TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Hødd vinn fullt fortent 4-0 etter fantastisk fotball. Blåtrøyene viste seg bra fram i 1. omgang og leia 1-0, men dei siste 45 minutta viste dei offensiv fotball av ypperste kvalitet. Strømmen yppa seg litt til tider, men hadde til slutt lite å stille opp med. Akershus-laget er no under streken på 13. plass, medan vesle Hødd toppar Adeccoligaen!
Kamp slutt Slutt (4-0)
90+4'
Nikolai Hagen prøvar å kome seg forbi Moltu, men Hødd-stopparen gjer ein fantastisk jobb og skjermar ut ballen.
90+3'
Heltne Nilsen lobbar opp ballen til Karlsen, men sistnemnte skyt den 9-10 meter utanfor bortelagets mål.
90+2'
Henrik Nordnes legg Sandal i bakken bakfrå, men er heldig og slepp kort. Frispark til heimelaget midt på Strømmen sin halvdel.
90+1'
Spillerbytte
90'
Redning på streken! Hødd kontrar etter ein vidunderleg piruett av Diomande, og Karlsen blir spelt åleine gjennom. Han rundar Jørgensen, men får ballen for langt ut på sida. Karlsen legg i staden inn til Heltne som skyt, men får skotet redda på streken.
90'
Mendey feller Laajab, og Strømmen får ein dødball eit stykke inn på Hødd sin halvdel.
88'
Erik Sandal skyt like over frå 16-17 meter. Nære på 5-0!
86'
Mål!
4-0
Kjempescoring! Hødd spelar fantastisk ein-touch-fotball heilt inn i Strømmen si boks, og på ope mål frå fem meter har Heltne ein enkel jobb.
86'
Innkast til Strømmen høgt i bana.
85'
Frispark til Hødd midt på Strømmen sin banehalvdel. Heltne Nilsen slår inn til Klock som headar nokre meter over.
84'
Michael Karlsen har blitt kåra til beste Hødd-spelar av ein lokal jury. Velfortent!
83'
Hjørnespark
Går rett inn til Jørgensen, og Strømmen får samtidig frispark.
82'
Hjørnespark
Strømmen headar ut til ein ny corner.
82'
Stor sjanse for Hødd! Han kjem seg åleine inn i boksa, men Jørgensen reddar flott.
82'
Ikkje altfor mykje som skjer her no. Strømmen verkar å ha gitt opp, medan Hødd er for unøyaktige i dei avgjerande delane av spelet.
79'
Heltne med frispark. Jørgensen boksar unna.
79'
Spillerbytte
77'
Strømmen kjem på ei bra kontring, men Hødd si offsidefelle virkar, og Andreas Moen blir avvinka.
76'
Spillerbytte
76'
Gult kort
Mistar ballen og sparkar ned ein Hødd-spelar i frustrasjon.
73'
Spillerbytte
72'
Mål!
3-0
Eit fantastisk mål! Diomande får ballen på 25-30 meter, før han klinar den i mål, så vidt innom keeper Jørgensen. No spørs det om ikkje alle poenga blir att i Ulsteinvik.
70'
Karlsen kjem seg fri på høgrekanten og får slått inn, men innlegget går rett i ein motspelar.
69'
Kazeem får stor applaus frå heimepublikummet. Han har nok ein gong vist fram monge tekniske finesser.
68'
Spillerbytte
68'
Bra sjanse for Strømmen! Ismailovski dreg seg innover og avsluttar frå god posisjon, men også denne gongen går skotet rett på Nyland.
67'
Karlsen driblar seg elegant fri og slår inn foran Strømmen-målet, men ingen lagkameratar kjem først på den.
65'
Gult kort
Ettersleng på Sandal.
65'
Garcia handsar og Hødd får frispark nokre meter frå hjørnet av sekstenmeteren til Strømmen. Sandal slår den rett i muren og Strømmen overtek.
64'
Moen blir nesten spelt fri etter at Nilsen mistar ballen utanfor eigen 16-meter, men ballen går berre inn til Nyland.
63'
Strømmen kjempar, men Hødd held fram med å presse. Klock skal kaste langt. Bortelaget får frispark.
61'
Hjørnespark
Blir stussa ut over sidelinja av ein Strømmen-spelar. Nytt kast.
61'
Ørjan Nyland står på 19 meter og dempar eit gjennomspel på låret før han speler til ein lagkamerat. Iskaldt av U21-keeperen!
60'
Hødd sin nr 11 kjem inn på bana att etter litt behandling.
58'
Kazeem ligg nede, og ballen blir spelt ut.
58'
Nikolai Djupesland skyt frå 19-20 meter, men Nyland har ein grei jobb med å redde. Bra moglegheit for Strømmen!
57'
Strømmen vinn innkast høgt i bana.
57'
Mykje fram og tilbake her no. Strømmen har sleppt seg meir fri, noko som har opna for kontringar for heimelaget. Dette er langt frå avgjort!
56'
Gult kort
Riv ned ein motspelar når han mistar ballen. Håplaust av Hødd-spelaren.
55'
Stor sjanse for Strømmen! Bortelaget vinn ballen høgt i bana, og Abdurahim Laajab får avslutta frå 18-19 meter. Skotet går hårfint utanfor.
54'
Strømmen er nære på å bryte gjennom, men eit Hødd-bein hindrar ein potensiell stor sjanse.
52'
Mål!
2-0
Frisparket blir slått inn i boksa, der Michael Karlsen etter kvart får den åleine framføre boksa. Trønderen skyt den hardt og lavt i mål, utakbart for Jørgensen.
52'
Gult kort
Riv ned Karlsen som er på veg framover.
52'
Strømmen er nære på å kome til avslutning innanfor boksa, men Heltne Nilsen ordnar opp med ei bra takling.
50'
Frispark til Strømmen i bra innleggsposisjon. Jonas Rygg slår den lavt inn, og Hødd får klarert.
50'
Strømmen-trenarane har fått laget sitt til å stå høgare, og akkurat no er det bortelaget som har initiativet.
49'
Laajab prøver å spele fri van der Burgt, men pasninga blir litt for unøyaktig.
48'
Heltne Nilsen slår den forbi alle.
48'
Frispark til Hødd midt på bana.
47'
Gult kort
Får det for ein ettersleng på Heltne Nilsen.
47'
Kazeem slår flott inn, men ballen går forbi alle.
47'
1256 tilskodarar her i dag.
46'
Andreas Moen blir spelt gjennom og set ballen over, men assistentdomaren har uansett vinka for offside. Såg ut til å vere hårfint.
46'
Hødd startar med ballen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
45'
Spillerbytte
No er laga på veg ut på bana igjen.
Då står det 1-0 til Hødd etter dei første 45 minutta etter scoring av Michael Karlsen. Hødd har dominert i alt med unntak av dei fem første minutta, og Strømmen må nok endre litt på taktikken om dei skal kome unna dette med poeng. Vi gler oss til ein spanande 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45'
Latifu slår inn til Nilsen som kjem stormande, men indreløparen klarer ikkje å utføre eit bra medtak, og Jørgensen kan enkelt fange ballen.
44'
Strømmen, som har vore svært defensive så langt, må nok gå til plan nr 2 om dei skal få med seg poeng her i dag.
43'
Hødd held fram med å trykke, men keeper Jørgensen får eit noko billeg frispark etter ein duell og Strømmen kan roe ned.
40'
Mål!
1-0
Diomande får teke ned ballen i Strømmen si boks etter corneren, og den tidlegare Rosenborg-spelaren Michael Karlsen får tuppa ballen i mål frå kort hald. Svært fortent leiing!
40'
Hjørnespark
40'
Torset skyt via ein motspelar og ut til eit hjørnespark.
39'
Diomande får slått inn frå god posisjon, men assistentdomaren signaliserer at ballen har vore ute over sidelinja.
37'
Hjørnespark
Kristoffersen headar unna, før Strømmen etter kvart får frispark.
37'
Kazeem slår inn, og Emilio Garcia gir corner.
36'
Andreas Moen er nære på å snappe ballen i Hødd-boksa, men Nyland får tak i den.
34'
Hødd trykkar på no, og Strømmen får låne ballen svært lite. Berntsen og Myhre sitt mannskap verkar heller ikkje å vere for ivrige på kontringane.
34'
Torset kjem seg fri på høgrekanten, men innlegget går bak Jørgensen sitt bur.
33'
Stor sjanse for Hødd! Brandal slår nok ein gong bra inn, og Bendik Torset får stå heilt åleine og heade. Fleire av heimepublikummet jublar, men ballen går like utanfor.
31'
Hjørnespark
Blir teke kjapt, og heimelaget rotar etter kvart vekk ballen.
31'
Brandal slår bra inn, og berre ei viktig klarering frå Kristoffersen hindrar at Karlsen kjem til ein sjanse.
30'
Strømmen har lagt seg veldig djupt, og dei har hittil satsa på å forsvare seg til poeng. Dei har skapt minimalt framover.
28'
Hødd får eit nytt frispark. Nilsen slår den svakt inn, og bortelaget ryddar greitt opp.
28'
Sandal skyt og Strømmen-kapteinen headar unna på streken. Såg likevel ut til at Jørgensen hadde kontroll.
26'
Van der Burgt fellar Torset og Hødd får dødball på ca 25 meters hald.
24'
Hjørnespark
Den utoverskrudde corneren finn Diomande som headar over under press.
24'
Kazeem driblar seg frfi, men får innlegget så vidt blokkert.
22'
Bendik Torset med innlegg, men ingen av medspelarane klarer å få noko konstruktivt ut av det.
22'
Jonas Rygg med Strømmen sitt første forsøk. Han skyt direkte frå 18-19 meter, men skotet går rett på Nyland som har full kontroll.
18'
Diomande blir felt, og Hødd får frispark midt på bana. Heltne Nilsen slår inn. Strømmen får frispark av mannen i gult og svart.
18'
Kazeem prøvar å lobbe ballen over ein motspelar rett utanfor Strømmen-boksa, men ballen blir stogga. Hødd sin kjappe ving ropar på hands, men domar Hansen lar spelet gå.
17'
Torset blir spelt fri av Kazeem, og åleine med Jørgensen prøver han å setje den mellom beina på han. Strømmen-keeperen går sigrande ut av den duellen!
16'
Nesten for Hødd! Kazeem speler fri Torset som slår flatt inn framføre mål. Der er eit Hødd-bein nære på å få putta den i mål. Bra forsøk!
13'
Framleis ingen sjansar å skrive heim om, sjølv om Hødd framleis viser mest vilje til å ville skape noko.
12'
Diomande glir før ein duell, og blir liggjande. Held seg til bakhovudet.
11'
Bjørnevik gir Karlsen ein dytt bakfra, og heimelaget får frispark. Dei held ballen oppe, og prøvar å finne rom.
9'
Hødd vinn innkast høgt i bana. Tek den kjapt.
8'
Sandal slår inn, og etter litt klabb og babb i feltet får Strømmen klarert. Hødd har teke over initiativet no.
8'
Diomande vinn ballen høgt i bana, men blir takla og får frispark.
7'
Frispark til Hødd midt på bana. Nilsen skal slå. Ballen hamnar i feltet, men bortelaget får klarert.
6'
Strømmen har heilt klart vore mest toneangivande så langt i kampen, sjølv om det endå ikkje har resultert i sjansar.
6'
Gøran van der Burgt kjem seg nesten forbi Akeem Latifu, men Hødd sin nr 24 er heldig og vinn eit utspel.
5'
Sivert Heltne Nilsen får tilsnakk. Usikkert kvifor.
4'
Brandal finn nesten Sandal, men eit Strømmen-bein kjem i vegen.
3'
Laajab prøvar å kome seg forbi Brandal, men høddbacken klarer å vinne ballen.
2'
Nikolai Djupesland prøver seg på høgrekanten, men ballen går ut over sidelinja.
1'
Moen prøvar si første pasning, men den blir snappa av Diomande.
Avspark Start 1. omgang
Strømmen skal starte med ballen.
Hødd sin kaptein Fredrik Klock får utedelt blomar for 200 kampar i den blå trøya!
No har laga kome på bana!
Dagens dommar er Tore Hansen. Han blir assistert av Frode Ølmheim og Joakim Knapstad.
Blåsarane er bra representerte i dag, medan det er få bortesupporterar å sjå. I følgje Strømmen IL sin eigen utsendte, er to stykke som har teke vegen på kamp!
No blir Hødd-hymna 'Liten - men stor' spelt på stadion. Heimepublikummet har røyst seg.
Begge lag har tilnærma fulle troppar å velgje frå. For Hødd er det berre Dag Roar Ørsal som manglar, medan Strømmen ikkje har nokre sentrale spelarar ute.
Laga har ikkje møttest altfor mange gongar i nyare tid, men i 1991 og 1992 var dei begge i 1. divisjon. På desse fire kampane sigra Strømmen tre gongar (ein på Høddvoll), medan Hødd berre vann éin.
Strømmen har vore ganske variable hittil, for etter ein god start gjekk dei på fleire smellar. Siste siger kom imponerande nok borte mot Hønefoss, men etter det har Akershus-laget spelt tre kampar utan å sanke full pott (0-1-2). Borte frå Strømmen Stadion har laget 2-2-2, ingen dårleg statistikk.
Hødd har ein veldig bra statistikk heime, og siste serietap her på Høddvoll var tilbake i 2009, rett nok med to sesongar i 2. divisjon. Hittil i år står dei med 3-2-0 på eige gras. Det hittil einaste tapet i sesongen kom borte mot Sandefjord i mai, og sidan det har dei klart 2-2-0.
Strømmen har også byrja sesongen bra, sjølv om tabellen tilseier noko anna. I augneblinken ligg Thomas Berntsen og Petter Myhre sitt lag på 12. plass, men dei har altså berre tre poeng mindre enn dagens heimelag. Årets Adeccoliga ser ut til å bli rekordjamn!
Hødd låg før denne runda på 2. plass, med like mange poeng som HamKam (18), men ettersom Hønefoss sanka eitt poeng tidlegare i dag, har ulsteinvikarane blitt degradert til 3. plass. Blåtrøyene har nok imponert dei fleste hittil i sesongen, sidan dei fleste ekspertar dømde dei nord og ned før Adeccoligaen 2011 starta.
Det er flotte forhold for kamp på Høddvoll i dag. Det vekslar mellom sol og overskya, og temperaturen ligg på rundt 15 grader. Bana ser veldig bra ut også.
Hei og velkomen til livedekning av oppgjeret mellom Hødd og Strømmen!