TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

Hødd tek ein fortent og ikkje minst svært etterlengta siger! Blåtrøyene hadde ei fantastisk opning på kampen og 1-0 kom allereie etter tre minutt, då Scriven ekspederte eit langkast i mål. Etter dette roa kampen seg betraktleg ned, men til trass for at Skeid hadde mykje ball evna dei ikkje å skape noko av farlegheiter. Faktisk måtte vi vente heilt til det 83. minutt før dei skapte ein skikkeleg sjanse. I mellomtida hadde Mogensen ordna 2-0 for heimelaget etter eit presist innlegg frå Bonde. Hødd avanserer dermed til kvalifiseringsplassen på tabellen, men fortsatt er det fire poeng opp til heilt trygg grunn. Skeid ser på si side nokså fortapte ut heilt i botnen av tabellen, og det med éin kamp meir spelt enn laga rundt seg. Likevel, det er er nok av kampar igjen til å klare å redde dette. Men då må laget starte å plukke trepoengarar. Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet. Ha ein fin kveld vidare!

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (2-0)
90+7'
Hødd drøyar tid når dei kan no. Dette kan ingen ta frå dei.
90+2'
Frispark
For lågt slått og Hødd headar unna.
90+2'
Rise med nok eit innlegg. Men for n-te gong endar ballen på hovudet til ein spelar i blått.
90+1'
Spillerbytte
90'
Spillerbytte
90'
Det blir lagt til minimum sju minutt her.
90'
Der kjem også Skeid si første avslutning på mål. Rise slår inn og pasninga blir heada vidare. Dessverre for bortelaget endar avslutninga rett på Alme.
88'
Steiring vinn ein duell inne i boksa og får heada vidare i feltet, men Buduson kjem for seint til å ekspedere den vidare i nettet. Alme plukkar greitt.
87'
Hødd med frispark inne i eiga boks. Flyttar opp laget og slår langt. Tek få unødige sjansar no, forståeleg nok.
86'
Hjørnespark
Blir til slutt spelt ut på straffemerket, men dessverre for Skeid er det ingen svartkledde der.
86'
Hickson kjem seg inn i boksa med ballen, men Kallevåg kjem til og får takla til corner.
85'
Det blir no seks poeng opp til kvalifiseringsplassen for Skeid om dette står seg. Oslo-laget har i tillegg éin kamp meir spelt enn Hødd og Åsane.
83'
Spillerbytte
83'
Spillerbytte
83'
Spillerbytte
83'
Skeid med eit frispark slått på bakerste stolpe. Steiring kjem seg fri og får heada like utanfor. Skeid sitt beste forsøk i kampen!
82'
Hellevik Larsen går i bakken og må få tilsyn. Spelet held fram utan han.
78'
Mål!
2-0
Hødd doblar leiinga! Innbytar kjem seg fri på venstresida og slår flatt inn framføre mål. Der kjem Mogensen åleine på bakerste stolpe og trillar ballen enkelt i det tome buret. Kan Skeid klare å kome tilbake her?
78'
Fleire innlegg i Hødd si boks, men det er vanskeleg å sjå kven som skal score måla for Skeid.
77'
Bonde tek over venstrebacken til Ziko. Sistnemnde har hatt ein bra kamp, men levde farleg ettersom han hadde gult kort og var involvert i fleire frispark etter det.
75'
Spillerbytte
75'
Spillerbytte
74'
Hjørnespark
Treff Steiring på bakerste stolpe, men headinga hans går i nettveggen.
74'
Hickson avsluttar via eit Hødd-bein og til corner.
74'
Frispark
Blir heada unna av Alm.
73'
Rise i bakken ved fleire tilfelle no. Har ikkje akkurat fått ein enkel retur til si gamle heimebane.
72'
Syver Skeide står klar på sidelinja.
69'
Frispark
Utoverskrudd til Scriven som headar ufarleg utanfor. Har vore sjef i lufta i dag, Hødd sin angrepsspelar!
68'
Hickson og Williams prøvar å kombinere på venstresida, men det stemmer ikkje heilt for dei. Ei enkel pasning trillar utover sidelinja.
65'
Hjørnespark
Nok ein gong for langt slått, men Hødd klarer å starte på nytt. Det heile blir diverre stoppa når Ziko går unødvendig i offside.
65'
Vi kan også nemne at Skeid-innbytar Simen Kvia-Egeskog var i nettopp Hødd på lån i vårsesongen. Her enda han med eitt mål på fem kampar for Hødd.
64'
God gjenvinning av Ziko. Hødd trykkar no.
63'
Hjørnespark
Går forbi feltet, men Hødd beheld ballen.
62'
Stor, stor sjanse for Hødd! Tøsse avsluttar inne i boksa, men ballen går via ein Skeid-spelar og ut. Nære 2-0!
62'
Ziko avsluttar etter eit langt innkast. Blir blokkert.
60'
Spillerbytte
60'
Spillerbytte
58'
Frispark
Får to forsøk. Alm headar vekk det første, og Alme plukkar det andre.
57'
Frispark
Nilsen kjem flott ut og plukkar.
57'
Syver Aas klagar på det meste her no. Meiner Ziko går for lett i bakken.
56'
Scriven viser seg fram med god styrke og teknikk, før han sender ei enkel pasning rett utover sidelinja. Viser fram heile spekteret der altså.
55'
Hødd kontrar og det er like før ballen hamnar i nettet! Tøsse avsluttar via ein motspelar før ballen går forbi målet. Så er det Mogensen som til slutt får avslutta - også han utanfor.
53'
Aas måkar ballen i ansiktet på Urnes som går rett i bakken. Så blir det handgemeng mellom Kallevåg og Steiring i det domaren stoppar spelet.
52'
Heimelaget ropar på straffe i det Ziko går i bakken etter ei hand i ansiktet. Domar Bodding let spelet gå, men det spørs om han ikkje hadde blese om det hadde skjedd utanfor 16-meteren.
49'
Småskummelt frå Hødd. Eit innkast blir heada inn foran mål, og ein forsvarar får klarert i det Nilsen er heilt feilplassert.
49'
Larsen slår skummelt inn i Skeid si boks, men Steiring klarer å få hælen på ballen slik at den ikkje endar opp hos Mogensen.
47'
Nytt innlegg frå venstre for Skeid, men Alme plukkar greitt. Rise også einsam svale inne i boksa, ein spelar som heller ikkje er kjend for å vere ein stor hovudspelar, trass si høgde.
46'
Heimelaget sparkar i gong dei siste 45 minutta.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Hødd leiar 1-0 over Skeid etter dei første 45 minutta på Høddvoll. Begge lag er i desperat poengnaud, og det var nok gledeleg for heimefansen å sjå at Hødd gjekk umiddelbart i strupen på tabelljumboen. Scoringa kom også kjapt ved Scriven, etter eit presist langkast frå Sundnes. Etter dette valde heimelaget ei meir defensiv tilnærming, og Skeid tok over initiativet. Bortelaget har derimot ikkje klart å skape noko farlegheiter endå. Her er det berre å glede seg til ein meget spanande 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+3'
Bojang får ballen i returromet og fyrer av. Får veldig bra treff, men skotet blir raskt blokkert.
45+1'
Williams slår flatt inn, men Alm bankar vekk ballen. Det meste av det Skeid har prøvd offensivt har kome på venstresida med Williams og Hickson.
44'
Bra forsøk av Hødd! Scriven og Mogensen klarer å kombinere offensivt, og sistnemnde kjem seg fri med ei rask vending. Skotet blir redda med ei fotparade av Nilsen.
44'
Mange innlegg frå Skeid, men Hødd-stopparane har så langt rydda enkelt opp i feltet. Spørs om ikkje bortelaget skal forsøke andre angrepsmåtar også.
43'
Ei sjeldan Hødd-avslutning. Mogensen skyt over på halvspretten. Ufarleg.
42'
Nytt Skeid-innlegg. Hødd får frispark etter ein duell i boksa.
40'
Hødd-kapteinen ruslar utover sidelinja. Hødd må unnvere han på corneren.
39'
Hjørnespark
Sundnes stangar kula vekk.
37'
Frispark
Ein Skeid-spelar blir felt i farleg posisjon. Rise plukkar sjølvsagt opp ballen. Aas står ved sidan av. Rise skyt rett i andletet på Alm og til corner. Alm blir liggjande.
36'
Initiativet som Hødd hadde i starten er i alle fall borte. Dei har lagt seg bakpå og late Skeid føre an i spelet.
34'
Gult kort
Ziko kjem for seint inn i ei takling og får kampens første gule kort.
33'
Aas prøvar å finne Rise inne i boksa, men eks-Hødd-spelaren får ikkje tak i kula.
33'
Williams med eit innlegg frå Skeid si venstreside, men det er svakt slått og Alme kan liggje og fange ballen.
29'
Hødd slår konsekvent langt kvar gong dei har ballen. Dragsten sitt mannskap verkar ikkje å ville ta nokon form for risiko.
28'
"Skal du ha plaster?" ropar ein Skeid-supportar i det Hødd-spelar Scriven ligg nede.
26'
Hjørnespark
Småfarleg frå Hødd. Corneren er bra slått på bakerste stolpe der den blir heada inn foran mål igjen. Alme er derimot kvikk i reaksjonen og får fanga kula.
24'
Innlegg inn i Skeid si boks, men målvakt Nilsen kjem ut og plukkar ballen greitt.
24'
Hødd prøvar å setje fart offensivt når dei vinn ballen, men ofte blir samhandlinga for dårleg og det endar med ingenting.
23'
Masse plass til høgre for Hødd å gå i, men Hellevik Larsen blir stoppa i det han set fart framover.
22'
Veldig lite bevegelse i Skeid-laget, noko trenar Gard Holme også har gitt beskjed til laget sitt om.
21'
David Hickson slår inn frå venstre, men heimelaget klarerer enkelt.
20'
Blir stussa bakover før Hødd også vinn andreduellen. Ballen blir heada utanfor mål. Ok sjanse.
19'
Nytt langt kast frå Sundnes.
15'
Syver Aas med eit småskummelt innlegg som Alm strevar med å få klarert skikkeleg. Alme får til slutt nevane på ballen.
14'
No er det Skeid som får halde litt meir på kula. Hødd har lagt seg med alle mann på 20 meter og inn.
10'
Kallevåg slår eit frispark inn i Skeid si boks, men Alme klarer ikkje å heade ballen inn framføre mål igjen.
8'
Sundnes slår inn, og innlegget går like forbi målet. Nilsen hadde nok kontroll der.
7'
Meget bra start på kampen av eit aggressivt og sjanseskapande Hødd, noko som har vore mangelvare på Høddvoll i år. Skeid verkar rysta her.
6'
Ny stor sjanse for Hødd! Hellevik Larsen får gå åleine på høgresida og slår presist inn til Scriven. Dessverre headar kampens hittil einaste målscorar ballen utanfor målet.
3'
Mål!
1-0
Draumeopning for Hødd! Sundnes vartar opp med eitt av sine velkjende langkast og treff Scriven. Spissen stussar ballen over Nilsen og i mål. 1-0 og ei meget viktig scoring for blåtrøyene!
3'
Sundnes skal kaste langt.
2'
Hjørnespark
Treff Scriven, men Hødd sin nr 9 headar over mål.
1'
Stor sjanse for Hødd! Heimelaget rullar bra opp, men Nilsen reddar skotet frå Kallevåg, er det vel. Corner.
1'
Bortelaget sparkar dette meget viktige oppgjeret i gong!
Avspark Start 1. omgang
No har begge laga entra kunstgrasmatta.
Foreløpig er det nokså glissent på tribunene på Høddvoll. Det skuldast nok at det er 26 grader og mykje anna å gjere i flotte Ulsteinvik, men forhåpentlegvis dukkar det opp endå fleire innan domar Eivind Bodding bles det heile i gong.
Bortelaget har også to debutantar på innbytarbenken i dag. Nickolay Årsbog har gått gradene i Stabæk og Asker, før han kom til Skeid før årets sesong. Hittil i klubben har han fire mål på 11 kampar for Skeid 2. Keeper Kasper Ofstad kan også få sin første kamp for A-laget til Skeid i dag. Han var i klubben frå han var heilt ung, og er no tilbake etter ei lite opphald i Lokomotiv Oslo, eit lag som også har vore kjend for å ha mange eks-Høddarar i stallen.
For Skeid blir det eit ekstra spesielt gjensyn for Bendik Rise. Ulsteinvikaren har som kjend vore i Hødd sidan han kunne få på seg fotballsko, før han gjekk over til Skeid i 2022. Ekstra stas er det at Skeid sin nr 39 har kapteinsbindet rundt armen også.
Elles legg vi merke til at Bodø Glimt-innleigde Syver Skeide startar på benken i dag. Det skuldast at stortalentet har vore sjuk dei siste vekene.
For Hødd gjer nykomaren Renato Ziko sin heimedebut i dag. Den greske statsborgaren har siste åra spelt i toppserien i Albania, og før det har han vore innom klubbar som Gjelleråsen og Bærum. Det blir spanande å sjå om han kan verte ein publikumsyndling frå sin vingbackposisjon.
Den mest målrike kampen mellom laga på Høddvoll i nyare tid kom i 2002, då det enda 3-3. Tor Einar Leira sende Hødd i føringa, før Yngvar Ånesen, Erik Noppi og Bjørnar Sund snudde kampen til 1-3. Men Hødd gav seg ikkje, og scoringar av legendene André Nevstad og Geir Televik sørgja for uavgjort til slutt.
Det motsette oppgjeret mellom Hødd og Skeid enda med 1-1. Isak Skotheim sende Ulsteinvik-laget i føringa på tampen av første omgang, medan David Hickson utlikna 20 minutt før slutt. Om ein ser meir historisk på det så har laga møttest 19 gongar sidan 1998. Statistikken her er i favør Skeid med 9-4-6. Her på Høddvoll har laga vunne fire gongar kvar.
Skeid er i endå større trøbbel, men siger her på Høddvoll i dag kan i det minste gjere dei à jour med Hødd på tabellen. Sist Gard Holme sitt mannskap vann ein seriekamp var tilbake i starten av juni då Bryne blei slått 2-0 på Nordre Åsen. Forma deira er så vidt betre enn Hødd, med 1 poeng på dei fem siste.
Det er divisjonen sine to botnlag som møtest i strålande sommarver på Sunnmøre i dag. Hødd opna sesongen strålande og vann to av dei fire første kampane, men sidan har laget til Joakim Dragsten berre teke éin trepoengar på 13 forsøk. Blåtrøyene står og med fem tap på rad.
Hei og velkomen til Høddvoll og oppgjeret mellom Hødd og Skeid. Det er duka for årets viktigaste kamp i Ulsteinvik!