Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet frå Høddvoll for denne gong. Om resultata skulle gå Hødd sin veg den siste runda, kan det også bli fleire kampar i Ulsteinvik i år. Ha ein fin kveld vidare!
Avslutningar: 16-9. På mål: 8-2.
Hødd kan framleis få ein av kvalikplassane, men då må mest sannsynleg Brann bli slått i Bergen i den siste runda. Sandnes Ulf ligg på den keisame 7. plassen, eitt lite poeng bak Hødd. Strømmen hadde på si side flaks med tanke på ein del av dei andre resultata i dag. Dei ligg to poeng framføre det øvste nedrykkslaget. Med tre poeng heime mot Kristiansund er i alle fall plassen definitivt sikra for Espen Olsen sitt lag.
Det endar 1-1 på Høddvoll i ei tam affære. Strømmen scora først ved Schulze, før Myklebust utlikna for heimelaget. Etter dette hadde begge lag sjansar, men utan å få kula i mål. Verken Hødd eller Strømmen risikerte nok, og då enda det med uavgjort.
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+2'
Minimum to minutt tilleggstid i oppgjeret.
90+1'
Ballen dett i returrom til Aursnes som avsluttar langt utanfor. Har hatt fleire gode moglegheit i oppgjeret no, ungguten, men utan å treffe godt nok.
90'
Går inn i feltet, men ingen i blått klarer å stokke beina og få avslutta.
90'
Aursnes med frispark i god posisjon.
90'
Det verkar ikkje som om nokon av laga har lyst å vinne på Høddvoll no. Ingen av dei risikerer noko som helst framover.
86'
Nære på for Hødd! Aursnes avsluttar i næraste hjørne frå utanfor boksa. Thomas reddar.
83'
Schulze prøvar seg frå distanse. Utanfor.
83'
Törnqvist får heada på mål, men finnen blir samtidig vinka av for offside.
80'
Berglann med innlegg. Blir blokkert til corner.
78'
God sjanse for Hødd! Ingebrigtsen fyrer av for andre gong i kampen, og treff bra. Thomas får redda til hjørnespark.
77'
Aursnes med ein grusom miss som gir Berglann sjansen til å storme framover. Innlegget frå sistnemnde endar derimot i ingenting.
74'
Sondre Beite skal straks inn for heimelaget.
74'
Veldig labert spel i Ulsteinvik no. Ingen av laga tek sjansar offensivt.
71'
Myklebust har blitt flytta ut på venstrevingen no. Karlsen tek over spissplassen.
69'
Bærum-Jerv 0-2. Hødd må nok satse på å vinne sjølv i dag, medan det ser litt betre ut for Strømmen.
68'
Aursnes prøvar seg frå utanfor boksa. Via ein motspelar og over. Corner.
68'
Myklebust er nære ved å få avslutta åleine med Thomas, men målvakta kjem raskt ut og fangar ballen.
66'
Nesten sjølvmål! Eit Strømmen-innlegg blir sendt inn framføre mål, og frå kort hald sender Moltu ballen i eigen stolpe og ut. Er heldig som ikkje puttar ballen i eige mål der!
65'
Veldig lite som skjer på Høddvoll no. Ingen av laga tek noko særleg til risiko framover i bana. Merkeleg, med tanke på at begge må vinne.
62'
Myklebust blir spelt igjennom, men blir avvinka for offside.
62'
Bortelaget blir frårøva eit opplagt innkast. Ingen grove feil frå domartrioen hittil, men fleire av det mindre slaget.
60'
Frispark i god posisjon. Achrifi slår inn, men heimelaget får reinska unna.
59'
Ulrik Berglann skjer innover og avsluttar frå spiss vinkel. Like til side for mål.
58'
Andreassen står klar. Går forbi alle i feltet og ut. Likevel småfarleg.
57'
Dødball til Strømmen i fin innleggsposisjon.
56'
Heltne med innlegg frå venstre. Rett i fanget til Thomas.
55'
Det påfølgjande frisparket blir slått inn i boksa der Moltu ikkje klarer å gjere anna enn å beine den utanfor.
53'
Vertane med mykje ball i starten her.
50'
God sjanse for Hødd! Ballen dett plutseleg ned i beina på Ingebrigtsen som fyrer av på direkten. Thomas reddar utan altfor store problem.
49'
Ulland Andersen kjem til skot, men sender det høgt over mål. Bør bli flinkare til å sjå moglegheitene rundt seg, den tidlegare Vard-spelaren.
48'
Sveen snappar ballen høgt i bana. Nære på at det blir ein god sjanse ut av det. Corner.
46'
Strømmen har medvind dennne omgangen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Dei to laga står no klare til å sparke i gong dei siste 45 minutta.
Det står 1-1 til pause i oppgjeret mellom Hødd og Strømmen. Kampen har ikkje vore velspelt, men det har likevel vore underhaldande på Høddvoll. Bortelaget tok leiinga allereie etter sju minutt ved Schulze, men Hødd utlikna ved Myklebust i det 20. minutt etter at Myklebust fekk pirka ballen over målstreken. Vi håpar at laga satsar endå meir offensivt etter kvilen!
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
45'
Enorm sjanse for Strømmen! Nergaard kjem plutseleg heilt åleine mot Falch, men målvakta kjem ut og får forhindra scoring. Veldig nære!
43'
Bortelaget snappar ballen høgt i bana. Eit innlegg frå Ramsland endar med corner.
41'
God sjanse for Hødd! Heltne skjer innover og bankar til med venstrefoten. Thomas kjem seg raskt ned og reddar bra.
41'
Smånervøst i Hødd-forsvaret no. Mange halvpaniske pasningar og høgt Strømmen-press.
40'
Ballen blir chippa inn i feltet, men går forbi alle.
39'
Achrifi står klar.
39'
Schulze dett lett og får frispark i fin posisjon for bortelaget.
38'
Strømmen brukar bra med tid på alle faste situasjonar no.
35'
Aursnes prøvar å slå inn. Endar med corner.
34'
Bortelaget med ballen no. Hødd ligg kompakte bakover.
30'
Brukbart Hødd-spel endar med at Ulland Andersen får eit skot blokkert.
30'
Det regnar sidelengs på Høddvoll no. Fårhåpentlegvis kortsluttar ikkje PC-en til underteikna.
26'
Vertane med initiativet etter utlikninga.
23'
Achrifi med frispark. Slår inn i boksa der Falch gir ein unødvendig corner.
19'
Godt forsøk av Hødd. Sveen brystar igjen ei langpasning til Myklebust, men den tidlegare LSK-vingen bankar ballen over mål.
17'
Ulland Andersen skjer innover og avsluttar, men forsøket går høgt over mål.
17'
Strømmen har verkeleg rysta Hødd det første kvarteret av dette oppgjeret.
15'
Det er tydeleg at stemninga på stadion er laber no. Rett ved sidan av underteikna sit tidlegare Hødd-spelarar og prater om kvar ein kan kjøpe øya sine beste fiskekaker.
13'
Kjempesjanse for Strømmen! Gjestane speler seg flott framover i bana, og ei avslutning blir sendt like utanfor. Den hadde ikkje Falch teke.
12'
Achrifi prøvar seg frå langt hald. Utanfor.
11'
Så har Jerv scora borte mot Bærum. Dårleg nytt for Hødd, men bra for Strømmen!
10'
Strømmen pressar på for nok eit mål her. Hødd-spelarane verkar paralyserte.
10'
Bortelaget med to avslutningar like etterpå. Ingen av dei går på mål.
6'
Heimelaget med dagens første avslutning. Nokre meter over målet til Simon Thomas.
4'
Mykje kriging i starten av oppgjeret.
2'
Hovuddomar i dag er for øvrig Bjørn Hansen frå Kolbotn IL.
2'
Plutseleg kraftig sol på Høddvoll. Framleis godt med vind.
1'
Der er vi endeleg i gong.
Avspark Start 1. omgang
No er endeleg lagoppstillingane ute. Dei blei dessverre delte ut seint til pressa.
Aslak Falch får prisen Årets spelar av Blåsarane i det laga endeleg har kome utpå kunstgrasbana.
Hødd-supporterane Blåsarane fyrer av blå og kvitt konfetti frå tribunene.
Ingen spelarar eller domarar å sjå endå. Det blir definitivt ikkje avspark klokka 13.00 på Høddvoll!
Hødd og Strømmen har møttest 13 gongar sidan 1991. 6-2-5 er statistikken over desse, i favør Hødd. Motsett oppgjer tidlegare denne sesongen enda med 1-0 til blåtrøyene etter scoring av Magnus Myklebust.
Strømmen og Espen Olsen har på si side vore stabilt svakt dei siste vekene, og står med fem strake tap etter sigeren borte mot Levanger 13. september. Totalt har dei berre to trepoengarar på dei 11 siste oppgjera i divisjonen. Statistikken borte frå Strømmen Stadion har dei 4-4-6, noko som betyr at dei berre har sanka eitt poeng mindre her enn på eige gras.
Trass i ein grei tabellsituasjon må årets Hødd-sesong seie å vere av det skuffande slaget. Sindre Eid har ikkje klart å få sunnmøringane stabile, og sigrar har som regel blitt avløyste av uavgjort eller tap. Blåtrøyene har ikkje klart å vinne meir enn to kampar på rad på dei 28 første, noko som ikkje er bra nok for eit topplag. 10 tap er også mest av alle dei sju laga som har moglegheit til å rykke opp. Det tilsvarar at laget ved 36% av kampane har gått av bana utan poeng. Spesielt på Nye Høddvoll har det gått trått, med totalt 7-3-4.
Strømmen ligg på si side langt nede på tabellen og kjempar om å unngå degradering til 2. divisjon. Med 33 poeng er det berre to poeng ned til Bærum på øvste nedrykksplass. Bærum møter på si side nettopp Jerv, som kan øydeleggje for Hødd, så den kampen kjem vi til å fylgje ekstra nøye her på Høddvoll. Strømmen møter for øvrig Kristiansund i den siste runda av årets 1. divisjon.
Laga kjempar for heilt ulike ting i det to serierunder gjenstår. Hødd har framleis håp om å klare ein kvalifiseringsplass, og med siger i dag kan dei liggje godt an til å klare det. Laget til Sindre Eid ligg i augneblinken på 6. plass med 44 poeng. Dei har to poeng opp til Kristiansund på 3., medan det berre er eitt ned til den keisame 7. plassen, der Jerv ligg. Klubben frå Ulsteinvik møter Brann i Bergen i den 30. runda, så med tap eller uavgjort her i dag vil det sjå mørkt ut.
Vel ein time før kampstart er ikkje forholda for fotballkamp altfor gode. Det er kraftig vind og regnet har hølja ned i fleire timar. Forhåpentlegvis vil spelet på kunstgrasbana varme godt.
Hei og velkomen til det svært spanande 1. divisjons-oppgjeret mellom Hødd og Strømmen, direkte frå Høddvoll!