Referat
Kun høydepunkter
Cupfinale på Ullevaal er kjekt, men det er liten tvil om at dagens Hødd-siger over Tromsdalen er viktigare sett i ein større samanheng. Vi har vore vitne til ein veldig artig og sjåverdig kamp her på Høddvoll, der laga fylde kvarandre tett gjennom store delar av oppgjeret. Tromsdalen tok først leiinga, før dei etter kvart også klarde å ta igjen to leiarmål av Hødd, og når Hødd fekk utvist Heltne Nilsen var håpet om tre poeng absolutt til stades. Men i staden var det innbyttar Standal som fekk æra av å setje inn kampens siste mål, i det 87. minutt. Hødd og Tromsdalen har no bytta plass på tabellen, men det er framleis lenge igjen å spele, og ingenting er avgjort i botnstriden endå. Takk for følgjet!
Kamp slutt Slutt (4-3)
90+4'
Tromsdalen med ballen. Slår langt.
90+3'
Minimum tre minutt blir lagt til her. Framleis tid for Tromsdalen å kome tilbake!
90+2'
Standal blir nesten spelt åleine gjennom, men bortelaget får ordna opp.
90'
Utruleg nære 5-3! Latifu blir spelt fri og speler flatt inn framføre mål. Der kjem Sellin stormande, men frå kort hald klarer han ikkje å treffe ballen, som han får bak seg.
89'
Litt mot spelets gong dei siste minutta her, der Tromsdalen har hatt trykket. Skal dei klare å kome tilbake for tredje gong i kampen?
87'
Mange tøffe taklingar og kriging her. Dette kan ende begge vegar.
85'
Bortelaget med trykket no.
82'
Grodås slår inn til Sellin som stupheadar utanfor. Bra sjanse, det!
81'
Hødd gjer klar spissen Espen Standal.
78'
Tromsdalen med ein mann meir i 12 minutt pluss tilleggstid her. Kan dei klare å ta ein veldig viktig trepoengar?
78'
Bra forsøk for bortelaget. Skotet går over buret til Nyland.
75'
Nok eit frispark på Høddvoll. Heltne Nilsen går i bakken.
75'
God sjanse for heimelaget! Sellin får trilla fri Helland som legg ballen litt for høgt og dermed over mål.
74'
Hødd prøvar ei kontring, men bortelaget får ordna opp.
73'
Tromsdalen med initiativet her no.
73'
Yndestad med nok eit frispark. Går til utspel frå Nyland.
73'
Misnøye med fleire avgjersler frå domar Eskås no frå heimefansen si side.
72'
Yndestad med fispark. Endar inne hos Nyland.
71'
20 minutt att å spele, og her kan alt skje!
70'
Helland legg den over. Dårleg utført.
68'
Frispark til Hødd i bra posisjon. 19-20 meters hald. Sandal og Helland står klare.
67'
H. Lysvoll slår inn, men via Klock og til innkast.
64'
Dobbeltsjanse for Hødd! Sellin kjem seg åleine igjennom og avsluttar frå spiss vinkel, men Johnsen reddar. Returen hamnar hos Latifu, men han klarer ikkje å få ballen på mål.
64'
Innlegg i Hødd si boks. Bak mål.
62'
Stor sjanse for Hødd! Sandal kjem seg åleine igjennom og forsøker ein chipp mot Johnsen, men bommar totalt og ballen humpar inn til Tromsdalen sin keeper. Der blei den godaste Sandal for fiks, gitt.
61'
Frispark til bortelaget midt på Hødd sin halvdel. Er lågt slått, og Aursnes beinar enkelt unna.
61'
Bendik Torset gjer seg klar til å kome innpå for Hødd.
60'
Sellin lagar frispark i ein springeduell med Bertheussen. Tromsdalen får frispark.
60'
Kampen har roa seg ned i forhold til det spelemessige no. Mange ballmiss og svake pasningar regjerer no.
58'
Strøm kjem til skot frå utanfor sekstenmeteren til Hødd, men er såpass hardt pressa at han sender det bra utanfor.
56'
Lysvoll prøvar å heade fri Ahamed, men vinden fører ballen heilt inn til Nyland.
55'
Stor sjanse for bortelaget! Det er lite orden i Hødd-forsvaret og Ahamed kjem seg åleine mot Nyland. Keeperen ordnar opp. Corner.
54'
Sellin snappar ballen frå ein Tromsdalen-spelar, men misser kontroll og bortelaget får innkast.
52'
1259 tilskodarar på Høddvoll i dag. Det er ca 5000 færre enn mot Brann på torsdag.
51'
Frispark til bortelaget i bra innleggsposisjon. Yndestad slår via ein Hødd-spelar og til corner.
49'
Helland står klar sjølv.
49'
Helland blir halde igjen når han skal dra seg framover i bana. Frispark.
47'
Yndestad slår inn via ein motspelar og får corner.
46'
Langpasning mot Rekdal som prøvar å bryste med seg ballen inn i boksa. Lukkast nesten.
46'
Heimelaget sparkar i gong.
Start 2. omgang Start 2. omgang
No står laga klare på bana igjen!
Hødd leiar 2-1 etter at dei har makta å snu Tromsdalen sitt leiarmål. Bortelaget netta på merkeleg vis etter eit frispark, medan Helland først scora på straffe for Hødd, før Rekdal sendte dei i leiinga på eit skot som Tromsdalen-keeper Lars Konrad Johnsen nok burde ha teke. Heimelaget byrja først å spele fotball dei siste 10 minutta, etter at eit kompakt og hardtarbeidande Tromsdalen var flinke i å hindre heimelaget i å spele. Vi gler oss til 2. omgang, for dette er framleis heilt vidope!
Slutt 1. omgang Pause (2-1)
45+1'
Rekdal finn Sandal som dreg seg fri og avsluttar. Bertheussen gjer ein god jobb og blokkerer forsøket.
45'
Hødd held fram med å spele no.
43'
Hødd styrar det meste på Høddvoll no. Scoringa til Helland fekk kampen skikkeleg i gong for dei blåkvite.
43'
Midtstoppar Klock med ein skikkeleg susar. Går ikkje langt utanfor, det forsøket!
42'
Helland skyt rett i muren, før Sandal sender returen lågt inn til Johnsen.
41'
Sandal og Helland står klare.
41'
Nok eit frispark, og nok ein gong i bra posisjon. Hødd med ein bra sjanse no.
41'
No byrja det også å regne på Høddvoll.
40'
Mange frispark og dødballar for øvrig i denne kampen.
39'
Bra sjanse for Hødd. Helland slår inn, og stoppar Klock stig til vêrs og headar like over.
38'
Går via muren, før ein Tromsdalen-spelar får den i foten og den går over mål. Corner.
38'
Frispark til Hødd i veldig bra posisjon. 19-20 meters hald. Helland og Sandal står klare.
36'
Helland slår det gjennom heile feltet, og Johnsen, som står planta med begge beina i graset, ser ballen gå like utanfor.
36'
Frispark til Hødd midt inne på bortelaget sin halvdel.
35'
Frispark til bortelaget midt på bana. Endar i utspel frå Nyland.
33'
Grodås blir dytta over ende, og Hødd får straffe.
32'
Lars-Gunnar Johnsen får tilsnakk etter ei tøff takling. Hødd tek frisparket kjapt, og Helland vinn ein corner.
31'
Bra spel av Hødd. Latifu kjem seg inn i boksa og får slått inn framføre mål. Der tåar Sellin den like utanfor.
28'
Frisparket skal takast på nytt, frå same plass.
27'
Yndestad står klar. Bra sjanse for bortelaget dette.
27'
Frispark til Tromsdalen i meget bra posisjon. 10 cm frå 16-meterstreken.
27'
Nok ei håplaus langpasning frå ein spelar i blått. Tromsdalen har vore svært flinke til å stengje rom så langt, og heimelaget har dermed blitt nøydde til å slå ein del langt.
25'
Rekdal kjem til innlegg. Men det går forbi alle.
24'
Latifu prøvar å finne Rekdal med eit framspel. Går inn til Johnsen.
23'
Ludvig Rinde med eit svakt framspel. Går inn til Nyland.
22'
Utspel frå Johnsen. Skal slå langt.
21'
Helland skyt frå distanse. Ikkje altfor langt over målet til Lars Konrad Johnsen.
21'
Liten tvil om at dette blir ei meir fysisk batalje for Hødd enn tilfellet var mot Brann på torsdag. Mykje kriging og duellar så langt i kampen.
20'
Talberg dett i duell med Sellin. Tromsdalen sin kaptein får frispark.
17'
Helland skjer innover og avsluttar via ein motspelar og til corner.
16'
Lang ball mot Latifu. Blir for lang og går til utspel. Vinden har nok ikkje akkurat vore på lag med Hødd hittil i dag.
15'
Rinde slår langt. Endar berre hos ein høddspelar.
14'
Ahamed brukar armar i ein duell med Moltu, og sistnemnte får frispark.
14'
Sellin prøvar å ta ballen frå Talberg, men midtstopparen er sterk og skjermar kula ut til utspel.
12'
Rekdal prøvar ein stikkar til Sandal, men blir for hard på labben. Hødd har vore svært upresise så langt.
11'
Liten tvil om at Tromsdalen har kome best i gong her. Hødd-trenar Lars Arne Nilsen ropar til spelarane sine at dei må byrje å spele.
11'
Latifu prøvar å spele fri Sellin. Kula endar inne hos keeper Johnsen.
10'
Nyland prøvar å setje kjapt i gong til Sandal, men ballen endar utanfor bana.
9'
Gjennomspel til V. Lysvoll. Nyland kjem kjapt ut og avvergar.
8'
Strøm fossar framover og prøver å spele fri Vegard Lysvoll. Endar i corner.
7'
Nyland med eit presist utspel mot Rekdal. Endar i ingenting.
6'
Rinde prøvar å finne Ahamed. Pasninga blir for upresis.
4'
Sellin skyt, men via Bertheussen og til corner.
4'
Erik Sandal med dagens første Hødd-avslutning. Kjem seg fri i mellomromet og skyt over mål.
3'
Nok eit frispark for bortelaget. På eigen halvdel.
2'
Dobbeltsjanse for Tromsdalen! Frisparket er presist slått, og bortelaget kjem til avslutning både innanfor og utanfor boksa. Hødd slepp unna utan eit tidleg baklengsmål.
2'
Frispark til bortelaget i bra innleggsposisjon.
1'
Då er vi i gong!
Avspark Start 1. omgang
Då blir Hødd-hymna 'Liten - men stor' spelt over speakeranlegget, og vi ventar på at dei to laga skal marsjere ut.
Akkurat no er det opphaldsvêr på Høddvoll, etter at det har regna før i dag. Vind er her som vanleg nok av på denne stadionen.
Dagens domartrio består av Espen Eskås (Haslum IL), Eivin Hansen (Grorud IL) og Ivar Askeland (Kvernbit IL).
Tromsdalen pådrog seg to raude kort i førre kamp mot HamKam, og må dermed unnvære førstekeeper Eirik Sørensen og midtbanemann Jonas Johansen.
Hødd har tilnærma skadefri tropp, den einaste som er utilgjengeleg til dagens oppgjer er Vegard Heltne. Han blir ersatta av Andreas Rekdal.
Dagens oppgjer blir det 10. mellom Hødd og Tromsdalen sidan 2001. Statistikken over desse er 4-2-3 i favør dagens bortelag. Dei står med to strake trepoengarar mot Hødd, og vi må tilbake til 2004 for å finne siste Hødd-siger. Kampen mellom laga tidlegare denne sesongen enda med 3-2 til Tromsdalen. Hødd utlikna ei Tromsdalen-leiing to gongar, før Eirik Yndestad blei matchvinnar med ein halvtime igjen å spele.
Tromsdalen har 2-2-2 på sine seks siste i ligaen, og har før dagens oppgjer spelt tre kampar utan siger, to av dei på heimebane. Førre runde enda med 1-1 heime mot HamKam.
Til trass for sigrar mot Brann og Sarpsborg i cupen er Hødd si form i ligaen variabel. Dei har 3-0-3 på sine seks siste, og har også berre vunne to av sine fire siste heimekampar.
Tromsdalen er også i poengnaud, og ligg berre hakket over Hødd, på 11. plass. Laget til Gaute Helstrup har 26 poeng etter 7-5-11 hittil. Borte frå Tromsdalen stadion har dei 2-2-7.
Hødd ligg på 12. og siste ståplass før denne kampen. Laget har sanka 25 poeng etter 7-4-11 hittil i sesongen. På Høddvoll har dei 6-2-4 så langt.
Det blir sjølvsagt spanande å sjå om det unge høddlaget har landa etter torsdagens fantastiske triumf i semifinala av NM, der Hødd vann overraskande 3-1 mot sjølvaste Brann, og det attpåtil på ein overbevisande måte. Finala mot Tromsø vil gå av stabelen 25. november, men fram til det har ulsteinvikarane meir enn nok å gjere i ligaen om dei skal behalde plassen her til neste sesong.
Hei og velkomen til livedekning av Adeccoliga-oppgjeret mellom Hødd og Tromsdalen!