TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet. Vel møtt ved neste høve!
Det endar 1-1 på Høddvoll i det som var ein jamn, men lite velspelt kamp. Hødd var laget med initiativet gjennom store delar av oppgjeret, men sleit med å score mål på alle dei gode sjansane dei hadde. Tromsdalen hadde på si side ein defensiv strategi, og når dei i tillegg scora på sin einaste sjanse i kampen kan dei ikkje vere anna enn nøgde.
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+3'
Hjørnespark
Møje i feltet, men Tromsdalen får klarert.
90+3'
Nesten 2-1! Andersen prøvar seg, men forsøket går like utanfor. Corner!
90+2'
Hødd kontrar.
90+2'
TUIL har overteke kula.
90+2'
Innkast for Hødd på eigen halvdel.
90+1'
Det blir lagt til minimum tre minutt her på Høddvoll. Skal vi få ein vinnar heilt på tampen?
90'
Ulland Andersen skjer nok ein gong innover og avsluttar, men forsøket går rett på Sørensen.
89'
1490 tilskodarar på Høddvoll i dag.
87'
Ballen blir slått ned i boksa, men TUIL-keeper Sørensen fangar den. I tillegg blir han liggjande, og tida går.
87'
Nok eit frispark til heimelaget. Wrele står klar.
85'
Spillerbytte
85'
Tromsdalen har meir enn nok med å forsvare seg no.
84'
Tverrleggarskot! Ulland Andersen hamrar frisparket rett i metallet og ut. Så nære for Hødd!
84'
Frispark til Hødd i meget bra posisjon.
83'
Gult kort
Feller Shroot.
82'
Hjørnespark
Blir heada unna av bortelaget.
82'
Hjørnespark
Endar med ingenting. Hødd beheld kula.
81'
Kanon frå Grodås! Hødd sin venstreback får ein god gammaldags trillar og sender i veg eit knallhardt skot. Det går like over mål. Bra forsøk frå sonen til det gamle landslagskeeperen Frode.
79'
Aursnes får to forsøk på seg til å få ballen i boksa, men ingen av dei når fram til ein medspelar i blått.
79'
Frispark til Hødd i bra hald for innlegg.
77'
Shroot i aksjon med ein gong. Først er han del i eit bra veggspel, før han spring seg fri og får lagt inn. Diverre for heimelaget får forsøket rett på Sørensen.
76'
Spillerbytte
76'
Nesten for Hødd! Ulland Andersen skjer innover og avsluttar like utanfor Sørensen sin høgre stolpe. Godt forsøk.
74'
Spillerbytte
74'
Ein debutant gjer seg klar for Hødd.
74'
Brukbar sjanse for Hødd. Høgreback Ingebrigtsen avsluttar frå distanse, men keeper Sørensen får skotet midt på seg og har god kontroll.
72'
Forbi alle.
72'
Frispark til TUIL midt på bana.
70'
Tromsdalen-trenaren i hardt vêr! Gaute Helstrup hindrar Hødd-back Ingebrigtsen fysisk i å ta eit kjapt innkast, og hissar dermed på seg heile stadion. Domar Lundby nøyar seg med tilsnakk.
69'
Innbyttar Råde er nære på å kome seg åleine mot Urke, men han er under hardt press og får aldri avslutta.
67'
Ein frustrert Standal kjem for seint inn i ei takling, men domar Lundby gjer nok rett i å nøye seg med tilsnakk. Spissen bør uansett passe seg, for han har som kjent allereie eit gult kort i kampen.
66'
Grodås kjem seg heilt inn i boksa og får lagt ballen femogførti grader ut, men ingen i blått kjem på den.
64'
Spillerbytte
63'
Spillerbytte
63'
Er altfor lågt slått og raudtrøyene får reiska unna.
63'
Frispark til heimelaget i fin posisjon.
62'
Sveske Joakim Wrele skal inn for Hødd. Han er 23 år og har kome på lån frå Halmstads BK.
61'
Espen Standal kjem nok ein gong fri i god posisjon, men endå ein gong blir han for ubesluttsam i det han gjer. Med tanke på at Hødd har tre spissar på benken, er det nok ikkje usannsynleg at det skjer endringar snart.
59'
Hjørnespark
Blir stanga enkelt unna ved første stolpe.
59'
Det er for øvrig sterk kamp om keeperplassane i Hødd. I tillegg til Urke har dei nemleg henta inn Aslak Falch som har fleire kampar for Noreg på aldersbestemte landslag. Han kom frå Sandnes Ulf, og har også ein kamp for naboklubben Viking.
57'
Bortelaget er nære på å tråkle seg igjennom, men Moltu får ein fot på ballen før det blir verkeleg farleg.
56'
Eit marerittminutt for Jan Lennart Urke der. Først gir han ein unødvendig corner i ein situasjon har skal ha kontroll, før han også rotar det til på hjørnesparket og Tromsdalen får mål.
53'
Selvmål!
1-1
Målmann Urke fomlar igjen, og ballen går i mål. Det står 1-1 på Hødvoll! Vanskeleg å sjå heilt kva som skjedde i feltet der, men vi krediterer, diverre for heimefansen, keeper Urke med den så lenge.
52'
Hjørnespark
52'
Urke skal fange ein tilsynelatande enkel ball, klarer å rote den ut til corner.
51'
Mange personlege feil hjå spelarar frå begge lag no. Svært dårleg rytme har det vore hittil.
50'
Lysvoll prøvar eit skot, men forsøket går over.
48'
Andersen skjer innover i Tromsdalen si boks, men avslutninga med utsida av høgrefoten blir for svak.
47'
Ingen endringar på nokon av laga. Heimelaget stiller for øvrig med heile tre spissar på innbyttarbenken, inkludert nyankomne Robin Shroot, som kom frå engelske Stevenage, og som tidlegare har vore i Birmingham City.
46'
Hødd sparkar i gong dei siste 45 minutta.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Dei gamle Hødd-veteranane er no i ferd med å trakke ned dei lause grastustane på matta, og det er straks klart for 2. omgang.
Det står 1-0 til Hødd etter første omgang. Heimelaget leiar fortent, sjølv om det ikkje har vore ein kamp prega av bra spel og mange sjansar. Blåtrøyene ordna 1-0 på straffe ved Fredrik Aursnes, men det meir oppsiktsvekkjande var det at Tromsdalen sin spelar Eirik Bertheussen, som hindra scoring ved å redde med handa på streken, berre slapp unna med det gule kortet. Dermed er det 11 mot 11 også dei siste 45 minutta, og forhåpentlegvis vil vi få sjå fleire moglegheiter og mål.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+2'
Hjørnespark
Endar med ingenting.
45+1'
Stor sjanse for Hødd! Standal og Magnussen kjem åleine igjennom, men førstnemnde rotar det heile vekk med ei elendig pasning. Corner.
45'
Tornqvist taklar Mienna over ende inne i Hødd si boks, men domaren føretrekk ikkje ei mine. Hadde ikkje akkurat kontroll over situasjonen der, Hødd sin finske midtstoppar.
44'
Innlegg i Hødd si boks, men Urke kjem ut og held kula.
43'
Hjørnespark
Magnussen stangar unna midt foran mål.
41'
Langt oppspel for heimelaget igjen, men Vibe headar kontrollert tilbake til keeper.
41'
Veldig lite som varmar på Høddvoll no. Spelet er prega av lavt tempo og stopp, vêret er surt og vindfullt, og i tillegg er kaffien både harsk og lunken.
39'
Kristoffersen avsluttar svakt utanfor.
38'
Frispark til TUIL i bra innleggsposisjon.
38'
Urke er heilt på bærtur i det eit langt oppspel endar i Hødd si boks, men heldigvis for heimelaget blir dei ikkje straffa for det.
37'
Hødd prøvar å rulle opp eit angrep, men innlegget frå Grodås på venstrekanten går bak mål.
36'
Tromsdalen tek seg framleis veldig god tid ved dødballar. Så mykje tempo har det ikkje akkurat vore å spore i dette oppgjeret.
35'
Mienna avsluttar for bortelaget, men forsøket går langt utanfor mål.
31'
Ole Amund Sveen har vist seg bra fram hittil i sin heimedebut for Hødd. Sveen spelde for HamKam på lån i delar av sesongen i fjor, men kjem eigentleg frå Strømsgodset.
30'
Heimelaget har prøvd å slå direkte i bakrom ved fleire høve, men hittil har det ikkje lukkast skikkeleg.
27'
Hjørnespark
Helte sender i veg ein innsvingar som landar oppe på nettaket.
27'
Hødd rullar bra opp, men innlegget frå Ingebrigtsen blir rydda unna framføre mål. Corner.
26'
Heltne slår flatt inn, men bortelaget får reinska unna.
26'
Eirik Bertheussen står altså og handsar på streken i det ei heading er på veg inn i mål, men domar Lundby vel altså å berre drage fram det gule kortet, i tillegg til eit soleklårt straffespark. Tromsdalen bør vere veldig glade for at dei spelar med fullt lag no!
23'
Mål!
1-0
Sørensen går feil veg og ballen fyk i nettet. 1-0 til Hødd!
23'
Gult kort
Lagar straffespark.
23'
Straffe!
Bertheussen handsar på streken og lagar straffespark!
22'
Dramatikk på Høddvoll!
22'
Hjørnespark
22'
Standal kjem seg fri bak TUIL sitt forsvar, men blir for rådvill og endar berre opp med ein corner.
21'
Hødd sin supportergjeng, Blåsarane, gjer sitt til å halde stemninga oppe på stadion. Elles er det lite glede å spore blant resten av folket her.
19'
Grodås med innlegg frå venstre. Standal stil til vêrs, men når ikkje ballen.
18'
Det har stoppa opp på den siste tredjedelen for begge lag så langt.
18'
Det første kvarteret her på Høddvoll har vore ei ganske tafatt affære. Ein god del av tilskodarane på stadionet har nok nettopp sett den elleville 3-2-kampen mellom Liverpool og Manchester City, så det er ikkje sikkert dei har noko vondt av å få roa litt ned.
15'
Andersen får tilsnakk etter å ha vore for seint inne i ein duell.
14'
Magnussen får vendt opp inne i Tromsdalen si boks og avfyrt eit skot. Enkel jobb for keeper Sørensen å halde det.
13'
Mange stopp i spelet no. Nok eit innkast for heimelaget.
11'
Det endar med ingenting. Hødd overtek.
11'
Bortelaget kontrar.
10'
Ingebrigtsen skal kaste langt igjen.
9'
Smårot i Hødd sin sekstenmeter. Moltu skal klarere ein enkel ball, men bommar. Keeper Urke er vaken og får kaste seg over den.
9'
Grodås slår kjapt i bakrom til Magnussen, men ballen sprett bra i graset og fyk inn til Sørensen.
8'
Vanskeleg å sjå om Lundby gjer rett eller ei. Standal var i alle fall åleine igjennom og datt over ende då han prøvde å runde keeper Sørensen.
7'
Gult kort
Domar Lundby meiner Standal prøvar å filme til seg eit straffespark og gir han kampens første gule kort.
6'
Standal går i bakken inne i Tromsdalen si boks, men får ikkje straffe!
6'
Hødd med ein bra overgangssjanse, men Magnussen har ikkje overblikk nok og får aldri spelt fri kompanjong Standal.
5'
TUIL får reinska unna, men Hødd beheld kula.
4'
Ingebrigtsen med kastet.
4'
Standal jagar ein lang ball, men Vibe går for det sikre og sparkar den ut til innkast.
3'
Heimelaget kombinerer småpent, men Standal når til slutt ikkje kula.
Avspark Start 1. omgang
Vêret i Ulsteinvik er for øvrig typisk Hødd-vêr. Det er vind, regn og kaldt!
Tromsdalen skal spele med utsikt mot havet i første omgang.
Begge laga er no på veg ut på grasmatta på Høddvoll!
Dagens hovuddomar er Martin Lundby. Han blir assistert av Eivin Hansen og Øystein Simon Ytterland.
No blir Hødd-hymna 'Liten - men stor' speld over speakeranlegget. Vi er få minutt unna kampstart!
Hødd og Tromsdalen har møttest i offisiell kamp 10 gongar sidan 2001. Statistikken over desse er 4-2-4, med ein målskilnad 21-16 til Hødd. På Høddvoll har det enda 2-2-1. Fleire av oppgjera har vore svært underhaldande, ikkje minst det siste møtet mellom laga, i 2012, då Hødd vann 4-3 her på Høddvoll. Den største sigeren mellom laga kom i 2004, då Hødd vann heile 7-1 her. Dagens heimelag bør uansett ikkje vere altfor kjepphøge, for på dei fire føregåande møta har dei faktisk berre vunn ein gong.
Sist desse to laga var i 1. divisjon i lag gjekk det dramatisk føre seg. I 2012 var Hødd meget nære nedrykk til 2. divisjon, men Tromsdalen gjekk ned på bekostning av Ulsteinvik-laget. Faktisk var det til slutt berre snakk om to fatte scoringar i frå at laga hadde bytta skjebne.
For Tromsdalen er Gaute Helstrup hovudtrenar. Han førde laget opp i 1. divisjon etter eitt år på nivå tre, og skreiv til slutt etter litt fram og tilbake under på ei ny kontrakt på tampen av 2013.
Ei anna viktig endring i Hødd er også at suksesstrenaren Lars Arne Nilsen, som førde laget til NM-gull i 2012 og nesten til Tippeligaen i fjor, har gitt seg. Assistenten hans, Sindre Eid, blei ei tid etter flytta opp som øvste sjef. Til å hjelpe seg har han fått blant andre Steinar Lein, som tidlegare har hatt hovudansvaret i Vard.
For Tromsdalen har Jonas Johansen (Tromsø), Lars Konrad Johnsen (Finnsnes, Tobias Arnøy (Ukjent),Bjørn Strøm (Legg opp), Fredrik Allertsen (Senja, lån ut sesongen) og Sondre Flaat (Senja) forsvunne. Nye spelarar inn er blant anna Svenn Johansen (Skjervøy), Jørgen Vik (Finnsnes), Hans Åge Yndestad (Senja), Andreas Sletvold (Mo), Kim Råde (Mo) og Jonathan Barlow (Senja) kome, i tillegg til nemnde Vibe.
Hos Hødd har det som vanleg vore fleire endringar på troppa. Av dei spelarane som har forsvunne har vi Sivert Heltne Nilsen (Vålerenga), Rune Ertsås (Alta), Andreas Lie (tilbake til AaFK etter lån) og Tobias Nygård Vibe, som er på lån frå Hødd til nettopp Tromsdalen. Vibe startar i midtforsvaret, og er nok svært lysten på å vise sine gamle lagkameratar at han faktisk kan. Av nye spelarar i Ulsteinvik finn vi Ole Amund Sveen, Joakim Wrele og Robin Shroot.
Begge laga fekk ei perfekt opning på årets 1. divisjon. Nyopprykka Tromsdalen slo Strømmen 2-1 i ein jamnspeld kamp på TUIL Arena etter mål av Vegard Lystvoll (straffe) og Kim Andre Råde i andre omgang. Hødd tok på si side ein meget sterk siger mot HamKam på Hamar etter mål av Joachim Magnussen. Laget frå Ulsteinvik låg bakpå i store delar av oppgjeret, men klarde likevel å kontrollere inn ein knapp 1-0-siger.
Hei og velkomen til livedekning av 1. divisjonsoppgjeret mellom Hødd og Tromsdalen. Ettersom laget frå Ulsteinvik er i full gang med å byggje nytt stadion, er kampen i dag den siste serieopninga på ærverdige gamle Høddvoll nokon gong!