltne med frispark ti meter inne på Tromsø sin halvdel. Skal lempast inn i boksa.
21'
Ein del tilreisande frå Isberget har også teke turen i dag. I alle fall 15-20 stykk befinn seg på bortetribuna.
19'
Fredrik Aursnes, som blei tidenes yngste NM-vinnar i Noreg på herresida i 2012, får avslutta frå god posisjon, men bortelaget får blokkert kjapt. Kunne ha blitt farleg, det.
18'
Heimelaget har ikkje lukkast med mykje anna enn det defensive det første kvarteret. Samhandlinga framover i bana har ikkje vore altfor god.
15'
Meir Tromsø no. Dei har vore nære på å tråkle seg gjennom ved fleire høve, men hittil har det ikkje resultert i moglegheiter.
13'
Hjørnespark
Blir teke kort, men når innlegget endeleg kjem blir det vinka for offside på ein tromsøspelar.
13'
Blir boksa unna av Lekstrøm, og Hødd kjem ikkje til avslutning.
13'
Endå ein dødball til Hødd. Midt på bana no.
11'
Heimelaget manglar som nemnd førstekeeper Aslak Falch i dag. Grunnen til det er at han akkurat no speler kvalifiseringskamp for U21-EM 2015. Kampen går borte mot Aserbadsjan og etter 52 spelde minutt er stillinga 0-0.
8'
Går heilt inn til ein høddspelar på bakerste stolpe. Avslutninga går utanfor, men det blir uansett avvinka for offside.
7'
Frispark til Hødd i grei innleggsposisjon.
4'
Hjørnespark
Er dårleg slått, men Tromsø får ikkje klarert skikkeleg. I returromet får Heltne ballen, men kantspelaren har dårleg tid og får ikkje plassert skotet på mål. Beste forsøket hittil går til Hødd!
4'
Heimelaget har opna med å slå mykje langt, men hittil har Tromsø rydda greitt unna.
3'
For Tromsø har Zdenek Ondrasek vore ute i det siste, men har likevel blitt frisk nok til å sitje på benken i dag.
1'
Tromsø tek første spark på ballen.
Avspark Start 1. omgang
Heimelaget manglar blant anna Erik Sandal, Andreas Ulland Andersen, Robin Shroot og Aslak Falch til dette oppgjeret.
Begge laga har no kome på bana, og dei blir godt tekne imot av eit ekstra stort publikum for anledninga.
Hødd prøvar å gjenskape stemninga frå cupfinala no, og har sendt nokre av dei yngre spelarane ut på grasmatta med høddflag i handa medan cupfinalelåta 'Stolt på Ullevaal' av gruppa Exposed to Failure blir speld.
Kveldens kamp blir meget spesiell for Tromsø-spiss Morten Moldskred. Haddølingen Moldskred slo igjennom nettopp i Hødd der han spelde frå 1993 til 2001. I fylgje statistikken enda han opp med 28 mål på 92 offisielle kampar for klubben.
Tromsø har på si side 3-2-1 på sine seks siste, inkludert tre sigrar på dei fire siste.
Hødd har som nemnd tidlegare vore i dårleg form i det siste, men 1-3-2 på dei seks siste. Dei kan likevel ta sin andre siger på rad, då dei vann 1-0 borte mot Bærum førre helg.
Steinar Nilsen sitt Tromsø har på si side byrja ferda tilbake til det gjevaste selskapet, og sjølv om dei befinn seg på 2. plass no, er avstanden opp til toppen berre på to poeng. Så langt har tromsøværingane sanka 24 poeng etter 7-3-1 totalt. Borte frå Alfheim har dei 3-1-1 og 9-1 i målskilnad.
Dagens heimelag har vist ein del gode takter denne sesongen, men dei gode augneblinkane har som regel blitt etterfylgd av dårlege. Spesielt her på Høddvoll har dei skuffa stort, med berre éin siger på fem forsøk, i tillegg til ein flau 1-5-exit mot Florø i cupen. Så langt ligg dei på 9. plass med 16 poeng etter 4-4-3 hittil.
Etter møtet i 2012 har laga opplevd ulike ting. Hødd var svært nære på å rykke opp til Tippeligaen i fjor, medan Tromsø runda av ein meget skuffande sesong ved å rykkje ned frå det øvste nivået i Noreg.
Sist laga møttest var det som kjend vesle Hødd som skreiv historie mot storfavoritten frå Nord. I oppgjeret på Ullevaal stod det 1-1 etter ordinær tid etter mål av Kjell Rune Sellin og Saliou Ciss, og i ekstraomgongane ordna ein strålande Ørjan Nyland i Hødd-buret at det heile skulle avgjerast på straffespark. Blåtrøyene frå Ulsteinvik var tryggast frå ellevemeteren og då Andreas Rekdal sette inn 4-2 på Hødd si siste straffe var det heile avgjort, og Ulsteinvik sin største idrettsaugneblink gjennom tidene var eit faktum.
Hei og velkomen til livedekning av 1. divisjonsoppgjeret mellom Hødd og Tromsø. Her på Høddvoll er det er duka for reprise av NM-finala 2012!