TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

Hødd slår Sogndal 2-1 på Høddvoll og tek med det sine første poeng på heimebane i år! Isak Skotheim sende ulsteinvikarane i føringa halvvegs i 1. omgang, før Elias Myrlid dobla leiinga etter ein times spel. Etter dette vakna Sogndal til live og fekk redusert etter nokså vedvarande press. På tampen var dei også svært nære 2-2, men tverrleggaren stod i vegen. Nærare kom ikkje bortelaget og dermed blei det stor jubel her i Ulsteinvik i det domaren bles det heile av.

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar med dette for følgjet. Ha ein fin søndagskveld vidare!
Kamp slutt Slutt (2-1)
90+5'
Flaten med eit veldig luftig innlegg som Ulla kan kome ut og fange.
90+4'
Brás slår inn, men Mulac klarerer.
90+3'
Sogndal prøvar ein overgang, men Hødd overtek.
90+3'
Hjørnespark
Blir teke kort.
90+2'
Nære på 3-1! Visted speler fri Brandal, men frå kloss hald klarer han ikkje å overliste Jendal. Corner.
90+1'
Spillerbytte
90'
Det blir lagt til minimum fem minutt her. Nok av tid for bortelaget å kome á jour.
90'
I metallet frå Sogndal! Brás yrer av frå langt hald og ballen fyk rett i tverrleggaren og ut. Den hadde ikkje Ulla tatt. Veldig nære 2-2!
89'
Hjørnespark
Blir teke kort og så lagt inna. Hødd ryddar unna første bølge.
88'
Nok ein gong innlegg frå Skaanes. Hødd-forsvaret ryddar unna.
88'
Skaanes slår inn frå høgre, men Mulac får dempa ballen og beina den vekk.
85'
Gult kort
Brás med ei svært tøff takling på Visted. Heimepublikummet vil ha ein annan farge på kortet.
84'
Gjerde prøvar seg med ein stikkar til Holte, men pasninga blir for unøyaktig.
83'
Frispark
Blir teke kort til Skaanes som skjer innover og sender i veg noko som blir eit skot som går over mål.
81'
Hjørnespark
Blir teke kort. Etter litt fram og tilbake får Hødd femmeter.
78'
Spillerbytte
77'
Spillerbytte
77'
Spillerbytte
76'
Mål!
2-1
Sogndal reduserer! Litt ut av ingenting får Skaanes lempa ballen inn mot bakerste stolpe der Sjølstad kjem til og får stanga den i nettet. Dette blir ein dramatisk slutt!
Mål av Martin Sjølstad (2-1)
Målgivende av Kasper Skaanes
76'
Hødd skal straks gjere to innbyte.
75'
Bortelaget satsar på å slå innlegg inn i Hødd si boks. Så langt har heimelaget rydda ganske bra opp i det.
74'
Pedersen får avslutta med hovudet etter innlegg frå Brás, men han får lite kraft i forsøket og Ulla kan ligge og vente på ballen.
71'
Spillerbytte
71'
Brás får avslutta med ryggen inne i Hødd si boks, men det blir avvinka for frispark.
69'
Frispark
Blir slått inn i feltet, men det blir raskt vinka for offside.
69'
Sjølstad avsluttar frå langt hald. Trillar godt til side for mål.
68'
1279 tilskodarar på Høddvoll i dag.
67'
Så er det Kallevåg som ligg nede og får litt behandling. Begge motstandarane brukar pausa til ein rask lagprat.
66'
Frispark
Slår inn i feltet, men Ulla kan plukke veldig enkelt utan nokon form for motstand.
64'
Frispark
Eit par meter til side for Sogndal sitt felt. Kallevåg avsluttar på mål frå den spisse vinkelen, og Jendal boksar lett unna før han så blir felt og får frispark.
63'
Hjørnespark
Endar med ingenting. Sogndal beheld ballen, før Hødd til slutt får eit frispark.
63'
Stor sjanse for Sogndal! Skaanes legg att 45 grader til Hinsta, men skotet frå innbytaren går like til sider for mål. Via ein Hødd-fot. Corner.
61'
Mikhail misser ballen i farleg posisjon og Sogndal kontrar umiddelbart. Diverre for dei blir innlegget frå Skaanes klarert av Kallevåg.
58'
Mål!
2-0
Vakker scoring på Høddvoll! Skotheim og Visted kombinerer inne i boksa, og førstnemnde lobbar ballen inn bakerst i feltet. Der ragar Myrlid høgast og stangar kula i nettet. 2-0, og med eitt blei dette langt vansklegare for Sogndal.
Mål av Elias Myrlid (2-0)
Målgivende av Isak Gabriel Skotheim
56'
Gult kort
Hindrar Sogndal i å ta eit raskt innkast.
56'
Spillerbytte
53'
Brás får lagt inn, men skotet frå Pedersen blir blokkert. Heilt nytt liv i Sogndal no.
52'
Flataker lurer seg forbi Mulac og får lagt inn. Heimelaget får klarert. Hadde nok laga frispark der om han ikkje allereie hadde hatt det gule kortet, Hødd-stopparen.
49'
Hjørnespark
Jendal slår unna ballen.
49'
Sogndal får lagt inn frå venstre, men Flataker får ikkje avslutta spesielt godt og ballen humpar utanfor mål.
48'
Tydeleg at Sogndal-trenar Pimenta ikkje var fornøgd med det han såg av laget sitt før pause. Ikkje ofte ein ser trippelbytte så tidleg.
46'
Spillerbytte
46'
Spillerbytte
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Heimelaget Hødd leiar fortent 1-0 over Sogndal etter ein artig omgang på Høddvoll. Bortelaget opna friskt og pressa Hødd aggressivt, men utan at det resulterte i all verden av sjansar. I staden var det heimelaget som utnytta ein grov miss i Sogndal-forsvaret og Skotheim fekk æra av å score Hødd sitt første heimemål i år. Etter dette spelte Ulsteinvik-laget med ny energi og rulla opp fleire gode angrep. Dei fekk derimot ikkje ballen i mål fleire gongar, slik at det framleis står 1-0 og kampen er vidopen. Her er det berre å gle seg til ein spanande 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+3'
Bra med tillegg her etter usedvanleg mange stopp i spelet.
45+2'
Mulac finn Myrlid inne i Sogndal si boks, men spissen blir avvinka for offside.
45+1'
Gult kort
Kjem for seint inn i ein duell.
45'
Kjempesjanse for Hødd! Trioen på topp kombinerer nydeleg igjen, og Skotheim set opp Myrlid i god posisjon. Spissen får derimot ikkje skikkeleg dreis på avslutninga og Jendal reddar flott.
45'
Ola Visted er for øvrig på lån frå Viking. Han har elles fått ein NM-kamp for Stavanger-laget, i tillegg til kampar for Viking 2.
44'
Ny, flott overgong for Hødd. Visted er nok ein gong involvert i det han finn Skotheim, men den påfølgjande pasninga frå sistnemnde går utover sidelinja.
40'
Sogndal på ein sjeldan visitt langs høgresida, men dei kjem aldri i posisjon til avslutning.
38'
Hødd skuslar vekk ein potensiell stor sjanse. Visted speler fri Skotheim med ein nydeleg stikkar bak Haruna, men sistnemnde blir altfor ubesluttsom og slår heller ballen vidare til Mikhael som får skotet sitt blokkert.
36'
Så er det endå ein stopp i spelet. Denne gongen er det Skotheim som får litt hard medfart i ein duell. Kjem seg opp og stå igjen.
34'
Frispark
Omtrent 25 meters hald. Spiss vinkel. Endar til slutt med skot frå Johansen, men ballen sklir av foten og går høgt over mål.
33'
Så er det nok ein Sogndal-spelar som sit nede. Martin Høyland må få medisinsk tilsyn.
32'
Sjølstad skrur ballen inn frå venstresida, men endå ein gong er Ulla på plass og fangar kula greitt.
31'
Hødd ligg djupt med alle 11 på 30 meter og inn. Når sjansen byr seg kontrar dei med høgt tempo.
29'
Johansen kjem seg fri langs kortsida til Sogndal, men innlegget hans blir først blokkert før han så sleivar kula utover linja.
29'
Etter scoringa er det heilt klart Hødd som har gripe initiativet i kampen.
28'
Hjørnespark
Endar med ingenting, men Hødd beheld ballen.
27'
Nok eit bra forsøk av heimelaget! Visted står nok ein gong bak i det han speler fri Mikhail. Svensken sender i veg eit skot som blir flott redda av Jendal. Corner.
26'
Scoringa var for øvrig Hødd si første her på Høddvoll i år. Er nok godt for heimelaget å ha brutt den statistikken.
25'
Grei sjanse for Hødd! Målscorar Skotheim får gå overraskande upressa inn i boksa med ballen, men det påfølgjande skotet sender han svakt over mål.
23'
Gult kort
Mulac kjem for seint inn i ei takling og får Hødd sitt andre gule kort i kampen. To av Hødd sine tre stopparar med gult kort no.
21'
Mål!
1-0
Hødd tek leiinga etter ein grusom miss i Sogndal-forsvaret! Haruna ser ut til å ha full kontroll på ballen i eiga boks, men regelrett bommar på kula i det han skal klarere. Dermed snappar Visted den og sentrar uegoistisk til Skotheim som enkelt kan plassere ballen i ope mål.
Mål av Isak Gabriel Skotheim (1-0)
Målgivende av Ola Visted
20'
Hjørnespark
Haruna vinn duellen bakerste i feltet, men Ulla stig til vêrs og plukkar flott.
17'
Nesten for bortelaget! Sogndal kombinerer seg fint inn i Hødd si boks, og får til fleire avslutningar. Den første blir blokkert, før Hagen avsluttar rett på Ulla. Beste moglegheita i kampen.
16'
Visted med skummelt innlegg frå høgre. Haruna slurvar med klareringa, men ingen av heimelaget sine spelarar kjem på ballen først.
15'
Ein stopp i spelet her ettersom to spelarar ligg nede. Det går verst utover Haruna som må få behandling. Kjem seg på beina til slutt.
13'
Nære på for bortelaget. Ei kontring går hurtig og Vapne finn Pedersen inne i boksa. Sistnemnde får derimot ei dårleg berøring, og ballen trillar inn til Hødd-keeper Ulla.
10'
Sogndal pressar Hødd veldig høgt, og heimelaget blir småstressa.
8'
Sjølstad slår inn frå venstre. Blir stanga vekk.
7'
Gult kort
Blikstad gjer ein grov feil og misser ballen midt på bana. Svarar med å halde igjen motspelaren og får eit fortent gult kort.
6'
Hødd kjem på ei smafarleg opprulling, men eit feilval gjer at ein potensiell sjanse uteblir.
5'
Hødd stiller for øvrig med nykomponerte drakter i dag. På nettsida deira står det at dette er "Ei heilt spesiell drakt som skal rette eit ekstra sterkt fokus på klubbens Heimebaneprosjekt og FN´s berekraftsmål."
Avspark Start 1. omgang
No står begge laga klara, og det er straks avspark!
Dagens kamp blir nok ekstra spesiell for Hødd-trenar Marius Bøe. Han har både vore aktiv spelar i klubben og også vore assistenttrenar for Eirik Bakke der i to periodar.
Hødd og Sogndal har møttest 17 gongar sidan 1993. Éin gong i NM, resten i 1. divisjon. Statistikken her er 9-5-3 i favør gjestane. Siste møtet var i 2023 då det enda 2-2 her på Høddvoll. Siste Hødd-siger kom i 2015 då Steffen Moltu blei kampens einaste målscorar. Sogndal vann sist her i 2019, då Joachim Soltvedt og Sixten Jensen putta.
Fleire bortesupportarar har også teke turen frå Sogndal. Veldig kjekt å ha Saftkokaradn på plass for å lage endå meir liv på tribunene. Også Hødd sine Blåsarane er sjølvsagt på plass!
På Sogndal er det endå fleire endringar sidan den tøffe NM-kampen mot Kongsvinger. Hintsa, Steinset, Bras og Flo har gitt plassane til Skaanes, Haruna og Sjølstad.
Marius Bøe har gjort éi endring på laget sidan sist. Robin Hjelmeseth er plassert på benken til fordel for Isak Skotheim. Det betyr også at Hødd har gått vekk frå to spissar som sist.
No er begge laga i full gang med oppvarminga. Her i Ulsteinvik er det nydelege rammer, med strålande sol og god stemning!
Luis Pimenta og Sogndal ligg eit par plassar over Hødd på tabellen, og også med dei har resultata svinga, men etter tap i dei to første rundene har det så blitt tre strake sigrar. Sist serierunde blei Mjøndalen slått 1-0 på Fosshaugane. Laget frå saftbygda var også i aksjon no i midtveka, då det blei exit mot Kongsvinger i NM etter tap på straffespark.
Etter tap i dei to første heimekampane, er Hødd svært lystne etter å byrje å sanke poeng på eige kunstgras i Ulsteinvik. Sist blei det eit knepent 1-0-tap for Ranheim etter at Hødd både missa på straffespark og hadde to avslutningar i metallet. I første kamp her vann Kongsvinger komfortabelt 2-0. På bortebane har derimot Marius Bøe sitt nyopprykka lag gjort sakene sine meget god, med sigrar mot både Start og Lyn.
Hei og velkomen til livedekning av det spanande oppgjeret mellom Hødd og Sogndal, direkte frå Høddvoll!