Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet. Ha ein fin onsdagskveld vidare!
Avslutningar: 10-11. På mål: 4-6.
Sogndal slår Hødd 2-0 og tek seg dermed vidare til 3. runde av NM. Bortelaget leia 1-0 etter ein førsteomgong der banespelet var jamt og begge lag skapte store sjansar. Soltvedt scora på straffe. Etter kvilen kontrollerte derimot 1. divisjonslaget Sogndal det heile nokså greitt, og slik som det utarte seg mot slutten kunne dei ha putta endå fleire enn det eine Jensen sørgja for. Hødd kan dermed fokusere alt på å spele seg opp frå 2. divisjon igjen, medan Sogndal får bryne seg på endå tøffare lag i cupen.
Kamp slutt Slutt (0-2)
90+6'
Innbytar Mittet skyt på mål, men Alme fistar den greitt over. Corner.
90+5'
Frispark til Sogndal i grei posisjon. Blir nok det siste som skjer her.
90+4'
Saunes prøvar å finne Osvold med ei direkte pasning, men den når aldri fram.
90+1'
Få minutt att å spele. Sogndal kontrollerer dette, og tek seg greitt vidare til 3. runde av NM.
87'
Shroot avsluttar så i motsett ende. Over mål frå briten også.
87'
Steiring bankar ballen høgt over mål.
86'
Sogndal med frispark. Brukar bra med tid.
85'
Utruleg sjanse for Sogndal! Ndour blir spelt fri heilt åleine inne i boksa, men maktar ikkje å få kula i mål. Der skal det vere scoring!
84'
Innbytar Ndour går i bakken inne i Hødd si boks, men domaren vinkar spelet vidare. Såg ut til å vere ei grei avgjersle.
83'
563 tilskodarar på Høddvoll. Ikkje akkurat all verda, det.
82'
Sogndal kontrar, men må nøye seg med hjørnespark.
80'
Haugen skjer innover og avsluttar med venstrefoten. Alme har kontroll, men må gje corner.
78'
Dyngeland slengjer seg, men forsøket endar uansett utanfor mål. Brukbart forsøk av Hødd sin dødballekspert.
77'
Dødball til Hødd halvvegs inne på Sogndal sin halvdel. Rise står klar.
75'
Nesten for Hødd! Shroot dreg seg innover i boksa og prøvar å curle ballen inn i det lengste hjørnet. Dyngeland er derimot parat og får redda på flott vis.
74'
Bjørnebye med ei nydeleg vendig av spel, men Eid rotar dessverre for heimelaget ballen utover sidelinja.
72'
Enorm sjanse for Sogndal til å punktere kampen! Hødd rotar vekk ballen langt inne på eigen halvdel, og Ramsland speler Haugen heilt åleine med Alme. Utruleg nok set 21-åringen avslutninga utanfor målet.
68'
Hødd rekk å kome raskt tilbake i balanse, og hindrar Sogndal i å utnytte overgongen.
67'
Hjelmeseth slår inn i boksa, men bortelaget får klarert. Endar med corner, men samtidig ligg to spelarar nede etter duellen.
64'
Bjørnebye finn Osvold med ei pasning, og sistnemnde avsluttar på direkten. Høgt over mål.
63'
Ramsland får plutseleg ballen i god posisjon inne i boksa, men Husebø kjem raskt til og får blokkert.
62'
Det har vore langt mindre som har skjedd på bana etter kvilen enn kva tilfellet var før. Hødd har ballen ein del og prøvar, men Sogndal har god kontroll bakover.
59'
Ramsland blir spelt fri i bakrom, men blir avvinka for offside.
59'
Hjelmeseth jaktar ein ball i bakrom, men Dyngeland er raskt ute og snappar den.
58'
Ikkje veldig mange store sjansar å skrive om på Høddvoll no, men banespelet vaiar i alle fall fram og tilbake.
56'
Soltvedt med frispark. Blir lempa inn i boksa, men Alme er ute og plukkar.
51'
Hødd prøvar så å kontre, men Sogndal snappar ballen og set i gong ei mot-kontring. Hødd-forsvaret gjer ein god jobb og hindrar bortelaget i å få avslutta.
50'
Soltvedt speler kort ut til Ramsland som prøvar å leggje inn. Blir blokkert til corner.
49'
Gjestane med frispark på ca 30 meters hald.
49'
Tobias Bjørnebye har spelt veldig bra i starten her. Duellsterk og presis med pasningane. Han er på lån frå RBK, og er også son til tidlegare Liverpool-back og noverande sportsleg leiar i Rosenborg, Stig Inge Bjørnebye.
46'
Haugen får ballen inne i Hødd sin sekstenmeter, men den sprett opp i handa hans og heimelaget får frispark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
No har begge laga kome ut på matta igjen.
Ein høgst sjåverdig omgang er over på Høddvoll. Sogndal opna best og tok leiinga på straffe allereie i det 9. minutt, men etter dette jamna banespelet seg ut. Hødd hadde faktisk initiativet lengje, men til trass for at dei har skapt mange store sjansar har dei endå til gode å få kula i mål. Det er berre å glede seg til ein spanande 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+1'
26 år gamle Ramsland står for øvrig med tre ligamål denne sesongen. Han ventar framleis på sitt første i cupen.
44'
I stolpen frå Sogndal! Ballen blir slått mot bakerste stolpe, der Martin Ramsland kjem stupande inn og headar ballen i stolpen. Ikkje langt unna at bortelaget doblar leiinga, der!
43'
Utruleg nære 1-1! Eid bankar ballen nok ein gong inn frå høgre, og inne i feltet har Osvold rive seg laus. Han sender i veg ei hard heading, men den går like utanfor mål.
42'
Sansara med tid og rom til å slå inn, men forsøket er svakt og endar utover sidelinja. Engelske Sansara har for øvrig ei fortid i klubbar som Gefle, Walsall, Boston United og Fredrikstad. Han kom til Hødd før denne sesongen.
39'
Bortelaget prøvar å kontre, men innlegget frå Ramsland blir blokkert. Corner.
34'
Bra forsøk av Hødd! Sogndal er i ubalanse og ei langpasning frå Hjelmeseth går igjennom til Saunes. Frå skrått hald avsluttar han via metallet og over. Hadde fortent ei scoring no, blåtrøyene!
32'
Hødd held fram med å forsøke her, men Sogndal står ganske godt i mot. Lengje sidan Eirik Bakke sitt mannskap har fått til noko offensivt no.
28'
Så er det Saunes som blir spelt fri til venstre og får heada ballen inn framføre mål. Dessverre for heimelaget blir han avvinka for offside.
27'
Eid med eit knallhardt innlegg frå høgre. Hjelmeseth kjem til for å skli ballen i mål, men når ikkje fram i tide.
27'
Osvold får plutseleg ballen inne i feltet, men er litt ubesluttsam og får verken avslutta eller spelt fri nokon annan.
25'
Mannsverk slår inn frå venstre, men Hødd får reinska unna.
22'
Etter Sogndal sitt 1-0-mål er det faktisk Hødd som har styrt spelet her. Fleire gode sjansar har dei kome til også.
21'
Saunes fyrer av frå langt hald. Ikkje noko dårleg forsøket, men Dyngeland kan sjå ballen gå over målet sitt.
18'
Saunes prøvar å slå inn, men forsøket blir blokkert. Corner.
18'
Haugen mottek ballen rundt Hødd sin sekstenmeter, men blir avvinka for offside.
17'
Tillaup til kaos inne i Hødd si boks i det Soltvedt nok ein gong legg inn. Heimelaget får med naud og neppe ordna opp.
16'
Bra opprulling av Sogndal. Soltvedt gir ballen vidare til Ramsland inne i boksa, men sistnemnde får si pasning blokkert.
11'
Frispark til bortelaget i god innleggsposisjon. Jensen slår inn, og Sansara er nære ved å sleive kula i eige mål. Corner.
10'
No spørs det korleis dei to laga vil respondere på dette.
8'
Osvold avsluttar frå grei posisjon. Dyngeland er raskt nede og fangar ballen.
7'
Endar til slutt med at Eid får tilbake ballen og rotar den utover sidelinja.
6'
Innkast til Hødd høgt i bana. Eid skal kaste langt.
5'
Bortelaget med initiativet i starten her. Står oppe med tre angrepsspelarar.
4'
Når det gjeld NM-historie, så er det Hødd som har mest å vise til. I 2012 gjekk høddarane som kjent heilt til topps, etter å ha slått Tromsø i finalen. Det beste Sogndal har å vise til er tapande finalist i 1976, då Brann vann 2-1.
2'
Osvold blir spelt fri i bakrom, men blir avvinka for offside.
Avspark Start 1. omgang
André Knudsen Arnholt er kveldens hovuddomar.
Sogndal har også opna 2019 svakt, og er for tida nærare 2. divisjon enn Eliteserien. 8 poeng på 8 kampar har ført til at dei no er å finne på 13. plass. 16. mai blei det tap 0-1 borte mot Nest-Sotra.
Hødd held til dagleg til i 2. divisjon, og har foreløpig ikkje makta å ta seg opp att på det nest øvste nivået etter veldig mange sesongar her gjennom tidene. I skrivande stund ser det derimot ikkje så bra ut, med 11. plass etter dei seks første kampane. Laget til Sander Nyland var sist i aksjon 16. mai, då det blei eit uventa tap for Brattvåg her på Høddvoll.
Hødd slo Træff 4-3 i 1. runde av NM. Ulsteinvikarane strevde lengje, men klarde til slutt å ta seg vidare. Brautaset, Rise, Sætre og Shroot stod for scoringane. Sogndal gjekk på si side vidare etter å ha slått Stryn komfortabelt med 5-0. Soltvedt, Sveen (2), Steiring og Flo stod for måla.
-Vi har stor tru på ein god prestasjon og eit godt resultat, varsla den unge Hødd-sjefen Sander Nyland like før avspark. -Vi skal gå i kjellaren for å få det til.
-Det er flott å kome til Ulsteinvik, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke før kampen. -Vi er i same situasjon som Hødd, med ein ung og spanande gjeng. Vi satsar på å slå Hødd og gå vidare i cupen.
Hei og velkomen til livedekning av det meget spanande NM-oppgjeret mellom Hødd og Sogndal. Det er duka for ein skikkeleg fight på Høddvoll!