TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Det endar 0-0 på Høddvoll, eit resultat Start nok vil vere mest skuffa over. Bortelaget styrte oppgjeret i lengre periodar, men kom riktig nok ikkje til altfor mange sjansar. Glenn Andersen hadde kampens største scoringsmoglegheit, men midtstopparen klarte ikkje å overliste Ørjan Nyland i Hødd-buret på straffesparket Start fekk tildelt i 1. omgang. Takk for følgjet!
Kamp slutt Slutt (0-0)
90+4'
Endar i ingenting.
90+4'
Brandal skal kaste.
90+4'
Innkast høgt i bana for Hødd. Vi er på overtid av overtida.
90+3'
Sandal med eit elendig innlegg. Går forbi alle.
90+3'
Langt framspel frå bortelaget. Går heilt inn til Nyland.
90+1'
Det blir lagt til minimum tre minutt her.
90+1'
Sandal er hardt pressa utanfor Start si boks, og får berre til ei halvvegs avslutning. Utspel frå Lund Hansen.
89'
To minutt igjen av ordinær tid her. Skal vi få ein vinnar på tampen eller endar dette 0-0?
88'
Sandal slår det svakt inn. Start får klarert før dei også får frispark.
88'
Kazeem gjer det bra i si første involvering. Skaffar Hødd frispark nede ved det eine cornerflagget.
87'
Innkast til Hødd høgt i bana. Endar i eit innlegg som blir heada unna.
86'
Spillerbytte
86'
Spillerbytte
85'
Kazeem Ahmed står klar for Hødd.
85'
Owello ligg nede etter ein duell.
85'
Morlk trillar til Sandal som klinar til på direkten. Blir blokkert.
82'
Owello og Asante med eit pent veggspel. Førstnemnde skyt over på direkten.
80'
Nouri skal kaste langt igjen. Finn Mathisen som sparkar inn i feltet. Klock headar unna.
79'
Hjørnespark
Start vinn den første duellen i feltet, men nedfallsfrukta får Hødd beina unna.
79'
1129 tilskodarar på Høddvoll i dag.
78'
Owello prøvar seg frå distansen. Enkelt for Nyland ettersom skotet går midt på mål.
78'
Slik det ser ut i augneblinken kan dette bikke begge vegar. Start har det meste av spelet, samtidig som Hødd skapar meir på overgongar.
76'
Spillerbytte
76'
Helland prøvar seg frå skrått hald. Ikkje langt utanfor.
76'
Innlegg i heimelaget si boks. Brandal klarerer.
75'
Nouri med innkast i Hødd si boks. Moltu stangar unna.
75'
Bortelaget rullar fint opp, men Helland kjem hjelpande til å får klarert.
74'
Aursnes prøvar å finne Helland med blir for unøyaktig.
73'
Kristjansson med eit svakt innlegg. Endar i utspel frå Nyland.
72'
Hødd litt meir med siste minutta.
72'
Sandal blir spelt fri bak Start-forsvaret, men rotar med medtaket og bortelaget får ordna opp.
71'
Dødballen blir teke kjapt, men innlegget frå Vilhjalmsson endar berre i armane til Nyland.
71'
Frispark til bortelaget i bra innleggsposisjon.
69'
Utruleg nære 1-0! Helland kjem seg heilt ned til dødlinja og serverer Sandal på 7-8 meters hald. Sistnemnde får eit svak treff og skotet blir blokkert.
69'
Hjørnespark
Endar i eit ufarleg forsøk som går inn til Nyland.
68'
Stor sjanse for Start! Bortelaget vinn fleire duellar i feltet og det siste hovudstøytet frå Vilhjalmsson blir berre hindra av ei fantastisk redning av Nyland. No fortener verkeleg Start ei scoring her.
66'
Spillerbytte
66'
Helland prøvar å storme mot Start-målet, men Mathisen stoppar han. Start sin nr 26 har vore stor igjennom heile oppgjeret.
65'
Børulfsen prøvar å runde Latifu, men Hødd-backen har bra kontroll.
64'
Helland legg frisparket rett i klypene til Lund Hansen. Lite aggressivitet frå dei blå i feltet der.
64'
Frispark til heimelaget i bra posisjon.
63'
Gult kort
Kjem altfor seint inn i ei takling på Helland. Soleklart.
62'
Mork med innlegg for Hødd. Blir nok ein gong stanga unna av Start-stopparane.
62'
Nouri har all verdas tid til å slå inn, men sender ballen forbi alle.
61'
Hødd gjer klar Michael Karlsen. Heimelaget har fått svært lite til offensivt dei siste 40 minutta.
60'
Vilhjalmsson prøvar eit kjapt skot. Klock er kjapt nede og får blokkert. Viktig inngripen frå Hødd-kapteinen.
59'
Start rullar fint opp, og Børulfsen forsøker å slå inn på første berøring. Blir blokkert og går til innkast.
58'
Bortelaget med skotforsøk. Blir stoppa før det når fram til Hødd-buret.
58'
Mange svake klareringar frå heimelaget no. Dei lev farleg for augneblinken.
57'
Farleg innlegg mot Vilhjalmsson. Nyland har litt problem, men ordnar opp greitt.
56'
Hjørnespark
Blir teke kort, men endar i ingenting.
56'
Søgård skyt via ein Hødd-spelar og ut. Hadde den gått på mål hadde Nyland vore sjanselaus.
55'
Start er aggressive i presset no. Vinn ballen høgt i bana ved fleire tilfelle.
54'
Helland skyt. Ikkje langt utanfor.
53'
Frispark til Hødd i ganske bra posisjon. 19-20 meter, litt skrått hald. Helland og Sandal står klare.
49'
Gult kort
Går i ryggen på ein Start-spelar.
48'
Innkast for Hødd høgt i bana. Endar i ingenting.
46'
Hødd sparkar i gong dei siste 45 minutta.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
No har laga kome på bana igjen.
Det står 0-0 her på Høddvoll etter dei første 46 minutta av kampen. Start, som har styrt det aller meste av spelet dei siste 25 minutta av omgangen, hadde ein alle tiders sjanse til å gå opp i føringa, men Glenn Andersen bomma på straffesparket. Dermed er kampen framleis heilt open. Vi gler oss til 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Nesten for Hødd! Mork kjem seg heilt inn i boksa med ballen, men i staden for å avslutte sjølv legg han ei svak pasning.
45+1'
Nyland slår langt mot Standal. Andersen og Mathisen har full kontroll på oppspela mot Hødd-spissen.
45'
Latifu med frisparket midt på bana. Tek det kort.
45'
Gult kort
Spring ned Helland bakfrå.
44'
Hjørnespark
Ein spelar i gult kjem først på den, men det endar ikkje i noko farleg.
43'
Bom på straffe!
Ørjan Nyland går rett veg og reddar straffa frå Andersen!
42'
Straffe!
Eirik Heltne sklir inn i Vilhjalmsson bakfra, og Rafiq gir straffe. Heltne er uheldig og klarer ikkje å stoppe bevegelsen sin. Klar straffe.
42'
Børulfsen får lagt inn nok ein gong, men over alle ved dette forsøket.
40'
Både Mork og Helland har gode moglegheiter til å slå inn, men begge blir for avventande og Start overtek ballen.
39'
Start styrer på Høddvoll no, men utan å skape så altfor mykje. Hødd ligg djupt og forsøkar å slå i bakrom til Standal så snart sjansen byr seg.
36'
Standal blir spelt fri inne i boksa og får avslutta, men spissen blir avvinka for offside.
35'
Søgård med ei svak pasning bak Hødd sitt forsvar. Endar i utspel frå Nyland.
33'
Frispark til Start midt på bana. Blir lempa inn mot boksa, men Hødd får rydda greitt opp.
33'
Gult kort
Går inn i ein duell med heva bein. Han må dermed stå over neste kamp.
32'
Christian Mork får tilsnakk etter å ha kasta ballen i bakken i frustrasjon. Hødd-spelaren har følt seg snytt i fleire situasjonar.
31'
Helland dreg seg innover og avsluttar. I eit Start-bein.
30'
Asante slår inn frå venstresida. Over alle.
28'
Brandal blir liggjande etter å ha blitt felt av ein spelar i gult. Heimepublikummet ropar på frispark.
27'
Nok eit innkast frå Latifu. Endar i ingenting.
25'
Hjørnespark
Heimelaget kjem ikkje til avslutning, og i tillegg blir Standal avvinka for hands.
24'
Stor moglegheit for bortelaget! Ei bua pasning blir sendt inn i boksa, og Gudmundur Kristjánsson stupheadar ballen utanfor.
23'
Altfor lavt slått, og Moltu får beina ballen vekk.
23'
Frispark til Start i bra innleggsposisjon. Mathisen står klar.
22'
Ballen endar hos Brandal som prøver å få lagt inn, men forsøket blir stoppa.
22'
Latifu med innkast for Hødd.
21'
Espen Børulfsen kjem seg fri på venstrekanten igjen, men pasninga hans blir stoppa av Hødd-forsvaret.
20'
Heimelaget set kjapt i gong ei kontring, og Helland dett i duell med Asante. Start-spelaren får frispark, men det kunne nok like gjerne ha blitt blåst andre vegen der.
18'
Hjørnespark
Bra sjanse for Start! Bortelaget kjem til heading inne i boksa, og det er så vidt Hødd får klarert til slutt.
18'
Nære på for bortelaget. Børulfsen kjem seg heilt ned til dødlinja og får lagt inn foran mål, men ingen rekk å kome på den. Corner.
17'
Start er representerte på ståtribuna i dag. 15-16 frå Tigerberget har teke turen dit, og i tillegg er det nok fleire med hjarte for Kristiansand-klubben som er på sitjetribuna også.
15'
Bortelaget prøvar å slå kjapt mot Asante, men ballen blir for hard.
13'
Start-spelarane prøvar å slå kjapt i bakrom når Hødd står høgt i bana, men hittil har pasning og løp stemt dårleg overens.
12'
Langpasning mot Standal. Spissen blir avvinka for offside.
11'
Start skrur opp tempoet kraftig i periodar, men Hødd har likevel forsvart seg greitt når det har skjedd.
10'
Sandal med eit slags innleggsskot. Over mål.
9'
Hjørnespark
Endar i metallet og over. Lund Hansen har god kontroll.
8'
Kjempesjanse! Corneren blir slått knallhardt gjennom feltet, og det er like før Moltu får gått ballen i mål. Ny corner.
7'
Hjørnespark
7'
Mork med farleg innlegg. Corner for Hødd.
6'
Mathisen med eit dårleg framspel. Endar heilt inne hos Nyland.
5'
Mork sleivar med ei klarering utanfor eiga boks, men er heldig og slepp med eit innkast til Start.
5'
Bortelaget med innkast. Moltu headar unna.
4'
Begge lag har slått langt her i starten. Det glatte underlaget gjer at ballen går fort langs bakken.
3'
Helland slår det påfølgande frisparket mot boksa, men Start-forsvaret headar greitt unna.
3'
Vikstøl med ei kynisk takling på Helland. Smågult.
2'
Langt framspel mot Mork. Andersen headar inn til Lund Hansen.
1'
Start sparkar i gong oppgjeret her på Høddvoll.
Avspark Start 1. omgang
Då har vi endeleg fått ut laga. Det er store nettverksproblem på Høddvoll, men no har vi alle fall fått ordna ei alternativ løysing her. Beklager så mykje.
Vi kjem tilbake med lagoppstillingane når dei etter kvart blir klare.
Tre timar før kampstart er det 11-12 grader og regn. Det er også ein laber bris med 7 m/s frå nordaust. Med andre ord kan ein vente seg ei tung og glatt grasmatte.
Dagens domar er Omar Rafiq frå Teisen IF. Han blir assistert av Helge Myklebust frå Ready og Jim Andre Alnes Dyb frå Giske IL. Fjerdedomar er Mathias Smehus Kringstad frå Valder IL.
Start-spelarane har hatt mindre tid å restituere seg på til denne kampen sidan dei måtte spele i 120 minutt mot Tromsø, men laget sin medisinske leiar, Jørgen Rostrup, seier til klubben si heimeside at laget er i god fysisk form. Espen Hoff blir derimot ikkje klar til kampen, men det er likevel ei sterk sekstenmannstropp som tek turen til Ulsteinvik.
Hødd-trenar Lars Arne Nilsen kan så og seie velje mellom ei skadefri tropp. Den einaste som skal vere uaktuell er Vegard Heltne som pådro seg ein smell i cupkampen mot Asker. Lokalavisa Vikebladet Vestposten trur at Christian Mork mest sannsynleg tek Heltne sin posisjon. Elles blir det stilt spørsmålsteikn om kven som skal bekle den eine defensive midtbaneposisjonen. Bendik Torset, Eirik Heltne og Fredrik Aursnes er alle aktuelle.
Hødd og Start har møtt kvarandre 18 gongar sidan 1969, og statistikken på desse oppgjera er 9-2-7 i favør Start. På Høddvoll har det endt 5-0-4. Start har vunne tre av dei fire siste møta, og vi må tilbake til 2003 for å finne siste gongen Hødd vann. Den gongen enda det faktisk heile 5-2 til sunnmøringane. Start slo på si side til med nokre skikkelege nedsablingar etter dette, og laget frå Kristiansand vann 4-1 på heimebane i 2004 og 5-1 på Høddvoll seinare i sesongen. Siste møtet mellom laga endte med 0-2 på Høddvoll i 2008.
Start har på si side klart seg greitt borte frå Sør Arena. På framand gras har sørlendingane 2-3-1. Trepoengarane har kome mot henhaldsvis Kongsvinger (0-1) og Bærum (3-2).
Det er først og fremst på Høddvoll at Hødd har teke poeng så langt i sesongen. 3-0-3 er statistikken i Ulsteinvik. Sigrane har kome mot Bodø/Glimt (2-1), HamKam (5-0) og Bærum (2-0).
Start ligg på si side øvst på tabellen. Mons Ivar Mjelde sitt lag har oppnådd 7-3-1 hittil, og ettersom også Ullensaker/Kisa har like mange poeng (24), er det målskilnad som gjer at sørlendingane toppar. Forma er også bra, og laget har 4-1-0 på sine fem siste i liga og cup. Start var nære på å slå ut Tromsø av NM i forrige kamp, men etter 1-1 i ordinær tid blei dei til slutt slått ut på straffespark.
Det er botn mot topp på Høddvoll i dag. Hødd ligg på 13. plass med 3-1-7 hittil, men mange gode resultat den siste tida gjer at ulsteinvikarane har tru på poeng også i dag. Etter at store delar av vårsesongen var veldig svak, er dei no kome inn i ein langt betre stim. På dei fem siste kampane i liga og cup har dei nemleg. 4-1-0. Førre kamp var 4. runde av NM mot Asker, og her slo blåtyrøyene til med ein imponerande 7-0-siger. Med det er dei også klare for kvartfinalane for første gong sidan 1995.
Hei og velkomen til livedekning av Adeccoliga-oppgjeret mellom Hødd og Start!