TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet frå kalde Høddvoll. Ha ein fin måndagskveld vidare!
Avslutningar: 7-8. På mål: 5-2.
Det var langt frå nokon storkamp vi var vitne til på Høddvoll i dag sjølv om det var lag nummer 1 og 6 på tabellen som var i aksjon. Sogndal vil nok føle seg snytt i dag, for det var dei som hadde mest initiativ og skapte dei fleste store sjansane. Spesielt Mahatma Otoo vil sove dårleg i natt, for to gongar var han åleine med keeper Falch, og to gongar enda det utan scoring. Hødd skapte på si side lite, og målet kom på ein dødball. Eit langt innkast frå Ingebrigtsen blei stussa i nettet av midtstoppar Steffen Moltu. Sogndal pressa på mot slutten, men klarde ikkje å skape sjansar.
Hødd har slått Sogndal 1-0 på Høddvoll!
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+4'
På overtid av overtida no.
90+3'
Karlsen blir felt nede ved cornerflagget og skaffar laget sitt eit viktig frispark.
90+3'
Myklebust skaffar innkast.
90+3'
Hødd med ballen høgt i bana.
90+2'
Falch med utspel frå mål no. Det er lagt til tre minutt.
90+2'
Hødd rekk å kome tilbake i posisjonane når Sogndal brukar tid.
90+1'
Bortelaget kontrar.
90+1'
Frispark til Hødd ved eigen sekstenmeter. Dermed kan dei drøye tida endå meir.
90+1'
Langt innkast frå Teniste. Aursnes stangar unna.
90'
Inne i siste speleminutt no. Det hastar for Sogndal.
89'
Spillerbytte
89'
Chikere legg igjen til Skaasheim som avsluttar langt utanfor.
88'
Babacarr Sarr med ein høg olboge i ein duell. Frispark imot, og Hødd kan bruke tid.
88'
Innbytar Chikere når høgast på frisparket, men headinga går langt tilside for mål.
87'
Frispark for gjestane. Drage skal slå det inn i feltet.
87'
Mange endringar frå Bakke på tampen altså. Det spørs likevel om dei rekk å markere seg. Kort att tid å spele på Høddvoll no.
86'
Spillerbytte
86'
Spillerbytte
85'
Spillerbytte
85'
Gult kort
Hindrar ein overgang på ulovleg vis.
85'
Og det gjer jammen Skaasheim også. Ein trippel frå Sogndal-sjefen der, altså!
84'
Eirik Bakke skal straks gjere eit dobbeltbyte no. Chikere og Holsæter står klare.
83'
Utvik med innlegg frå høgre. Rett inn til Falch.
82'
Skal Sogndal klare å kome tilbake i kampen heilt på slutten? Hødd har for øvrig avansert til 4. plass på tabellen i skrivande stund, men det kan fort snu!
79'
Mål!
1-0
Det er ikkje vakkert, men mål er mål! Moltu møter innkastet frå Ingebrigtsen foran første stolpe, og kula blir stussa i ein boge og inn i mål. No skal vi få ein interessant slutt her!
79'
Ingebrigtsen skal hive langt nok ein gong.
78'
Hjørnespark
Går forbi alle. Innkast på motsett side.
78'
Litt meir innsats frå spelarane i blått no.
77'
Hjørnespark
Heltne skal skru corneren inn. Dyngeland får nevane på ballen, men den dett berre ned i feltet. Der får til slutt gjestane rydda opp.
77'
Eit innkast endar i corner for Hødd.
77'
Brukbart spel av heimelaget. Eit innlegg frå Ingebrigtsen går inn i boksa, men Sogndal får klarert.
74'
Ingen Robin Shroot enda, altså.
73'
Spillerbytte
72'
For ein sjanse for Sogndal! Moltu klarer ikkje å dempe ballen og let den i staden trille til Otoo som kjem heilt åleine med Falch. Keeperen gjer derimot ei fantomredning og har også flask når ballen så går i tverrleggaren og ut igjen. Utruleg at det ikkje blir mål der.
70'
Med unntak av dobbeltsjansen rett etter pause har ikkje Hødd fått til noko som helst denne omgangen. Sogndal skapar litt innimellom, men det er langt mellom godbitane.
69'
Kaptein Törnqvist får stussa, men kula går berre rett i hanskane til Dyngeland. Ufarleg.
68'
Ingebrigtsen skal hive langt for heimelaget.
67'
Nesten igjen for Sogndal! Eit innlegg blir sendt inn mot bakerste stolpe, og det er ikkje langt unna at Strand får gått ballen i mål.
67'
Sveen får lagt inn frå kantposisjonen sin, men forsøket blir lett stogga.
66'
Teniste med langt innkast. Wrele headar unna.
66'
Det er gjestane som styrer her no. Hødd slit med å få til noko som helst.
66'
Frisparket blir stussa i mål av bortelaget, men domaren vinkar for offside. Få protestar frå dei tilreisande spelarane der, så det var nok ei korrekt avgjersle.
65'
Drage blir felt og bortelaget får frispark nokre meter inne på Hødd sin halvdel.
64'
Hjørnespark
Dett farleg ned i boksa, men Magnussen får beina ballen vekk frå farleg område.
64'
Grei sjanse for Sogndal! Eit innlegg blir heada på mål, men Flach rekk å få nevane på ballen. Corner.
63'
Andersen er på veg igjennom mot Dyngeland, men blir dytta unna av Psyche. Heile stadion ropar på frispark, men domar Rafiq seier nei. Hadde ikkje vore overraskande om han hadde blåst der.
62'
Drage får lagt inn frå kanten sin. Forbi alle i feltet.
61'
Ulland Andersen med ein stikkar mot Magnussen inn i boksa. Via ein motspelar og inn til Dyngeland.
59'
Blir slått inn i boksa, men gjestane får reinska unna.
59'
Aursnes med dødball for Hødd.
59'
Sarr kjem til avslutning inne i Hødd si boks, men domaren dømer frispark imot for noko som skjedde i duellen før.
57'
Hjørnespark
Falch får fista unna.
56'
Dårleg slått. Hødd reinskar greitt unna.
56'
Frispark for bortelaget.
55'
Ingebrigtsen med eit hav av tid og rom, men likevel sender han innlegget bak mål. Pensjonistane bak pressetribuna er sinte og bankar i pleksiglaset.
54'
Thomas Drage med eit skummelt innlegg frå venstre. Keeper Falch reagerer kjapt og kjem ut og fangar ballen.
53'
2.505 tilskodarar på Høddvoll i dag.
52'
Hødd-forsvaret fyl ikkje godt med i eiga boks, og det er ikkje langt unna at Otoo får snappa kula få meter vekk frå målet.
51'
Magnussen har ikkje lukkast så veldig godt hittil i kampen. Hødd har både Michael Karlsen og Robin Shroot i bakhand, så det vil ikkje vere så veldig overraskande om ein av dei entrar kunstgraset snart.
49'
Bolseth med ei kynisk felling midt på bana. Er heldig som slepp det gule kortet der.
47'
Dobbeltsjanse for Hødd! Midtstoppar Moltu avanserer langt med ballen og slepp den til Aursnes. Ungguten fyrer av frå utanfor boksa, men Dyngeland får avverga. Returen går så til Myklebust som skyt i nettveggen frå litt skrå vinkel. Det beste Hødd har fått til i kampen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Ingen endringar på nokon av laga.
Sogndal-spelarane har no kome ut på bana. Høddarane let framleis vente på seg.
Det står 0-0 til pause mellom Hødd og Sogndal etter ein nokså tam førsteomgang. Bortelaget har vore hakket betre og skapt den klart største sjansen då Etoo skaut utanfor åleine med keeper. Vi håpar at laga slepp seg litt meir lause etter kvilen!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Teniste med innlegg frå venstre. Moltu stangar unna.
44'
Aursnes går overraskande for eit skot. Høgt over mål. Svakt utnytta av Hødd-juvelen som verkar å vere inne i sin siste sesong i Ulsteinvik.
43'
Frispark til Hødd i bra innleggsposisjon. Aursnes står klar.
41'
Moltu står fullstendig feilplassert i ein duell med Opseth og Sogndal-spissen får vende innover mot mål. Han går for scoring nummer fjorten denne sesongen, men sender skotet rett på Falch.
39'
Ikkje så mykje konstruktivt frå Eirik Bakke sine spelarar heller no. Mykje fram og tilbake før den lange blir slått framover.
38'
Hødd bryt høgt i bana, men maktar ikkje å gjere noko kreativt med ballen. Endar i staden med eit tilbakespel til keeper Falch.
36'
Ikkje så mykje som skjer på Høddvoll no. Ganske omstendeleg frå begge lag.
33'
Hjørnespark
Wrele står ved første stolpe og klarerer enkelt.
33'
Eit frispark til bortelaget endar med corner.
32'
Gult kort
Spelaren som har fått tidenes raskaste gule kort i ei NM-finale får det sjå det gule etter å ha drege ein Sogndal-spelar over ende.
32'
Myklebust dreg seg innover i bana og får avslutta, men skotet frå den tidlegare Lillestrøm-vingen blir blokkert.
30'
Nok ei bra moglegheit for Sogndal! Bortelaget set fart etter ei svak klarering frå Moltu og Teniste får lagt ballen femogførti grader ut i feltet. Der står Opseth klar, men avslutninga hans går i nettveggen.
28'
Småskummelt innlegg i Hødd si boks. Moltu får beina ballen vekk frå farleg område.
27'
Litt meir initiativ frå heimelaget no.
25'
Hødd sine midtstopparar Moltu og Törnqvist har hatt bra kontroll i duellspelet så langt. Når ballen har gått langs bakken har dei derimot hatt langt større problem.
24'
Hjørnespark
Falch får fista unna. Bortelaget beheld ballen.
23'
Heltne prøvar å finne Magnussen med ein lang ball, men den tidlegare Hønefoss-spissen når ikkje høgt nok opp.
22'
Fredrik Aursnes får avslutta etter at Hødd har halde litt på ballen. Nokså midt på Dyngeland som har veldig god kontroll.
20'
Redning på strek! Hjørnesparket frå Heltne snik seg forbi Dyngeland og berre ein velplassert Sogndal-spelar på streken får hindra ballen frå å gå rett i mål.
20'
Hjørnespark
20'
Vegard Heltne ruslar bort for å ta den.
19'
Hjørnespark
Bortelaget får stussa ballen vekk til eit nytt hjørnespark. Frå motsett side no.
19'
Bra spel av Hødd endar med at dei får corner.
19'
Tre gode sjansar hittil for Sogndal altså. Hødd prøvar å liggje djupt og kontrollert, men klarer likevel ikkje å stoppe leiarlaget i OBOS-ligaen frå å skape moglegheiter.
17'
Stor jubel i det Blåsarane entra tribunene igjen. Lydnivået går umiddelbart opp.
16'
Enorm sjanse for bortelaget! Otoo kjem plutseleg heilt åleine mot Falch, men ghanesaren set skotet på feil side av stolpen. Slike sjansar skal vere mål!
15'
Nok eit bra forsøk for Sogndal! Heimelaget slit med å få klarert etter ein dødball, og ein halvvegs liggjande Sarr får avslutta inne i boksa. Skotet går ikkje langt utanfor.
14'
Drage prøvar å leggje flatt inn i Hødd si boks. Heimelaget får klarert. Har for øvrig ikkje alt for mange gode minner frå å møte blåtrøyene frå Ulsteinvik, Drage. Som Tromsø-spelar tapte han som kjent NM-finala for nettopp Hødd i 2012.
13'
Ulland Andersen prøvar å lure med seg kula inn i Sogndal si boks, men får den litt for langt foran seg og må sjå den trille ut over sidelinja.
12'
Blir slått heilt inn til Falch som plukkar greitt. Svak avlevering frå Petter Strand.
11'
Frispark for bortelaget.
11'
Sindre Eid har vald å starte oppgjeret med store og sterke Joachim Magnussen på topp i dag. Så langt har han ikkje fått altfor mange ballar å jobbe med.
9'
God sjanse for bortelaget! Psyche kjem til ei heading frå god posisjon, men klarer ikkje å få ballen på mål.
9'
Nokså roleg opning på kampen. Gjestane har hatt ballen mykje.
8'
Blåsarane er no på veg av tribunene for å markere avstand mot måndagskampane. Banner med tekst som '1-6-1' og 'Fu*k mandagskampar' heng over reklameskilta. Lydvolumet på Høddvoll gjekk merkbart ned.
6'
Teniste med ein unødvendig ballmiss midt på bana. Misser kula til Aursnes før han gjennomfører ei kynisk takling og stoppar ein eventuell overgang.
5'
Er bra slått mot ein nokså umarkert Moltu inne i Sogndal-boksa. Midtstopparen prøvar å heade ballen inn framføre mål, men bortelaget får stoppa forsøket. Ballen går så til Andersen som prøvar eit skot på direkten, men avslutninga blir blokkert.
4'
Aursnes med dødball for Hødd.
3'
Sogndal prøvar seg med eit langt innkast, men mislukkast.
3'
Ikkje altfor mange har teke turen frå Sogn og Fjordane for å sjå kamp, forståeleg nok ettersom kampen går på ein måndag og ikkje på ein søndag som opprinneleg oppsett. Hødd-supportarane Blåsarane har varsla at dei vil kome med ein protest mot dette fenomenet i løpet av kampen.
1'
Ei låg sol i Ulsteinvik no. Hødd har fordelen av å ha den i ryggen i første omgang.
Avspark Start 1. omgang
Speaker opplyser at Sogndal-back Victor Grodås, som kom frå Hødd før denne sesongen, befinn seg på stadion sjølv om han ikkje er speleklar.
Dei 22 motstandarane har no helst på kvarandre og vi er få straksar unna avspark.
No er begge laga på veg ut på bana! Kampen blir for øvrig vist på TV i dag, noko som set ei ekstra ramme på oppgjeret.
Toppscorarduellen i kampen er mellom Eirik Ulland Andersen hjå Hødd og Kristian Opseth for Sogndal. Førstnemnde har 10 scoringar så langt, medan Opseth har tre fleire. Sogndal-spissen har for øvrig laga sine mål på to kampar færre enn sin rival i dag.
Av lagoppstillingane ser vi at Robin Shroot, som hadde eit ikkje altfor vellukka opphald i Sogndal etter overgangen frå Hødd, befinn seg på innbytarbenken frå start av. Briten laga for øvrig Sogndal sitt mål i 1-1-kampen sist laga møttest.
Laga har møttest 13 gongar i offisiell samanheng sidan 1993. 7-4-2 har det blitt i favør dagens bortelag. Hødd vann sist i 2005 då Anders Vaagen, Georg Aursnes, Finn Erik Stavseng og Stig Haugland scora måla i 4-1-sigeren. Sogndal vann på si side 3-0 sist dei var her på Høddvoll i 2008. Henrik Furebotn, Per-Egil og Håvard Flo stod for scoringane.
Sogndal har på si side 4-2-0 på sine seks seinaste. Dei har vunne tre strake, og det med ein målskilnad på 10-1. Borte frå Fosshaugane Campus har det blitt 6-4-1 så langt.
3-0-3 er fasiten på dei seks siste kampane for Hødd. Etter to strake sigrar mot henhaldsvis Sandnes Ulf og Bryne blei det eit grusomt 3-0-tap borte for Follo førre helg. Heime på Høddvoll har det blitt 6-2-3 på dei elleve første kampane.
Det er venta å bli ein tett og jamn kamp på Høddvoll mellom to lag som jagar opprykk til Eliteserien. Sogndal har vore klart best denne sesongen, og har allereie ei luke på seks poeng ned til Kristiansund som berre klarde 1-1 mot Follo i går. Med siger til Eirik Bakke og co i dag, samt poengtap for Brann mot Ranheim skal det bli tungt å ta att laget frå Sogn og Fjordane.
Hei og velkomen til det spanbande 1. divisjonsoppgjeret mellom Hødd og Sogndal, direkte frå Høddvoll i Ulsteinvik!