TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide seier med det takk for fylgjet. Vi er tilbake frå Høddvoll allereie på onsdag, då Hødd tek i mot Florø i 2. runde av NM. Ha ein fin sundagskveld vidare!
Det endar 1-1 på Høddvoll, eit resultat som nok er greitt ut i frå slik kampen gjekk. Dei første 45 minutta var dørgande keisame, men heldigvis tok det seg opp etter kvilen. Begge måla kom på straffespark, og forutan det var Hødd nærast sigeren med ei avslutning i tverrleggaren. Hødd dett med dette ned til 5. plass på tabellen, medan Strømmen har karra seg på trygg grunn.
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+5'
På overtid av overtida her no.
90+5'
Hødd får lagt inn i boksa, men Bjørnsson kjem ut og fangar ballen.
90+4'
Hjørnespark
Blir teke kort og slått inn foran boksa, men ingen får avslutta.
90+3'
Hjørnespark
Skal bortelaget ta alle tre poenga heilt på tampen her, då? Dårleg slått, men etter kvart får dei nok eit forsøk.
90+3'
Strømmen ligg djupt og reinskar unna det som kjem.
90+1'
Gult kort
Er for røff i ei takling.
90+1'
Det blir lagt til minst fire minutt. Nok av tid til ei scoring, det.
89'
Strømmen kontrar igjen. Hødd overtrek like fort.
89'
Spillerbytte
87'
Bra sjanse for Strømmen! Moltu og Andersen rotar vekk kula midt på bana, og bortelaget kjem i overtal. White får til slutt avslutta, men over mål. Den burde dei ha utnytta betre!
87'
Ingen av laga klarer å skape noko særleg trykk på tampen her.
85'
Hjørnespark
Farleg slått, men Hødd får ordna opp.
85'
Blir slått lågt inn på næraste stolpe, men Moltu stupheadar kula unna.
84'
Dødball for bortelaget. Achrif står klar.
84'
Mange stopp i spelet no.
83'
Gult kort
Får det gule kortet for protestar.
83'
Strømmen brukar alle den tida dei klarer no.
83'
Domar Hansen har sett noko i feltet igjen, men denne gongen dømar han frispark til Strømmen og ikkje straffe til Hødd.
82'
Heltne med frisparket.
82'
Gult kort
Taklar Andersen stygt og får eit fortent gult kort.
81'
Strømmen ligg igjen med mange når Hødd har ballen. Vanskeleg for heimelaget å trengje igjennom.
80'
Hødd får stanga unna og går rett i angrep.
80'
Thor Lange gjer seg klar.
80'
Frispark til bortelaget i grei innleggsposisjon.
78'
Kristian Jahr med ei halvhjarta avslutning frå distanse. Langt utanfor.
76'
Spillerbytte
76'
Dette kan bikke begge vegar no.
76'
Spillerbytte
75'
Dobbeltsjanse for heimelaget! Bjørnsson gir ein farleg retur etter eit skot frå distanse, men Magnussen er under hardt press og får berre avslutta utanfor.
75'
Langt innkast frå Ingebrigtsen. Blir stussa ut til eit nytt kast.
74'
Bra sjanse for Hødd! Magnussen blir spelt heilt fri, men er for omstendeleg og skotet blir til slutt blokkert.
74'
Strømmen kontrar, men Lange slår inn altfor tidleg og Falch kan overta lett.
73'
Domar Hansen får mykje pes no. Heimepublikummet er ueinige i fleire av avgjerslene hans.
73'
1646 tilskodarar på Høddvoll i dag.
70'
Mål på straffe!
1-1
Falch får fingrane på ballen, men den snik seg likevel inn via stolpen. 1-1 og vi er like langt på Høddvoll!
69'
Straffe!
Strømmen pressar kraftig og Sveen taklar for seint og treff ikkje ball. Domar Hansen er ikkje i tvil og peikar på straffemerket.
69'
Strømmen pressar kraftig og Sveen taklar for seint og treff ikkje ball. Domar Hansen er ikkje i tvil og peikar på straffemerket.
68'
Achrif går kraftig i bakken etter å ha fått ei berøring av Magnussen. Domar Hansen nøyar seg med å gi frispark.
67'
Igor Mirceta har fått seg ein smell og ligg nede for teljing.
64'
Magnussen er nære ved å snappe kula langt inne på Strømmen sin halvdel, men han får eit dårleg touch og kula går til innkast.
64'
Dette bør sørgje for at kampen opnar seg meir opp. Strømmen må no lenger fram i bana.
62'
Gunnar Halle får tilsnakk på sidelinja. Mest sannsynleg er det for protestar på straffesparket.
61'
Spillerbytte
61'
Det var Fredrik Aurnes sitt tredje mål for sesongen, og alle har kome på straffespark.
60'
Mål på straffe!
1-0
Unge Aursnes fintar Bjørnsson til høgre og set sjølv ballen hardt nede til venstre. 1-0 til Hødd!
59'
Straffe!
Hødd tek frisparket kjapt, men like kjapt bles domar Hansen - for straffe til Hødd! Det skjer etter angiveleg halding inne i feltet.
59'
Hødd tek frisparket kjapt, men like kjapt bles domar Hansen - for straffe til Hødd! Det skjer etter angiveleg halding inne i feltet.
58'
Frispark til heimelaget. Skal slåast inn i boksa.
57'
Heltne fyl opp og får med seg ballen inn i boksa, men Bjørnsson reddar avslutninga frå spiss vinkel greitt.
55'
Hjørnespark
I tverrleggaren frå Hødd! Joachim Magnussen riv seg laus og headar rett i metallet. Kampens desidert største sjanse hittil!
53'
George White ligg nede etter å ha fått seg ein smell.
51'
Achrif prøvar eit skot i det nærmaste hjørnet, men forsøket går eit par meter utanfor. Kunne ha blitt farleg om det hadde gått på mål.
50'
Nesten for Hødd! Brandal blir spelt fri bak Strømmen sitt forsvar, men avslutninga frå skrått hald blir redda greitt av Bjørnsson.
46'
Hødd har tydeleg fått høyre nokre sanningsord i pausa og går rett i angrep. Innlegget til slutt går forbi alle, men opptakta til det var positiv.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Og jammen kjem det ikkje ein paraglidar dalande ned på grasmatta også. Føraren av den er den lokale helten Luis Fonseca. I fylgje lokale mytar har han prøvd på det same tidlegare også, men bomma då på tidspuntet og entra bana i det kampen hadde starta opp igjen!
Alle Hødd sine aldersbestemte lag marsjerer no ut på løpebana på Høddvoll. Det er over 600 aktive i klubben, og forhåpentlegvis vil fleire av dei ta steget opp på a-lagsnivå etter kvart.
Det står 0-0 til pause på Høddvoll etter ein omgang som har vore eit langt gjesp. Strømmen har hatt det vesle som har vore av initiativ og skapt nokre halvfarlege sjansar. Denne kampen treng nok eit mål vor å ta av, og forhåpentlegvis får vi det nokså kjapt etter kvilen.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Andersen prøvar seg frå langt hald. Over og ut.
45+1'
Det blir lagt til minimum eitt minutt.
45'
Aursnes prøvar å plassere ballen i krysset frå 17-18 meters hald, men det er lite kraft i utføringa og Bjørnsson kan enkelt halde den.
43'
Hjørnespark
Blir teke kort, men endar med ingenting.
43'
White set fart og innlegget hans er ikkje langt unna å hamne i mål via foten til Törnqvist. Corner.
42'
Fredrik Aursnes prøvar seg frå langt hald. Eit godt stykke utanfor.
40'
Lange prøvar ein frekkis frå distanse, men keeper Falch har bra kontroll i det ballen dalar av mål.
40'
Denne kampen treng utan tvil ei scoring for å få fart i ting. Bortelaget Strømmen har vore nærast det hittil.
38'
Joakim Wrele med kampens første avslutning for Hødd. Frå bra posisjon fyrer han av rett på Bjørnsson.
37'
Hødd klarer ikkje å setje spelet sitt her. Strømmen er aggressive og flinke til å bryte ballbana, og heilt bakerst har Strømnes og Amundsen heada unna det som har vore.
36'
Veldig lite som skjer på Høddvoll no. Det mest spanande er nok maskoten Tare som virrar rundt og deler ut smågodt.
35'
Bortelaget med frispark. Mirceta stussar, men rett på Falch.
31'
Mirceta avsluttar, men forsøket går like utanfor.
31'
Strømmen går rett på ei kontring, men skotet frå Hamutenya blir blokkert.
31'
Aurnes slår inn, men treff dårleg og pasninga går berre rett til Bjørnsson.
30'
Frispark til Hødd eit godt stykke inn på Strømmen sin banehalvdel.
28'
Hamutenya med dagens svakaste avslutning. Ballen er nærare å treffe cornerflagget enn mål.
25'
Blir slått mot bakerste stolpe der Strømnes ikkje er langt unna å få hovudet på ballen.
24'
Frispark til bortelaget midt på Hødd sin halvdel.
23'
Ingebrigtsen med eit småskummelt innlegg. Endar berre med utspel frå bortelaget.
21'
Hødd prøvar å tråkle seg gjennom, men dei får aldri avslutta og ballen trillar inn til keeper Bjørnsson.
20'
Det har vore nokre spede forsøk frå heimelaget så langt. Strømmen har hatt meget god kontroll defensivt dei første 20 minutta av kampen.
19'
Hødd sin supportergjeng, Blåsarane, prøvar å gjere sitt for å lage litt liv og røre her.
17'
Heltne ser ut til å leggje seg på venstrekanten, medan Ulland Andersen går lenger fram i bana.
17'
Spillerbytte
16'
Shroot hinkar av bana. Han må diverre ut allereie.
15'
Nære på for Strømmen! Schulze brenn til nok ein gong, men Falch får redda bra. Returen går rett ut i feltet, men Mirceta blir avvinka for offside i det han prøvar å avslutte.
15'
Greit forsøk frå bortelaget. Schulze klemmar til frå distanse, og skotet snik seg ikkje langt utanfor.
15'
Lange prøvar å slå inn, men heimelaget sitt forsvar får klarert. Strømmen med press no.
14'
Robin Shroot slit framleis med leggen etter smellen han fekk. Heimelaget har sendt tre spelarar i oppvarming.
13'
Ulland Andersen med farleg innlegg. Forbi alle i boksa.
12'
Den tidlegare Stevenage-spelaren kjem seg på beina igjen og får samtidig applaus frå heimefansen.
12'
Shroot blir liggjande etter eit samanstøyt.
11'
Hødd har framleis ikkje vakna opp her. Sindre Eid prøvar å rope liv i spelarane sine frå sidelinja.
9'
Ballen dett heilt ned på femmeteren, men Bjørnsson får etter kvart tak i den etter litt fomling.
9'
Lang innkast frå Ingebrigtsen.
8'
Magnussen prøvar å stusse ei langpasning vidare til Shroot, men den engelske spissen er altfor langt unna og Strømmen-keeper Haraldur Bjørnsson kan fange kula.
7'
Wrele held på å gjere ein farleg ballmiss, men er heldig og får frispark i staden.
6'
Rotete opning av heimelaget. Strømmen har hatt mest initiativ så langt.
4'
Nære på 0-1! Ballen blir lempa inn i boksa og stussa vidare til Strømnes, men frå kort hald bommar han rett og slett på ballen. Det kunne ha blitt farleg!
3'
Frispark til Strømmen på Hødd sin halvdel.
2'
George White med dagens første avslutning. Aslak Falch får ein lett jobb med å halde det halvslappe forsøket.
1'
Bortelaget sparkar i gong oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
Dagens hovuddomar er Kjetil Hansen. Han blir assistert av Anders Olav Dale og Philip Askjer.
No kjem begge laga ut på grasmatta!
Her i Ulsteinvik på Sunnmøre er det til tider sol og opplett, men temperaturen er ikkje mykje å skryte av. Gode speleforhold er det i alle fall.
Hødd vann begge møta med Strømmen førre sesong, med henhaldsvis 2-1 heime og 2-0 borte.
Dagens motstandarar har møttest 10 gongar sidan 1991. Sigrane har fordelt seg jamt, noko 5-1-4 totalt tilseier. Fleire av møta har også vore målrike. Den største Hødd-sigeren kom i 2011, då Ulsteinvik-laget vann 4-0 etter mål av Michael Karlsen (2), Adama Diomande og Vegard Heltne. Største Strømmen-trepoengaren kom i 1992, då dei slo til med heile 6-0.
På Strømmen har Kristoffersen og Hansen blitt erstatta av Lange og Jahr.
Hødd-trenar Sindre Eid har gjort eit par endringar på sine elleve utvalde sidan førre kamp. Rekdal og Standal har gått ut til fordel for Magnussen og Shroot.
Strømmen har derimot ikkje opna sesongen lika bra som Hødd. Gunnar Halle sine spelarar ligg per dags dato under streken, med 1-2-2 hittil. Laget har vore bra offensivt i fleire kampar, men samtidig slitt kraftig bakover på bana. Dei to siste oppgjera, begge på heimebane, har enda henhaldsvis 3-3 og 2-2. I den siste av dei, mot Kristiansund, snudde laget 0-3 til 3-3, medan dei i runde før rota vekk to poeng etter mål imot to minutt på overtid.
Heimelaget Hødd har fått ein veldig god start på årets sesong. Laget som blir leia av fjorårets trenarassistent i Hødd, Sindre Eid, ligg på 3. plass hittil. Ulsteinvik-laget har 10 poeng etter 3-1-1 på dei fem første kampane. Spesielt solide har dei vore på framandt gras, der dei har vunne to av tre. Her på Høddvoll står dei med 1-1-0 på dei to første. Førre heimekamp enda med ein solid 3-0-siger mot Alta, medan det blei eit skuffande uavgjortresultat mot Tromsdalen i den andre.
Hei og velkomen til livedekning av 1. divisjonsoppgjeret mellom Hødd og Strømmen, direkte frå Høddvoll!