Referat
Kun høydepunkter
Hødd tek sin andre strake siger, og det i ein spanande og jamn kamp. Begge laga hadde sine perioder og sjansar, men det var Hødd som viste seg å vere vassast framføre motstandaren sitt mål med kampens einaste scoring ved Aursnes. Stabæk pressa på etter målet, men dei store sjansane dukka ikkje opp før heilt til slutt. Midtstoppar Næss hadde ein eventyrleg sjanse til å ordne 1-1, men makta ikkje å score frå få meters hald, tre minutt på overtid. Hødd har dermed fått ein bra start på sesongen, medan Stabæk står utan siger på fire forsøk. Takk for fylgjet!
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+5'
Hødd får innkast. På overtidsovertid no.
90+5'
Lie med utspel.
90+3'
For ein sjanse til Stabæk! Ballen hamnar på bakerste stolpe hos ein umarkert Næss, men skotet blir blokkert frå få meters hald. Utruleg at det ikkje blei mål der!
90+1'
Eit Stabæk-innlegg endar med utspel frå Lie.
90+1'
Det blir lagt til tre minutt.
90'
Heimepublikummet har vakna bra til live no. Sesongens andre siger er absolutt innan rekkjevidde.
89'
Frispark til heimelaget midt på bana.
88'
Boli kjem seg heilt inn i boksa med ballen, men Andreas Lie er kjapt ute og fangar kula. Keeperen er utlånt frå AaFK.
87'
Stabæk har mykje ball, men slit med å kome til sjansar. Spesielt Steffen Moltu i Hødd-forsvaret har vore ein gigant etter kvilen, og forhindra nettopp det.
85'
Frispark til heimelaget. Helland går for skot frå 35 meters hald, og ballen går langt over. Svake dødballar frå den godaste Helland i dag.
85'
Anders Trondsen med kampens svakaste avslutning hittil. Han sender nesten ballen ned i skogen bak stadion.
83'
Stor sjanse for Hødd! Helland blir spelt åleine igjennom, men trøndaren brukar for lang tid og misser ballen.
82'
Stokkelien får avslutta på halvvolley, men skotet går over.
81'
Nære på at Hødd rotar det til utanfor eiga boks. Moltu får måka kula unna.
81'
Det påfølgjande frisparket blir det ingenting ut av.
80'
Stabæk klarer ikkje å etablere noko særleg trykk på Hødd.
79'
Kassi finn Stokkelien inne i boksa, men den tidlegare Start-spissen klarer ikkje å få kontroll over ballen.
78'
Helland får ballen frå Standal inne i boksa, men avslutninga skrur feil veg. Brukbar sjanse, det!
76'
Mande Sayouba slit når han får ballen i beina. Hittil har ikkje Hødd klart å utnytte det.
74'
Luc Kassi står klar til å kome innpå for Stabæk.
72'
Stabæk trillar og trillar, men finn ikkje holene i den blå muren.
70'
Ein Stabæk-spelar blir liggjande i eigen sekstenmeter. Johansen, er det.
69'
Nære på for heimelaget! Latifu skyt via ein motspelar og like utanfor.
68'
Latifu kjem på ein god overlap, men pasninga frå Helland blir altfor upresis.
67'
Haugsdal med unnlegg. Lie kan enkelt plukke.
66'
Stabæk slit med å finne opningane her no.
65'
Boli prøvar nok ein gong å vende opp inne i Hødd si boks, men heimelaget får igjen rydda opp.
64'
Stabæk har initiativet her no, medan Hødd ligg djupt og satsar på overgangar.
63'
Heading frå Stokkelien, men den er altfor laus og dett inn til Lie.
63'
Stokkelien stussar til Boli som prøvar å flikke med seg kula. Hødd får ordna opp.
61'
Standal prøvar ein frekkis frå langt og skrått hald. Ingen problem for Sayouba.
59'
Magnussen prøvar å finne Helland inne i boksa. Ballen når ikkje fram.
59'
Stabæk jaktar utlikning her, noko som opnar store rom for Hødd offensivt.
58'
Hødd kontrar, men Helland blir avvinka for hands.
57'
Latifu kjem fint fri på høgrekanten, men innlegget til nigerianaren er av uvanleg dårleg kvalitet.
56'
1452 registrerte tilskodarar på Høddvoll i dag.
55'
Nesten 2-0! Magnussen gjer eit flott forarbeid og får med seg ballen inn i boksa. Han legg den så femogførti grader ut til Sandal, men mannen med 301 kampar for Hødd klarer ikkje å styre avslutninga på mål.
55'
Nesten at Brustad får ein chipp i bakrom. Kula sprett inn til Lie.
53'
Stor sjanse for Stabæk til å kvittere umiddelbart! Boli får eit flott innlegg frå høgre, men hovudstøytet til spissen snik seg like utanfor buret til Lie.
50'
Frispark til Stabæk nokre meter inne på Hødd sin halvdel. Det blir teke kort, men endar i ingenting.
49'
Magnussen skjer innover og avsluttar. Like over mål. Brukbart forsøk frå den tidlegare Hønefoss-spelaren.
49'
Stokkelien vinn ein duell i Hødd si boks, men kula hamnar berre hos Lie.
46'
Då er vi i gong igjen. Ingen endringar på nokon av laga.
Start 2. omgang Start 2. omgang
No kjem laga ut på bana igjen!
Det står uavgjort på Høddvoll etter dei første 45 minutta, noko som for så vidt er greitt ut i frå spel og sjansar. Begge lag har hatt sine perioder, i tillegg til at det har vore mykje feilpasningar og rot, spesielt hjå heimelaget. Både Hødd og Stabæk har hatt ei avslutning i metallet. Vi gleder oss til 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Nære på at Stabæk får tråkla seg gjennom. Hødd avvergar.
41'
Stor sjanse for Stabæk! Stengel utnyttar rot Hødd-forsvaret og avsluttar bra. Lie må gjere ei god redning.
41'
Standal vendar fint opp og avsluttar, men forsøket går rett på Sayouba.
38'
Sandal slår eit frispark inn i boksa til Stabæk. Bortelaget får rydda opp.
37'
Stengel legg ballen rett i muren. Svakt utnytta av Stabæk.
36'
Boli vendar opp og blir dytta over ende av Nilsen. Frispark i veldig farleg posisjon for bortelaget.
34'
Blir slått farleg inn i boksa, og det er ikkje langt unna at Magnussen får avslutta. Det er Hødd som har initiativet her no!
34'
Frispark til heimelaget igjen. Ute ved den ein langsida.
33'
Haidar og Boli kombinerer flott, men sistnemnde kjem ikkje til avslutning. Hødd får til slutt klarert.
31'
Helland skrur frisparket forbi alle og ut, og det blir også vinka for offside.
31'
Frispark i fin innleggsposisjon for Hødd.
30'
Helland skyt frå spiss vinkel. I nettveggen, og Sayouba har kontroll.
29'
Den går i tverrleggaren! Sandal skrur ballen over muren, men den dalar litt for sakte og går i tverrleggaren og over. Dermed har begge lag hatt eit forsøk i metallet.
29'
Frispark til Hødd i bra posisjon.
28'
Sandal med frispark midt på bana. Svakt slått, men Hødd beheld kula.
28'
Roleg periode i kampen no. Mange frispark, innkast og stopp i spelet hittil.
25'
Haidar slår nok ein gong farleg inn frå venstre. Hødd-forsvaret får rydda unna.
24'
Helland to prøvar å spurte frå Jalasto, men trøndaren får eit dårleg touch og misser kontroll over kula.
23'
Mykje misnøye mot domar Tennøy frå heimefansen hittil.
21'
Helland prøvar å stikke Magnussen igjennom, men bortelaget får sett inn ei viktig takling.
20'
Helland med innkast. Blir stussa inn til Sayouba.
20'
Heltne Nilsen prøvar seg frå distanse, men avslutningar er ikkje hans beste styrke og forsøket går rett på Sayouba.
19'
Stabæk trykkar på og kjem til avslutning, men Hødd klarer på finurleg vis å rydde opp.
15'
God sjanse for Hødd! Også bortelaget slit med å prate seg imellom, og det oppfattar Erik Sandal. Bursdagsbarnet klemmer til frå 16-17 meter, men Sayouba stoppar forsøket. Keeperen gir retur, men den tek lagkameratane hans seg av.
15'
Mykje dårleg kommunikasjon i Hødd-laget no. Stabæk køyrer kampen.
14'
Boli og Stokkelien kombinerer fint, men pasninga frå sistnemnde blir litt for upresis.
13'
Nok ein stor sjanse for Stabæk! Haidar slår flott inn frå venstre, men ein umarkert Boli klarer ikkje å styre headinga på mål.
11'
Helland får lagt inn frå høgre, og ein umarkert Magnussen får stå heilt åleine på bakerste stolpe. Headinga frå herøyværingen er diverre for laus og Sayouba kan enkelt plukke.
10'
Helland skal kaste langt. Trondsen ordnar opp.
9'
Stolpeskot! Kommunikasjonen mellom Moltu og Lie er dårlig på Hødd sin femmeter, og Boli klarer å snike seg mellom og avslutte. Skotet går rett i stolpen og ut. For ein sjanse for Stabæk!
8'
Innkast høgt i bana for Hødd.
7'
Boli prøvar å finne Haidar, men pasninga blir altfor hard.
6'
Også den dødballen er elendig slått av Helland, og går langt utanfor.
6'
Frispark til heimelaget midt på bana.
5'
Langpasning i bakrom mot Boli. Han prøvar å tuppe den vidare på volley, men forsøket går utanfor.
4'
Stokkelien med dagens første overhovudspark. Det endar over.
3'
Helland går for skot frå 45 meters hald. Langt utanfor.
3'
Frispark til heimelaget.
2'
Nemnde Sandal skyt, men via ein motspelar og til corner.
2'
Hødd sin nr 7, Erik Sandal, fyller for øvrig 30 år i dag. Førre kamp hadde han også eit anna jubileum, nemleg kamp nr 300 for Hødd!
Avspark Start 1. omgang
Blåsarane stiller med bluss og lagar ei fin stemning her.
No kjem laga på bana!
Dagens domar er Jan Morten Tennøy.
Bortelaget hadde planlagt å setje opp supportarbuss til denne kampen, men på grunn av få påmelde blei dette avlyst.
Petter Belsvik har på si side også dei fleste å velje mellom. Vi kan blant anna merke oss at unggutane Daniel Granli og Marco Hjorth, som begge debuterte mot Kongsvinger sist, er med også i dag. Dei startar kampen på innbytarbenken.
Hødd manglar Eirik Heltne og Victor Grodås til denne kampen. Elles har Lars Arne Nilsen hatt ei full tropp å velje i frå.
Hødd og Stabæk har møtt kvarandre fire gongar i nyare tid. I 1995 var dei begge nyopprykka til Tippeligaen. Bærum-laget vann då 3-1 på Nadderud medan det blei 1-1 på Høddvoll. I 2005 var Stabæk så ein kort tur nede i 1. divisjon, og vann begge kampane mot Hødd. På Høddvoll blei det 2-0, medan det i Stabæk blei 4-1.
Stabæk og hovudtrenar Petter Belsvik ventar framleis på sin første siger, for på dei tre første forsøka har det enda med tre uavgjorte. Det har hittil blitt 2-2 borte mot både HamKam og Kongsvinger, medan det heime på Nadderud berre blei 0-0 mot nyopprykka Kristiansund.
Før denne kampen ligg Hødd på 9. plass etter 1-0-1 hittil. Den første runda blei det til slutt 2-3-tap mot Fredrikstad etter at blåtrøyene klarde å kome tilbake frå å ha vore under med 2-0. Etter dette har to kampar blitt utsett, men den eine av dei blei spelt no på onsdag. Der vann Hødd fortent 2-1 mot HamKam etter å ha vore best i store delar av kampen. Laget til Vegard Skogheim skapte spenning med ei sein redusering, men Hødd-forsvaret klarte til slutt å ri av det som oppstod av press.
Då er begge dei to laga ute, og litt oppsiktsvekkjande er det kanskje at ingen av trenarane gjer nokre endringar sidan førre runde.
I Ulsteinvik er forholda langt i frå gode, med mykje vind og regn. Grasbana ser likevel bra ut, så forhåpentlegvis vil ikkje vêret hemme dei to laga for mykje.
Hei og velkomen til livedekning av Adeccoliga-oppgjeret mellom Hødd og Stabæk på Høddvoll!