TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

Det endar 2-2 på Høddvoll etter ein heidundrande kamp mellom Hødd og Sogndal. Bortelaget gjekk i føringa to gongar, men Hødd utlikna kjapt ved begge høva. Det er også heimelaget som bør føle seg mest skuffa etter dette, for dei hadde meir enn nok sjansar til å ta alle poenga her. Spesielt ei periode i 2. omgang køyrde dei over laget til Tore André Flo, men Fij hadde fleire store avvergingar og resten av forsvaret reddar på streken ved fleire høve. Såleis føyer denne kampen seg inn i mange liknande resultat for Hødd den siste tida. Dei speler godt og skapar mange store sjansar, men sløsar for mykje. Dei tok rett nok innpå Jerv med eitt poeng, men det burde ha vore tre. Sogndal ligg på si side framleis på 6. plass, men no har Ranheim moglegheita til å kome tre poeng bak. Sebastian Eide og assistent Laurits Løken Eide takkar med dette for følgjet. Ha ein fin kveld vidare!

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (2-2)
90+1'
Sogndal får klarert. Alme bankar ballen opp igjen.
90'
Langt innkast frå Sundnes.
90'
Det blir lagt til minimum tre minutt her.
90'
No er vi straks på overtid. Har denne kampen endå eit mål i seg?
88'
Scriven går ned i ein duell med Ørjasæter. Begge blir liggande, men ingen får frispark.
86'
Sjølstad slår inn i feltet, men innlegget går forbi alle i feltet.
85'
Spillerbytte
83'
Hjørnespark
Forbi alle i feltet før den blir sendt inn igjen i boksa. Alm vinn duellen, men headinga blir kjapt blokkert.
83'
Erik Flataker, som scora kampens einaste mål sist mot Hødd, er klar til å kome innpå for bortelaget.
81'
Hjørnespark
Lillo stangar unna ved første stolpe.
80'
1061 tilskodarar på Høddvoll i dag.
79'
Nersveen går i bakken inne i boksa, men domaren let spelet gå. Det reagerer sjølvsagt store delar av stadion på.
76'
Annullert mål
2-2
Scriven nikkar ballen i mål og heile stadion jublar, men domar Hafezi meiner at spissen har brukt armane i duellen med Gueye og gir frispark til Sogndal. Den vil nok bli diskutert.
76'
Spillerbytte
76'
Ikkje mange skrivepauser for ein gammal journalist på Høddvoll si pressetribune i dag. Her skjer det ting heilt tida - i begge endar av bana.
72'
Mål!
2-2
Og så er det 2-2! Kallevåg slår inn i feltet og Fij stig til vêrs for å bokse. Han bommar derimot totalt på ballen og Scriven kan enkelt nikke den i det tome buret. Ei svært fortent utlikning!
70'
Mål!
1-2
Sogndal på ny i føringa! Sjølstad kjem seg fri på venstresida og skjer innover. Alme kjem ut, men Sogndal sin nr 17 vippar ballen elegant over han og i mål. Kjem seg veldig lett forbi der.
69'
Gult kort
Stoppar ein Hødd-overgang.
69'
Stolpeskot! Hødd har pressa lenge, men plutseleg slår Sogndal til. Ørjasæter skjer innover og speler ein vegg med Nundal før han avsluttar i stolpen og ut.
67'
Spillerbytte
67'
Spillerbytte
66'
Hjørnespark
Klabb og babb i feltet, men Fij får til slutt lagt seg oppå ballen.
65'
Nære på igjen for Hødd! Scriven bankar til, men nok ein gong reddar Fij. Corner.
65'
Ei kanonade mot Sogndal-forsvaret no. Her bør hovudtrenar Flo føreta seg noko.
64'
Innkastet blir blokkert, men det påfølgjande innlegget blir plukka av Fij.
63'
Sundnes med langt innkast.
63'
Heilt utruleg at heimelaget ikkje leiar denne kampen. Sogndal blir rett og slett utspelt, og då spesielt på si venstreside.
62'
Hjørnespark
Endar etter kvart med eit nytt skot. Fij er kjapt nede og reddar.
62'
For ein sjanse! Hødd speler ut Sogndal med mange veggspel, men det avgjerande skotet frå Nersveen blir redda på streken av ein Sogndal-forsvarar.
61'
Nokre intense minutt der, altså! Herleg med kampar der begge lag ønsker å angripe.
59'
Hjørnespark
Endar med ingenting.
59'
Hjørnespark
Også her blir det redning på strek! Hødd avsluttar, men eit Sogndal-bein klarer utruleg nok å sleive ballen over eige mål.
58'
Frispark
Redning på strek! Endar med ny corner.
58'
God sjanse for Hødd! Tøsse skjer innover og prøvar å plassere ballen i det lengste hjørnet, men Fij reddar meisterleg.
56'
Hjørnespark
Ei avslutning frå ein Sogndal-spelar går svakt rett på Alme.
56'
Sogndal kontrar etter ein stygg feil av Alm. Endar med hjørnespark.
55'
Sogndal rullar opp eit bra angrep, men den avgjerande avslutninga frå Hoven går svakt utanfor.
54'
Det påfølgjande frisparket er rett og slett svært svakt av Borgthorsson. Bankar ballen langt forbi feltet.
53'
Gult kort
Er bakpå hælen til Sogndal-spelar og får det tredje gule kortet i løpet av få minutt.
52'
Borgthorsson dreg seg innover og prøvar eit skot, men det blir raskt blokkert.
50'
Bra forsøk av Hødd! Kallevåg er på skothald og plasserer ballen like utanfor den lengste stolpen.
49'
Gult kort
Så får også Borgthorsson det gule. Det er i alle fall konsekvent i forhold til situasjonen i stad.
47'
Hjørnespark
Gueye stangar unna på femmetersstreken.
47'
Frispark
Frisparket blir slått forbi alle i feltet.
46'
Gult kort
Scriven feller ein motspelar og får kampens første gule kort. Litt strengt med tanke på lista domar Hafezi har lagt seg på tidlegare i kampen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
No er begge laga ute på bana igjen.
Det står 1-1 til pause mellom Hødd og Sogndal etter ein energirik og artig omgang. Heimelaget pangopna med ein stor sjanse allereie i dei første minutta, men det var Sogndal som fekk det første målet. 17-åringen Joakim Nundal scora sikkert åleine med Alme til 0-1. Hødd utlikna derimot rett etterpå, då eit knallhardt innlegg frå Hellevik Larsen blei ekspedert i mål av Holand Tøsse. No er det berre å glede seg til 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
45'
Det blir lagt til minimum eitt minutt her.
45'
Chippar den mot bakerste stolpe der Scriven enkelt nikkar ballen vekk.
45'
Frispark til Sogndal i brukbar innleggsposisjon. Jonsson står klar.
44'
Alm med ei litt laus heading tilbake til Alme. Nundal jagar og er ikkje veldig langt unna å skape litt trøbbel der.
43'
Skaanes med ein lur stikkar til Borgthorsson, men innlegget frå sistnemnde blir blokkert av Hødd.
41'
Heimelaget rullar bra opp, men ingen i blått kjem rundt straffemerket i det pasninga frå Mogensen kjem dit. Dårleg følgt opp av lagkameratane hans.
39'
Hjørnespark
Endar til slutt med utspel frå Alme.
39'
Bra forsøk av Sogndal! Eit avslutning frå distanse blir redda av Alme.
39'
Mogensen går i bakken inne i Sogndal si boks, men domaren vinkar spelet vidare også her.
31'
Veldig farleg situasjon rundt Hødd si boks! Alm og Alme snakkar ikkje skikkeleg og Nundal er nære ved å snappe ballen. Sogndal-spissen ser ut til å hoppe inn i Hødd-keeperen for å skaffe seg eit straffespark, men domaren bit ikkje på den og let spelet gå. Uansett svakt forsvarsspel av heimelaget.
30'
Litt variabel list lagt av domar Hafezi. Bles lett i enkelte situasjonar, medan han andre gongar tillett mykje meir utan at det gir konsekvensar.
28'
Hellevik Larsen får ballen på høgresida, men har ingen alternativ rundt seg og misser ballen.
26'
Tøsse slår inn i feltet, men Fij kjem ut og plukkar ballen nokså greitt.
23'
Mål!
1-1
Hødd utliknar umiddelbart! Eit innlegg går over feltet før det hamnar hos Larsen på høgresida. Han bankar ballen knallhardt foran mål og regelrett treff Tøsse som styrer den i mål frå fem meters hald. 1-1 på Høddvoll!
23'
Ei imponerande ro av 17-åringen Joakim Nundal ved den scoringa. Kunne ha avslutta raskare, men valde i staden å sende rutinerte Lillo skliande feil veg. Ei kjekk bursdagsgåve på forskot for Nundal som blir 18 om to dagar.
16'
Mål!
0-1
Sogndal går i leiinga på Høddvoll! Ein stygg ballmiss av Hødd gjer Ørjasæter masse plass framover. Han finn Skaanes som enkelt finn ein umarkert Nundal. Han fintar ut Lillo og scorar sikkert forbi Alme.
16'
Bra opprulling av bortelaget som endar med skot av Skaanes. Ufarleg rett på Alme.
15'
Det må sjølvsagt også nemnast at mange frå Saftkokaradn har teke turen til Ulsteinvik. Ein plass mellom 20-30 stk. Det set ei fin ramme rundt kampen.
14'
Vertane slår langt i bakrom, men målvakt Fij er kjapt ute og klarerer.
13'
Nære på at Ørjasæter klarer å tre igjennom til Jonsson. Eit Hødd-bein kjem i vegen. Langt meir Sogndal på Høddvoll no.
12'
Sjølstad slår inn frå venstre, men Alme klarer å fomle med ballen. Heldigvis for Hødd klarer han å fange den igjen.
10'
Sogndal kontrar etter eit langt Hødd-innkast, men avslutninga frå Hoven går via ein motspelar før den dalar ned i fanget til Alme.
7'
Ein Sogndal-spelar med ei tøff takling på Scriven, men domaren let vere å gje det gule kortet. Mange på Høddvoll som er ueinige i det.
6'
Bra forsøk for Sogndal! Bortelaget får avansert framover og avslutta, men forsøket går rett på Alme som reddar.
5'
Heimelaget ropar på hands rett utanfor sekstenmeteren til Sogndal, men domaren ser ikkje noko og lar spelet gå.
4'
Nytt frispark. Kallevåg slår inn. Sogndal får klarert først, men Hødd beheld ballen.
4'
Liten tvil om at det er heimelaget Hødd som har opna kampen best.
2'
Stor sjanse! Kallevåg slår presist inn, men Sundnes headar over frå kort hald. Veldig nære 1-0!
1'
Frispark
I brukbar innleggsposisjon. Kallevåg og Tøsse er klare.
1'
Heimelaget sparkar i gong oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
No kjem begge laga ut på bana, anført av dagens hovuddomar; Mohammad Hafezi.
Sidan 1993 har Hødd og Sogndal møttest 16 gongar i offisiell kamp, i tillegg til ein drøss med treningskampar. Laget frå Vestland fylke har vore klart best her, med 9-4-3 totalt sett. Alle Hødd sine sigrar har kome her på Høddvoll. Det motsette oppgjeret mellom laga i år enda med 1-0 til Sogndal etter mål av Erik Flataker.
Det har blitt gjort to endringar på Hødd sidan førre kamp mot KBK. Ziko og Urnes startar på benken til fordel for Lillo og Skeide. Ingimundarson, Flo og Arrocha er ikkje med i Sogndal-troppa, medan Steinset, Gueye og van der Spa startar oppgjeret. Sistnemnde gjer sin første kamp sidan 23. september.
Flo og co har på si side 2-1-3 på dei seks seinaste. Bakover har dei streva ein del, noko som har resultert i 10-11 i målskilnad på desse. Førre kamp enda med 2-1 heime over Moss.
Det har vore ei klar forbetring i Hødd sitt spel den siste tida, men dessverre har Joakim Dragsten måtte sjå laget sitt sløse med sjansane og gå glipp av mange poeng. Defensivt har dei klart seg ganske bra, men offensivt har det lugga ein del. På dei seks siste kampane har blåtrøyene 1-2-3.
Tore André Flo sitt Sogndal ligg på si side på 6. plass og det nedste plassen som gir kvalifisering til opprykk. Det er nok for langt opp til dei to øvste plassane, men med Ranheim berre fem poeng bak er nok Sogndal opptekne av å oppretthalde denne distansen.
Det er botn mot topp på Nye Høddvoll, og begge laga ønsker sterkt tre poeng. Hødd ligg utsett til på øvste nedrykksplass, men Jerv på kvalifiseringsplassen er innan rekkevidde ettersom dei berre har to poeng meir. Det er fem poeng for heimelaget opp på trygg plass, der vi finn Mjøndalen.
Begge laga er i full gang med oppvarminga her i Ulsteinvik. Det er nokså pent vêr med solgløtt, null nedbør og ikkje altfor mykje vind.
Hei og velkomen til det meget spanande oppgjeret mellom Hødd og Sogndal, direkte frå Høddvoll!