TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Hødd vinn fortent 2-1 etter ein meget spanande 2. omgang. Laga hadde sine periodar gjennom heile oppgjeret, men Hødd skapte dei fleste store sjansane. Mohamed Elyounoussi sendte Sarpsborg i føringa etter ein time, men heimelaget svarte fort etter eit dødballmål av Fredrik Klock. Seks minutt før ordinær tid var over sørga så Erik Sandal for at Hødd snudde kampen. Bortelaget pressa på for utlikning etter dette, men til trass for nokre forsøk klarde dei ikkje å overliste Ørjan Nyland i Hødd-målet. Hødd minkar dermed igjen luka Bryne har på øvste ståplass, medan Sarpsborg ramlar heilt ned på 7. plass, åtte poeng bak Start som tronar øvst. Takk for fylgjet!
Kamp slutt Slutt (2-1)
90+4'
Hødd med fleire innkast på rad.
90+4'
Hødd med ein stor sjanse til å setje inn den tredje scoringa. Ingen kjem til skot, men heimelaget beheld ballen.
90+3'
Nære på 2-2! Bortelaget kjem til avslutning inne i boksa, men Nyland reddar. Returen blir med naud og neppe måka unna.
90+2'
Frispark til bortelaget på eigen halvdel. Larsen skal slå langt.
90+2'
Spillerbytte
90+2'
Baigorri får frispark i duell med Helland. Det kunne like gjerne ha gått andre vegen.
90'
Sarpsborg pressar på no!
89'
Hjørnespark
Breive finn Hoås som headar i bakken og like over. Bra sjanse!
89'
Frispark til bortelaget. Endar i eit skot frå Giæver som endar i corner.
88'
Spillerbytte
88'
Divanovic skyt knallhardt i ein Hødd-spelar. Litt trykk frå bortelaget no.
88'
Standal med henda i ryggen til Ihugba. Frispark til bortelaget på eigen halvdel.
87'
Bortelaget med eit skot som blir blokkert. Samtidig blir det avvinka for offside.
87'
Innlegg i Hødd si boks. Klock stangar unna.
86'
Kan bortelaget svare? Med unntak av scoringa har dei ikkje skapt altfor mykje etter pause.
84'
Mål!
2-1
Hødd har snudd det! Standal kjem seg åleine mot Larsen igjen, men keeperen reddar forsøket. Returen hamnar i beina på Sandal som klinkar den hardt i buret.
84'
Mork kjem til skot inne i Sarpsborg si boks. Innbyttaren chippar ballen over mål.
83'
Spillerbytte
83'
Baigorri med ei langpasning til Hoås, men spissen brukar for mykje hender og får frispark imot seg.
82'
Helland prøvar å legge ein lav ball i næraste hjørne, men Larsen har god kontroll.
82'
Ihugba med ein ettersleng på Helland og frispark til Hødd på 28-29 meters hald.
81'
Helland kjem til skot inne i Sarpsborg si boks. Får ikkje klem på skotet, og Larsen har ein enkeljobb med å plukke det.
79'
Stor sjanse for heimelaget! Sandal med ein nydeleg stikkar til Standal som kjem åleine mot mål frå spiss vinkel, men sistnemnde chippar ballen like over mål.
79'
Roberts får plutseleg ballen i boksa, men glir i det han skal avslutte.
78'
Spillerbytte
78'
Helland vil ha straffe, men det blir i staden frispark den andre vegen. Korrekt avgjersle.
77'
Hødd med ein bra overgangssjanse, men Latifu får ballen for langt framføre seg og Sarpsborg overtek.
76'
Sarpsborg har ballen meir no.
75'
Frisparket blir slått rett i muren.
75'
Spillerbytte
75'
Baigorri feller Sandal bakfra. Frispark i bra innleggsposisjon for Hødd.
74'
I augneblinken ser Hødd ut til å vere det laget som vil mest. Dei har nok fått ein bra boost av scoringa.
73'
Sarpsborg med eit skotforsøk. Trillar inn til Nyland.
73'
Morten Giæver, som scora sist laga møttest, står klar til å kome innpå for bortelaget.
72'
Roar Johansen gjer klart nok eit innbytte for Sarpsborg. Også Hødd skal setje innpå nye bein.
71'
Kampen har verkeleg teke fyr dei siste 10 minutta. Her kan alt skje!
69'
Mål!
1-1
Hødd har utlikna! Corneren frå Helland er presis, og midtstoppar Klock stangar ballen i mål, utakbart for keeper Larsen.
69'
Hjørnespark
69'
Latifu skjer innover og avsluttar. Forsøket blir blokkert.
68'
Hjørnespark
Finn Moltu inne i boksa, men midtstopparen får ikkje avslutta skikkeleg med hovudet.
68'
Sandal slår frisparket inn i boksa, men Larsen rotar den ut til corner.
67'
Gult kort
Lagar fripark midt på eigen halvdel.
65'
Hjørnespark
Går over alle.
65'
Hjørnespark
Endar i ingenting.
64'
Spillerbytte
64'
Nok ein stor sjanse for bortelaget! Elyounoussi kjem seg inn i boksa og får avslutta, men Nyland reddar bra.
62'
Mål!
0-1
Sarpsborg tek leiinga! Ei presis pasning blir sendt gjennom feltet, og Elyounoussi set enkelt inn scoringa åleine mot Nyland.
59'
Langt innlegg i Hødd si boks. Nyland kjem ut og plukkar ballen lett.
58'
Ballen blir sendt opp i Hødd si boks, og det er ikkje langt unna at ein spelar i blått får stussa den i målet.
58'
Helland med frispark for Hødd.
57'
Ihugba set fart og dreg seg gjennom fleire ledd, men Moltu får stogga forsøket med ei viktig takling.
56'
Baigorri legg inn frå venstre, men Nyland fangar kula lett.
55'
Breive avsluttar, men skotet blir blokkert. Elyounoussi forsøkar seg like etterpå, men det skotet endar nesten i innkast.
54'
Helland skyt frisparket rett på mål, men Larsen har god kontroll i det han boksar ballen unna.
53'
Frispark til Hødd like ved Sarpsborg sin 16-meter. Helland er den som blir felt.
52'
Bortelaget gjer mange feil på eigen halvdel no. Til trass for at mange bortesupporterane har teke turen og lagar bra liv på tribunene, leverer ikkje Sarpsborg på bana.
50'
Standal prøvar å hæle fri Sandal, men forsøket blir for nonchalant og bortelaget tek over.
49'
Nok ein stor sjanse for Hødd! Standal vinn ballen høgt oppe på Sarpsborg sin haldel og finn Sandal. Han legg vidare til Heltne, men Hødd sin nr 19 set skotet likte utanfor. No fortener verkeleg heimelaget scoring her!
49'
Sarpsborg kontrar, men Wiig vel fullstendig feil og sender ei pasning til ingenmannsland.
48'
Hødd med eit lite trykk no.
47'
Helland dreg seg nydeleg fri og får lagt inn, men ballen går over alle i feltet.
Start 2. omgang Start 2. omgang
No kjem laga på bana igjen.
Det står 0-0 her på Høddvoll etter den første omgangen, eit resultat Sarpsborg nok er mest fornøgde med utifrå spel og sjansar. Bortelaget opna friskt, men Hødd kom meir med etterkvart, og i løpet av omgangen skapte dei tre store sjansar. Vi håpar spelet i 2. omgang kan varme meir enn vêret her på Høddvoll.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+2'
Standal klarer å snappe med seg ballen og spurtar inn i boksa, men ballen har vore over sidelinja.
45+1'
Det blir lagt til minimum eitt minutt her.
45'
Tverrleggarskot! Unge Fredrik Aursnes kjem nok ein gong til ein avslutningssjanse, og han klarer nesten å plassere ballen i vinkelen. I metallet og over.
41'
Nok eit bra forsøk for heimelaget! Helland legg inn frå høgre, men Heltne set volleyskotet over.
41'
Strekk i Hødd-laget no. Sarpsborg kjem meir til på kantane enn tidlegare i omgangen.
40'
Langt innlegg mot Solberg, og som tidlegare i omgangen kjem Nyland ut. Solberg set headinga utanfor.
38'
Stor sjanse for Hødd igjen! Heimelaget dreg i gong ei kontring, og Standal kjem seg inn i boksa med ballen. Spissen ventar til Helland har kome på plass, men når trønderen får pasninga set han skotet utanfor. Der burde det ha stått 1-0!
36'
Mohamed Elyounoussi dreg seg innover og avsluttar via ein Hødd-spelar. Endar inne hos Nyland.
36'
Helland legg inn frå høgre, men ingen i blått er hissige nok på innlegget.
34'
Bortelaget får lagt bra inn i boksa, men dei blir samtidig avvinka for offside.
32'
Hjørnespark
Ballen dett farleg ned i feltet, og det er med naud og neppe at Brandal får måka den vekk.
30'
Hjørnespark
Dårleg slått, og bortelaget får ein glimrande kontringssjanse. Den får dei ingenting ut av.
30'
Stor sjanse for Hødd! Standal blir spelt åleine gjennom, men frå spiss vinkel klarer han ikkje å overliste Larsen.
30'
Martin Wiig skjer innover og avsluttar. Utanfor.
28'
No har det byrja å regne mykje på Høddvoll også. Den kraftige vinden sørgar også for at underteikna må halde fast PC-en slik den ikkje skal fyke avgarde!
28'
Heltne dreg seg innover langs dødlinja, men klarer ikkje å få lagt skikkeleg inn.
28'
Brandal med innkast høgt i bana.
27'
Hødd rullar bra opp igjen, men Aursnes klarer aldri å få sendt avgarde eit skot.
25'
Ihugba ligg nede etter ein duell med Latifu.
25'
Sarpsborg klarer å halde oppe trykket etter frisparket, og Elyounoussi kjem til avslutning. Den går utanfor.
24'
Ihugba blir dytta overende av Aursnes, og bortelaget får frispark i bra innleggsposisjon. Breive slår inn, men Moltu headar unna.
22'
Hødd klarer nesten å tråkle seg gjennom Sarpsborg sitt forsvar. Sandal blir stoppa i det han prøvar å få med seg ballen inn i boksa.
21'
Frispark til bortelaget på eigen halvdel.
18'
Bortelaget har ballen ein del igjen no.
17'
Hødd med ein fin kontringssjanse, men skotet går langt over frå Latifu.
15'
Bortelaget rullar fint opp, men det avgjerande innlegget går bak mål.
14'
Etter at Sarpsborg opna best har Hødd no teke over spelet her på Høddvoll.
14'
Frispark til Hødd i bra posisjon. Helland går for eit slags skot som endar på nettaket.
13'
Latifu får nok ein sjanse til å slå inn, men nok ein gong blir forsøket blokkert.
12'
Ei frisk opning på kampen. Begge lag er angrepsvillige.
12'
Hødd og Sandal set i gong ei kontring, men midtbanespelaren får ballen for langt framføre seg og Sarpsborg får ordna opp. Kunne ha blitt farleg, det.
11'
Hjørnespark
Hødd får klarert.
11'
Breive slår inn, men Latifu headar til corner.
10'
Frispark til bortelaget midt på Hødd sin halvdel.
10'
Heltne jaktar ein høg ball i Sarpsborg si boks, og kantspelaren er ikkje langt unna å få avslutta frå kort hald.
9'
Latifu prøvar å slå eit innlegg i Sarpsborg si boks. Bortelaget får blokkert.
9'
Sandal prøvar å finne Standal i boksa. Blir klarert av bortelaget.
8'
Erik Sandal prøvar seg med eit langskot for Hødd. Utanfor buret.
7'
Bortelaget kontrar og Baigorri slår inn foran mål. Nyland fomlar med innlegget, men får snappa ballen igjen.
6'
Brandal med innkast for Hødd.
5'
Standal dreg seg innover og avsluttar frå 22-23 meter. Får ikkje klem på skuddet og Larsen kan plukke lett.
4'
Berge prøvar å finne Solberg med ei pasning gjennom Hødd sitt forsvar. Går til utspel frå Nyland.
4'
Breive slår det inn i boksa, og Hoås stig til vêrs og headar over. Brukbar sjanse.
3'
Frispark til Sarpsborg.
3'
Bortelaget har kome best i gang her på Høddvoll.
1'
Nære på allereie for bortelaget! Solberg jaktar ei pasning bak Hødd sitt forsvar, og midtbanespelaren prøvar ein lobb på Nyland som kjem ut. Avslutninga går over.
Avspark Start 1. omgang
Bortefansen er bra representerte her i dag. Omlag 15-20 har teke turen frå Sarpsborg.
Då har det vore eitt minutts stillheit her.
No har Hødd-hymna blitt spelt, og laga står klare til å marsjere ut på bana. Det vil også vere ein seremoni til minne om dei grusomme hendingane på denne dagen for eitt år sidan.
Dagens domartrio består av Per Ivar Staberg frå Malmefjorden IL, Frode Ølmheim frå Syril IL og Øystein Simon Ytterland frå Valder IL Fotball.
Det er ikkje altfor gode speleforhold på Høddvoll i augneblinken. Det er kraftig vind og det har regna mykje den siste tida. Bana ser likevel bra ut.
Sarpsborg 08: Larsen - Baigorri, Heieren Hansen, Ødegaard, Berge - Ihugba, Breive - Elyounoussi, Wiig, Solberg - Hoås.
Hødd stiller slik: Nyland - Latifu, Klock (k), Moltu, Brandal - Heltne Nilsen, Aursnes - Helland, Sandal, Heltne - Standal.
Då er begge lagoppstillingane ute, og vi er 15 minutt unna kampstart.
Sarpsborg 08 manglar Michael Røn og Christian Sukke, men klubben kjem likevel til Ulsteinvik med ei stor tropp, og i følgje klubben sin heimeside har desse spelarane teke turen: Haraldur Björnsson, Frode Larsen, Kjetil Berge, Magnar Ødegaard, Claes Jørgensen, Berat Jusufi, Alvaro Baigorri, Ole Heieren Hansen, Tom Erik Breive, Mathias Engebretsen, Morten Giæver, Erik Jonvik, Stanley Ihugba, Nicolay Solberg, Mehmed Divanovic, Glenn Roberts, Mohamed Elyounoussi, Martin Wiig og Øyvind Hoås.
Hødd har så og seie ei fulltalig tropp til denne kampen, og den einaste som skal vere utilgjengeleg er Ørjan Engen Grimstad. Elles har laget fått tilbake Akeem Latifu og Espen Standal frå karantene, i tillegg til at Michael Karlsen og Erik Sandal har blitt friskmelde.
Hødd og Sarpsborg 08 har møttest tre gongar sidan sistnemnde skifta namn for fire år sidan. I 1. divisjon i 2008 vann dei kvar sine heimekamp (Hødd 2-0, Sarpsborg 2-1) og i tillegg kvessa dei som nemnt klør i NM for ein månad sidan. I den kampen stod det 1-1 etter ordinær tid etter mål av Morten Gievær (38. min) og Espen Standal (66.), før Pål Andre Helland ordna 2-1 rett minutt før straffesparkkonkurransen skulle ta til.
Sarpsborg 08 ligg på 3. plass, eitt poeng bak Ullensaker/Kisa på nærmaste opprykksplass. Laget til Roar Johansen har 6-5-2 og 23 poeng så langt. Den noverande forma er derimot ikkje altfor mykje å skryte av, og Blåhvitt har fire kampar på rad utan siger i seriesamanheng. Som Hødd har dei spelt tre uavgjorte kampar på rad, og vi må tilbake til 28. mai for å finne førre siger. Den kom heime mot Bærum (1-0). Borte frå Sarpsborg stadion har dei gode 4-1-1 hittil, noko som betyr at dei har teke meir poeng borte enn heime!
Før dette oppgjeret ligg Hødd på øverste nedrykksplass med 12 poeng etter 3-3-7 så langt. Laget har fire poeng opp til Bryne på første plass over nedrykksstreken. Til trass for plasseringa er blåtrøyene inne i ei grei periode om dagen. Hødd er utan tap på dei sju seinaste kampane i liga og NM, men poengfangsten har ikkje vore altfor stor i det siste, då dei tre siste oppgjera deira har endt uavgjort. Heime på Høddvoll har laget 3-1-3 så langt i sesongen.
Det er botn mot topp på Høddvoll i dag, og begge laga har nok eit stort ynskje om å ta alle tre poenga. For Sarspsborg er nok revansjelysta også på plass, ettersom dei blei slått ut av Hødd i 3. runde av NM etter ekstraomgangar her i Ulsteinvik.
Hei og velkomen til livedekning av Adeccoliga-oppgjeret mellom Hødd og Sarspsborg 08!