Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet. Ha ein fin kveld vidare!
Hødd tek seg nokså greitt vidare frå 1. runde etter å ha slått Spjelkavik 4-1. Bortelaget var bra med før pause, då dei også utlikna på staffespark ved Sunde etter at Torset scora før det var spelt eitt minutt. Etter kvilen var det derimot ikkje mykje tvil, og ein opplagt Mbedule sørgja for både 2-1 og 3-1. Eit skår i gleda var derimot at angriparen fekk sitt andre gule kort like før slutt og dermed blei utvist. På overtid auka Kallevåg til 4-1.
Kamp slutt Slutt (4-1)
84'
Eirik Franke Saunes skal inn for heimelaget.
83'
Bendik Torset sit nede og Hødd må gjere eit byte.
82'
Rahhaoui har for øvrig vore innom klubbar som Fredrikstad, Kvik Halden og Sarpsborg tidlegare.
81'
Bader Rahhaoui prøvar eit skot. Blir blokkert.
80'
Bortelaget får spelt fri ein spelar i bakrom, men Sætre og Urke får ordna opp. Kunne ha blitt farleg, det.
79'
Gjestane får klarert på femmeteren.
79'
Frispark for heimelaget. Skal bli lempa inn i boksa.
76'
Som eit artig moment kan vi nemne at Hødd sin Torbjørn Kallevåg skal ta del i den tidlegare nemnde NRK-serien 'Hjemmebane' som altså blir filma her i Ulsteinvik. Han skal vere ein av medspelarane til John Carew på fiktive Varg IL.
74'
Torbjørn Kallevåg får avslutta frå veldig kort hald, men gjestane får blokkert. Burde ha fått meir ut av den sjansen, Hødd-spelaren.
70'
Kallevåg får gå nokså fritt og avslutte. Til side for mål.
69'
Sindre Eid får tilsnakk av domar Halsen etter å ha protestert på at laget hans ikkje fekk hjørnespark.
68'
Krogsæter på ein sjeldan visitt framme i bana. Slår eit innlegg håplaust bak mål.
64'
Nære på at Beite blir spelt fri i bakrom. Eit Spjelkavik-bein kjem i vegen.
57'
Det er faktisk Kallevåg som går for skot, og Larsen gir retur. Den puttar Mbedule i mål, men han blir avvinka for offside. Det var i tilfellet hårfint.
55'
Beite skal ta frisparket sjølv ser det ut som.
54'
Nære på at eit veggspel mellom Kallevåg og Myklebust lukkast inne i boksa. Førstnemnde får ballen litt bak seg.
53'
Keeper Larsen og Mbedule i duell. Førstnemnde får fatt i kula før det blir farleg.
52'
Heimelaget på farta igjen i det Spjelkavik får reinska unna foran eiga kasse. Har eit ynskje om å angripe meir no, Hødd.
52'
Mbedule rundar av eit par SIL-spelarar og avsluttar like over mål. God sjanse!
47'
Dett bakerst i feltet til Myklebust, men det påfølgjande innlegget hans blir klarert.
46'
Ingen endringar på nokon av laga.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 1-1 mellom Hødd og Spjelkavik etter dei førte 45 minutta i dette NM-oppgjeret. Heimelaget pangopna med scoring før det hadde gått eitt minutt, men etter dette har det vore lite positivt frå blåtrøyene som har vore lite aggressive og svært baktunge. Spjelkavik har derimot yppa seg bra, og like før pause fekk det også eit straffespark som nok vil bli diskutert. Skulstad Sunde scora sikkert frå ellevemeteren. Vi håpar laga har meir offensivt å by på etter kvilen, for hittil har verken vêr eller spel varma spesielt på Høddvoll.
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
45'
Hødd sin backfirar legg seg konsekvent mange meter inne på eigen halvdel når dei ikkje har ballen. Merkeleg at laget ikkje vil ta meir initiativ mot eit lag som ligg ein divisjon lenger nede.
42'
Bortelaget kjem til nok ei avslutning. Over mål.
39'
Førstnemnde går for avslutning. Rett på keeper. Ufarleg.
38'
Heimelaget med frispark. Kallevåg og Breimyr står klare.
30'
Bortelaget prøvar å ta eit frispark kjapt i bakrom, og ein Spjelkavik-spelar går ned i feltet. Både Aarøy og Fagermo ropar på straffe frå trenarbenken.
25'
Bortelaget kjem til nok ei avslutning mot eit Hødd-lag som ikkje orkar å jobbe heim. Benjamin Sunde med eit slags brassespark som Urke plukkar lett.
23'
Dalhus med Spjelkavik si første avslutning i kampen. Urke reddar greitt.
22'
Stian Sunde med frispark for gjestane. Blir slått rett inn i hanskane til målvakt Jan Lennart Urke.
21'
Høddvoll går faktisk under eit anna namn i desse dagar. Nrk held nemleg på med innspeling av TV-serien 'Hjemmebane' med Ane Dahl Torp og John Carew i hovudrollene, og i den anledning går stadion no under namnet Tangsrud Arena. Klubben har på si side blitt omdøpt til Varg IL.
16'
Breivik slår inn framføre mål, men Mbeduele når akkurat ikkje fram.
13'
Ny stor sjanse for Hødd! Bortelaget klarerer rett i Mbedule som får tak i ballen og set fart. Han slår femogførti grader ut i feltet til Torset, men sistnemnde klarer ikkje å få ballen i mål denne gongen.
7'
Underteikna hadde for øvrig æra av å dekkje Spjelkavik i 1. runde av NM også i fjor. Den gongen spelde dei mot Aalesund, og berre ei billeg straffe som Mos ekspederte i mål sørgja for at det Tippeliga-laget vann.
5'
Sindre Eid har gjort fleire endringar på laget som starta førre seriekamp. Breivik, Sætre, Myklebust, Mbedule og Beite er alle inne i startellevaren.
3'
Nesten 2-0! Magnus Myklebust får stå heilt åleine bakerst i feltet og avslutte etter eit innlegg. Skyt i nettveggen på volley.
1'
Då er vi i gong på Høddvoll!
Avspark Start 1. omgang
Gjestane frå Spjelkavik har på si side slått Rollon (2-1) og spelt uavgjort mot Os (2-2).
Heimelaget har ikkje fått nokon spesielt god start på opphaldet i 2. divisjon. Det har enda 1-1 både borte mot Vard Haugesund og heime mot Fram Larvik. I sistnemnde oppgjer leia Hødd 1-0 til fleire minutt på overtid, då ei vakker Fram-scoring sørgja for poengdeling. Kampen bar elles preg på mykje sjansesløseri frå blåtrøyene.
Ålesunds-laget Spjelkavik held til dagleg til i Norsk Tipping-ligaen avdeling 4 (3. divisjon). Trenarane Tor Hogne Aarøy og Frode Fagermo er kjende namn i fotball-Noreg med mange sesongar bak seg i AaFK-trøya.
Ferda etter NM-gullet har derimot vore ei merkeleg reise for blåtrøyene frå Sunnmøre. Etter å ha kjempa høgt oppe på tabellen og spelt kvalifisering om opprykk både fleire sesongar etter det, rykka dei faktisk ned til 2. divisjon i fjor. Hans Erik Eriksen og Steinar Lein leia klubben utan hell i 2016, men ingen av dei klarde å få Hødd-skuta frå skipsbyggarbyen Ulsteinvik på rett kjøl. Sindre Eid er hovudtrenar for Hødd no, etter å ha leia laget ei periode tidlegare også.
Heimelaget Hødd bør vere kjent for alle som fyl med norsk fotball, og vi skal ikkje lenger tilbake enn til 2012 for å finne gongen då laget faktisk vann NM. Oppgjeret mot Tromsø på Ullevaal blei til slutt avgjort på straffespark. Lars Arne Nilsen var trenaren med suksess den gongen, og sotraværingen gjer som kjent sine saker bra i Brann i Tippeligaen no.
Det er for øvrig berre 15 minutt køyretid frå Spjelkavik til ferjekaia, så korleis klubben har klart å ikkje rekke å få plass på ferja frå Sulesund er ei lita gåte.
Avspark i denne kampen har blitt utsett til 19.15. Grunnen er i fylgje rykta at Spjelkavik ikkje kom med på ferja som skulle ta dei til Hareidlandet.
Hei og velkomen til livedekning av det spanande lokaloppgjeret mellom Hødd og Spjelkavik, direkte frå Høddvoll. Det er klart for 1. runde av NM!