Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet. Ha ein fin kveld vidare!
Avslutningar: 6-4. På mål: 4-3.
Hødd har dermed grep om 2. plassen i avdelinga, medan Skeid framleis ligg trygt på 1. plass.
Hødd vinn 2-1 over topplaget Skeid etter ein dramatisk kamp! Det avgjerande målet kom heile fire minutt på overtid, og det skjedde på eit spektakulært hælspark signert Markus Naglestad. Skeid, som verka å vere nøgde med uavgjort, prøvde å få inn eit mål etter dette, men då var tida ute. Ein fortent siger, for det var Hødd som ville mest til slutt, sjølv om det lenge var jamt. Marius Hagen og Mesut Can sørgja for dei to andre måla.
Kamp slutt Slutt (2-1)
90+5'
Kan Skeid kome tilbake her?
90+3'
Eid skal hive inn ballen igjen. Ikkje lenge att no.
90+2'
Naglestad får nesten avslutta inne i boksa. Hødd får etter kvart corner.
90+1'
Det blir lagt til minimum fire minutt her.
90'
Flåte ligg nede. Brukbar bra med tid no, gjestane.
90'
Hagen slår inn, men Hasund når ikkje høgt nok opp til å nå kula.
88'
1331 tilskodarar på Høddvoll i kveld.
88'
Nytt innkast ved Eid. Rett i hanskane til Lysgård.
87'
Framleis nok av tid att å spele her. Skeid er nok nøgde med eitt poeng, men for Hødd sin del er ikkje det nok om dei skal kople eit grep om andreplassen i avdelinga.
85'
Tavakoli går i bakken i ein duell med Hødd-keeper Alme, men domar Sletner let spelet gå.
83'
Eid med langt innkast.
81'
Eid slår inn på nytt. Endar på nettaket.
81'
Det verkar å vere Hødd som vil mest i slutten her.
79'
Hjelmeseth prøvar å slå ballen inn i boksa, men er uheldig og må sjå den gå utover sidelinja.
75'
Naglestad går i bakken og Hødd får frispark halvvegs inne på Skeidsin halvdel. Rise slår ballen utover sidelinja.
74'
Can slår det påfølgjande frisparket forbi alle i feltet og til utspel frå Alme.
72'
Lite samhandling mellom Osvold og Hjelmeseth på topp for Hødd. Sjeldan dei finn kvarandre.
70'
Eid med småskummelt innlegg frå høgre. Lysgård plukkar.
68'
Hødd sin assistenttrenar Sander Nyland, bror av meir kjende Ørjan, ropar på Magnus og Markus. Då blir det dobbeltbyte på spissplass.
65'
Hagen er litt for røff med Can og bortelaget får frispark 10 meter inne på Hødd sin halvdel.
65'
Treff Eid som stussar ballen vidare, men spelar i svart får klarert.
64'
Frispark til Hødd nokre meter inne på Skeid sin halvdel. Skal bli lempa inn i feltet.
63'
Tom Even Skogsrud og Daniel Eid barkar saman i ein duell. Begge må ta seg ein pust i bakken.
63'
Så er det Mesut Can som ligg nede etter eit eller anna. Får seg litt vatn og då kjem han seg på beina att.
61'
Kampen står og vippar no. Begge laga ynskjer å angripe.
58'
Tom Even Skogsrud vinn ballen høgt i bana og prøvar å spele fri ein lagkompis, men ballen er for hardt slått og endar opp inne hos Alme.
58'
Begge lag har fleire mann i oppvarming. For Hødd kjem nok toppscorar Markus Naglestad garantert inn.
57'
Eit skummelt innlegg går via tverrleggjaren og ut. Like etterpå endar ei Hødd-heading utanfor.
56'
Ballen dett ned i feltet, men ingen får avslutta.
56'
Eid skal på nytt kaste langt.
55'
Då er vi like langt på Høddvoll. No spørs det kor mykje laga vil satse offensivt.
53'
Frispark for Skeid i veldig god posisjon. 19-20 meters hald.
53'
Marius Hagen på eit nytt langt løp med ballen. Har vore den toneangivande spelaren for Hødd så langt i kampen, den tidlegare Husqvarna-proffen.
50'
Endar med at Hjelmeseth lobbar ballen inn i armane til Lysgård.
50'
Eid skal kaste langt igjen.
48'
Samanstøyt mellom Rise og Yusuf og sistnemnde skrik valdsamt ut.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Hødd leiar 1-0 over topplaget Skeid etter dei første 45 minutta på Høddvoll. Marius Hagen er kampens hittil einaste målscorar etter at han avslutta via stolpen og inn i det 9. minuttet. Etter dette har det vore lite godt spel frå laga, sjølv om Skeid har prøvd å bygge angrep. Like før pause tok det seg derimot plutseleg opp for Hødd, og dei var nære scoring ved fleire høve. Vi håpar at 2. omgang byr på endå meir dramatikk.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Nære på sjølvmål! Ein Skeid-spelar prøvar å spele tilbake til eigen keeper, men vinden tek tak i kula og fører den like utanfor målet. Corner.
44'
Eid med skummelt innlegg frå sin høgrekant. Lysgård får derimot fanga kula.
44'
Kjem seg derimot raskt opp.
44'
Marius Hagen sit nede på matta no. Det er svært dårleg nytt for Hødd.
42'
Brukbart spel av Skeid inne i Hødd si boks, men uheldigvis for dei blir det vinka for offside.
41'
Mahnin slår eit frispark inn i boksa, men ein Skeid-spelar får frispark imot seg.
40'
Sætre med innlegg frå venstre, men langt forbi alle i feltet.
38'
Bra sjanse for Skeid! Mesut Can avsluttar frå like utanfor boksa, men sender skotet over.
38'
Ikkje mange trekk høddarane klarer å varte opp med på eige kunstgras. Verkar å berre prøve å trygge defensivt.
35'
Det ser ut til at ein liten delegasjon Skeid-supportarar har teke turen til Høddvoll denne kalde kvelden. Skeid-ropa kan i alle fall høyrast innimellom.
32'
Nerve i kampen på Høddvoll, men lite finspel å skrive heim om.
32'
Så er ein ny lokal helt i disputt med Nordlie. Denne gongen er grunnen at trenarveteranen oppheld seg utanfor feltet sitt.
30'
Kveldens oppgjer er for øvrig det 24. sidan 1966. Statistikken her er 14-5-4 i favør Oslo-laget. Sist dei vann på Høddvoll var i 2004 då det blei 3-1. Daniel Braaten var blant målscorarane den gongen.
27'
Bortelaget senkar seg djupt med alle bortsett frå dei tre som er på topp når Hødd skal slå langt ut.
27'
Det er definitivt Skeid som har teke over mykje av spelet her no. Sjansar har det derimot ikkje klare å kome til så langt.
25'
Hødd sin nummer 10 speler ballen utover sidelinja.
24'
Nytt frispark til ulsteinvikarane. Rise er nok fus på det.
24'
Nære på at Yusuf finn Andresen inne i boksa. Stod åleine der, så hadde pasninga vore meir presis kunne det ha blitt farleg.
22'
Tom Even Skogsrud med skummelt innlegg frå venstre. Alme kjem ut og boksar vekk kula.
22'
Skeid klarerer å prøvar å setje i gong ei kontring, men Wrele, som er omskolert til stoppar i dag, ordnar opp.
20'
Eid skal kaste langt igjen.
20'
Domar Sletner må gje tilsnakk til fleire i løpet av kort tid.
20'
Tom Nordlie i harnisk på sidelinja. Kjeftar og bannar til ein publikummar som ber han setje seg ned. Ei tøff takling av ein Hødd-spelar som fekk han til å reagere.
16'
Kastar kort for ein gongs skuld, backen. Gir den til Rise som slår inn i feltet. Skeid får klarert.
15'
Eid skal kaste langt for heimelaget.
15'
Rise prøvar å slå inn mot boksa, men den sterke vinden fører kula feil veg.
15'
Frispark til Hødd 5-6 meter inne på Skeid sin halvdel.
13'
Venstreback Pettersen slår flatt inn foran mål, men ingen Skeid-spelarar er vakne nok på innlegget.
12'
Skeid prøvar å presse høgt, men heimelaget klarer å spele seg flott ut.
12'
Perfekt opning på kampen av Sindre Eid sine gutar altså. No spørs det korleis dei to laga reagerer på det som har skjed. Hødd har i alle fall hatt for vane å roe ned ting når dei har scora mål.
8'
Mahnin slår inn til Kim Eugen Skogsrud som får hovudet på ballen, men stopparen treff dårleg og Alme kan plukke lett.
7'
Så er det gjestane som får dødball. Skal bli lempa inn mot boksa frå langt hald, verkar det som.
3'
Moltu får stussa ballen mot mål, men får lite styrke i hovudstøytet og Skeid-målvakt Lysgård kan plukke enkelt.
2'
Frispark til Hødd i brukbar posisjon. Rise og A. Breimyr står klare.
Avspark Start 1. omgang
Kveldens hovuddomar er Harald Røvig Sletner frå Rustad IL.
Blåsarane fyrer av pyro, trenarane Eid og Nordlie helsar på kvarandre og laga marsjerer ut på bana. Vi er få straksar unna det som forhåpentlegvis blir ein herleg fotballkamp!
Hødd sitt forsvar må verkeleg passe på Skeid sin angrepstrio i kveld. Tavakoli, Buduson og Can har scora 26 av Skeid sin 50 ligamål og er nok lystne på å pynte ytterlegare på den statistikken i kveld. Heimelaget sin mest mestscorande, Marcus Naglestad, startar som innbytar.
Skeid er i meget god form om dagen, og Tom Nordlie sitt mannskap har fire strake sigrar i avdelinga. Sist blei det 2-1 heime over Brattvåg.
Hødd leia avdelinga ei god stund, men ein skikkeleg formsvikt den siste tida har gjort at opprykket heng i ein tynn tråd. Sindre Eid sitt mannskap har berre vunne éin av dei seks siste kampane, og før sigeren borte mot Arendal førre helg stod dei med tre strake tap. Skulle laget frå Ulsteinvik vinne mot Skeid i kveld vil dei framleis vere fem poeng bak Oslo-laget, men samtidig vere á poeng med Egersund. Det bør sørgje for at heimelaget vil gå alt inn for siger på Høddvoll i kveld.
Det er to av topplaga i 2. divisjon avdeling 2 som møtest i Ulsteinvik i kveld. Skeid er suveren leiar av avdelinga, og ser ut til å ta 1. plassen som gir direkte opprykk. Med siger i kveld vil dei vere åtte poeng framføre Egersund som ligg på plassen bak, og det vil bety at dei berre treng to poeng på dei tre siste kampane for å sikre sigeren i avdelinga.
Hei og velkomen til livedekning av oppgjeret mellom Hødd og Skeid, direkte frå Nye Høddvoll!