Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar dermed for fylgjet for denne sesongen. Ha ein fin sundag vidare!
Avslutningar: 8-19. På mål: 2-10.
Dagens bortelag var ikkje like heldige med dei andre resultata, og med fire poeng opp til nedste kvalifiseringsplass for spel til Tippeligaen speler det ingen rolle korleis det går neste helg. 7. plassen er derimot innan rekkevidde, og det vil uansett vere ein god prestasjon av Skedsmo-klubben.
Heimelaget var derimot heldige med dei andre resultata denne runda, og ettersom verken Bryne (0-1) eller Ull/Kisa (2-2) vann, så er laget framleis på trygg grunn. Men ting ser uansett stygt ut, for i den siste runda skal laget til Steinar Lein reise til Sandnes for å vinne mot Ulf. Det blir ei enormt tøff oppgåve, men laget frå det sunnmørske havgapet har vist fleire gongar før at dei kan slå til når det verkeleg gjeld.
Strømmen knuser Hødd 3-0 på Høddvoll og sender heimelaget endå nærare nedrykk til 2. divisjon. Det var vanskeleg å forstå at det var Ulsteinvik-laget som hadde størst behov for dei tre poenga her, ettersom dei var tafatte i begge endar av bana. Strømnes ordna 0-1 før kvarteret var spelt, og like etter kvilen dobla Brændsrød leiinga. Same mann avslutta så frå kort hald til tremålsleiing 20 minutt etterpå. Kort tid før dette hadde også Steffen Moltu fått det raude kortet frå domaren etter å ha felt ein spelar på veg igjennom.
Kamp slutt Slutt (0-3)
90+4'
Nesten hattrick av Brændsrød. Prøvar seg med ein hælflikk, men Urke reddar. Ny corner.
90+3'
Nære på 0-4. Urke stoppar ballen før den går i stolpen og ut. Corner.
90+2'
Dagens høgste jubelbrøl kjem i det speaker annonserer at Ranheim har utlikna mot Ull/Kisa.
90+1'
Mickels prøvar seg etter pasning frå Rødsand. Over.
88'
Så leiar Ull/Kisa mot Ranheim. Hødd er under streken.
84'
Mensah avsluttar. Via ein Strømmen-spelar og til kast.
83'
Achrifi skyt utanfor etter trøkk frå bortelaget.
79'
Rasch bankar til frå godt hald. Urke får fista ballen over mål. Bra sjanse.
77'
Thor Lange avsluttar frå skrått hald. Forsøket blir blokkert. Corner.
76'
I stolpen frå Hødd. Aasbak står ved bakerste stolpe og headar mot mål, men kula går i stanga og ut i feltet.
74'
Småskummelt Hødd-innlegg. Blir klarert til corner.
73'
For Strømmen sin del leiar Mjøndalen 2-0, så ein kvalifiseringsplass er ikkje mogleg i augneblinken.
72'
Hødd er framleis over nedrykksstreken, takka vere at verken Bryne eller Ull/Kisa er i føringa i sine kampar. Det står henhaldsvis 0-0 og 1-1 i deira oppgjer.
70'
Aasbak prøvar seg med venstrefoten. Ufarleg over.
68'
Ny stor sjanse for bortelaget! Brændsrød avsluttar frå skrått hald, men forsøket går like utanfor.
67'
Bra sjanse for Strømmen! Urke må ut i full strekk for å hindre ballen i å gå inn til 0-3.
66'
Det påfølgjande frisparket endar i klypene til Urke.
64'
Bra forsøk av Hødd! Shroot snappar ballen høgt i bana og set fart mot mål, men avslutninga hans snik seg nokre meter utanfor målet.
62'
2.020 tilskodarar på Høddvoll i dag.
60'
Wrele med eit svakt innlegg som likevel skaper trøbbel for Omenås. Keeperen må gi corner.
59'
Markus Brændsrød bankar ballen knallhardt høgt over mål.
58'
Frispark i småfarleg posisjon for Strømmen.
57'
Heimelaget er meir aggressive no. Da vaknar også publikum.
56'
Rasch avsluttar medan han er i ubalanse. Over mål.
55'
Beite involvert med ein gong. Slår flatt inn til Sjølstad som avsluttar rett på ein Strømmen-spelar.
55'
Dobbeltbyte av Steinar Lein. No må Hødd berre køyre på med alt dei har for å få med seg noko frå denne kampen.
54'
Hødd har ei enorm oppgåve framføre seg no. Dessverre for dei har det vore altfor mange personlege feil denne sesongen.
49'
Bortelaget med ei svært skummel heading tilbake til eigen keeper, og det er ikkje langt unna at Shroot snappar ballen. Ikkje kjapp nok der, briten.
48'
Aasbak slår inn, men Omenås kjem ut og boksar.
48'
Lange med overfall på Kallevåg. Frispark i brukbar innleggsposisjon.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Ingen endringar på spelarsida etter kva vi kan sjå.
No kjem dei to laga ut på bana att.
Strømmen leiar 1-0 over Hødd etter dei første 45 minutta av dette svært viktige oppgjeret på Høddvoll. Steinar Strømnes scora kampens hittil einaste mål i det 14. minutt, då han fekk gå opp heilt åleine på ein corner og stange ballen i mål. For Hødd sin del har lite stemt offensivt. Skal laget ha nokon som helst sjanse til å vinne her må spelarane kome ut med ein heilt anna haldning etter kvilen. Vi går ein spanande omgang i møte!
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45'
Dernjani slår inn frå høgre. Urke ligg og ventar på ballen.
44'
Veldig dårleg rørsle i heimelaget når dei angrip. Få diagonalløp. Strømmen klarer derimot å gjere dette når dei set fart framover. Brændsrød har kome seg laus frå Moltu og Wembangomo ved fleire høve allereie.
38'
Shroot vendar innover i bana og avsluttar. Eit par meter over mål.
36'
Kallevåg prøvar å finne Aasbak inne i feltet, men pasninga blir for hard. Ikkje mykje rytmisk det Hødd føretek seg offensivt her.
34'
Torset får avslutta utanfor frå god posisjon, men blir uansett avvinka for offside.
34'
Delar av Hødd prøvar å støtte laget, men dessverre for dei held store delar av hovudtribuna att på synginga slik at det har liten effekt.
32'
Sereba prøvar å slå i bakrom mot Torset. Endar berre over dødlinja.
31'
Kollisjon mellom ein spelar frå kvart av laga. Stopp i spelet.
30'
Aasbak med ein lur diagonal crossar til Kallevåg. Sistnemnde når derimot ikkje fram i tide.
29'
Hødd har heva seg litt dei siste minutta, men strevar med å skape ting offensivt.
28'
Shroot slår femogførti grader ut til Sereba. Kantspelaren avsluttar på mål, men treff langt i frå godt nok til å overliste Omenås.
27'
Rasch med ein lur stikkar i bakrom. Dessverre for bortelaget møter både Brændsrød og Dernjani og ballen endar opp hjå Hødd-målvakta i staden.
25'
Mustapha Achrifi skyt frå distanse. Rett på Urke. Ufarleg.
23'
Mange frispark hittil i kampen. Domar Amland har derimot lagt lista høgt og ikkje delt ut gule kort endå.
22'
Det blir faktisk Sereba. Avsluttar ein meter utanfor. Dårleg utnytta.
22'
Frispark til Hødd i veldig god posisjon. Blir det Shroot som skal skyte?
21'
Heimelaget manglar Joachim Magnussen til denne kampen. Det merkast på dei defensive dødballane.
20'
Achrifi slår inn og ein Strømmen-spelar får stå heilt åleine og heade. Forsøket endar derimot utanfor, i tillegg til at det blir vinka for offside.
19'
Mensah er altfor sein inn i ei takling. Frispark i farleg posisjon.
19'
Gjestane trillar mykje ball no. Heimelaget verkar småparalyserte og spring i mellom.
16'
Med unntak av jublinga frå dei tilreisande supportarane var forståeleg nok knyststille i det Strømmen fekk ballen i mål. Svært nervøs stemning på 'Vollen' no.
13'
Wrele med kampens første skotforsøk for Hødd. Langt over mål. Var ute med suspensjon førre kamp, den svenske kapteinen.
11'
Dernjani set fart og avanserer mot Hødd-målet, men misser kontrollen over ballen og heimelaget får ordna opp.
10'
For Strømmen er det trioen Trøen, Rasch og Melgavis som har scora mest i ligaen. Dei står med seks nettkjenningar kvar.
8'
God sjanse for Strømmen! Dernjani knusar all blå motstand inne i feltet, men styrer headinga utanfor målet til Urke. Den kunne målvakta fått problem med å stopp om den hadde gått på mål.
8'
Blir slått flatt innover i feltet, men Hødd får rydda opp. Svakt utnytta av laget i grått.
8'
Achrifi står klar.
7'
Brændsrød rundlurar Moltu og blir sparka ned. Frispark rett ved Hødd sin sekstenmeter.
5'
Britiske Robin Alexander Edward Shroot er Hødd sin toppscorar hittil i sesongen. Spissen står med 12 mål hittil, men det skal leggjast til at han ikkje har scora mål sidan runde 23.
4'
Plutseleg oppstår det store rom for Hødd å boltre seg i høgt på bana. Heimelaget utnyttar det derimot dårleg.
3'
Torset er nære ved å finne lagkamerat Kallevåg inne i boksa. Ein Strømmen-fot kjem i vegen.
3'
Endar berre med at to spelarar i blått kolliderer inne i feltet. Heimelaget beheld likevel ballen.
2'
Frispark til Hødd midt på Strømmen sin halvdel. Aasbak står klar.
2'
Då er vi endeleg i gong på Høddvoll. For ein thrillar vi har i vente!
Avspark Start 1. omgang
Desse to laga har møttest 15 gongar sidan 1991. Statistikken over desse er 6-3-6. Tala for Høddvoll er 4-2-1. Oppgjeret tidlegare i år enda med 2-1 til Strømmen på Skedsmo. Achrifi og Rasch scora for Strømmen og noverande Strømsgodset-spelar Ulland Andersen laga Hødd sitt mål.
Ein del av Strømmen sine Greyhounds har teke turen til Høddvoll for å støtte laget sitt i dag. 'Bare ein gjeng med bønder!' syng dei. Til opplysning kan vi melde om at Ulsteinvik faktisk fekk bystatus i år 2000!
Heller ikkje Espen Olsen sitt laget frå Skedsmo har gjort det bra i det siste, og laget står med to strake tap og 0-5 i målprotokollen på desse. Det er altså to lag som slit offensivt som møtest i dag på Sunnmøre. Vekke frå Strømmen stadion har laget 3-4-7.
Etter at ting gjekk meir positivt for Hødd etter at Steinar Lein kom inn, har det den siste tida gått veldig trått. Laget har spelt seks kampar utan siger, og dei har heller ikkje klart å score mål på dei tre seinaste matchane. Her på Høddvoll har det blitt 8-3-3 hittil, noko som gjer dei til det åttande beste heimelaget.
Strømmen har også litt å spele for. Dei har fire poeng opp til nedste kvalifiseringsplass til Tippeligaen, og med tre poeng her og heime mot Jerv i den siste runda kan det vere håp om å forlengje sesongen endå meir.
Hødd speler sin viktigaste kamp i 1. divisjon sidan laget var i tilsvarande situasjon i 2012 (året dei også vann NM). Den gongen enda laget på den siste trygge plassen ettersom dei hadde hakket mindre verre målskilnad enn Tromsdalen som rykka ned. Med to runder att å spele av sesongen 2016 ligg dei på tilsvarande plass, to poeng framføre Ull/Kisa og tre foran Bryne. Med tanke på at Hødd har ei enorm oppgåve i vente i den 30. runda, der dei møter Sandnes Ulf i Sandnes. Ulsteinvik-laget har som kjent ikkje vunne ein einaste kamp på bortebane denne sesongen, så behovet for tre poeng her i dag er enormt.
Hei og velkomen til livedekning av dette viktige oppgjeret i OBOS-ligaen mellom Hødd og Strømmen, direkte frå Høddvoll i Ulsteinvik!