TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter

Oppsummering

Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet. Ha ein fin sundagskveld vidare!
Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet. Ha ein fin sundagskveld vidare!
Avslutningar: 7-10. På mål: 5-4.
Hødd tek ein viktig og svært etterlengta siger! Etter berre fem poeng på dei fem føregåande kampane trengde laget frå Ulsteinvik verkeleg ein siger i dag. Kampen var relativt jamspelt, med gode sjansar til begge lag. Det såg likevel ut til at det skulle vere bortelaget Skeid som stakk av med sigeren, for i store delar av 2. omgang var det dei som styrte spelet og skapte sjansane. Ein 18-årig debutant ville det derimot annleis, og Bendik August Engen blei den store helten då han scora umiddelbart etter innhoppet sitt. Hødd heldt unna Skeid også dei resterande minutta, og dermed kunne heimepublikummet sleppe jubelen laus.
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+5'
Bortelaget med innlegg frå høgrekanten. Går bak mål.
90+3'
Nære på 2-0! Målscorar Engen snappar ballen frå ein snublande Yusuf, men den påfølgjande avslutninga blir for svak og går nokre meter utanfor mål.
90+2'
Nytt frispark til Hødd. Midt på bana. Brukar tid no, heimelaget.
90+1'
Rise slår ballen laust inn på Lysgård. Svake avleveringar frå 22-åringen i dag.
90'
Skotheim blir felt og Hødd får frispark i god innleggsposisjon.
89'
Panikk inne i Hødd sin sekstenmeter i det Alme misser eit innlegg. Heimelaget klarer likevel å klarere.
86'
Mål!
1-0
Engen scora sitt første Hødd-mål umiddelbart etter at han har entra bana! Det er mot spelets gang, men det bryr ingen på Høddvoll seg om.
85'
Spillerbytte
85'
Hødd prøvar ei sjeldan kontring, men Saunes har ikkje nubbesjans mot Yusuf i løpsduellen. God defensiv jobb av Skeid sin nr 7.
84'
Hjørnespark
Endar med ingenting.
84'
Buduson med ei dalande heading på mål som Alme må fiste til corner.
82'
Hjørnespark
Lysgår ravar i feltet og plukkar ned kula.
81'
Saunes stikk i bakrom og jaktar ballen, men Lysgård får beina den vekk. Målvakta kjem farleg ut med høg fot og treff spelaren etter ballen. Domaren let spelet gå.
80'
Rise går for skot på frisparket, men sender berre ballen forbi Høddvollhuset og inn på løpebana ved Gamle Høddvoll.
79'
Gult kort
Feller ein Hødd-spelar.
79'
Saunes går i bakken inne i feltet, og heile Høddvoll ropar på straffe. Domaren seier nei, men den situasjonen var litt meir tvilsam.
77'
Utover kortlinja. Svakt utnytta av blåtrøyene.
77'
Frispark til Hødd midt på eigen halvdel. Rise skal lempe ballen inn i feltet.
76'
Spillerbytte
76'
Spillerbytte
75'
Namnet Johnny Per har for øvrig ein sunnmørsk kling over seg. Kan han ha slekt i området?
74'
Nok ei farlegheit frå Skeid. Johnny Per Buduson skjer innover i bana og avsluttar like utanfor.
72'
Det er definitivt Skeid som er nærast her. Hødd slit framover i bana. Skal det bli kamp nr fem på rad utan scoring?
70'
Enorm sjanse for Skeid! Kaba er det vel som får stå heilt åleine på Hødd sin femmeter og avslutte etter eit innlegg, men headinga går rett på Alme. Der skal han score!
68'
Nesten for Skeid! Andresen prøvar å curle ballen i det lengste hjørnet, men forsøket går utanfor.
68'
Ingen mål på Hødd-spiss Robin Hjelmeseth i dag heller. På dei 51 kampane han har spelt for Hødd etter returen til klubben har han scora to fattige mål.
67'
Spillerbytte
67'
Spillerbytte
64'
Bortelaget med farleg innlegg frå høgresida. Alme kjem ut og fangar ballen.
63'
Innbytar Kaba prøvar seg med ei avslutning umiddelbart. Ufarleg utanfor.
61'
Spillerbytte
60'
Kevin Knappen har fleire offensive spelarar på benken, men så langt er verken Bam Hide, Robin Shroot eller Melvin Fritzhell i oppvarming.
58'
Gult kort
Ein frustert Rise let det gå utover ein motspelar og får eit fortent gult kort.
58'
Saunes går lett ned inne i Skeid si boks nok ein gong. Heller ikkje no let domaren seg lure.
56'
Heimelaget ligg med alle inne på eigen halvdel når Skeid har ballen. Dei er gode defensivt, men å score mål er det viktigaste i fotball.
53'
Spillerbytte
53'
Skeid bryt ei svak Hødd-pasning og startar ei kontring, men heimelaget klarer å stoppe den i tide.
52'
Nok eit skummelt innlegg frå Ghaedamini. Nære på at ein Skeid-spelar kjem først på det inne i boksa.
49'
Yusuf blir felt og får frispark. Som i 1. omgang sender han ut eit valdsamt smerteskrik, men kjem seg likevel umiddelbart på beina igjen.
48'
Solnørdal med 2. omgangs første avslutning. Høgt over mål frå utanfor sekstenmeteren til Skeid.
46'
Gjestane sparkar i gong dei siste 45 minutta.
Start 2. omgang Start 2. omgang
No er laga på veg utpå bana igjen. No håpar vi på mål!
Det står 0-0 til pause mellom Hødd og Skeid. Begge lag har skapt eit par store sjansar kvar, men ingen har så langt klart å få kula i nettet. Vi håpar på ein meir offensiv 2. omgang etter kvilen!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
43'
Rise finn Saunes som dett veldig enkelt over ende i boksa. Domaren vinkar spelet vidare.
42'
Gult kort
Misser ballen på veg framover og bestemmer seg dermed for å sparke ned Hødd-spelaren han mista den til.
41'
Bortelaget med eit frispark slått inn i boksa. Ballen endar i mål, men heimelaget får frispark. Skeid-benken er rasande.
39'
Nesten 0-1! Hødd-stoppar Ramzi glir, og plutseleg er Buduson åleine igjennom. Alme er derimot raskt ute og får blokkert.
38'
Skeid har vore nære på ved fleire anledningar, men det har stoppa litt opp på siste tredjedelen. Er ivrige på overgongane.
37'
Paul-Henri Moussinga med mange skumle balltap siste minutta. Har framleis ikkje overbevist i Hødd-trøya, kamerunaren.
35'
Saunes med innlegg frå venstre, men Lysgård plukkar lett, før han så får frispark.
34'
Stillingskrig mellom laga no. Tempoet har dalt litt.
28'
Kah med skummelt innlegg inne i boksa, men Sansara får rydda unna.
27'
Gult kort
Er tøff med Yusuf og får det gule kortet.
27'
Braaten speler igjennom til Buduson, men Alme kjem raskt ut og fangar ballen.
25'
Hjørnespark
Endar med frispark til gjestane.
25'
Heimelaget har slått veldig mykje langt i starten her. Dessverre slit dei med å vinne hovudduellane.
22'
Går på mål, men keeper Lysgård boksar nokså greitt unna.
21'
Rise med frispark.
21'
Gult kort
Får kamopens første gule kort etter ei valdsam takling.
21'
Heimelaget har for øvrig begge spissane dei starta sesongen med, på benken. Melvin Fritzhell er tilbake etter skade, meda Robin Shroot er teke inn i varmen igjen etter angiveleg å ha røke uklar med trenar Knappen.
18'
Hjelmeseth jagar i det Skeid-keeper Lysgård har ballen, og målvakta klarerer ballen i spissen og ut. Lev litt farleg der, Skeid sin nr 30.
16'
Hjørnespark
Blir teke kort før den blir slått inn igjen. Rasmi får heada på mål, men det er lite kraft i hovudstøytet og Alme plukkar ballen lett.
16'
Andresen prøvar seg på venstresida. Wrele får blokkert til hjørnespark.
15'
Nære på for Skeid! Buduson får eit flatt innlegg frå venstre, men frå bra posisjon klarer han ikkje å få avslutninga på mål. Beste bortelaget har skapt så langt.
10'
Bra energi i heimelaget så langt. Prøvar å stresse Skeid.
9'
Gard Holme sitt Skeid-lag har opna sesongen betre enn Hødd, men også dei ligg eit godt stykke unna toppen, poengmessig. 3-0-2 har det blitt på dei fem første rundene.
4'
Ny god moglegheit for heimelaget! Saunes får avslutta frå spiss vinkel på Lysgård, men forsøket går midt på målvakta.
4'
Hødd har teke initiativet etter Hødd sin store sjanse i starten.
4'
Hjørnespark
Forbi alle i feltet.
3'
Daniel Braaten med tunnell på Eirik Saunes. Har det fortsatt, den gamle landslagsspelaren.
1'
Stor sjanse for Hødd! Bendrik Rise blir spelt åleine igjennom, men målvakt Idar Lysgård reddar meisterleg.
Avspark Start 1. omgang
Hødd har fått ein elendig start på sesongen. Under den nyankomne trenaren Kevin Knappen ligg laget i augneblinken på nedrykksplass, med berre fem poeng på fem kampar. Faktisk har laget no spelt fire strake kampar utan å score mål. Det må endrast i dag om dei skal ha håp om å hamne på den øvre halvdelen av tabellen til slutt.
Begge laga har no marsjert ut på kunstgraset, anført av hovuddommar Anders Bodding frå Haga.
Hei og velkomen til livedekning av oppgjeret mellom Hødd og Skeid!