TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

Hødd riv av Start-stormen og tek 3 vanvittig viktige poeng! Heimelaget viste seg bra fram offensivt dei første 45 minutta, og leia relativt fortent etter eit sjølvmål av Antonsson Duffield og ei heading av Mogensen. Start reduserte derimot raskt etter 2-0-scoringa då Gregersen heada inn ein corner. Etter kvilen satsa heimelaget på å ligge djupt og satse på kontringar. Det resulterte derimot i at Starta fekk kome til fleire store sjansar, men utruleg nok makta dei ikkje å få fleire ballar i nettet. Ting gjekk også Hødd sin veg i Jerv-Åsane, der Jerv bommar på straffe rett før slutt slik det enda 0-0. Med dagens resultat ligg no Hødd på kvalifiseringsplassen og trygg grunn innan rekkevidde før serieavslutninga mot Ranheim neste helg. Start kan på si side ende på 4. plass om dei skulle vinne mot KFUM samtidig som Kristiansund snublar mot Skeid. Det er berre å glede seg! Sebastian Eide takkar med dette for følgjet. Ha ein fin kveld vidare!

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (2-1)
90+3'
Urnes avsluttar, men rett på Torkildsen.
90+2'
Nkubiri jagar ball bak Hødd sitt forsvar, men får ikkje tak i den.
90+2'
Wormgoor vinn duell inne i Hødd si boks, men heimealget får klarert.
90+1'
Ein på Start-benken får gult kort etter protestar. Veit ikkje kva han heiter, men han har skjegg.
90'
Hjørnespark
Endar med frispark til Start. Svakt utnytta av heimelaget.
90'
Det blir lagt til minimum fire minutt her. Først og fremst på grunn av mange innbyte.
90'
Start kjem til nok eit skot. I nettveggen.
90'
Og så er det straffebom til Jerv i deira kamp mot Åsane. No går mykje Hødd sin veg!
89'
Sanyang er nok ein gong først på ballen i ein duell, men nok ein gong taimar han feil og treff dårleg med hovudet.
87'
Hjørnespark
Hødd set ballen i mål etter klabb og babb, men domaren har allereie blese. Frispark til Start.
86'
Hjørnespark
Dett ned på hovudet til Sanyang, men spissen får null kraft i hovudstøytet og Alme får ei enkel redning.
86'
Skummelt innlegg som Alme må bokse over tverrleggaren. Corner.
85'
Fortsatt nok av tid for Start å få mål her. Hødd har lite å kome med offensivt.
84'
Stor jubel i det eit Start-innlegg endar utover sidelinja. Brukar bra med tid no, heimelaget.
84'
Dasjajev slår inn. Innkast frå motsett side.
83'
Urnes tek med seg ballen innover i bana og avsluttar. Ikkje altfor høgt over mål. Det beste Hødd har skapt på lang tid.
82'
Kallevåg i fint driv framover, men blir felt av Grundetjern. Luktar gult kort, men Start-spelaren slepp unna.
81'
Dasjajev slår inn, men Morgado beinar unna ballen.
77'
Meget omdiskutert situasjon på Høddvoll! Mogensen får ei pasning i bakrom og møter Torkildsen i duell. Målvakta hoppar opp med ryggen til Mogensen og tek både spissen og ballen. Heile stadion ropar, men domar al Hatam let spelet gå. Det spørs om ikkje heimelaget blir snytt for både frispark og ei Start-utvisning der.
76'
Spillerbytte
76'
Derviskadic avsluttar via eit Hødd-bein og inn i fanget til Alme.
74'
Spillerbytte
74'
Spillerbytte
73'
Ikkje langt unna at Start får sett i gong ei skikkeleg kontring, men Morgado stoppar det heile med ei lang tå. Kunne ha blitt farleg.
72'
Hjørnespark
Veldig nære at dei kjem til avslutning, men gjestane får ordna opp.
71'
Hjørnespark
Lillo vinn duellen bakerst i feltet, men Ness får beina vekk ballen. Panikk i Start-boksa no.
71'
Hjørnespark
Klabb og babb i feltet, men Tøsse klarer å tvinge fram nok eit hjørnespark.
71'
1350 tilskodarar på Høddvoll i dag.
70'
Mogensen gjer ein god jobb på topp og pressar fram ein corner.
70'
Bortelaget skal gjere to endringar.
70'
Om dette held fram er det nok ikkje mange minutta til utlikninga er eit faktumn. Start har varta opp med fleire store sjansar siste minutta.
68'
Nok ein kjempesjanse for Start! Strannegård blir spelt heilt fri til venstre, og innlegget hans mot Sanyang er presis. Utruleg nok headar sistnemnde over frå fem meters hald.
65'
Hjørnespark
Dett ned bakerst i feltet mot Scriven, men Hødd sin toppscorar når ikkje opp. Utspel frå Torkildsen.
65'
Nersveen med langt innkast. Endar med corner.
64'
Stor sjanse for Start! Mares slår inn på bakerste stolpe der Sanyang headar inn foran mål. I duell med ein Hødd-spelar set Grundetjern ballen utanfor frå kort hald.
62'
Denne kampen er vidopen. Start har hatt initiativet etter pause, men Hødd ligg og ventar på overgangar dei kan køyre.
61'
Nære på at Kallevåg får trilla igjennom til ein lagkamerat inne i Start si boks. Dessverre for dei blir pasninga altfor laus.
59'
Gult kort
Mogensen får også det gule kortet etter å ha fyrt seg veldig opp over Mares. Unødvendig av Hødd-spissen.
59'
Gult kort
Mares feller kynisk Mogensen i det Hødd-spissen prøvar å sette i gong ei kontring.
57'
Spillerbytte
57'
"Ut med pakket!" ropar dei tilreisande Start-supporterane i det Skeide ruslar av.
56'
Skeide sit nede for Hødd. Må nok gå av her. Halvard Urnes står klar.
56'
Frispark
I stolpen! Ness sender frisparket lavt og i stolpen. Ballen trillar så langs streken, men diverre for bortelaget er det ingen i gult som har kome seg inn for å ekspedere den vidare i mål. Veldig nære 2-2!
55'
Strannegård i fint driv framover, og får også frispark i det Kallevåg går i sida på han. Litt billeg, kan det sjå ut som.
54'
Frispark
Wallius slår inn i feltet, men Alm beinar vekk ballen.
54'
Ganske bra trykk frå bortelaget her no.
53'
Hødd prøvar ein overgang ved Mogensen, men nok ein gong gjer han seg bort i duellane.
52'
Hjørnespark
Hødd får rydda unna, men Start beheld ballen.
52'
Veldig skummelt innlegg frå Start si høgreside. Morgado får stanga unna i siste liten.
51'
Sanyang avsluttar inne i boksa, men rett i ein Hødd-spelar.
51'
Start bør absolutt gire opp her. Skulle dei hamne på 6. plass etter siste serierunde vil det bety bortekampar i alle dei første kvalifiseringskampane.
50'
Interessant å sjå korleis Hødd vil angripe denne omgangen. Med ei 2-1-leiing vil det ikkje overraske om dei satsar på å vere solide defensivt og heller køyre kontringar.
49'
Nersveen slår inn frå venstre, men bortelaget klarerer.
48'
Hødd misser eit farleg våpen i det Sundnes går av. Mest sannsynleg er det snakk om ei skade, for han har gjort mykje bra. For Start sin del er det ikkje overraskande at Antonsson går av. Laga sjølvmål, passiv på det andre målet og stod også oppført med gult kort.
46'
Spillerbytte
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Begge lag skal gjere kvart sitt byte.
Det står 2-1 til Hødd over Start etter ein svært sjåverdig 1. omgang på Høddvoll. Laga har veksla på å ha initiativet, og etter omlag 20 minutts spel sørgja eit sjølvmål av Antonsson for at heimelaget gjekk i føringa. I det 34. minutt dobla Mogensen leiinga, men like etterpå reduserte Gregersen etter ein presis corner. I skrivande stund ligg altså Hødd ikkje på nedrykksplass, men med 45 minutt att å spele både her og elles i 1. divisjon er det fortsatt veldig mykje som kan skje. Her er det berre å glede seg!
Slutt 1. omgang Pause (2-1)
45+1'
Det blir lagt til minimum to minutt. Det er merkeleg lite med tanke på alle skadeavbrekka vi har hatt.
45'
Hødd har fleire gode overgangsmoglegheiter, men som regel stoppar det opp fordi Mogensen eller Scriven ikkje får nok assistanse rundt seg.
45'
Mogensen blir spelt fri i mellomromet, men knotar endå ein gong med mottaket og misser ballen til Wormgoor.
44'
Scriven blir liggjande etter eit samanstøyt.
43'
Start har teke meir over etter reduseringa.
42'
Grundtjern med eit slags skot. Langt, langt utanfor.
41'
Scriven vinn første duellen og stussar ballen bakover, men Torkildsen kan ligge og vente på den.
40'
Sundnes med langt kast.
37'
Mål!
2-1
Start reduserer umiddelbart! Corneren frå Østigård Ness er presis og Gregersen stangar ballen rett i mål. Ikkje patent forsvarsspel av heimelaget der, ettersom Gregersen får stå heilt åleine.
37'
Hjørnespark
36'
Hjørnespark
34'
Mål!
2-0
Hødd doblar leiinga! Scriven trillar elegant til Ziko som kjem på overlap. Innlegget frå albanaren er knallhardt og presist og Mogensen stangar ballen utakbart i nettet. Likevel ikkje bra duellspel av Antonsson, Wormgoor og keeper Torkildsen som alle er passive der.
34'
Hjørnespark
34'
Ziko avsluttar via ein spelar i gult og til corner.
33'
Gult kort
Fortent gult kort Bjarni Antonsson som både hindrar Hødd i å ta eit kjapt innkast, samt protesterer høglytt på at han ikkje får kastet sjølv.
31'
Kallevåg slår langt mot Mogensen, men den innleigde Sarpsborg-spelaren headar berre ballen utover sidelinja.
30'
Mykje misnøye med domaren her no. Hødd ser seg snytt for straffe igjen, samt at han brukar veldig lang tid på å døme frispark til blåtrøyene i ein seinare situasjon.
30'
Nytt langt innkast for Hødd. Start-trenar Sindre Tjelmeland og andre på Start-benken klagar og stiller seg i vegen for Hødd-spelaren.
27'
Grei sjanse for Start! Mares slår presist inn frå høgre, men headinga från Grundtjern blir for høg og går over mål.
22'
Selvmål!
1-0
Heimelaget går i føringa på Høddvoll! Mogensen kjem seg heilt igjennom på venstresida og slår flatt inn foran mål. Der kjem Tøsse stormande, men Hødd sin nr 17 får ikkje avslutta skikkeleg. Det gjer derimot ingenting, for Start sin Duffield Antonsson klarer på finurleg vis å pirke ballen i eige mål. Veldig uheldig der, forsvarsspelaren. Uansett, Hødd leiar 1-0!
21'
Frispark
Skal slå inn i boksa. Start får klarert både ein og to gongar.
19'
Domar Ali al Hatam ser seg nøydd til å stoppe spelet nok ein gong. Wormgoor og Mogensen i duell, noko som går ekstra utover Start-kapteinen.
18'
Start pressar Hødd-keeper Alme, og heimelaget sin nummer 1 framstår ikkje altfor trygg i det han skyt ballen i Start-spelaren og til utspel.
17'
Hjørnespark
Torkildsen får både boksa og plukka sin eigen retur.
16'
Veldig nære for Hødd! Heimelaget vinn ballen inne i Start si boks, og Scriven legg flatt inn foran mål. Der vakar Mogensen, men ein spelar i gult får klarert.
15'
Start klarerer før dei også får frispark. Vanskeleg å sjå kva som kunne ha ført til det.
15'
Sundnes med nok eit innkast.
14'
Hjørnespark
Ballen endar hjå Ziko som prøvar seg på halvspretten. Høgt over mål.
14'
Bra forsøk for heimelaget! Ballen dett i returrom til Skeide som prøvar seg på halvvolley, men Torkildsen avvergar flott.
13'
Nytt innkast for Hødd.
13'
Ziko slår inn frå si venstreside, men Scriven får ikkje gjort noko konstruktivt med kula.
12'
Sundnes skal kaste langt igjen. Like godt som corner, dei lange kasta frå stopparen.
12'
Kallevåg bommar total på ballen og Start kjem til nytt innlegg. Det forsøket blir klarert. Så prøvar Hødd å kontre, men Mogensen strevar med medtaket og misser ballen. Hødd får likevel frispark etter ein situasjon i forkant.
10'
Lillo har kome innpå bana att etter behandling på sidelinja. Begge lag er no fulltallige.
9'
Innlegg frå Start si høgreside. Alme fangar igjen.
8'
Småskummelt i det eit Start-innlegg på bakerste stolpe blir sendt vidare inn foran mål. Heldigvis for Hødd er Alme ute og plukkar.
8'
Start kontrar og Nersveen slår til med ei kraftig takling på Gregersen som stoppar forsøket. Skal vere glad han treff ballen der, Hødd-backen.
6'
Kallevåg med lang diagonalpasning mot Scriven, men Hødd sin toppscorar misser med mottaket og ballen går utover sidelinja.
5'
Ein spelar frå kvart lag ligg nede og både Start og Hødd sine medisinske personell spring ut på bana. Vi får håpe det ikkje er noko alvorleg.
4'
Heimelaget legg seg djupt og kompakt når Start har ballen.
3'
Grundtjern prøvar seg med ein flikk til Sanyang, men blir altfor upresis.
3'
Ein Hødd-spelar går i bakken inne i Start si boks, og nesten heile Høddvoll ropar på straffe. Domar al Hatam er ikkje einig og vinkar spelet vidare. Den vil nok bli diskutert.
2'
Blir kasta langt inn av Sundnes, men Kallevåg får ikkje klem på skotet når han kjem i posisjon.
1'
Heimelaget startar kampen. Får innkast.
Avspark Start 1. omgang
Syver Skeide får utdelt pris for 100 kampar for Hødd. No spørs det om han får fleire kampar her på Høddvoll før han sluttar seg til sin nye klubb Bodø-Glimt.
No ruslar dei to laga ut på bana, anført av kapteinane Wormgoor og Alm.
Begge laga er no ferdige med oppvarminga og har teke turen inn i garderobene for ein siste peptalk.
Det motsette oppgjeret mellom laga i starten av mai enda med 4-2 til Start. Hødd leia to gongar, men Kristiansand-laget snudde kampen med tre mål dei siste 20 minutta. Om ein ser meir historisk på det har Start vore best med 11-3-7 totalt sett. Her på Høddvoll har derimot ulsteinvikarane hatt best taket på det med 5-1-4. Eit lite skår i gleda er at siste Hødd-siger her kom heilt tilbake i 2003, då blåtrøyene vann 5-2. For Hødd laga Stig Haugland hattrick, samt at Dag Roar Ørsal fekk seg to. Ben Wright og Asbjørn Rike laga Start sine trøystemål.
Start og hovudtrenar Sindre Tjelmeland har på si side også vore ganske utstabile. På dei seks seinaste oppgjera har dei 3-1-2. Melodien har litt vore at dei har teke mykje poeng heime i Kristiansand og teke lite på bortebane.
Joakim Dragsten sitt Hødd-lag har hatt ein veldig berg- og dalbane-sesong. Etter bra med poeng dei første kampane låg dei heilt i teten, men ei lang svak periode førde til at dei ramla lenger og lenger ned. Spelemessig har dei vore ganske bra siste tida, men høg ineffektivitet har gjort til at dei har sanka færre poeng enn dei burde ha. 1-3-2 er fasiten på dei seks siste kampane.
Start ligg på si side på motsett ende av tabellen. Fasiten er 5. plass og sikra kvalifiseringsplass før dei to siste runde er spelde. Ranheim kan nå dei att poengmessig, men deira negative målskilnad gjer at dei ikkje har noko som helst håp om å ta seg forbi på tabellen. Bortelaget har likevel eit stort ønske om å vinne i dag då det kan gje betre betingelsar i kvalifiseringsspelet.
For heimelaget frå Ulsteinvik er det berre siger og 3 poeng som er godt nok i dag. I skrivande stund ligg dei på direkte nedrykksplass, men dei er berre eitt poeng bak Jerv på kvalifiseringsplassen. Dei møter Åsane, som også er innblanda i nedrykksstriden.
Hei og velkomen til det enormt spanande oppgjeret mellom Hødd og Start, direkte frå Høddvoll!