TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Etter 70 minutt utan scoringar tok det heilt av på slutten her på Høddvoll. George White sendte Strømmen i føringa med eit velplassert skot, før Hødd utlikna fire minutt seinare ved Franjo Tepuric, som sprang rett inn frå innbyttarbenken og stanga inn målet. Etter dette var det sjansar til begge lag, men vi måtte vente heilt til det 94. minutt før det avgjerande målet kom, ved midtstoppar Steffen Moltu. Hødd er dermed framleis med i kampen om kvalikplassane, medan Strømmen nok merkar laga bak seg på tabellen puste dei i nakken. Takk for fylgjet!
Kamp slutt Slutt (2-1)
90+4'
Mål!
2-1
Hødd har snudd det! Corneren frå Aursnes er farleg slått, og etter å først ha fått ei avslutning redda på strek er det Moltu som får pirka kula i nettet. For eit drama på Høddvoll!
90+3'
Hjørnespark
90+3'
Hjørnespark
Endar i ny corner.
90+3'
Nesten for Hødd! Andersen prøvar seg frå distanse, men Østbø får redda til corner.
90+1'
Det blir lagt til minimum fire tilleggsminutt her på Høddvoll.
90'
George White prøvar seg på det han lukkast så godt med tidlegare i kampen, og skjer innover og avsluttar. Denne gongen går skotet utanfor.
88'
Tokstad tek seg veldig god tid når han skal kaste. Publikum er sjølvsagt misfornøgde med det.
87'
Framleis nok tid til å få kåra ein vinnar her, men kven det skal bli, er umogleg å spå. Her kan alt skje.
86'
Tepuric vinn ballen og prøvar å setje fart, men blir stoppa av Nordnes som trakkar han på hælen.
84'
No er det bortelaget som har fått frispark. Heller ikkje det endar med noko farleg.
84'
Ulland Andersen chippar ballen inn, men Østbø kan plukke greitt.
83'
Frispark til Hødd midt inne på Strømmen sin halvdel.
83'
Hjørnespark
Lie misser, men når den att. Det kunne ha blitt farleg.
83'
Nesten for bortelaget. Tokstad vinn ballen høgt i bana og slår inn foran mål. Der er ikkje Nilsen langt unna å gå ballen i eige nett. Corner.
81'
Hødd prøvar å rulle opp, men ei svak pasning frå Aursnes øydelegg.
80'
Her kan alt skje. Begge lag er meget angrepsvillige.
79'
Mustapha Achrifi går for skot. Over.
79'
No skjer det mykje her. Frispark til Strømmen i bra posisjon.
78'
Nære på for Hødd igjen! Ulland Andersen slår inn, og Standal er ikkje langt unna å få styrt headinga si på mål.
77'
Strømmen prøvar seg like etter utlikninga, men heimelaget får blokkert avslutninga.
75'
Mål!
1-1
Tepuric går rett inn og scorar! Spissen blir bytta inn, spring mot Strømmen si boks, og headar ballen i mål på si første berøring. Det innbyttet er nok trenar Lars Arne Nilsen nøgd med. 1-1 og like langt på Høddvoll!
74'
Spillerbytte
74'
Hjørnespark
74'
Aursnes prøvar eit langskot. Det endar med corner.
72'
Hødd rullar bra opp, men det avgjerande innlegget frå Ulland Andersen går forbi alle.
71'
Spillerbytte
71'
Mål!
0-1
Der sit den for bortelaget! Strømmen vinn ballen høgt i bana og White skjer innover frå venstre før han plasserer ballen i det lengste hjørnet. Dette blir tøft for Hødd.
70'
Frispark til bortelaget nokre meter inne på Hødd sin halvdel. Achrifi slår opp, men det heile endar berre med utspel frå Lie.
69'
Magnussen slår tidleg inn frå venstre. Østbø kjem kjapt ut og plukkar ballen.
68'
Hjørnespark
Er bra slått, men ingen i blått får avslutta på mål.
67'
Nesten for Hødd! Heimelaget rullar opp eit bra angrep og Andersen kjem åleine med Østbø. Keeperen er derimot kjapt ute og får avverga avslutninga. Hødd sin beste sjanse hittil!
66'
Magnussen prøvar å drage seg fri, men klarer ikkje å halde ballen på bana. Utspel frå Østbø.
65'
Hødd trillar og trillar, men slit med å finne opningar i Strømmen-forsvaret.
64'
Hødd sin nr 24 går for skot, men sender forsøket over mål.
64'
Frispark til Hødd. Ulland Andersen gjer seg klar.
64'
Agwuocha prøvar eit skot på halvvolley. Ikkje noko dårleg forsøk, men skotet går over.
63'
Mange stopp i spelet her no. Mange småskader.
59'
Addo slår inn, men Magnussen headar enkelt unna.
59'
Nilsen held litt på Tokstad og bortelaget får frispark midt på bana.
58'
Rekdal glir nok ein gong og signaliserer så at nokon må skaffe andre sko til han.
57'
Dobbeltsjanse for Strømmen! Tokstad rundlurar Brandal og stormar inn i Hødd si boks. Innlegget framføre mål er bra, men ingen andre i grått klarer å få avslutta på mål. Nok ein gong nære på for bortelaget!
56'
Strømsnes skal slå frisparket opp.
56'
Amundsen må få hjelp til å kome seg av bana.
55'
Amundsen ligg framleis nede og får behandling.
54'
Gult kort
Er misfornøgd med sjølv å bli felt utan å få frispark, og svarar med å takle Nordnes ulovleg.
54'
Mange personlege feil i Strømmen-laget no. Hødd med trykket her.
53'
Ingebrigtsen med langt innkast.
53'
Ulland Andersen slår inn, men Achrifi stangar unna.
52'
Frispark til Hødd i bra innleggsposisjon.
52'
Gult kort
Feller Ulland Andersen som er på veg forbi.
51'
Achrifi prøvar seg med eit langskot. Høgt over buret til Lie.
50'
Ingebrigtsen slår inn mot Ulland Andersen som går overende inne i feltet. Hødd-spelaren får ein liten dytt, men domaren gjer rett i å ikkje dømme straffespark.
49'
Rekdal har sprunge seg fri bak Strømmen sitt forsvar, men glir i det han skal ta ned kula.
48'
Hjørnespark
Aursnes får to forsøk på å slå inn, men begge blir klarert.
48'
Nære på at Ulland Andersen får tråkla med seg ballen inn i boksa. Corner.
47'
Hansen prøvar å legge igjen til Rasch som er på veg framover, men pasninga blir for upresis.
46'
Heimelaget sparkar i gong dei siste 45.
Start 2. omgang Start 2. omgang
No kjem laga ut på bana att.
Det står 0-0 til pause på Høddvoll etter ein artig førsteomgang. Strømmen har hatt dei desidert største sjansane, medan Hødd har hatt mest av spelet. På tampen av omgangen steig også temperaturen i spelarane nokre hakk, og vi fekk fleire situasjonar med knuffing. Vi håpar at dei siste 45 minutta held fram i den same leia, og at vi også får sjå nokre scoringar!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Magnussen og Achrifi i ein liten klinsj her. Domar Hagenes gir tilsnakk til begge.
45'
Standal med eit farleg innlegg frå høgre. Ulland Andersen kjem hoppande, men når ikkje opp.
43'
Gult kort
Domar Hagenes overser det som såg ut som eit opplagt Hødd-frispark, og Aursnes svarar med å sklitakle Nordnes overende. Klart gult kort.
42'
Aursnes prøvar eit skot frå spiss vinkel. Det enda med at ein ballgut får seg ein bra løpetur.
40'
Det er Hødd som køyrer oppgjeret no, men framleis utan å skape altfor store sjansar.
40'
Standal prøvar å vende seg fri med ballen, men bortelaget får ordna opp.
38'
Hjørnespark
Greitt slått, men Hødd kjem ikkje nærare enn eit brassespark som går langt utanfor.
38'
Spillerbytte
38'
Magnussen prøvar å legge att til Standal, men bortelaget får rydda unna. Corner.
37'
Hødd skal faktisk gjere eit byte allereie. Andreas Rekdal står klar til å kome inn.
36'
Nilsen kjem til etter bra spel av heimelaget. Den komande Vålerenga-spelaren får bra klem på avslutninga, men forsøket går rett på Østbø som har kontroll.
35'
Hjørnespark
Går gjennom heile feltet, men Hødd beheld kula.
35'
Hødd kombinerer bra igjen, men Standal får ikkje kontroll på kula får bortelaget får klarert til corner.
34'
Nære på for Hødd. Østbø prøvar å halde kula, men misser kontrollen. Ballen ligg i ro foran mål ei kort tid før Nordnes får måka den vekk.
32'
Ulland Andersen prøvar å slå inn, men får berre innkast. Det skal Ingebrigtsen ta.
32'
Hødd har hatt ballen ein del den første halvtimen, men det er Strømmen som har skapt dei største sjansane.
29'
For ein sjanse! Moltu feilbereknar ein høg ball, og Rasch får servert den på sølvfat. Men frå få meters hald klarer han ikkje å overliste ein utrusande Lie. To store sjanar utan mål for Rasch no. Hødd lev farleg!
28'
Langt framspel mot Standal. Østbø er kjapt ute og plukkar ballen.
27'
Den tidlegare Vard Haugesund-spelaren bankar frisparket langt utanfor. Dårleg utnytta.
27'
Yabre kjem inn i ei takling med heva føter, og får frispark imot seg. Det skal Ulland Andersen ta.
26'
Moltu feilbereknar, og det er ikkje langt unna at Rasch får tak i kula fem meter i frå Hødd-buret.
24'
Frispark til Hødd midt på bana. Törnqvist slår langt opp, men det heile endar med utspel frå keeper.
23'
Magnussen sparkar med høg fot, og Addo dett rett i bakken. Frispark til Strømmen.
22'
Yabre prøvar å spele igjennom Rasch med eit saksespark, men forsøket endar med utspel frå Hødd sin innleigde AaFK-keeper Andreas Lie.
21'
Forferdeleg vêr på Høddvoll no. Underteikna har alltid hatt ein draum om å ikle seg den blå drakta i ein obligatorisk kamp, men akkurat i dag hadde han avslått eit eventuelt tilbod!
20'
Standal stormar åleine igjennom, men domar Hagenes har sett noko og bles frispark til Strømmen.
19'
Blir slått rett inn til Lie.
19'
Frispark til bortelaget midt på bana.
17'
Hjørnespark
Farleg slått corner, og Magnussen får ballen rett framføre Strømmen-målet. Kantspelaren går i bakken og vil ha straffe, men domar Hagenes vinkar spelet vidare.
17'
Hødd-laget speler seg fint inn i Strømmen si boks, men det avgjerande innlegget blir blokkert til corner.
15'
Hjørnespark
Moltu stangar unna to gongar, før Achrifi får tilbake ballen. Han dreg seg inn i Hødd si boks, men lagar så frispark imot.
15'
Bortelaget med eit forsøk. Endar i corner.
15'
Heimelaget med frispark. Andersen slår gjennom heile feltet, men kula endar berre opp i nevane til Østbø.
12'
Østbø får eit småvanskeleg tilbakespel, men keeperen klarerer bra unna. Uberekneleg underlag på Høddvoll no.
9'
Standal jagar, og Østbø vartar opp med dagens svakaste pasning. Innkast for Hødd.
9'
Strømmen tek eit frispark raskt, men Rasch sitt innlegg blir reinska unna.
8'
Aursnes kjem i fint driv og speler fri Magnussen til venstre, men det heile ebbar ut utan noko meir.
6'
Hødd-laget kombinerer fint, men Torset øydelegg ein god innleggssituasjon ved å misse kontroll oveer kula.
4'
Hjørnespark
Rett i klypene til Lie.
3'
Stor sjanse for bortelaget! Rasch kjem seg heilt åleine gjenom, men Lie kjem kjapt ut og stoppar forsøket. Der kunne Strømmen ha gått i leiinga allereie!
3'
Aursnes prøvar å finne Torset bak Strømmen-forsvaret. Bommar.
Avspark Start 1. omgang
Bortelaget skal starte med kula.
Og der har endeleg flokken byrja å røyre på seg, og vi er få minutt unna kampstart.
No står begge laga klare til å kome innpå.
Her i Ulsteinvik har det vore eit forferdeleg regnvêr i heile dag. Det er framleis ein del vatn på grasmatta også, så det spørs kor mykje finspel vi får servert i dag.
Hødd og Strømmen har møttest ni gongar i obligatorisk kamp sidan 1991. Laga har vore jamngode, noko statistikken på 4-1-4 tilseier. Her på Høddvoll har det enda 3-0-1. Strømmen sin einaste siger kom i 1992. I motsett oppgjer tildlegare i sesongen vann Hødd 2-0 på Strømmen stadion etter mål av Joachim Magnussen og Espen Standal.
Strømmen er på si side inne i ein fin stim, med 3-2-1 på dei seks siste. Laget står også med to strake sigrar (3-2 borte mot Vard Haugesund og 2-0 heime mot Elverum). Borte frå Strømmen stadion har dei dei grå svake 1-4-5.
Hødd har framleis mykje å gå på formmessig, for på dei seks siste ligakampane har det berre blitt 1-1-4. Siste kamp enda med eit knepent 1-2-tap for Stabæk, etter at bæringane fekk ei sein scoring. Her på Høddvoll har dei blå vore usedvanleg ustabile, og det har blitt 5-0-4 på dei ni kampane så langt. Sist gong dei spelte i Ulsteinvik blei det derimot siger, då Sandefjord blei slått 2-0.
Laga har kjempa i kvar sin ende av tabellen hittil i sesongen,sjølv om dei no nærmar seg meir og meir kvarandre . Hødd befinn seg på 8. plass, etter å ha vore oppe på 2. plass ei kort periode. Strømmen har derimot andre utfordringar, og laget til Gunnar Halle er på 11. plass, berre tre poeng unna første lag på nedrykksplass.
Strømmen startar dagens kamp med dei same elleve som starta førre kamp mot Elverum. På benken har dei fem mann: Hemmingbye, Hamutenya, Nilsen, Hain og Fellus.
Og no kjem bortelaget joggande inn på grasmatta! I følgje trenar Gunnar Halle måtte laget stå over eit planlagt måltid i Ålesund, men sjokolade og potetgull på flyet fekk bli ei naudløysing, skriv Sunnmørsposten. Om svolten framleis gneg i Strømmen-spelarane så er det berre å fråtse i kulinariske sunnmørsrettar som svele og mòr, for det finn vi nok av her på Høddvoll!
Då har vi akkurat fått bekrefta frå 4. domar Sindre Eikrem at kampen går til oppsett tidspunkt. Strømmen-spelarane var på Høddvoll omlag 17.15, og er straks klare for å byrje oppvarminga.
Hødd-trenar Lars Arne Nilsen manglar fleire viktige mann til dette oppgjeret. Dei som må unnverast er blant andre Erik Sandal, Victor Grodås, Vegard Heltne og Rune Ertsås. Franjo Tepuric og Tobias Nygård Vibe har vore usikre, men begge befinn seg altså på innbytarbenken i dag.
Hødd-spelarane er i gong med oppvarminga her i Ulsteinvik, og forhåpentlegvis vil kampen gå som planlagt, sjølv om vi framleis har til gode å sjå bortelaget på stadion.
Ein meget spesiell situasjon har oppstått på Høddvoll. Dagens bortelag, Strømmen, har nemleg ikkje kome seg til stadion endå, og det med berre 45 minutt att til oppsett kampstarttidspunkt! I følgje Sunnmørsposten traff flyet som Strømmen-mannskapet var på ein fugleflokk, og dermed måtte dei returnere til Oslo Flyhavn og starte reisa på nytt på eit seinare tidspunkt.
Hei og velkomen til livedekning av Adeccoliga-oppgjeret mellom Hødd og Strømmen, direkte frå Høddvoll!